Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

UTVIDA FYSISK AKTIVITET VED PROSJEKTSKULANE I SOGN OG FJORDANE v/Rasmus Stokke -Modellar for korleis skulane finn tid til utvida fysisk aktivitet -Kva.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "UTVIDA FYSISK AKTIVITET VED PROSJEKTSKULANE I SOGN OG FJORDANE v/Rasmus Stokke -Modellar for korleis skulane finn tid til utvida fysisk aktivitet -Kva."— Utskrift av presentasjonen:

1 UTVIDA FYSISK AKTIVITET VED PROSJEKTSKULANE I SOGN OG FJORDANE v/Rasmus Stokke -Modellar for korleis skulane finn tid til utvida fysisk aktivitet -Kva kompetansebehov fører dette med seg -Kva kan høgre utdanning bidra med? Basert på oppsummering av rapportar frå prosjektskulane i Sogn og Fjordane og tilbakemeldingar frå erfaringssamlingar og andre tilbakemeldingar

2 Deltakarskulane i 2005/06 Torvmyrande skule Batalden skule og barnehage Trudvang skule Leikanger ungdomsskule Eid ungdomsskule Skei skule Sandane skule Flora ungdomsskule Svelgen skule Olden skule Nordsida skule Eikefjord barne- og ungdomsskule Vassenden barne- og ungdomsskule Hornindal skule Flora vgs, Dale vgs, Høyanger vgs.

3 MODELLAR FOR Å SKAFFE TID TIL FYSISK AKTIVITET 1. Arrangement- og tilretteleggingsmodellen 2. Team/klassemodellen 3. Midttimemodellen 4. Friminuttmodellen 5. Fagmodellen

4 1.Arrangements- og tilretteleggingsmodellen - litt meir av mange tiltak som ikkje er daglege –Fleire aktivitetsdagar –Aktivitetskveldar m/foreldre –Gjere uteområdet meir innbydande og med fleire mulegheiter –Meir tilrettelegging av tur og aktivitetsløyper og bruk av dei –Meir undervisning ute –Utvida fysisk aktivitet/midttime dagleg i nokre veker i året –Aktiv skuleveg –Aktivitetsfriminutt –Friviljuge tiltak, morgontrening, trening etter skuletid osv. Kan utgjere ca. 30 – 40 timar i året eller meir, dvs. ca. 1 t pr. veke Rimeleg lett å få til og få intern aksept. Effektar? Kompetansebehov?

5 2. Team/klassemodellen Organisering: Kan ”stele” tid frå timane i løpet av dagen og samle det til aktivitetsøkter/utetimar/turar styrt av teamleiar/klasselærar/kontaktlærar Ha fagundervisning ute der elevane bevegar seg Elevane kan lage plan Vurdering av modellen: Lett å organisere, desentralisert organisering Kvalitetsstyring overlete til team/kontaktlærar Kompetansebehov Teamleiar/klasselærar/kontaktlærarkompetanse. Gode aktivitetsidear. Samhandling med andre fag og faglærarar om kompetansemål, metodar og aktivitetsidear

6 3. Midttimemodellen Organisering: 30 – 60 minutt fysisk aktivitet ca. midt på dagen for heile skulen Tek 5 minutt frå kvar time pluss friminutt i eine eller begge endane. Ofte ligg matpausen i eine enden, og kjem som tillegg Skuledagen startar 10 minutt før kvar dag Avslutte skuledagen seinare Ein midttimeansvarleg lærar har hovudansvar for å lage aktivitetsplanar, 3 – 6 vekers periodar. Meir og mindre valfrie aktivitetar Elevar kan vere aktivitetsleiarar, kan inngå kursing av elevar Vurdering av modellen: Sikrar styring, kvalitet og variasjon. Leiinga er tydeleg involvert Komplisert å organisere. Kan koste ekstra lønsmidlar Vanskeleg å få aksept i personalet for tidsbruken. ”7 – ande time.” Kompetansebehov: Midttimeleiing, aktivitetsleiing, aktivitetsidear

