Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Dialogisk lesing Språkarbeid i Kaland barnehage

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Dialogisk lesing Språkarbeid i Kaland barnehage"— Utskrift av presentasjonen:

1 Dialogisk lesing Språkarbeid i Kaland barnehage http://www.barnehageforum.no/barnehagetvplay.aspx?videoId=15

2 Mål for Språkarbeidet i Kaland barnehage «I småbarnsalderen legg ein grunnlaget for språkutviklinga; også når det gjeld seinare skriftspråk og leseforståing. Eit barn bør ha eit ordforråd på om lag 20.000 ord ved 6-7års-alder. Vi vil difor vere bevisste at vi er språklege førebilete, og vil gje borna varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel. Det er vårt ansvar å forstå dei, og vårt ansvar å ”bade dei i språk” på mange ulike måtar». Vi har som mål å gje borna tidleg og god språkstimulering, og vil vere merksame både på den verbale og den nonverbale kommunikasjonen. Og vi her i barnehagen har sagt at hos oss vil vi gjere det slik:

3 Kommunikasjon, språk og tekst For å styrke borna si språkutvikling vil vi: Fortelje og lese historier Snakke med dei om opplevingar Setje ord på ting og handlingar Bruke bøker og bibliotek Bruke rim, reglar og vitsar Bruke song og rytmeleikar Skrive ned forteljingar dei lagar sjølv Bruke ordspel og språkleikar, fabulere La dei møte tal og bokstavar, og få høve til å leikeskrive La dei leike med dataspel Sjå til at barnet sitt ordforråd aukar i takt med alder Sørgje for at born med forsinka språkutvikling får ekstra hjelp/støtte For å oppnå målet vårt vil vi bl.a. bruke metoden «Dialogisk lesing»

4 Forskning bak dialogisk lesing Forskningsresultat viser at dialogisk lesing bidreg til: Å betre dei kommunikative evnene hjå borna. Betre leseforståing; forstår tekstar betre Knekkjer lesekoden raskare Gjennom høgtlesing som skaper: Dialog Oppklarande spm Utvida spm Forstå ord Forstå setningar ….og til slutt gje borna nok ordforråd til å setje saman eigne ord og setningar….og lage ei historie med eigne ord.

5 Forts.. Å lytte og vere «bokvant» er ein kulturell teknikk der barnet gradvis lærer seg å leve seg inn i univers skapt av ord.

6 Høgtlesinga (i korte trekk) Introduksjon av boka Les boka utan avbrudd om det er mogeleg Snakk om innhaldet i boka, illustrasjonar og språk, men først etter du har sagt «Snipp, snapp, snute» Begynn å arbeide med Bokheftet sine 10 gode ord. NB!! Det viktigaste er at borna skal vere aktive. Samtalelesing Vi les heile boka ein gong til. Denne gongen er det lov å avbryte. Aktiviser om naudsynt borna gjennom spørsmål. Hald fram å arbeide med bokheftet sine gode ord, men husk og å jobbe med ord og vendingar som borna gjerne vil snakke om. La borna evt få prøve å gjenfortelje delar av, eller heile handlinga i boka.

7 Forts Høgtlesinga Felles lesing Start med å la eit av borna oppsummere kva boka handlar om. Etterpå les ein boka for tredje gong. Denne gongen vekslar det mellom pedagogen si høgtlesing og borna si liksom- lesing. Boka vert vurdert t.d. gjennom utdeling av stjerner. Arbeidet med boka blir avslutta med quizen i bokheftet.

8 Organisering av dialogisk lesing Viktige vurderingar: Leiinga si rolle Antal lesegrupper Lesegruppa si samansetjing Val av høgtlesarar Lesetider Fysiske rammer Årsplan Elektroniske hjelpemiddel

9 «Tannreisen» Tittel: « Tannreisen» Forfattar: Eva Eriksson Illustratør: Eva Eriksson

10 Gode ord Orda skal konkretiserast via tingen sjølv (nivå 1), ein modell av tingen (nivå 2), kroppsleggjering eller dramatisering (nivå 3) Start alltid med å spørje borna om nokon av dei kjenner ordet og kan fortelje kva det betyr. 1.Tann – finn fram speil, sjå på tennene– korleis ser dei ut? Er det nokon som har mista tenner? 2.Betale - kva kan vi betale med? (penger, kort) 3.Buss – busstur – der barna kan betale! 4.By - kva heiter den nermaste byen vår? Gå på internett og finn opplysningar og bilete 5.Lillebror - nokon som har ein lillebror? Er lillebror eldre eller yngre enn deg? Har du fleire lillebrødre? 6.Nøkkel - kva er ein nøkkel? Kva brukar vi nøkkelen til? Fins det fleire typar nøklar? Konkretiser ulike nøklar. 7.Heks - kle oss ut som hekser! Vi lager heksedans! 8.Mormor - kva er ei mormor? Finne ut kva mormor, mor og du heiter. Lage eit lite slektstre, og teikne mormor, mor og barn 9.Bollar – Bollefest! Vi lagar bollar!!! 10.Heime – vi teiknar huset vårt og heng alle teikningane opp som utstilling

11 Spørsmål til boksamtale Dei fire grunnspørsmåla 1.Var det noko du likte spesielt godt i boka? 2.Var det noko du ikkje likte ved boka? 3.Var det noko som forundra deg? 4.La du merke til mønster? Var det noko du syns minna om andre bøker el filmar? Sjå og dømer i boka «Dialogisk lesing», kan vere lurt å lage nokre oppfølgingsspm.

12 Samtale om illustrasjonar Snakke om bilete, der Bella og Gustav gøymer seg under bordet. Kvifor gøymde Bella og Gustav seg? Når du skal gøyme deg, kvar gøymer du deg då? Kva føler du inni deg når du gøymer deg? Kva ser du på biletet? Kva fargar har illustratøren brukt?

13 Leikrelatert aktivitet Vi leiker gøymespel Gøymespel både inne og ute. Inne: tampen brenner Ute: tur i skogen – der vi skal leke Bom- gøymespel

14 Ting som vi treng til leiken Vi treng ting til innegøymespelet Bli einige om ein leike som er passe stor som vi kan gøyme t.d. ein duploklosse, eit leikedyr, ein plastfrukt eller anna.

15 Bokquiz Kven er med på bussturen? Kva betaler Bella med? Kvifor må dei gå av bussen før dei har planlagt? Kva fargar har teikninga på framsida av boka? Osv……..


Laste ned ppt "Dialogisk lesing Språkarbeid i Kaland barnehage"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google