Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Sorg føder glede-jazzen kjem Dance in ragged time = «dans i skeiv rytme» Populær danseform Musikk komponert i den nye stilen vart kalla ragtime og låtane.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Sorg føder glede-jazzen kjem Dance in ragged time = «dans i skeiv rytme» Populær danseform Musikk komponert i den nye stilen vart kalla ragtime og låtane."— Utskrift av presentasjonen:

1 Sorg føder glede-jazzen kjem Dance in ragged time = «dans i skeiv rytme» Populær danseform Musikk komponert i den nye stilen vart kalla ragtime og låtane blei kalla rag. Ragtime er ei lettliva og humørfylt musikkform. Dei meste av ragtimemusikken var komposisjonar for piano. Byggjer på rein dur eller moll, ingen blå tonar. http://www.youtube.com/watch?v=fPmruHc4S9Q

2 Jazzen kjem til byen http://www.youtube.com/watch?v=gHLTI2cMCQk Flyttestraum frå landsbygda i sørstatane førte til at den svarte befolkninga i byane vaks. Mange fekk jobb og meir fritid, så behovet for musikk og underhaldning vart større. Orkestera utvikla ein karakteristisk spelestil. I New Orleans vart den kalla dixieland. I Chicago og New York utvikla stilen seg vidare og fekk nemninga jazz.

3 New Orleans- stilen Den tidlige jazzen bestod av melodiar henta frå ragtimestilen og repertoaret til militærorkestra. Etter kvart utvikla det seg ei ny samspelform som kan kallast kollektiv improvisasjon.

4 Louis Armstrong 1900-1971 Fødd i slumkvartera i New Orleans Vart send i barneheim når han var 12 år. Der lærte han å spele trompet og vart oppdaga som eit stort talent. I 1918 fekk han fyrste orkesterjobben. 1922- medlem i det kjende Creole Jazz Band 1925- eige band. Det heitte Hot Five. Louis utvikla improvisasjonen frå å vere kollektiv til å bli solo. Var med på å skape grunnlaget swing- og storbandjazz. http://www.youtube.com/watch?v=kmfeKUNDDYs

5 Swing og sweet- jazzen blir populær 1929-børskrakk. Men underhaldningslivet gjekk det ikkje ned med. Tvert imot. No blomstra revyane og musikalane på Broadway-scenane i New York opp. Det var stort behov for musikk til underhaldning på ulike stadar, alt frå elegante dansesalar til klubbar og kabaretar av ymse slag. Dermed tok jazzbanda til å «swinge» populære melodiar. Det vart økonomisk mogleg å ha større orkester, og dei såkalla storbanda oppstod.

6 Storband 4 delar: rytmeseksjon med bass, piano, gitar og slagverk, fire trompetar, fire tromboner og ei saksofonrekkje. Dei storbanda som hadde størst suksess, var kvite. Dei kvite kutta ut improvisasjonane. Benny Goodman og storbandet vart enormt populære. http://www.youtube.com/watch?v=3mJ4dpNal_k Han fekk tilnamnet «King of Swing», og mange meinte han hadde funne opp swingmusikken. Slik var det ikkje.

7 Swingstilen Swingmusikken skilde seg tydeleg frå New Orleans- stilen ved at improvisasjonen ikkje lenger var kollektiv. No blei han utført solo av dei store stjernene, gjerne orkesterleiaren sjølv. Rytmekjensla i swing er heilt særmerkt. Det blir spela ei slags punktert rymte der den kortaste noten har trykk. Dermed verkar det som om slaget som kjem etter har flytta seg framover. http://www.youtube.com/watch?v=qDQpZT3GhDg


Laste ned ppt "Sorg føder glede-jazzen kjem Dance in ragged time = «dans i skeiv rytme» Populær danseform Musikk komponert i den nye stilen vart kalla ragtime og låtane."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google