Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Annette Kjøde Egset Kristin Sæther

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Annette Kjøde Egset Kristin Sæther"— Utskrift av presentasjonen:

1 Annette Kjøde Egset Kristin Sæther
K. Mor til tre vaksne barn, bur i Eiksund., Grunnutdanning barnevernspedagog og PMTO-terapeut. Eg har tidlegare jobba ein del år i skulen, før eg starta å arbeide i PPT i 2004. Eg har arbeidd mykje saman med lærarar og foreldre for tilrettelegging for elevar med AS A. Mor til ei vaksa jente, bur i Volda. Utdanna barnehagelærar i 92 og jobba i mange år som både som lærar og barnehagelærar. Tok master i spes.ped i Arbeide i ppt frå , etter dette jobba eg som kontaktlærar og spesialpedagog i skulen, og jobba mellom anna med austisme og asperger. I fjor arbeidde eg i 1 år på høgskulen, der eg underviste i pedagogikk, der eit av emna handla også om tilrettelegging for barn med ulike vanskar og utfordringar. Er no tilbake i PPT og har jobba her sidan august.. I ppt jobber eg mellom anna med tilrettelegging for elevar med AS. KRISTIN Vi har støtta oss på presentasjonar frå tidlegare kurs i fylket. Vidare har vi nytta erfaringar frå eigen praksis, litteratur og forelesingar frå mange fagpersonar innanfor området. Kursdag Annette Kjøde Egset Kristin Sæther Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

2 Skule- heim samarbeid Heimen og skulen er dei to viktigaste utviklingsarenaene barn og unge har. Det dei erfarer her, har stor verknad for barnet si utvikling og korleis barnet fungerer. Samarbeidet mellom skule og heim, er samspelet mellom barnet sine utviklingsarena. Eit godt samarbeid vil bidra til å skape samanheng og heilheit i barnet sitt liv. (Nordahl:2007) ANNETTE: Forsking viser at eit godt samarbeid mellom skule og heim, der foreldra har ei aktiv og medverkande rolle, har svært stor betydning for barn på fleire område. Eit godt samarbeid fører til betre læringsutbytte, betre læringsmiljø, betre sjølregulering, betre trivsel, færre atferdsproblem, mindre fråvær, gode relasjonar og meir positiv haldning til skulen (Nordahl, Epstein et.al 2002) NB. Samanheng og heilheit er kanskje ekstra viktig for nettopp barn med autismespektervanskar Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

3 Skule- heim samarbeidet
skulen heimen ANNETTE: Noko av det aller viktigaste er å klargjere kva forventningar ein har til kvarandre. Ofte er ein ikkje tydeleg nok her, og det skjer missoppfatningar. Det å sikre at ein har forstått kvarandre, det å ha positive forventningar til kvarandre! Kva forventer skulen? Kva forventer heimen? Kva kan vi einast om? Om ein ikkje tek tak i dette, kan det lett verte missforståingar , som kan skape unødvendig frustrasjon og i værste fall konflikter. Ofte handlar dette om at ein ikkje er tydeleg nok, eller at ein trur og forventer at den andre oppfattar og forstår det slik eg gjer, altså usagte forventningar…vi trur…Vi må aldri tru, men vi må vite. Då er vi nødt til å klargjere desse forventningane Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

4 oppgåve Skriv ned nokre forventningar. Det første og viktigaste du kjem på. Kva forventer heimen av skulen? Kva forventer skulen av heimen? Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

5 Skule- heim samarbeidet
Dialog «Klage» AnnetteVi må vere i dialog! Alltid ha fokus på barnet sitt beste. Korleis ordlegg vi oss, kva ord bruker vi, korleis kan det vi seier og måten vi seier det på opne opp for samarbeid og ikkje motstand?? Her kjem vi inn på nokre sentrale begrep. Lytte til kvarandre og prøve å forstå. Kva er oppriktig lytting, lytter vi for å gje eit kjapt svar eller lytter vi for å prøve å forstå den andre og saman få til noko for barnet sitt beste? Det er ingen som eig sannheita for korleis det skal vere…. ANNETTE: Dette kan aldri seiast nok! Det er dokke som foreldre som har kunnskap om barnet, om diagnosa, om det som er utfordrande og ikkje minst om barnet dokkar sine ressursar. Dokke har gjerne erfart kva som virker og kva som ikkje virker. Barnet sine styrker og barnet sine interesser. Alle pedagogiske opplegg må ein alltid skreddarsy til kvart enkelt barn, det vil aldri vere ein klar fasit på kva opplegg som fungerer. Det er først og fremst menneske ein skal ha fokus på. Diagnosen seier noko om ein samlebetegnelse på nokre atferdstrekk ved eit menneske. Men alle er så mykje meir enn diagnosen sin. Og denne kunnskapen må ut til skulen for å få til ei tilpassa tilrettelegging, der barnet er godt ivaretatt. Denne kunnskapen må delast med skulen tidleg!! Lytteøving. Vi lagar demo, dårleg og god måte å lytte på. Deltakarane får prøve begge roller, tilbakemelding i plenum. Kan vi finne ein ny demo på god/ dårleg lyttar Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