7 4. Friminuttmodellen Organisering: Samlar 4 friminutt a 10 minutt, pluss 5 min pr. time som elles går med til å kome i gong med timane, og lagar 60 minutt planlagd aktivitetstime saman med matpausen Elevane gjer berre naudsynte skifte av rom og forflytting dei andre tidspunkta på dagen, og korte avbrekk Aktivitetstimen og planlegginga vert finansiert med inspeksjonsressursen som skulen sparer Vurdering: Løyser finansieringsproblemet og tidsproblemet utan at det går ut over faga Misser dei ustrukturerte pausane og kan få lengre samanhengande teoribolkar For lange teoriøkter? Misser den uorganiserte pauseaktiviteten, praten

8 5. Fagmodellen – forankring i dei lokale læreplanane Døme på kompetansemål i samfunnskunnskap: - elevane skal kunne drøfte oppfattingar av rettferd - elevane skal kunne utforme og praktisere reglar for samspel med andre - elevane skal kunne utforske landskapet nær skulen og ved heimen a)- Den fysiske aktiviteten foregår i faga: Skulane finn tid til fys. akt i faga ved å identifisere kompetansemål i fag der fysisk aktivitet kan inngå som lærestoffkjelde eller som arbeidsmåte. - Eller fys. akt vert definert som den 6. te grunnleggande ferdigheita: ”Elevane skal kunne bevege seg” kan t.d. inngå i lokale planar på same måte som dei 5 grunnleggande ferdigheitene ”å kunne uttrykkje seg munnleg, skriftleg, rekne,” osv.,og vert på same måte definert inn i faga som arbeidsmetode, hjelpemiddel osv. b)Samlar opp kompetansemål frå faga, og overflytter arbeidet med dei til eigne timar i fysisk aktivitet, t.d. midttimar c) Hentar erfaringar frå arbeidet med fysisk aktivitet tilbake til faga Vurdering av modellen : Ein måte å vinne tid på utan å ”stele” frå fag, naturleg innpassing i faga Den fysiske aktiviteten blir planlagt på premissane til skulefaga, ikkje på fysisk aktivitet sine premissar Kompetansebehov: Læreplankompetanse. Aktivitetsidear på andre fag sine premissar. Kompetanseutveksling mellom lærarar i kroppsøving og lærarar i andre fag.

9 Kompetansebehov for å skape kvalitet på aktivitet og organisering av utvida tid 1.Arrangementsorganisering, arrangementsinnhald, tilrettelegging av uteområde/aktivitetsområde 2.Kunnskaping i kroppsøving/idrettsfag og kunnskapsoverføring til matematikk, samfunnsfag, naturfag osv. om metodar og aktivitetsidear som er relevante for deira kompetansemål 3.Kunnskaping i matematikk, naturfag, samfunnsfag osv. og kunnskapsoverføring til kroppsøving/idrettsfag om kompetansemål, aktivitetsidear og metodar som der elevane er fysisk aktive 4.Midttimeorganisering, aktivitetsidear til midttimar Midttimeorganisator som eigen profesjon 5.Aktive friminutt

10 Bidrag frå høgskular og universitet – vil sikre kvalitet og fokus på utvida tid til fysisk aktivitet i skulen etter prosjektperioden Forsking Det oppstår mengder av viktige problemstillingar rundt organisering av utvida fys.akt, t.d. kvalitet, elevane si deltaking i aktivitetar, involvering, leiing, læringsmiljø, trivsel osv. Forsking på effektar på fysiologiske parameter og helse Utviklingsprosjekt Bidra i å utvikle materiale, idesamlingar, databasar og liknande Rettleie og støtte fyrtårnskular og ressurspersonar i regionen osv. Leie og bidra i lokale nettverk Formidling Utvikle kurs, inspirasjonskurs, kollegabaserte kick- offseminar, osv. Bidrag i presse og den skulepolitiske debatten. Bidra på skuleleiarsamingar. Integrere i utdanninga Skape plass i studieplanar, utvikle valemne/eigne studiepoeng Utvikle gode studentoppgåver og studentprosjekt


Laste ned ppt "UTVIDA FYSISK AKTIVITET VED PROSJEKTSKULANE I SOGN OG FJORDANE v/Rasmus Stokke -Modellar for korleis skulane finn tid til utvida fysisk aktivitet -Kva."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google