Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kap.11 Istida forma landskapet i Noreg

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kap.11 Istida forma landskapet i Noreg"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kap.11 Istida forma landskapet i Noreg
Kva var istida?

2 - For 10 000 år sidan var det istid i Noreg.
- Heile Noreg var dekt av ein tjukk isbre. -Isbreen var i bevegelse og grov ut dalar. - Da isen smelta, låg det att stein og grusvollar og store leirsletter. - Etter istida har Noreg heva seg i forhold til havet, og landet stig framleis. - Istida var med på å forme landskapet i Noreg. - Alt rundt oss er landskap, men landskapa er ulike.

3 Nye fjell blir til Fjella rundt om i verda har ikkje alltid sett ut slik dei gjer i dag. Somme fjell blir høgare, andre blir slitne ned. Utrulege sterke krefter i jordskorpa foldar opp fjell. Dette skjer så sakte at vi nesten aldri legg merke til det, men vi kan merke litt av rørsla som jordskjelv. Vulkanar pøser ut oske og stein. Også på denne måten kan det oppstå nye fjell. Fjella i Noreg blir ikkje folda i dag. No blir dei slitne ned av is, vatn og vind. Det går så sakte at vi nesten ikkje kan merke det.

4 Fjellandskap, Kystlandskap, dallandskap og bylandskap
Få menneske lever i fjellandskap. Somme lever i landskap nær saltvatn, det kallar vi kystlandskap. Andre bur i dei store dalane. Det kallar vi dallandskap. Bylandskapet blir det meir og meir av.

5 ISTIDA Ein isbre er snø som ikkje rekk å smelte.
Ein isbre er snø som ikkje rekk å smelte om sommaren. Når snø pakkar seg saman år etter år, blir snøen til is. Og når det blir nok is og han blir tung, så sig og glir han nedover. For meir enn år sidan var Noreg og mange andre land dekte av ein kjempestor isbre. Isbreen låg ikkje stille, men glei sakte mot havet i vest og sør der han smelta. Når isbreen glei, forma og slipte han landet rundt seg.

6 Utbreiinga til isen

7 U-dal og v-dal Isen sletta ut fjellvidder og grov ut dalar.
Han laga rare former i stein og striper i fjell. Han reiv laus og knuste stein til alle slags storleikar og Fasongar. Teikninga nederst til høgre viser ein bregraven U-dal. Isbrear som glir fram i landskapet grev breie u-forma dalar.

8 Morene: Ein haug av stein, grus og jord. På teininga ser vi at isen har byrja å Smelte. Isen dyttar seg fram og knuser fjell og Stein. Store elvar under isen dreg med seg grus, Sand og leire fram til iskanten. Små isfjell fraktar flyttblokker langt av garde. Isbreen la att store mengder grus, jord og leire som i dag er skogbotn og jorde. Ved enden av breen kan vi finne haugar med stein, grus, sand og jord som breen har dytta fram. Slike haugar kallar vi morenar. Overalt i landet vårt kan vi finne spor etter den store isbreen, spor frå istida.

9

10

11 Oppgåver Svar med fullstendige setningar.
1. Kva meiner vi med istida? 2. Kor lenge sidan er det vi hadde istid i Noreg? 3. Korleis kan fjell bli høgare? 4. Forklar kva som slite ned fast fjell i dag. 5. Kva er ein isbre? 6. Kor stor del av Noreg dekte den store isbreen? 7. Kva er ein morene? 8. Sjå på teikninga som viser landskapet etter at isbreen har smelta. Kva ligg att?


Laste ned ppt "Kap.11 Istida forma landskapet i Noreg"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google