Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Biblar til Sentral-Asia «Vi kan i det minste syna dei hendene våre.»

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Biblar til Sentral-Asia «Vi kan i det minste syna dei hendene våre.»"— Utskrift av presentasjonen:

1 Biblar til Sentral-Asia «Vi kan i det minste syna dei hendene våre.»
Bibeldagen er den årlege markeringa av Bibelens plass og tyding, i forsamlinga, i Noreg og i heile verda. I 2017 er det landa i Sentral-Asia som står i fokus. I denne delen av verda er det vanskeleg for mange kristne å vedkjenna seg trua si ope, og å eiga ein bibel. Vi kan difor ikkje visa andletet til alle i denne presentasjonen. «Men vi kan i alle fall visa dei hendene våre», seier ei kvinne i ei huskyrkje. Biblar til Sentral-Asia «Vi kan i det minste syna dei hendene våre.» Bibeldagen 2017

2 Sentral-Asia Aser- bajdsjan Kasakhstan Kirgisistan Tadsjikistan
Turkmenistan Usbekistan Aral-sjøen Balkhasj-sjøen Det kaspiske hav Mellom Russland i nord og Afghanistan i sør, mellom Tyrkia i vest og Kina i aust ligg ein blank flekk på kartet for mange. Men Sentral-Asia har ei stolt historie og rik kultur. Regionen har til saman ca. 75 millionar innbyggjarar og omfattar landa Kasakhstan, Usbekistan, Kirgisistan, Turkmenistan og Tadsjikistan. Også Aserbajdsjan blir ofte rekna å tilhøyra Sentral-Asia kulturelt og språkleg. Russland Kina Iran Afghanistan

3 Sentral-Asia FAKTA OM SENTRAL-ASIA
Omfattar land som til 1991 var del av Sovjetunionen. Samla folketal: Ca. 75 mill. Usbekistan størst med 32 mill. Landa i Sentral-Asia er mellom dei fattigaste i verda. Islam går fram og er den dominerande religionen. Det er frå 1 til 12 prosent kristne i dei seks landa. Bibelselskapet har arbeid i alle landa utanom Turkmenistan. FAKTA OM SENTRAL-ASIA Aser- bajdsjan Kasakhstan Kirgisistan Tadsjikistan Turkmenistan Usbekistan Aral-sjøen Balkhasj-sjøen Det kaspiske hav Landa i Sentral-Asia var tidlegare del av Sovjetunionen og vart sjølvstendige i Etter Sovjetunionens fall har det meste av den tidlegare industrien vorte lagd ned, og dei fleste russarane har forlate Sentral-Asia. Mange er difor avhengige av landbruket, men mykje av arealet er ueigna til jordbruk. Arbeidsløysa er svært høg, og fattigdomen er stor mange stader. Russland Kina Iran Afghanistan

4 Islam er den dominerande religionen i heile regionen og er på sterk frammarsj. Det blir bygd mange nye moskear, og gamle muslimske minnesmerke blir restaurerte. Også dei kristne kyrkjene veks, men dei møter ofte vanskar, nokon stadar direkte forfølging. Styresmaktene er på vakt overfor veksande muslimsk ekstremisme, men denne vaktsemda råkar òg kristne forsamlingar. Bibeldagen 2017

5 Dei kristne forsamlingane i desse landa har tidlegare hatt eit sterkt innslag av russarar. Etter Sovjetunionens fall har dei fleste russarane forlate Sentral-Asia, og veksten i kyrkjene skjer no blant dei nasjonale folkeslaga. Desse folka er tradisjonelt muslimar, og det blir ofte ikkje godteke i familien og lokalsamfunnet dersom nokon frå dei nasjonale folkegruppene blir kristen. Bibeldagen 2017

6 for å ha Bibelen på mitt eige språk.»
Arbeidet til Bibelselskapet skjer ope og med offentleg godkjenning. Likevel må vi halda identiteten til mange av dei kristne i Sentral-Asia løynd, for å verna dei mot reaksjonar frå familie og lokale styresmakter. Men Keremet frå Kirgisistan er eit frimodig vitne som ikkje er redd for å fortelja kor viktig Bibelen er for henne. Ho vil gjerne vise både namnet og andletet sitt for bibelvenene i Noreg «Eg er djupt takksam for å ha Bibelen på mitt eige språk.» Bibeldagen 2017

7 «Jeg er dypt takknemlig for å ha Guds Ord på mitt eget språk»
Eit nytestamente til gratis utdeling kostar 20 kroner. Kor mange kan du gje? Keremet og to andre kvinner dreg ofte på besøk til ein annan region med hjelpesendingar. Ein gong kom tryggingspolitiet stormande inn. Grunnen var at dei også hadde delt ut Ingil, nytestamente på det nasjonale språket. «De gjer eit godt arbeid, men kvifor deler de ut Ingil, spurde dei. «Vi kan ikkje koma med tomme hender – Ingil er den flottaste gåva vi kan koma med», svara dei. «Jeg er dypt takknemlig for å ha Guds Ord på mitt eget språk» Keremet (65) «Eg skammar meg ikkje over Guds Ord, men deler det med alle eg møter.» Bibeldagen 2017

8 Sentral-Asia er eit lappeteppe av ulike etniske grupper
Sentral-Asia er eit lappeteppe av ulike etniske grupper. Nokre av grensene mellom dei er uklåre, og dette skapar til dels farlege konfliktar. Alle landa har fått namnet sitt etter det dominerande folkeslaget. Men alle landa har eit større eller mindre innslag av andre etniske grupper. Bibeldagen 2017

