Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Øydelegginga av Nord- Noreg

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Øydelegginga av Nord- Noreg"— Utskrift av presentasjonen:

1 Øydelegginga av Nord- Noreg
Okt. 1944: Tyskarane trekkjer seg ut av Finnmark og Nord-Troms. Russarane rykte framover – og tyskarane var pressa sørover. Då tyskarane trekte seg tilbake øydela dei alt som dei kom over: hus, vegar, bruer, båtar og kaier. Heile befolkninga vart tvinga til å reise sørover. Då freden kom i mai 1945 var det meste av Nord-Noreg øydelagd. Det var også mange andre byar i Europa som blei øydelagde. Det vart fred – men nøda blant folk flest var stor.

2 Fred – og hemn 7.mai 1945: Tyskland kapitulerte – og dagen etter var krigen over. Samstundes byrja arrestasjonane av tyskarar – og dei som hadde hjelpt tyskarane. I alt blei over menneske funne skuldig i landssvik – dei hadde samarbeidd med fienden og svike sitt eige land. 25 nordmenn og 12 tyskarar vart dømde til døden – dei fleste av desse var torturistar. Vidkun Quisling var ein av dei som vart dømde til døden – og han vart skoten i oktober 1945. Også andre NS- folk blei straffa på ulikt vis rundt om i Noreg. Tyskartøsene – jenter som hadde hatt eit forhold til tyske soldatar, blei også straffa.

3 Barn av nazistar. Barn av nazistar hadde det vanskeleg under krigen – dei mista ofte vennane sine – og blei plaga og trakassert på grunn av haldningane og standpunkta til foreldra sine. I dagane etter at det blei fred opplevde dei å bli kalla, utskjelte, spytta på og ofte også arresterte. Jenter som hadde hatt eit forhold til ein tysk soldat vart kalla for tyskartøs. Dei blei snauklipte, utskjelte – og dei hadde det svært vanskeleg i åra etter krigen. For mange vart dei stempla for resten av livet.

4 Oppgjeret med dei aller verste:
USA, Storbritannia og Frankrike : Samde om at dei nazistiske leiarane skulle stillast for retten når krigen var over. Rettssaka blei halden i Nürnberg i Tyskland. Mange fekk lange fengselsstraffer- andre kom seg unna. Tolv nazistar vart dømde til døden- men Herman Göring klarte å ta livet av seg før han skulle hengast. Andre sentrale nazileiarar var: Goebbels –propagandaministeren - som tok livet av seg i bunkersen i lag med Hitler. Heinrich Himmler – SS-sjef- tok også livet av seg. Joseph Mengele- lege i Auschwitz som eksperimenterte med fangar – døydde i Brasil i 1979. Adolf Eichmann som hadde hovudansvaret for drap av jødar – blei fanga av israelske agentar og drepen i i 1962.

5 Lagnaden til dei store taparane:
1945: Etter krigen blei Tyskland delt inn i fire okkupasjonssoner fordelt på USA, Storbritannia, Frankrike og Sovjetunionen. Midt inne i den sovjetiske sona låg hovudstaden Berlin. Også Berlin vart delt i fire soner. Tyskarane leid, og måtte gje frå seg landområda dei hadde tatt – dette førte til at 11 mill tyskarar var fordrivne- og blei heimlause. Men det var svært få som syntest synd på tyskarane- den nazistiske brutaliteten hadde gjort heile det tyske folket forhata. Særleg ille var det for dei som budde i den sovjetiske sona.

6 Japan – under amerikansk okkupasjon.
USA okkuperte Japan etter krigen – og tvinga gjennom mange endringar i landet. Dei skreiv ut ei ny demokratisk grunnlov; frie val og likestilling blei krevd. Jorda blei meir rettferig fordelt, arbeidarane fekk lov til å skipe fagforeiningar og lov til å streike. Keisaren enda opp til å bli « berre eit vanleg menneske».


Laste ned ppt "Øydelegginga av Nord- Noreg"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google