Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Metaspråk og grammatikkstrategiar

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Metaspråk og grammatikkstrategiar"— Utskrift av presentasjonen:

1 Metaspråk og grammatikkstrategiar
Korleis tenkjer og snakkar elevane? Ingunn Hansejordet, stipendiat Institutt for framandspråk Universitetet i Bergen

2 Plan Undersøkinga Viktige funn
Metaspråk: korleis snakkar dei om grammatikk Strategiar for grammatikk: god bruk av strategiar mindre god bruk Oppsummering

3 Undersøkinga Kvalitativ undersøking
19 elevar frå usk og vgs (9 par/grupper) Spansk I Korleis tenkjer og snakkar elevane om grammatikk? Kva strategiar nyttar dei i arbeid med grammatikk? Økonomisk støtte frå Framandspråksenteret Rapport utgitt 2009

4 Oppdraget til elevane Arbeide i par
Akseptabilitetsvurdering: Finne feil i spanske setningar ”Lærebokdialogar” Grammatikk og vokabular frå læreboka Diskutere kvar setning og forklare feilen Skrive retting på eige ark Lydopptak > transkripsjon > analyse

5 Viktigaste funn Stort sprik: frå 0/14 til 14/14 funn og retting av feil Daglegtale: fråver av grammatisk terminologi Variasjon i språkleg medvit Prosess (samtale) og produkt (retting) kan sprike veldig Strategiar: stor variasjon Kjønnsskilnad: kan skuldast lite utval Pronomen: mange overser dei, mange blandar dei (vanskelege småord: lo, me, se, las, te, nos, los…)

6 Språket om språket … ?? Eitt par nemner subjekt
Eitt par nemner infinitiv Eitt par nemner refleksiv (om verb/pronomen) To par nemner adjektiv/substantiv, men i feil kontekst Halvparten nemner eintal/fleirtal Nesten alle snakkar om verb og om å bøye/bøying Daglegtalen fungerer ofte greitt saman med døma

7 Daglegtale med grammatisk innhald
”Eeeh, Pablo has comprado … det er feil! Pablo has, det skal jo vere ha der. Pablo” *Hemos no visto… (no hemos visto – vi har ikkje sett) H: Hemos… Er ikkje det berre sånn som vi set foran når vi skal skrive noko i fortid? […] B: Ja, men no visto, det skal ikkje kome før, dei skal hengje i lag. H: No hemos visto, ok.

8 Lærarane seier Vi brukar grammatiske termar
Vi treng eit felles språk om språket Vi kan ikkje forklare grammatikk utan termar Elevane kan ingenting om grammatikk Dei har inga forståing av ordklassar eller syntaks Vi må ta det frå botnen kvar gong

9 Strategiar Sentralt i læreplanen Ikkje definert
Mogleg definisjon: Meir eller mindre medvitne, mentale handlingar som elevane nyttar i ein læringssituasjon, med eit visst føremål eller mål for auge (Cohen & Macaro 2007) Kognitive strategiar: direkte kopla til språket Metakognitive strategiar: val av framgangsmåte, planleggjing, overvaking, vurdering av eige arbeid

10 Grammatisk sjekkliste
*Ana ha comprado nada, porque no le gustan las tiendas M: Ana har kjøpt ingenting, fordi … K: Der er det ha fordi det er ho… M: … ho likar ikkje butikkar. K: og det er gustan med –n fordi tiendas er fleirtal. M: Mhm. K: Og le. M: Er du sikker på at det er le gustan? K: Hm? Le gustan? Ja, er det ikkje le når det er ”han, ho, det”?

11 Kontroll mot verbparadigme
… una noche salen [Ana y Pedro] para cenar … (ein kveld går dei ut for å ete middag) ”Salgo, sales, sale, salimos, salís, salen – ja, den trur eg er rett.”