6 Skule- heim samarbeidet
Likt tilbod vs. Likeverdig tilbod ANNETTE Kva er i grunnen skilnaden på eit likt tilbod og eit likeverdig tilbod? Nokon som har nokre tankar om dette? Eg bruker å seie at lik behandling, sjeldan vert rettferdig. Dette er noko ein bør snakke om å ha fokus på med barna vore. Vi er alle forskjellige og det er bra, det som passer for ein, passer nødvendigvis ikkje til ein annan. Det å snakke om dette og vere open, vil alltid vere nødvendig og viktig. Opplevd lærarar som seier; «men han kan jo ikkje vere inne i friminuttet, kva vil dei andre elevane seie. Det vert jo urettferdig» Vi lager ofte problem unødvendig. Når eg arbeide som lærar, var mi erfaring at så lenge eg snakka med elevane om kvifor det var slik, at vi alle er ulike og må møtast ulikt for å ha det bra, nokon vil trenge det og nokon andre det, så forstår elevane dette. Likeverdig tilbod vil seie at barnet får dei same muligheitene til å nå måla sine som andre barn har, innanfor det ordinære tilbudet. Tilbudet må alltid verte skreddarsydd for barnet sitt behov. Det som fungerer for eit barn på ein skole, treng ikkje fungere for ditt barn og på denne skulen. Dette er det viktig å vere bevisst på. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

7 Skule- heim samarbeid Fellesskapet «Individet i omgjevnaden»
«Målet er ikkje lik oppleving, men gjensidig forståing» ANNETTE Barnet er ein del av eit større fellesskap. Dette fellesskapet kan utløyse ulike utfordringar i skule og i heim. Det vil alltid vere kontekst/situasjonsbetinga. Derfor skule og heim kan ha ulik opplevelse av barnet. Dette er det utruleg viktig å ha forståelse for. Det er ikkje slik at den eine eller den andre skal oppleve det likt, det er ikkje noko mål i seg sjølv. Det som alltid vil vere vesentleg, er å prøve å forstå kvarandre. Og då er ein nødt til å vere i dialog og ha åpenheit for korleis ein opplever det, og også kunne vere enige i at ein opplever det ulikt, men samtidig viser forståelse for at ein gjer det. Døme på dette kan vere eit barn som utagerer på skulen og ikkje heime, eller omvendt. Då er d oftast noko som ikkje er tilpassa nok. Det treng ikkje vere på kun ein av desse to ulike arenaene, det kan også vere summen av desse, som gjer at utageringa kjem. Her må ein ikkje prøve å fordele skuld, men heller vere på utkikk etter dei gode tiltaka og kva som fungerer. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

8 Skule- heim samarbeid Elevens stemme
ANNETTE Dersom eit barn ikkje skjønner, er det altså vi som må endre framgangsmåte, tilnærming og forklaring. Det er aldri barnet som skal sitte med opplevinga, «kva er det med meg, som gjer at eg ikkje forstår» Brukte å seie til mine elevar, når eg var lærar, at dersom de ikkje forstår så er det MI oppgåve å få dokke til å forså, då må eg prøve ein annan måte. Det har ingenting med dokke å gjere. Då er det mi forklaring som ikkje «treff» eller er god nok. Dette er det svært viktig å repetere og vere tydeleg på, anten ein er foreldre eller vakne i skulen. ELEVENS STEMME!!! Det er så utruleg viktig! Det kan vere så lett for at foreldre og vaksne på¨skulen tek avgjersler på vegne av barnet. Barnet MÅ bli høyrt. Då må ein ta seg tid til å lytte. Det er ikkje sikkert ein får noko svar, men då er det viktig å ikkje gje opp. Ting tek tid! Spørje igjen, utan å mase. Stille konkrete og tydelege spørsmål. Kanskje får du ikkje svar med det første. Det er viktig å vise at det er greitt. Kome tilbake til det. Det er ikkje sikkert at vi (foreldre eller vaksne på skulen) har tolka barnet si atferd rett, eller vi kan tileigne barnet andre hensikter enn det har. Å bruke; Eg ser at…setningar, med oppfølging, kan vere ein måte å både møte barnet på, og få det til å seie noko om kva det opplever eller tenkjer. Eg ser at du vert sliten, når vi et middag i lag og helst vil ete aleine på rommet ditt, kva kan vi gjere for at du har lyst å ete saman med oss? (eventuelt kome med konkrete forslag?) Døme, kvar sin gong å få fortelje noko rundt middagsbordet, nokre minutt kvar. Her kan barnet til dømes få snakke om sine særinteresser. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

9 oppgåve Har de erfart måtar å arbeide på eller rutinar som fungerer godt for eleven, og som det vil vere viktig å nytte både i heimen og i skulen? ANNETTE Ofte kan det vere lett å ha fokus på det som ikkje fungerer, både heime og på skulen. Dette betyr ikkje at vi ikkje skal snakke om dette, og finne løysingar. Men erfaring viser at dersom ein tenkjer over kva som faktisk fungerer og kvifor det fungerer (det er sjeldan tilfeldig), så har ein kome eit viktig og godt stykke vidare. Det er jo desse situasjonane vi ønskjer oss i størst mulig grad. Og dette må vi då snakke om og reflektere over. Då må vi sjå løysingar og korleis desse rutinene som fungerer heime, kan overførast til skulen og omvendt. Dette vil vere svært viktig!! Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

