Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:"— Utskrift av presentasjonen:

1 NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:
90-talet

2 Brit pop 90-talet blei starten på ei nostalgisk stilretning, som vart kalla Brit Pop. Ein henta inspirasjon frå 60-talsklassikarane i England, og då spesielt Beatles. Stilarten kan karakteriserast som enkel gitarbasert rockemusikk, der den typiske engelske aksenten skulle framhevast. Blur og Oasis kjempa om hegemoniet i denne stilarten, med solid kamp av ein del andre grupper, som t.d. Supergrass. OASIS: «Morning glory»

3 GRUNGE Seattle på USA`s vestkyst nær grensa til Canada vart heimstaden for ei rekke band med utspring i heavy-metal genren. Dei utvikla ein eigen stil som vart kalla Seattle-rock, eller Grunge. Tunge, djupe tonar var ofte tonefølget til angstfulle tekstar om sosial framandgjering, apati og ønske om fridom. Kleskoda var som oftast lause klede, flanellskjorter og dongeri Neil Young var den legendariske«gudfaren» for kjente band som: Pearl Jam, Soundgarden og Nirvana NIRVANA: «Lithium»

4 R.E.M. eller «Rapid Eye Movement» er eit band frå Athens, Georgia i USA. Dei starta opp allereide tidleg på 80-talet, men slo først gjennom på 90-talet med megahit`en «Losing My Religion». Sidan har dei vore eit av dei store superbanda på verdsbasis, og held framleis koken med fullsette konsertar. Musikken kan etterkvart minne litt om symfonisk rock, men det er først og fremst deira samfunnsengasjement og politiske tekstar som har gjort dei viktige i musikkhistoria. R.E.M. : «Losing my religion»

5 NU METAL Nu metal er nok ein undergenre av Heavy metal, med innslag av Grunge, Hip hop og Rap. Stilen bar preg av «snille melodiar», men med eit tøffare komp, og ikkje uvanleg med Rap i vokalen (då kalla «Rapcore»). Typiske band: Linpin Park, Limp Bizkit, Korn KORN: “Coming Undone”

6 BLACK METAL Black metal er ein undergenre av Heavy metal og vert rekna som særs ekstrem både i tekst og musikkuttrykk, ofte med satanistiske og okkulte innslag. Stilarten slo gjennom i Norge på byrjinga av 90-talet og er kanskje Norge sin fremste musikalske eksportartikkel, med mange tilhengarar nedover i Europa. Varg «Greven» Vikernes, var sentral i miljøet med si «lefling» med døden og det okkulte. Bandet Dimmu Borgir stod for dei musikalske uttrykka, som etterkvart, med inspirasjon frå klassisk musikk, utvikla seg til særs høg kvalitet, ikkje minst på instrumentalistane. Mange norske band fulgte utetter 90-talet, mellom fleire: Mayhem og Immortal. DIMMU BORGIR: “Sorgens kammer” del 2

7 TECHNO Techno er ein undersjanger av det vi kan kalle «Elektronisk musikk», og er den dominerande stilarten i Trance, Dance og House-miljøa, med sin musikk laga i lydstudio og med datamaskiner (også kalt Sampling), - både med og utan vokal. Technosjangeren vokste fram i USA på 80-talet og spreidde seg raskt til Europa, også Norge, utetter 90-talet, der Røyksopp vel var det første store norske bandet. Seinare har fleire fulgt etter, og i dag er nok til dømes KYGO eit resultat av denne stilarten. Har mange undergrupper, m.a. rave og acid. Aktuelle band: Prodigy, Røyksopp m.fl. RØYKSOPP: «Eple»

8 WORLD MUSIC World Music er folkemusikk frå heile verda, smelta saman med til dømes jazz eller rock til nye stilartar. Musikken når ut til eit breitt publikum, og er i Norge først og fremst representert med Mari Boine, med sine moderne variantar av samisk musikk, og felespelaren Annbjørg Lien sine tolkningar av norsk folkemusikk. Det tok laust på 90-talet, og no arrangerast det World Music-festivalar kvart einaste år overalt i verda. Gode døme: Mari Boine, Peter Gabriel, Annbjørg Lien. MARI BOINE: “Goaskinviellja” 


Laste ned ppt "NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google