12 Hugsar grammatiske forhold ved enkeltord
… mucha ropa … (mykje kle) ”Og så er det jo ikkje fleirtal på kle”

13 Samanliknar strukturar – lagar døme
… tus padres … (foreldra dine) Lene: Ja, men akkurat det der tus er eg litt usikker på, for eg veit ikkje om du plar bøye det. For det er jo liksom … Gry: Men det er jo ”dine foreldre”, ”dine”. Lene: Ja. Men eg veit ikkje om det plar vere tu padres, eller, men det verkar litt rett på éin måte. Gry: Ja. Men når du skriv ”hans foreldre,” liksom, så skriv du sus padres. Lene: Åja, gjer du det? Gry: Og så mis padres, liksom. Lene: Ja, då er det sikkert rett.

14 Brukar nøkkelsetning/hugseregel
To jenter diskuterer cómo se llama (kva heiter han/ kva kallar han seg), og føreslår omsetjinga ”kva heiter du”? ”Nei, det er cómo te. Nei, te er ”deg”. Te amo, eg elskar deg. Te amo, eg deg elskar.” Te amo – nøkkelsetning plassering av pronomen – før verbet subjektet implisitt i verbforma – typisk spansk spennande tyding …

15 Brukar enkle grammatikkreglar
Este bacalao es muy rico. * Quieres lo probar? (Denne klippfisken er veldig god. Vil du smake?) ”Og så kan du ikkje bøye to gongar, så den er rett. Nei, eg kan ikkje sjå noko feil her.”

16 Strategiar Nokre få viser til grammatiske reglar
Mange viser til språkkjensla – det høyrest rett/feil ut Alle set fortløpande om til norsk Ingen les gjennom heile teksten først Svært få nyttar kontekst, nesten ingen over setningsnivå Dei som presterer best, jobbar mest systematisk og iherdig – gir ikkje opp ved problem (motivasjonsspiralen) Dei som presterer best, overvakar, vurderer og korrigerer eige arbeid fortløpande (metakognitive strategiar)

17 Blandar morfologiske system
*Me llama Isabel (skal vere Me llamo… - eg heiter Isabel) Linda: […] Me llama Isabel. Kathrine: M-hm. Ja. Ikkje llamo, i alle fall. Linda: Hmm? Sikker på det? Kathrine: Er ho ikkje jente, då? .

18 Brukar ikkje kontekst eller morfologisk hint
Pablo: *Y además tenemos comprar regalos para tus padres. Ana: *A mi madre la doy un libro sobre Picasso. (Og dessutan må vi kjøpe gåver til foreldra dine. Til mor mi gir eg ei bok om Picasso.) ”Eg veit ikkje kva doy tyder, så for alt eg veit kan det vere rett.” Doy – eg gir. Soy – eg er. Voy – eg går

19 Overprøver språkkjensla – vel i blinde
Lars: Soy dieciséis años. Soy, det er ”eg er”. Vi har pleid å ha tengo. Men det er jo rett, det òg, er det ikkje?Soy noruega, då er det jo noko du er [snakkar i munnen på kvarandre] Eivind: … då er du der… Lars: … då skal det vere estoy. Å, ja, men vent litt, tengo, ahh! Eivind: …ten… Lars: Vi tek… vi tek estoy? Eivind: Ja. Lars: Soy høyrest meir rett ut, men, okei, då tek vi det. [Skriv ”Estoy dieciséis años”]

20 Oppsummering Samtalar om språk mellom elevar – nyttig informasjon til både elevar og lærarar Korleis oppfattar dei stoffet? Viser kva dei forstår og misforstår Bli medvitne om strategiar Metasamtalar om læring og språk

21 Lese meir Cohen, A. & Macaro, E. (2007) Language Learner Strategies: Thirty Years of Research and Practice. Oxford. Oxford University Press Oxford, R. & Lee, K. R. (2007) ”L2 grammar strategies: the Second Cinderella and beyond.” I Cohen & Macaro (sjå over) Hansejordet, Ingunn (2009) Grammatikken i spanskfaget: Rapport frå ei kvalitativ undersøking. Halden: Fremmedspråksenteret Malmberg, P. (red.) I. Bergström, U. Håkanson, U. Tornberg og M. Öman (2000) I huvudet på en elev. Projektet STRIMS. Strategier vid inlärning av moderna språk. Stockholm. Bonniers Tornberg, U. (2000) Språkdidaktikk. Oslo. Forlaget fag og kultur


Laste ned ppt "Metaspråk og grammatikkstrategiar"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google