10 Skule-heim samarbeid Ver opne om behov og utfordringar
Behov for tilrettelegging i skulen Barnet har nyleg fått ei Autismespekterdiagnose. De har sikkert gjort ulike erfaringar på vegen fram til dette . Eg veit at for mange tek det tid og ein opplever mange vanskelege og krevjande situasjonar både heime, i bhg og i skulen, før ein kjem fram til ein utgreiingsprosess. Det kan av og til slite både på tillit og samarbeidsvilje. Det er likevel slik at barnet har sterkt behov for at dei vaksne samarbeider godt for best mogeleg tilrettelegging. Det er mykje gode folk ute i bhg og skule. Det er likevel slik at ikkje alle har erfaring eller kompetanse på tilrettelegging for autismespekter/AS. Og vi ser at det stadig er behov for kompetanseheving. Der ein tek autisme på alvor blir det god tilrettelegging. Behov for spesialundervisning? Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

11 læraren Samle merksemda Skape ro Alle skal komme til
Alle treng forklaringar Ulike i arbeidstempo Ulike i konsentrasjon ulikt uthold ulikt fokus Kontaktlærar har ein autoritet i si rolle. Med dette meiner eg at; i klasserommet veg dei beskjedane og forventningane kontaktlærar gir tyngre enn andre sine. Derfor vil det vere viktig for elevane å gjere det kontaktlærar forventar. Kan bli stress når andre seier andre ting. Alle elevar likar å bli sett av kontaktlærar. Det viktig at vi i skulen er klar over dette, og legg til rette slik at dette er gjennomførleg. Andre lærarar og personale kan også få autoritet og god relasjon, men det må oftast klargjerast kven som er eleven sin «leiar» Kontaktlærar har mange oppgåver og kan gå glipp av signal frå eleven. Om eleven kjem heim og seier at lærar dum, eller at det har vore grusomt på skulen, kan dette handle om ein enkelt situasjon, med misstyding. Det same kan skje andre vegen, eleven kan seie noko om ting som skjer heime og som må settast inn i den konteksten det høyrer til. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

12 SAmarbeid Ting blir ofte gjort i beste meining
Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

13 Fordelar med ASPERGER Mykje kunnskap og lidenskap for eige interessefelt Kan vise høg grad av originalitet og kreativitet innanfor eigen fagdisiplin Held fokus på same tema lenge (om det er interessant) Gode til å oppdage og utnytte detaljar Sterk i faktalæring Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

14 Framhald: fordelar Er til å stole på Ærlege
Oppdage ting andre ikkje tenker på God hukommelse Ofte systematiske Ikkje utan grunn at mange professorar har AS, nettopp grunna deira genuine interesse for og even til å sjå detaljar, som vi andre går glipp av, på felta sine. Kjende menneske med AS er t.d. Einstein, Bill Gates, Al Gore, HC Andersen, Gro Dale, Susan Boyle Menneske med Asperger står truleg for mykje unytta ressursar i samfunnet vårt. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

15 Oppgåve Kva tenkjer de er dette barnet/ungdommen sine styrker, og som det er viktig å få fram ? Intro: Om vi tenkjer etter, kva er det som ofte kan bli tema i møte om eleven? (negativt-problem-utfordringar) Men vi kjem no inn på utfordringane, for å danne grunnlag for å forstå behovet for tilrettelegging. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

16 kva vil det sei å ha asperger syndrom?
Språk og kommunikasjonsvanskar Forholdet til andre menneske er utfordrande Reaksjonar på omgjevnadane er uvanlege Handlar om korleis dei forstår/tolkar innhaldet i orda og det som blir kommunisert. De vil få fleire døme på det etter kvart. Store vanskar med gjensidig samhandling. Det vi gjerne kallar turtaking, men dette kan også handle om barnet sitt tanketempo. Passande kommentarar når du møter folk, helsar, - Hei, korleis har du det? Fell ikkje naturleg for dei med AS Sensitive for sanseinntrykk; lyd, lys, tempratur, berøring. Kjem meir inn på dette etter kvart. Viktig at vi oppdagar ressursane i den enkelte. Dei er så mykje mykje meir enn diagnosen….. eit heilt menneske Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

17 Hugs store individuelle ulikskapar!
Utfordrande område Sortere informasjonskilder Refleksjon Samarbeidslæring Korleis be om hjelp Lange økter utan pause Andre sitt arbeid Tidsforståelse Sosial forståing/samhandling Utfordringar med å skilje viktig frå mindre viktig, vanskeleg å gjere val. Drøfting og utgreiieng er vanskelege oppgåver. Dei er ofte sterke på faktaorientering, det blir derfor vanskeleg med filsofering/dikting. Treng ofte knaggar for å fortelje om eller lage ein framtidshistorier. Gruppeoppgåve, treng å vite konkret kva som er venta at ein gjer. Seier ofte ikkje i frå om ein ikkje forstår, treng ofte å lære å be om hjelp og korleis. Kan vere vanskeleg å leve seg inn i det andre har gjort, vise interesse, gi positiv tilbakemelding. Heilt vanleg med uklar tidsoppleving, problem med å skunde seg, eller berekne kva tid ein må starte med ei oppgåve for å bli ferdig til neste gjeremål. Treng ofte synleg tidsmåling, døme: Timestokken, alarm på tlf./klokke, memoplanner. Opplevd fleire elevar som seier at andre brukar opp tida deira. Uvanlege dagar; konsert, samlingar, ski, sykkel, tur, leirskule, kino----- Hugs store individuelle ulikskapar! Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

