Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Verb A- og e-infinitiv, svake verb (a-verb, e-verb, kortverb og je-verb), sterke verb og presens partisipp.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Verb A- og e-infinitiv, svake verb (a-verb, e-verb, kortverb og je-verb), sterke verb og presens partisipp."— Utskrift av presentasjonen:

1 Verb A- og e-infinitiv, svake verb (a-verb, e-verb, kortverb og je-verb), sterke verb og presens partisipp

2 A- og e-infinitiv På BM endar verb i infinitiv på –e. På NN kan ein velje om verb i infinitiv skal ende på –e (e-infinitiv: å lese) eller -a (a-infinitiv: å lesa). Sjølv om begge er rett, må du velje kva for ei infinitivsending du skal bruke og halde deg til den eine typen du har valt. Da er du konsekvent og viser at du har kunnskap om god språkføring.

3 Svake verb

4 A-verb Regel: A-verba endar på –ar i presens og –a i preteritum og presens perfektum Døme: å kaste – kastar – kasta – har kasta I ordlista: kaste –ar, -a, -a. Hugseregel: Dei fleste verba som endar på –et eller –a i preteritum på bokmål, er a-verb på nynorsk.

5 E-verb Regel: E-verba endar på –er i presens. I preteritum endar desse verba anten på –te eller -de. I presens perfektum endar dei på –t. Døme: å lyse, lyser, lyste, har lyst og å sende, sender, sende, har sendt I ordlista: lyse –er, -te, -t sende –er, -de, -t

6 Hugseregel Alle verb som endar på –ere i infinitiv er e-verb og får endinga –te i preteritum, t.d. å studere. Det lønner seg å slå opp e-verb i ordlista.

7 Kortverb Regel: Kortverba har ei staving i infinitiv, endinga –r i presens, –dde i preteritum og –dd eller –tt i presens perfektum. Døme: Å bu – bur – budde – har budd / butt I ordlista: bu, bur, budde, budd el butt

8 Je-verb Regel: Je-verba har endinga –je i infinitiv, inga ending i presens, endinga –de eller –te i preteritum og endinga –t eller –d i presens perfektum. Har ofte vokalskifte i preteritum og presens perfektum. Døme: Å telje – tel – talde – har talt Å spørje – spør – spurde – har spurt I ordlista: telje, tel, talde, talt spørje, spør, spurde, spurt

9 Obs! Nokre verb er sterke på bokmål, men svake på nynorsk: Å hjelpe
Å treffe Å trekk(j)e Å tvinge

10 Sterke verb Har som regel inga ending i presens og/eller preteritum og vokalskifte I ordlista: Sterke verb er alltid bøyd a verbo Døme: å skrive, skriv, skreiv, har skrive

11 Presens partisipp På NN endar denne verbforma alltid på –ande (BM – ende) Døme: gåande, smilande


Laste ned ppt "Verb A- og e-infinitiv, svake verb (a-verb, e-verb, kortverb og je-verb), sterke verb og presens partisipp."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google