Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Nasjonal transportplan 2018 – 2029

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Nasjonal transportplan 2018 – 2029"— Utskrift av presentasjonen:

1 Nasjonal transportplan 2018 – 2029
Felles innspel til transport- og kommunikasjonskomiteen, regjeringa og stortingsbenkane frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal Nasjonal transportplan 2018 – 2029 KS Agenda: Frukost-/debattmøte 5. mai ‘17 Jenny Følling, leiar i Vestlandsrådet

2 1. Ferjefri og opprusta E39 Kristiansand – Trondheim
Ambisjonen om utbygging av ferjefri og opprusta E39 i løpet av 20 år må oppretthaldast og fullfinansierast. Prosjektet har høg samfunnsøkonomisk lønsemd, og er ei viktig nasjonal satsing. Ferjefri E39: Vil gje ein samanhangande, transportsikker veg, og byggje eit solid fundament for framtidig auka verdiskaping. Er både fjordkrysningar og utbetring av vegen mellom bruene til fullgod standard. Kvifor E39 er viktig: Reduserte transportkostnader. Binde saman regionar og skape samanhengande bu- og arbeidsmarknader langsetter Vestlandskysten. Store bidrag til næringsutvikling og utvikling av klynger – analysar viser god samfunnsøkonomisk effekt av E39. Får ikkje korridor-effekt av E39 ved ujamn standard og mange ferjestrekningar. E39 einaste korridor i Sør-Noreg som ikkje går gjennom Oslo-området – gir ein korridor mot Europa. Vil avlaste vegsystemet i Oslo-området. E39 er ikkje berre ein lokal/regional veg, men ei nasjonal satsing! Må og få fram at E39 ikkje berre fjordkrysningar – også vegen mellom! NTP opprettheld ambisjonen om ferjefri E39. Førre NTP: Ambisjon ferdigstilling i løpet av 20 år. Vil ikkje lenger tidfeste når den kan stå ferdig – dette er uheldig – NTP gir ei statusskildring – men ingen ambisjon! 2

3 Framleis ambisjon om ooferjefri E39 i NTP 2018-29, men framdrifta er ikkje tidfesta …
Fullføring av igangsette prosjekt Svegatjørn-Rådal Bjørset-Skei Sandnes- Kristiansand i Nye Veger Fjordkrysning i 1. periode Oppstart Rogfast Fjordkryssing i 2. periode Oppstart Hordfast Oppstart Møreaksen Oppstart av 4 andre prosjekt på til saman 3,1 mrd. i 1. periode og 3,6 mrd. i 2 periode Kommentar: 3 av 7 ferjesamband er planlagt starta opp. NTP tidfestar ikkje dei andre sambanda, det er ikkje akseptabelt. Sandnes-Kristiansand i «Nye vegar»; planlagt for 4 felt. Både Hordfast og Møreaksen: Det KAN vere aktuelt å starte opp i 1. periode med forskottering av bompengar dersom ein får ned kostnaden. 3 Planskisse: Delstrekning

4 Framlegg til tiltak no:
Tidfeste ambisjon om ferdigstilling av ferjefri E39 Fortgang i opprusting av vegsamband mellom fjordane Oppstart av ytterlegare eit samband i første periode Rask planavklaring og gjennomføring Avsetjing av tilstrekkelege planmidlar FOU og utvikling av teknologi Må ha fokus på standardval og prosjektkostnader Vi må sikre økonomiske rammer for langsiktig og samanhengande utbygging av ferjefri E39! Kommentar: Krav for å sikre gjennomføring av E39: Planavklaring og rask plangjennomføring: Positive til bruk av statleg plan – fortsett vilje til rask plangjennomføring: Behov for betydeleg med planleggingsmidlar FoU og utvikling av teknologi – naudsynt for å redusere kostnadsnivået: Utvikle teknologiske løysingar for bru- og vegsamband – Usikre på om det er avsett tilstrekkeleg med ressursar Ny teknologi potensial for ny næringsutvikling og betring av miljø- og klimaløysingar innan transportsektoren Leggje opp til god nok standard, behov for å få ned kostnadsnivået og ikkje legge opp til dyre løysingar. 4