18 Nonverbal forståing Stemmebruk og trykklegging Gester Mimikk
Ansiktsuttrykk Øyefokus Haldning Vi orienterer oss som regel visuelt først, vi skanner omgivelsene Vi bruker nokre få sekund til å skaffe oss et inntrykk av dei vi møter – som regel stemmer det . Mange av oss greier å fokuserer på saka, kva vi vil Å ha AS inneber å mangle filter, alt blir like viktig, analyserer ikkje kva signal den andre gir. AS Slit både med å tolke andre sine nonverbale teikn og korleis dei brukar dette sjølve. Vi har i vårt arbeid erfart at mange har trena opp ferdigheiter på desse områda. Gjenkjenne og vise ansiktsuttrykk for grunnfølelsar - glede, sinne, lei seg, irritert. Og det finst strukturerte verktøy for dette arbeidet T.d. KAT-kassen, teiknseriesamtaler, Aktøren Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

19 Bokstaveleg forståing
Her har vi lånt eit par illustrasjonar av Sverre Bjørstad Graff Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

20 Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

21 Oppgåve Har de døme på uttrykk i daglegtalen som lett kan føre til misstydingar på grunn av bokstaveleg forståing? Sum litt rundt dette. Hint! Ord og uttrykk som vi ofte brukar; «hoppe i dusjen», «ta med deg døra», «kan du gi meg ei hand?» Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

22 Utfordringar Vanskar med å organisere erfaringar og generalisere kunnskap. Oppfattar dårleg sosiale signal (det uskrivne) Vanskar med å ta andre sitt perspektiv på eige initiativ (forstå kva andre tenkjer og føler) Vanskar med det som er abstrakt, underforstått/implisitt, metaforar, ”det alle veit”.. Viktig! Kan forstå meir ved konkrete forklaringar Aktivitet må ofte lærast i rett setting/situasjon. ”Nesten lik” er ikkje presist nok – små endringar kan vere svært store for personen med AS . Vanskeleg å forstå dei uskrevne reglane: kva snakkar vi med framande om? Seier det dei meinar sjølv om det ikkje alltid er lurt, eller kan vere støytande «Drikke heile bassenget» Bildebruk (Metafor): Fyre for kråka Samanlikning(simili): Du er sterk som ein Bjørn Ironi, Indirekte krav: himle med augene, synest du dette er å rydde? Indirekte spørsmål : Veit du kva hovudstaden i Canada heiter? Til forskjel frå «kva heiter hovudstaden i Canada» ? Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

23 Utfordringar Persepsjonsvanskar; uvanleg svake eller sterke sanseinntrykk Endringar av rutinar Seier det dei tenkjer ”Høyrer sakte” Lite augekontakt, passivt kroppsspråk Sensitivitet for sanseinntrykk som Lyd, lys, berøring, smak, lukt, svolt/ikkje svolt, do/ikkje do – i dusjen: piskeslag, vanleg lys for oss- kan vere blendande for dei, det same gjeld lydar som kan opplevast høgare/sterkare enn vanleg. Oppsøke eller trekkje seg i frå. - Ønskjer mykje berøring andre trekkjer seg unna og misliker berøring (anten eller) 2. Spontane endringar i planar kan opplevast som straff. 4. Oppfattar språket seint = bruke få ord, vere konkret, kan ta dagar før ein får respons 5. Ser rett forbi deg når du snakker til eleven; dette handlar om at det krev så mykje konsentrasjon for å sjå deg i augene at han ikkje får med seg det som vert sagt. Kan ha uvanleg blikkontakt. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

24 oppgåve Kva kan trigge sensitive sanseinntrykk i skulen?
Har de noko erfaringar med dette? Korleis vart de medvitne om dette? Eventuelle løysingar/grep som har blitt gjort og som fungerte. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

25 Tilrettelegging i skulen
Struktur-rammer-rutinar Planar Forutsigbarheit Konkret Tydelege beskjedar Førebuing ANNETTE Synest det kan vere greitt å seie noko om dette. Det har også med forventningar ein har til kvarandre og kva dokke som foreldre både bør vite noko om, for å få til eit best mulig samarbeid med skulen. Samtidig så kan mykje av dette ha overføringsverdi til heimen. Struktur rammer og rutiner er heilt vesentleg, for at skulekvardagen skal vere bra. Men kva ligg eigentleg i desse begrepa? Nokre av desse har vi jo allereie kome litt inn på. Men har lyst å seie litt meir om planar og det som går på forutsigbarheit Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

