Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding
Statens hus,

2 Fylkesmannen skal sikre at innbyggjarane får dei rettane og tenestene dei har krav på -sjå til at nasjonal politikk vert gjennomført - samordne statleg verksemd i fylket - vere støttespelar og rettleiar for kommunane - informere sentrale styremakter om viktige spørsmål i fylket. Rolla til Fylkesmannen: tilretteleggar og koordinere for lokale og regionale prosessar, samarbeide med KS, legge til rett for kontakt og prosessar på tvers av fylkesgrensene, følgje opp kommunar som ikkje på eige initiativ tek naudsynt leiarskap, vere på tilbodssida når kommunane inviterer oss inn i samtalar og prosessar, skrive samla vurdering ofr fylket når alle kommunane har gjort vedtak om struktur. Kvifor kommunereform: Det blir gjort mykje godt arbeid i kommunane i dag og innbyggjarane får jamt over gode tenester og det skal dei og ha i framtida - demografi – samfunnsutvikling – kommunikasjonar/samferdsel, større bu og arbeidsmarked, planlegging - leve og bur og jobbar i ein kvardagsregion med fleire kommunar – korleis blir kommuneøkonomien påverka av nasjonaløkonomien når oljeinntektene blir lågare? – Historie: 50 år sidan førre reform, vi gjekk frå om lag 750 kommunar til 450 og vi er no 428 kommunar. Utviklinga sidan førre kommunereform – bilde nr. 1 Stor endring i oppgåver og ansvar! Dagens kommunestruktur har lege fast i 60 år etter Schei-komiteen sitt arbeid. Men omfanget av oppgåver og ansvar som er gitt til kommunane er noko heilt anna i dag. Førre store reform pga. endringar i skulesystemet med ungdomsskule. Større endringar sidan siste kommunereform: HVPU-reforma Utviklinga i barnehagetilbodet, Auka krav til planlegging NAV-reforma Samhandlingsreforma - og stadig fleire rettigheiter som stiller krav til kommunane om nivå og likskap i tenestene uavhengig av kvar folket bur – om det er i Balestrand, Sogndal eller Bergen…

3 Status nasjonalt og i nabofylka
Landet: 138 kommunar har gjort vedtak om samanslåing 72 kommunar blir til 30 kommunar Sogn og Fjordane: Jølster – Førde – Gaular – Naustdal Hornindal – Volda Hordaland: Fjell – Sund - Øygarden Radøy – Lindås –Meland Os – Fusa Møre og Romsdal: Fræna – Eide Molde – Midsund – Nesset Ålesund – Sandøy – Skodje Halsa – Hemne (Sør-Trøndelag) Forlenga fristen frå 1.7. og ut året. Mange kom seint i gang, måtte gje dei ein ny sjanse. 138 kommunar har gjort vedtak om samsnslåing, 1/3 av kommunane, halvparten av folket. Men ikkje alle desse har gjensidige vedtak. 72 kommunar har no gjensidige vedtak om å bygge 30 nye kommunar, dvs 386 kommunar, det lågaste sidan Det kjem fleire utover hausten

4 Kommunane – oppsummering av Sogn og Fjordane
Alle kommunestyra med vedtak innan 1. juli 5 kommunar med gjensidige vedtak Jølster, Førde, Gaular og Naustdal Hornindal med Volda i Møre og Romsdal Eid, Stryn og Sogndal har gjort konkrete vedtak om samanslåing med andre kommunar, men kommunane dei ønskte samanslåing med har gjort andre vedtak om samanslåing eller halde fram som eigen kommune Selje, Vågsøy og Fjaler har kommunestyrevedtak som er positive til samanslåing, men kommunane dei ønskte samanslåing med har gjort andre vedtak om samanslåing eller halde fram som eigen kommune Dei andre 15 kommunane har gjort vedtak om å halde fram som eigen kommune 5 kommunar med gjensidige vedtak 6 kommunar med vedtak om samanslåing 15 halde fram som eigen kommune

5 Kommunereforma - oppdraget til Fylkesmannen frå KMD
Fylkesmannen skal på selvstendig grunnlag gjøre en vurdering av de samlede kommunestyrevedtakene der det legges vekt på helheten i regionen og fylket, og gi råd om framtidig kommunestruktur… .. Tilrådning må baseres på de lokale prosessene, målene for reformen og kriteriene for en god kommunestruktur Fylkesmannens tilrådning skal sendes innen 1. oktober 2016. Korleis jobbar vi no?

