Laste ned presentasjonen
1
PLS Adresser Minneområde Symbollista
2
Definisjonar Bit: Den minste eininga me kan dela informasjon inn i. Eit bit kan ha to verdiar: av eller på. Lsb /msb: least /most significant bit Ord /word: Eit minneområde som er samansett av ei viss mengd bit. Eit ord i PLSen er 16 bit. Kanal: Ein kanal er eit minneområde som har plass til eitt ord. Kvar kanal har ei adressa.
3
Minneområde i OMRON sine PLSar
CIO: Core I/O: Inngangar og utgangar. Adresser på forma 0.0, 12.13, … Ledige adresser kan brukast som internminne. W: Binære internminne. Adresser på forma W0.0, W3.15, W127.4 … H: Internminne som held stillinga si sjølv om du slår av PLSen. H0.0, H3.7, H49.15 … A: hjelpefunksjonar internt i PLSen, t.d. A200.11 CF: Condition Flag: Førehandsprogrammerte funksjonar som pulsar, alltid på og liknande. T: Tidsfunksjonar. Adresser som t.d. T0 og T1 C: Teljefunksjonar. C0. C1 osb. D: Internminne for analoge signal Og eit par andre…
4
Adresser Bokstaven til kvart minneområde er ein del av adressa. CIO-området har ikkje bokstav. Kvar kanal har eit nummer for å visa kor i minneområdet informasjonen er lagra. Kvart bit har eit nummer for å visa kva nummer det har i eit ord. Det er 16 bit i eit ord, altså får kvart bit eit nummer frå 0 til 15. Bit nummer 3 i kanal nr 1 på minneområde CIO får adressa 1.3. Bit nummer 11 i kanal nr 200 på minneområde A får adressa A Når me har signal eller verdiar som ikkje er binære, må me bruka eit heilt ord om gongen. Adressa til ord nr 5 på T-området er T5
5
Symbollista Alle adresser som du skal bruka, skal ha eit namn i symbollista. Alle internminne skal altså ha eit namn som skil dei frå andre minne. Bruk alltid Automatic allocation for internminne (lurt å venna seg til, for då slepp du å rota det til for deg sjølv): PLC Memory Allocation Automatic Allocation Enable Add Start address: W200 Size: 100 Data types: Any
Liknende presentasjoner
© 2024 SlidePlayer.no Inc.
All rights reserved.