9 Frykta for ikkje å få ei verdig gravferd held mange eldre attende frå å bli kristne. For kristne kan ofte nektast gravlegging i lokalsamfunnet – eller så vil heile landsbyen halda seg borte. I Sentral-Asia er dette noko av det verste som kan henda. For mange utgjer dette den største frykta for å verta kristen. Difor er det mange, særleg eldre, som held hemmeleg at dei blir kristne. Bibeldagen 2017

10 «Vi er ei gruppe med kristne i landet vårt
Men mange unge vedkjenner seg ei kristen tru i landa i Sentral-Asia. «Eg kan vitna om at vi er ei gruppe med kristne i landet vårt som trass i forfølgingar tørstar etter Guds ord, og kyrkjene veks», seier ei ung kvinne, til høgre på biletet. Ungdomane fortel at dei òg har bibelteksta på telefonen sin, og på internett. Dette, og bibelteksta på internett, er til stor hjelp for dei. «Vi er ei gruppe med kristne i landet vårt som trass i forfølgingar tørstar etter Guds ord, og kyrkjene veks.» Bibeldagen 2017

11 Mange forsamlingar er uregistrerte huskyrkjer
Mange forsamlingar er uregistrerte huskyrkjer. Det er ofte vanskeleg å få ei forsamling lovleg registrert. Det blir mange stader opp kravt til 200 underskrifter frå medlemmar for å få registrert ei forsamling. Men i somme land er det slik at ingen med muslimsk bakgrunn blir godkjend som underskrivar. Dette er eit stort problem etter som dei fleste russarane har forlate landet etter 1991. Bibeldagen 2017

12 «Bibelen er min mat, min åndelege mat!»
Nokre stadar opplever huskyrkjer at biblane deira blir konfiskerte. Nyleg vart alle biblane i denne vesle huskyrkja konfiskert av politiet. Vi fekk vera med og dela ut nye biblar til dei. Det var stor glede over å få nye biblar. «Bibelen er min mat, min åndelege mat», sa ei av kvinnene i forsamlinga. Ein vanleg bibel kostar i Sentral-Asia ca. 90 kroner. Kor mange kan du vera med og gje? «Bibelen er min mat, min åndelege mat!» Bibeldagen 2017

13 I den vesle huskyrkja brukar dei òg ein lydavspelar
I den vesle huskyrkja brukar dei òg ein lydavspelar. «Det er ei velsigning å ha Bibelen som lydbok. Det er til stor hjelp i situasjonen vår», seier dei. Ei eldre dame som har fått ein lydbibel, seier: «Trua mi vart så styrkt gjennom dette at eg kan ikkje få sagt det!» Bibeldagen 2017

14 «Det er eit STORT privilegium å ha Bibelen!»
«Eg kom til tru då eg las Bibelen» fortel ein ung mann i eit land i Sentral-Asia. «Då eg fekk den første bibelen min, vart eg så ivrig at eg ikkje kunne slutta å snakka om det som stod der.» «Det er eit STORT privilegium å ha Bibelen» seier han òg. «Eg vil råda ungdom i Noreg til å lesa Bibelen – det er visdom for ein ungdom, slik at ein ikkje snur ryggen til trua som gammal». «Det er eit STORT privilegium å ha Bibelen!» Bibeldagen 2017

15 Samarbeidet er godt mellom Bibelselskapet og dei ulike kyrkjene i Sentral-Asia. Metropolitt Vikentiy i Den russisk-ortodokse kyrkja vitjar saman med Bibelselskapet både ortodokse og protestantiske kyrkjer og deler ut bibelbøker med stor skrift for eldre. Bibeldagen 2017

16 Evangelia i stor skrift kostar 50 kroner. Kor mange kan du gje?
På Bibeldagen samlar vi blant anna inn til slike bøker, der ein kan lesa dei fire evangelia, Apostelgjerningane eller Salmane. Ei slik bok kostar 50 kroner – kor mange kan du vera med å gje til eldre med dårleg syn i landa i Sentral-Asia? Bibeldagen 2017

17 Ein barnebibel i Sentral-Asia kostar frå 20 til 40 kroner. Kor
mange kan du vera med og gje? I kyrkjene er det mange born og unge, og Bibelselskapet trykkjer biblar og bibelbøker også til dei. Ein barnebibel kostar mellom 20 og 40 kroner i desse landa. På biletet ser vi Kumushai, ei jente på seks år frå Kirgisistan, som har fått ein barnebibel frå Bibelselskapet. På Bibeldagen 2017 kan vi hjelpa til slik at fleire born som Kumushai kan få sin eigen barnebibel. Bibeldagen 2017

18 Blant dei 75 millionar innbyggjarane i Sentral-Asia er det svært få som har ein bibel eller kjennskap til kristen tru, og islam veks sterkt. Fleire stadar opplever kyrkjene stor vekst, men dei møter sterk motstand – nokre stader forfølging. Dei kristne i Sentral-Asia er under sterkt press. På Bibeldagen 2017 kan vi vera med og støtte dei med biblar og bibeldelar. Takk for di støtte på Bibeldagen! Bibeldagen 2017

19 Vil du gje biblar til dei kristne i Sentral-Asia
Vil du gje biblar til dei kristne i Sentral-Asia? Send SMS BIBEL SASIA til 2468 og du gjev 178 kroner, nok til sju biblar. Takk for gåva!


Laste ned ppt "Biblar til Sentral-Asia «Vi kan i det minste syna dei hendene våre.»"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google