6 Fylkesmannen – vurdering og tilråding
Dette er vektlagd: Sentrale vedtak og føringar Lokale prosessar, innhald og vedtaka til kommunane Måla for kommunereforma - Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane - Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling - Bærekraftige og økonomisk robuste kommunar - Styrka lokaldemokrati Kriteria for god kommunestruktur - Kapasitet og kompetanse Heilskapen i regionen og fylket Innleiing: Fakta om kommunen(ane) og fylket (innbyggjartal, areal, busettingsmønster, avstandar, kommunikasjon, folketalsutvikling, sentrale nøkkeltal…) Sentrale vedtak og føringar: Proposisjonar, meldingar, utgreiingar, rettleiarar og brev frå KMD og statsråden Lokale prosessar, innhald og vedtaka til kommunane: Oversyn for kommunen sine vedtak frå oppstart til endeleg vedtak Organisering av arbeidet med reforma, framdrift, ressursbruk, informasjon, involvering Kva alternativ har vore diskutert – nabopratar, forhandlingar som ikkje førde fram Utgreiingar Høyringar – resultat av folkemøte, spørjeundersøkingar, folkerøystingar… Intensjonsavtalar Måla for kommunereforma: Oppfyller kommunane måla, ny kommune og halde fram åleine? Legge vekt på at kommunane i framtida (20 – 30 års perpektiv) kan levere eit godt og likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane, skape eit godt grunnlag for samordna og styrka lokal og regional samfunnsutvikling, berekraftig og solid økonomi og eit styrka lokaldemokrati – sentrale fag- og økonomidata, informasjon frå kommunane og eigenkunnskap Kriteria for god kommunestruktur: Kommunane og Fylkesmannens vurderingar av status, (sterke – svake sider), moglegheiter, utfordringar for eigen kommune og i ein ny og større kommune (intensjonsavtalane) etter rollene: Tenesteyting Myndigheitsutøving (rettstryggleik) Samfunnsutvikling Lokaldemokrati Heilskapen i regionen og fylket: Felles bu og arbeidsområde (kvardagskommunen) Pendling i dag og utviklinga siste 15 – 20 år Samferdsle/kommunikasjonar – endringar sidan førre kommunereform på 1960-talet Kultur- og fritidstilbod Servicetilbod Noverande samarbeid (interkommunalt samarbeid) – oversyn frå kommunane sine utgreiingar Felles vedtak om samanslåing, kommunar, kommunar som blir «ufrivillig åleine» og kommunar som gjer vedtak om å stå åleine (jf. notat frå Christian og Kåre)

7 Tilråding om kommuneinndeling frå 1.1.2020

8 Sogndal, Leikanger og Balestrand
Dette legg vi vekt på: Felles bu- og arbeidsområde og samarbeider i dag på fleire område Kvar for seg har kommunane små og sårbare fagmiljø – særleg gjeld dette Balestrand og Leikanger Blir vesentleg fleire eldre samanlikna med dei i yrkesaktiv alder – særleg gjeld dette for Balestrand og Leikanger Sogndal har god økonomi, Balestrand og Leikanger har svak økonomi og er derfor utsette for svingingar Leikanger og Sogndal får reduserte inntekter etter nytt inntektssystem Ein ny og større kommune blir eit regionalt tyngdepunkt i Indre Sogn, som vil legge til rette for ei styrking av nærings- og samfunnsutviklinga Moment: Ny kommune med innb. – 3. størst i fylket etter Sunnfjord og Flora. Størst pendling mellom Sogndal og Leikanger (S-L: 405 – L-S 217), noko mindre Balestrand-leikanger (34) og Balestrand-Sogndal 30. Av arbeidsplassane i Leikanger så er det 750 som pendlar inn av 1583 arbeidsplassar (47 %.). Små og sårbare fagmiljø er peika på i alle tre saksutgreiingane og at ein ny og større kommune får større breidde i fagmiljø og dermed lettare rekruttere for tilstrekkeleg kapasitet og relevant kompetanse, sikre rettstryggleiken til innbyggjarane og ta på seg nye oppgåver. Fleire eldre: SSB sin middels framskriving viser at Balestrand og Leikanger doblar tal 80+ fram mot 2040, og det er venta nedgang i gruppa år. Balestrand har over lang tid hatt reduksjonar i inntektssystemet gjennom reduksjonar i folketalet, Leikanger får ein reduksjon på 4,7 mill. kroner gjennom endringar i inntektssystemet (før inntektsgarantiord.) og har ubalanse i økonomien. Jf. Det som er sagt om regionale- og statlege arbeidsplassar

9 Vågsøy og Selje Dette legg vi vekt på:
Ein ny og større kommune vil utvikle eit sterkare felles- bu og arbeidsområde på kysten av Ytre Nordfjord Kommunane har utfordringar med små og sårbare fagmiljø og rekruttering av leiarar – ein ny kommune vil få styrka kapasitet og kompetanse For samfunnsutviklinga er auka plan- og utviklingskapasitet ein føresetnad for å skape betre utvikling på kysten Kommunane får i eit 20 – 30 års perspektiv vesentleg fleire eldre, samtidig som det er venta færre i yrkesaktiv alder Ein ny kommune får ein større økonomi og blir betre i stand til å møte uføresette hendingar – særleg er dette viktig for Selje Moment: Ny kommune med 8800 innb. – 4. størst i fylket etter Sunnfjord, Flora og nye Sogn. Begge kommunane har hatt svak folketalsutvikling : Vågsøy -6,7% og Selje -9,5 %. Selje doblar tal 80+ av befolkninga, og nesten det same for Vågsøy etter SSB middelsframskriving til 2040. Små og sårbare fagmiljø er peika på i begge saksutgreiingane, særleg for spesialkompetanse innan helse og sosial, men og for planlegging (særleg Selje) og leiarstillingar - og at ein ny og større kommune får større breidde i fagmiljø og dermed lettare rekruttere for tilstrekkeleg kapasitet og relevant kompetanse, sikre rettstryggleiken til innbyggjarane og ta på seg nye oppgåver. Selje har over lang tid hatt reduserte inntekter gjennom reduksjonar i folketalet. Vågsøy får reduksjonar i basistilskot gjennom endringar i inntektssystemet (før inntektsgarantiord.).

10 Neste steg…. – aktuelle retningsval for fleire kommunar

11 Neste steg i kommunereforma
Luster med Sogndal, Leikanger og Balestrand Kart: BT-kommunebygger

12 Neste steg i kommunereforma
Eid, Gloppen og Stryn

13 Neste steg i kommunereforma
Hyllestad, Askvoll og Fjaler (+ Solund)

14 Neste steg i kommunereforma
Flora og Bremanger

15 Neste steg i kommunereforma
Årdal, Lærdal, Aurland

16 Vik med Voss? - eller Vik med ny Sogn kommune?
Og kva med Høyanger?

17 Neste steg i kommunereforma
Gulen saman med Nordhordland?


Laste ned ppt "Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google