26 Tydeleg og oversiktleg
Planar gjer det tydeleg og oversikteleg Bruke ulike former for visuelle planar/oversikter -Dagplanar -Situasjonsplanar -Månedsplanar NB! Det er svært viktig å førebu personen på endringar god tid i førevegen! ANNETTE NB! Planar er viktige å ta i bruk, både i det daglege og ved spesielle anledningar! Ein dagplan skal vere konkret og tydeleg, helst av visuell karakter. Den skal gje barnet ei god oversikt over dagen. Kva som skal skje, kvar han skal vere og kven han skal vere saman med! Det er svært mange ulike utformingar av dagplaner, og desse må tilpassast barnet. Kanskje barnet kan vere med på utforminga av den? Det viktigaste er at den «treffer» og barnet opplever at den er funksjonell! Ofte må ein endre eller justere dagsplanen, også. For å gjere den mest mulig tilpassa. Har høyrt lærarar som seier; Han vil ikkje bruke dagplanen, uansett. Då kan det vere noko med utforminga av den, den har ikkje «treft» barnet, og barnet ser ikkje vitsen med å bruke den. Situasjonsplanar skriv ein oftast ved spesielle anledningar, det kan vere ein tur ein skal på, ein konsert eller f.eks bibliotekbesøk, rutine om morgonen (vask, påkledning,måltid, pakking og nå bussen), eller til dømes korleis ein nytter garderoben på skulen. Det handlar om å gjere det ryddig og oversikteleg, her også! Skal forklare, tydeleg og konkret frå A-Å kva som skal skje. F.eks ang tur -Ta på sekken -Gå til appelsinhaugen -Ta fram nista og ete -Halde på med hauk og due -Pakke sekken -Gå tilbake til skulen og klasseromet -Ta fram norskboka i sekken Viktig å gå gjennom situasjonsplanen i forkant, og tydeleggjere det som skal skje. Planar, situasjonsplanar og oppskrifter er det mange foreldre og lærarar som har god erfaring med. Vil berre kome med eit døme, som ei mor fortalte meg ein gong, som seier ein heil del om kor viktig det er å førebu barnet på endringar i forkant, og korleis arbeidet skulle gjerast etter endringa. Guten hennar var svært glad i å bake boller og hadde ei oppskrift han følgte til punkt og prikke. Dette meistra han svært godt og viste glede ved å gjere dette arbeidet. Ein dag var oppskrifta borte, og mora skreiv ei ny, lik den førre. Når ho kom inn på kjøkkenet var guten svært sint og utagerte med å rive i synd oppskrifta og springe ut. Mor skjønte ikkje umiddelbart kva som hadde skjedd. Ho fell lappa saman oppskrifta og såg nøyare på den. Då oppdaga ho at ho hadde brukt måleininga «desiliter med mjøl» i stadenfor «koppar med mjøl» Denne historia illustrerer mykje. Den viser kor viktig det er å vere i forkant og vise og forklare eventuelle endringar!! - Kristin vil vise korleis ein kan lage plan. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

27 Tydeleg og oversiktleg
Viktige faktorar for å kunne fungere betre Tydelege rutinar og forventningar. Kvifor? Det reduserer stress og gir meir overskot til konsentrasjon og samarbeid ANNETTE FØRST då kan barnet vere mottakeleg for mellom anna sosial læring sosial, slik som å lære konkrete reglar for sosial samhandling Dette vil eg kome litt meir tilbake til. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

28 Dei 7 K-ane Kva skal vi gjere? Kvifor skal vi gjere det?
Kvar skal vi vere? Kven skal vi vere saman med? Korleis gjer vi det? Kor lenge gjer vi det? Kva skal vi gjere etterpå? Også kjent som dei 7-H-ane. Dette er gode knaggar for å lage struktur og oversikt og til hjelp når ein lagar planar Beskriv økta----mål og meining-----plassering tid og stad------lærar, medelvar, gruppe, klasse..----metode---tisdsperspektiv,kor mange oppgåver---innhald i vidare aktivitet. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

29 Vegen til fleksibilitet
Vegen til fleksibilitet og toleranse for endring vert lagt gjennom stram struktur Synleg plan for dagens gjeremål Synleg plan for veka Førebuing/avtaler Pålitelege omgjevnader (følgjer avtalen) Kunnskap om eigen diagnose Barnet/ungdommen treng å bli kjent med seg sjølv. Dette krev mykje systematisk arbeid i forhold til å identifiser følelsar, eigne reaksjonar, kjenne att behov for pause. Lære å tolke andre. Det finst ein del gode verktøy som vil støtte dette arbeidet. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

30 Kjensler - vi blir irritert når
vi ikkje forstår andre blandar seg inn andre verkar truande andre ikkje deler mine interesser det er så mykje eg må tenkje på det er handlinger eg ikkje forstår Og som er vanlege for oss alle, men sterkare og hyppigare for elevar med AS Når eg har dårleg tid og skal ut av huset. Eg har gjerne begynt å tenke på møtet eg skal i. Så er bilenøkkelen borte og eg leitar febrilsk. I det same kjem mannen min og spør kva vi skal lage til middag i dag. Då er eg ikkje pedagogisk lenger..svarar; det kan vel du kome på sjølv! For barn med AS er stressnivået ofte høgt, og vi kan med bakgrunn i det forstå sinte, korte svar. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

31 Signal om stress Vil ikkje inn Begynner, men gir seg
Vegrar seg for oppgave/stad Nektar Uro i kroppen Uvanleg/utfordrande atferd Må på do Skulevegring Høgt indre stressnivå, kan kome av misstydingar, forstår kvifor, redd for å gjere feil. Annette kjem meir inn på dette. Vi må observere oss til kva tid eleven er stressa for han vil sjeldan sjølv seie ifrå, også om du spør. Seie at han trivest, treng ikkje hjelp, har det bra Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