5 2. Skredsikring på riks- og fylkesvegnettet
Vestlandsrådet ber om auka rammer til skredsikring på både riks- og fylkesvegnettet. Støttar tilrådingane frå Nasjonal ras-sikringsgruppe. Vegnettet må vere sikra mot ras innan 2030. Skeivfordeling av ramma til skredsikring på fylkesveg Fordeling av ramma til skredsikring på fylkesveg tek altfor lang tid. Kommentar: Det offentlege vegnettet skal vere ras-sikra innan 2030: I framlegget til NTP 2018 – 2029 er det ei skeivfordeling av ramma til ras-sikring på fylkesveg mellom dei to seksårsperiodane. Første 6 årsperiode på dagens nivå med i snitt 745 mill. kr pr. år i perioden 2018 – 2023 og mill. kr i snitt pr. år i siste seksårsperiode. Ramma burde ha ei jamnare fordeling med 1 mrd i snitt pr. år i heile planperioden 2018 – 2029. Rammene til skredsikring vert fastlagde gjennom Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan. Slik det ser ut no vil rammene til skredsikring på fylkesveg på landsbasis bli på 745 mill. pr. år i perioden 2018 – Denne ramma vert deretter fordelt ut på vegregionane før den til slutt vert fordelt ut på enkelte fylke. I verste fall får ikkje fylka kjennskap til kva ramme dei har til skredsikring dei neste 4-6 åra før langt ut på våren Dette betyr at fylka ikkje får lyst ut nye skredsikringsprosjekt før april/mai neste år med eventuell oppstart hausten Fylka kjem seint i gang med sine prosjekt og blir kritisert for ikkje å ha brukt opp tildelte midlar. Rammene til skredsikring til kvart enkelt fylke bør vere klare hausten 2017, slik at vi kjem tidleg i gang med å realisere viktige skredsikringsprosjekt. 5

6 3. Ferjedrift – betre rammevilkår for kjøp av ferjetenester
Behov for vesentlig auka ramme. Vestlandet er ein nasjonaløkonomisk «motor» – størst fastlandseksport i landet. Ferjetilbodet – avgjerande for konkurranseevna til eksportindustrien. Støttar ein ny fordelingsnøkkel basert på ein NTP-standard. Utviklinga i prisen på ferjekontraktar, miljøkrav, krav til lekkstabilitet, og trafikkutvikling gjer at nivået på ramma til ferjedrift må aukast. Vestlandsrådet meiner at ferjeforvaltninga i Norge bør samlast på ein stad – fortrinnsvis til eit fylke med omfattande ferjedrift. Kommentar: Sjølv med høg ramme vert ikkje behova møtt. Behov for vesentlig påplussing av høg ramme. Vestlandet er ein nasjonaløkonomisk motor – størst fastlandseksport i landet. Eit godt ferjetilbod er avgjerande for konkurranseevna til eksportindustrien. Støttar ein ny fordelingsnøkkel basert på ein NTP-standard, under føresetnad av at det byggjer på eintydige definisjonar og ein oppdatert transportstandard tilpassa dagens trafikk. Utviklinga i prisen på ferjekontraktar, miljøkrav, krav til lekkstabilitet, og trafikkutvikling gjer at nivået på ramma til ferjedrift må aukast. 6

7 Ferjedrift – betre rammevilkår for kjøp av ferjetenester (forts.)
Vestlandsrådet ber staten legge til rette for å kunne fase inn miljøferjer på fylkeskommunale samband parallelt med riksvegsamband. Vi treng også ei styrking av Enova si støtte til utvikling av infrastruktur og utstyr. Bilete nr. 1 viser ferja frå 1963 når den var nybygd – bilete nr. 2 ferja modernisert i nyare tid. 7

8 4. Forfallet på fylkesvegnettet (vedlikehaldsetterslepet)
NTP legg opp til å fjerne 1/3 av forfallet på riksvegane i 12-års- perioden. Klimaendringar fører til raskare forfall av vegnettet. Vi har meir nedbør og mildare vintrar. Fleire periodar med frost og tining gjennom vinteren utfordrar konstruksjonane – til dømes vegkroppen, murar m.m. Lange, kostnadskrevjande tunellar 8

9 Forfallet på fylkesvegnettet (vedlikehaldsetterslepet) (forts.)
Nødvendige tiltak no: Det må gjennomførast eit krafttak for å ta igjen etterslepet på vedlikehald av både riks- og fylkesvegnettet. Vestlandsrådet legg til grunn at det vert kanalisert tilstrekkeleg med økonomiske midlar til fylkeskommunane. Det må etablerast eit eige fylkesvegprogram for opprusting og fornying av fylkesvegane der årlege løyvingar sikrar at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet, inkludert ferjekaier, bruer og tunnelar, vert bygd ned i same takt som riksvegnettet. 9

10 Spørsmål og kommentarar
Jenny Følling fylkesordførar Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2, 6863 Leikanger | sentralbord: | mob:


Laste ned ppt "Nasjonal transportplan 2018 – 2029"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google