Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Økonomisk krise og mangel på det meste.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Økonomisk krise og mangel på det meste."— Utskrift av presentasjonen:

1 Økonomisk krise og mangel på det meste.
KAP 3: Utviklinga i Aust- Europa og avslutninga på den kalde krigen. S Økonomisk krise og mangel på det meste.

2 Økonomisk krise På slutten av 1970-åra viste økonomien i Sovjetunionen teikn på krise. Krig mot Afghanistan- kostbart og mange soldatar døydde. Varer frå Sovjetunionen klarte ikkje å konkurrere med vestlege varer. Statlege fabrikkar klarte ikkje å produsere nok – folk mangla det meste av kvardagsvarer. Folk stod i lange køar for å få kjøpe varer. Enorme naturøydeleggingar – elever vart leidde ut av sitt naturlege leie, forureininga av innsjøar. Atomavfall blei slept rett ut i elvar. 1986: Atomkraftverket i Tsjernobyl eksploderte – eit svært farleg oppryddingsarbeid- om lag menneske måtte flytte frå heimane sine i nærområdet. Alkoholisme var eit kjempeproblem – mange døydde i yngre alder enn tidlegare. Folk såg ikkje lyst på livet..

3 S. 50: Ein pave og ei fagforeining
Polen – det nest største kommunistiske landet. Men det polske folk likte aldri kommunismen – dei høyrde meir på sine katolske prestar enn dei politiske leiararane. 1979: Den polske kardinalen Karol Wojtyla – blei valt til Pave Roma – blei kalla Johannes Paul 2. Den katolske kyrkja i Polen fekk no auka makt – og kommunistpartiet fekk mindre makt. 1980: det braut ut streikar fleire stader i Polen. Det blei danna ei fagforeining – Solidaritet – dette gjekk kommunistpartiet med på for å få folk tilbake i jobb. Lech Walesa – tok leiinga i Solidaritet – han blei seinare president i Polen. 1981: Solidaritet blei forboden etter at hæren hadde gjort eit kupp.

4 S. 52 – 53:Mikhail Gorbatsjov
1985: Mikhail Gorbatsjov tok over makta i Sovjetunionen. Han ville gjere endringar i økonomien – og tok til med reformer: Glasnost: - openheit, folk kunne seie kva dei ville – ytringsfridom. Perestrojka: - endring, no skulle ikkje staten eige alt lenger – eller kontrollere alt og alle Fleire fekk lov å strate sine eigne verksemder. Statlege verksemde fekk større kontroll over produkt og pris. Folk skulle få fleire varer å velje mellom – slik skulle Sovjetunionen bli meir konkurransedyktig.

5 Sovjetunionen og USA Mikhail Gorbatsjov ville at Sovjetunionen skulle få eit betre forhold til USA. Forholdet mellom USA og Sovjetunionen hadde vore dårleg sidan før 2.verdskrig - det dårlege forholdet vert kalla for Den kalde krigen – mange krigar rundt om i verda der desse to landa oftast støtta kvar sin part . Den kalde krigen viser til det svært kjølege forholdet mellom Sovjetunionen og USA. Mikhail Gorbatsjov ville få i gnag samtaler med Ronald Reagen – USA sin president. Ronald Reagen var ein innbitt motstandar av kommunismen – og kalla Sovjetunionen for « vondskapens imperium».

6 AVSLUTNINGA PÅ DEN KALDE KRIGEN s. 53
Mikhail Gorbatsjov fekk i gang nedrustningsavtalar med USA og Ronald Reagen – og gradvis blei forholdet mellom USA og Sovjetunionen betre. Begge landa tok til å byggje ned dei enorme atomvåpenlagra. 1989/ 1990 – den kalde krigen er over. Endeleg kunne ein puste letta ut etter den kalde krigen no var over.

7 Kommunismen bryt saman i Sovjetunionen.
Mikhail Gorbatsjov klarte å få slutt på den kalde krigen, men tilhøva i Sovjetunionen klarte han ikkje å få orden på. Folk fekk det verre – streikar og uro spreidde seg. Sovjetunionen bestod av mange ulike republikkar – med ulike språk og ulik kultur. Det kom til uro og væpna konfliktar – og Gorbatsjov og medarbeidarane miste kontrollen over situasjonen i store landet. 1990: Det blei tillate for fleire parti å delta i politikken – det kommunistiske diktaturet var over. 1991. Sovjetunionen vart oppløyst og republikkane vart no 15 nye og sjølvstendige land – der Russland var det største landet. Mikhail Gorbatsjov var no ein sjef utan union – og han måtte no trekkje seg.

8 Kommunismen bryt saman i resten av Europa s. 54
I tida 1945 – 1991 hadde Sovjetunionen tvinga dei aust-europeiske landa til å bli kommunistiske. I dei aust-europeiske landa blei kommunismen kasta ut – og erstatta av demokrati og frie val og fleire politiske parti. Overgangen frå kommunisme til demokrati gjekk stort sett fredeleg for seg – folk fekk no frie parti, frie aviser og tv-stasjonar. Berlinmuren blei riven i tida 1989 – 1991. 3.oktober 1991: Dei to tyske statane blei igjen til EITT land – etter å ha vore delte sidan 1945.

9 ÅRSAK -VERKNAD Kvifor braut kommunismen saman?
Sovjetunionen klarte ikkje å halde følgje med USA i å utvikle nye våpen. Folk i Sovjetunionen fekk det stadig dårlegare. Den polske paven fekk mykje å seie for at kommunismen braut saman i Europa. Mikhail Gorbatsjov gjorde det klart at Sovjetunionen ikkje lenger ville tvinge dei aust-europeiske landa til å halde på kommunismen. Kva verknad fekk samanbrotet til kommunismen? Den kalde krigen vart avslutta. Det vart innført demokrati i Aust-Europa. Berlinmuren vart riven, og Tyskland vart samla til eitt land.


Laste ned ppt "Økonomisk krise og mangel på det meste."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google