32 film For komme i posisjon til å begynne opplæringen må vi kunne kjenne igjen hva som er utfordringene og hvordan vi fjerner dem. How Asperger's Works ANNETTE Det er en grunn til hvorfor personer med Aspergers syndrom viser stahet, trass, og ikke vil gjøre det du ber dem om. Det er grunn til at hygiene kan bli vanskelig, at de ikke vil dusje, og ikke vil pusse tennene hver dag. At leksene kan ta 5 timer når det hele kunne vært unnagjort på et kvarter. Det er en grunn til at de blir avhengige av dataspill og vil bruke hele tiden sin på dette. Dette forteller Danie Raede som selv ble diagnostisert med Aspergers syndrom da han var 12 år gammel. Han forteller at han selv har førstehåndskjennskap til de problemene som er beskrevet over, men at livet nå har blitt godt å leve - og suksessfaktoren var noe som ofte blir oversett i hvordan vi møter personer med Aspergers syndrom. Ikke lær dem sosiale ferdigheter. - Få dem først ut av forsvarsposisjon Danie Raede forteller videre: Det første du må gjere når du skal jobbe med en som har Aspergers syndrom er å få personen ut av forsvarsposisjon - ikkje å lære han/ho sosiale ferdigheter. Poenget er at hovedmålet i møte med ein med Aspergers syndrom er at ein først må få hjelp til å kome ut av forsvarsposisjonen - ut av tilstanden med å ha meir enn nok med berre å overleve. Hvordan bringe personen med Aspergers syndrom over i en "åpen og bevisst" tilstand? Spørsmålet blir da korleis ein kan få personen med Aspergers syndrom ut av en låst og trassig tilstand i konstant forsvar, og over i en open og mottakeleg tilstand. For det første, noko som burde vere meir eller mindre innlysande, må ein så langt som mulig unngå dei mest åpenbare tinga som skapar sensorisk overbelastning og stress hos personen det gjeld. Eksempelvis: ikkje ta den luktsensitive personen med Asperger med på fiskemarkedet; der er det veldig mykje lukt, og det vil garantert utløyse stress. Prøv så langt som mulig å unngå situasjonar som skaper sensorisk overstimulering. Når vi altso veit at elevar med asperger har sansemotoriske forstyrrelsar, må vi kartlegge dette. Kanskje reagerer barnet på sterkt lys i klasseromet? Eller lyden av kritt på tavla? Og har barnet ei «stille sone» der ein kan hente seg inn att og «nullstille» seg? Det er altså her ein må begynne ja!! Sosial ferdigheitstrening er heilt nødvendig, men har barnet eit for høgt stressnivå, så vil det ikkje vere mottakeleg for denne treninga. Vi kan jo alle kjenne oss sjølve igjen i dette, meir eller mindre. Er vi på ein arbeidsplass der vi misstrivast og er utrygge på kollegaene, så vil det vere vanskeleg å gjere in god jobb. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

33 Høgt stressnivå Fører til to typar reaksjonar:
Angst- og stressreaksjonar/frustrasjon -Flukt (går inn i seg sjølv) -Angrep (utagerar) ANNETTE Altså, ein må begynne i rett ende. Er barnet i ein konstant angstberedskap? Gruer seg til friminutta og veit ikkje kva som skal skje der? Hugsar ein forelesar som sa ein gong; å be ein elev med asperger om å «GÅ UT OG LEIK» kan vere eit like stort overtramp som å be ein som sit i rullestol om å hoppe bukk i ein gymtime. Dette seier ein heil del! Eleven kan vise stress både ved å lukke seg inn i si eiga boble, for å verne om seg sjølv. Ei flukt frå omverda. Vert vanskeleg å få kontakt med barnet då barnet trekkjer seg inn i seg sjølv. Ofte ikkje eit problem for klassa eller dei andre elevane, og lettare å «oversjå» Men like viktig å ta tak i og finne årsaka til. For barnet har også her eit for høgt stressnivå, og vil såleis ha vanskar med både fagleg og sosial læring. Eller ved å utagere, altså angrep. Det kan vere anten fysisk eller verbalt eller begge deler. Barnet misser altså kontroll og går laus på omgjevnaden (gjenstander og folk) Vi veit uansett at eleven då har for mykje stress i seg. DÅ MÅ VI FINNE UT KVA DET ER SOM GJER ELEVEN STRESSA. Her har vi gode verkty vi kan bruke, m.a eit stresskartleggingsverktøy som heiter Ivas……Skal kome tilbake til dette. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

34 ANNETTE Lyst å kome med eit døme til…til meir ein som vaksen klarer å forstå, til lettare vil det vere å legge til rette og møte barnet på ein best mulig måte. Korleis ville du reagere viss du uventa skulle hoppe frå 10-meteren- JAAA STRESS!! Aspergers medfører å ha stress nesten heile tida. Det som er små ting for oss, er store for dei! Dette kan ein samanlikne med stadig å få uventa krav som ein ikkje føler at ein meistrar! Difor så vesentleg med det som er ryddig og i størst mulig grad forutsigbart, slik at dette stresset vert moderat og ikkje høgt. Vil visualisere dette med stresset gjennom nokre illustrasjonar. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

35 Forstår ikke matteoppgaven
KAOS Tålegrense Faregrense S T R E N I V Å Mister boka på gulvet ANNETTE Gjennomsnittselev Finner ikke blyanten Forstår ikke matteoppgaven TID Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

36 Stressnivå hos elevar med AS som ikkje har tilstrekkelig tilrettelegging
KAOS Mister boka på gulvet Tålegrense Finner ikke blyanten Faregrense S T R E N I V Å Forstår ikke matteoppgaven Persepsjonsvansker Uforutsigbarhet ANNETTE Det er lett å skjøne at etter dette vil det vere vanskeleg å kome i gang med arbeid. Her vil barnet oppleve nederlag og den polariserte (svart-kvit) tenkemåten kan gjere at barnet definerer seg som dum…slik som eg kan ingenting…osv. Eller at oppgåva er dum, den vaksne er dum…det kan lett verte mange destruktive tankar her….. Søvnvansker TID Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

37 Stressnivå hos AS-elevar med tilstrekkelig tilrettelegging
KAOS Tålegrense Faregrense S T R E N I V Å Mister boka på gulvet Finner ikke blyanten Forstår ikke matteoppgaven Persepsjonsvansker ANNETTE Søvnvanskar-nokre har nytte av sovemedisin, men vi veit at dette kan vere vanskeleg å regulere. Mykje å gjere for å skape oversikt og tryggleik Her har ein også fått til å ta høgde for persepsjonsvanskane. Sjølv om stresset er høgare en hos gjennomsnittet av elevgruppa, har ein likevel fått ned stressnivået. Og eleven vil kunne tåle meir uforutsette hendingar. Uforutsigbarhet Søvnvansker TID Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

38 samhandling Prat tydeleg og konkret
Unngå ironi og språk i overført betydning (metafor, implisitt) Gi ei beskjed om gongen IKKJE krev augekontakt ANNETTE Når noko er vanskelig og stresset er høgt skal vi ikkje gå i diskusjon (sjølv om vi veit at personen har feil), men vi skal vise at vi forstår at dette er vanskeleg Ver ein oversettar i sosiale situasjoner Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

39 Viktige faktorar for at personar med AS skal utvikle seg positivt
Bruke særinteressene Treng meir kvile/ro enn vanleg Tiltak for å auke motivasjon; manglar ofte indre motivasjon ANNETTE Rundt 90 % med asperger har ein eller fleire særinteresser og emner som barnet interesserer seg i svært stor grad for og kan vise usedvanleg god kunnskap om. Desse interessene kan vere alt frå stereotype til avanserte og vitenskapelege. Å nytte desse vil vere for vidare motivasjon og utvikling av sjølbilde. Kan også opne opp for sosialt fellesskap med andre som har same interesse. I bruke særinteressene er ofte ein av suksessfaktorane i tilrettelegging. -Det å spele på dei sterke sidene, altså særinteressene , må ein strebe etter. Ved å få utvikle/vise denne kompetansen, kan ein bidra til at personen får tru på seg sjølv og opplever meistring og framtidshåp. Dette vil også fungere som ein «buffer» mot mange av dei vanskelege situasjonane og nederlagsopplevingane som barnet ofte opplever. Og det å gjere særinteressene synleg for medelevane, kan bidra til å heve statusen i klassa og gjere eleven meir attraktiv for dei andre. -Ein må legge til rette for kvile og ro. Sjølv om klassa er prega av ro og eit godt læringsmiljø, og eit godt tilpassa opplæringstilbod, vil det likevel vere behov for pausar og det å kunne «nullstille» seg. Grunna vanskane deira, vil deira stressnivå ligge på eit høgare nivå, trass i god tilrettelegging. Derfor vil dette vere viktig å legge inn, uansett. -Den siste er det som handlar om oppgåver, utanom særinteressene. For det kjem ein ikkje heilt utanom. Ofte skjønar ikkje barnet vitsen med å lære noko utover det som barnet er spesielt interessert i. Når barnet manglar det «indre drivet» altså den indre motivasjonen, så MÅ ein innføre «løn for strevet» etter å ha gjort x tal oppgåver. Det er på denne måten ein kan oppnå auka arbeidslyst. Dette vil gjelde både på skulen, men kan også i høve til oppgåver heime. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

40 Ei sosial historie seier noko om:
Kvar og når ein aktivitet finn stad Kven som er involverte Kva som skjer Kvifor det skjer Kva som er lurt å gjere ANNETTE Eg viser no eit døme på sosial historie Sosiale historier» er korte historier som beskriv ein sosial situasjon, og kva barnet skal gjere i situasjonen. Vi kan seie at det er ei slags oppskrift på kva vi skal gjere, og kva som er forventa av oss i ulike situasjoner. Ein del barn strever med å forstå sosiale situasjoner, og veit ikkje korleis dei skal forholde seg til ulike situasjonar. Det kan være barn med ulike språklige og/eller kognitive vanskar, og det kan være barn med eller uten en diagnose. Nokre barn har vanskar med å forstå at andre mennesker kan ha tankar, følelsar og intensjonar som er forskjellige fra deira eigne. «Sosiale historier» er ein metode som kan brukast for å lære barn sosiale ferdigheite. Målet med metoden er at barna skal forstå meir, mestre betre, bli tryggare, og få mer hensiktsmessige strategier de kan bruke i sosialt samspill med andre Eksempler på situasjonar som kan være utgangspunkt for å lage ei sosial historie kan være: Yndlingsleken er opptatt Å vinne og tape i spel Å vente på tur I garderoba Ved måltidet Å seie unnskyld Å gje tilbake det ein har lånt Å slå eller lugge andre Å leike med vener Å dele med andre Å stå i kø Å takke for noko Å vere lei seg Å grue seg Å vere sint Å vere irritert Å vere sjalu Å halde seg for munnen når ein hostar og nys Å vaske hendene. Å gå i bursdag Å spise middag Å møte vener Å leike med hunden min. Å tygge maten godt når eg et Å rape ved bordet Å sitte rolig ved bordet når ein et Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

41 Sosial historie om å seie i frå
Når det er friminutt leikar eg som regel saman med venene mine. Det er kjekt! Men av og til blir eg lei meg. Viss eg slår meg og får vondt, kan eg seie ifra til ein vaksen. Viss eg blir sint på nokon, vil eg prøve å seie ifrå til ein vaksen. Dei vaksne synes det er fint når eg seier ifrå. Da kan dei hjelpe meg. Det er bra! Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

42 i sosial historie må ein ta høgd for:
Positiv ordbruk Hindre oppleving av nederlag Bruke eg-form Respekt for interesser og føresetnadar Tilpassa alder og språknivå Meiningsfylt Upresis = Presis Eleven skal like historia si ANNETTE Forståing bør fremjast på ein positiv måte. Skriv det som skal gjerast, ikkje det som ikkje skal gjerast. «Eg kan gå» er bedre enn «eg vil ikkje springe» Beskrivelsen bør vere objektiv: «Vi leikar i friminutta» er å foretrekke framfor « Friminuttsleikar er morosame» Historiene må skrivast slik at barnet/ eleven opplever respekt for eigne kjensler, opplevingar og interesser Historiene må vere baserte på barnet si eiga erfaring, ferdigheiter og vanskar, og må opplevast som som relevante og nyttige I sos.historier for mindre barn treng ein meir bilete og mindre tekst Bruk «vanlegvis, flest, ofte/oftast», ikkje «alltid/alle» Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

43 TRE grunnleggjande setningstypar i sosiale historier
Objektivt beskrivande (kva, kven, kvifor) Perspektivretta (andre sin reaksjon) Dirigerande (forventa adferd) ANNETTE No vil eg gå inn på oppbygginga av ei sosial historie. Bevisst bruk av kvar setningstype og forståing av funksjonen dei har i den sosiale historia, er viktig for å lage ei målretta historie for det enkelte barnet. Av og til er det naturleg å la dei forekjellige setningstypane gå litt inn i kvarandre. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

44 Folk som kjenner kvarandre, helsar på kvarandre.
Av og til nikkar dei og smiler til kvarandre og seier hei. Andre gongar rekker dei fram høgre handa, trykker kvarandre si hand, smiler og snakkar med kvarandre. Dei menneska eg kjenner, likar at eg helsar på dei. Da forstår dei at eg vil vere hyggeleg med dei. Da blir dei hyggelege mot meg òg. Når eg møter nokon eg kjenner, vil eg smile og seie «hei». Eg vil prøve å få augekontakt med ho/han og smile. Kanskje ho/han smiler til meg òg. ANNETTE Barn med AS treng klare dirigerande setningar, for å vite konkret kva dei skal gjere i ein bestemt sosial situasjon. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

45 Døme på pluss/minusskjema
«Tilrettelegging for utvikling og mestring av sosiale ferdigheter for elever med Asperger syndrom i vanlig skole» Æres den som æres bør, vis heftet. Dette verktyet og døme er henta frå eit hefte som Torhild Linnea Reigstad har laga Tilrettelegging for utvikling og mestring av sosiale ferdigheter for elever med Asperger syndrom i vanleg skole Det kan vere vanskeleg å få tak i utfordingar eleven opplever gjennom vanlege samtaler. Pluss/minusskjema hjelper med å få oversikt over det ein snakkar om. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

46 skulefag + - Norsk KRLE Kunst og handverk Musikk Gymnastikk Engelsk
Matte Norsk skrive Bruk av pluss/minusskjema som bakgrunnsinformasjon for å endre atferd, eller endre tilrettelegging. Her har ein teke utgangspunkt i skulefag, fordi elven ofte hadde negativ atferd i timane med engelsk og gym. Ein startar med eit tomt skjema, berre med overskrift. Ein ser her at eleven har sett både engels og gym på minussida. Vi tek eit nytt tomt skjema og set overskrifta gym. Her kjem dusj og skuleklokka opp på minussida – det er altså ikkje faget som er utfordringa- Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

47 gymnastikk + - Ballspel Friidrett Hinderløype Stafettar Dusj
Skuleklokka Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

48 DUSJ + - Kaldt vatn Blir sist ferdig
Vi tek eit nytt tomt skjema, med overskrifta Dusj, vi får ut informasjon om at blir sist ferdig er negativt. Nytt skjema; sist ferdig = kjem for seint til neste time. Eleven begynner alt før gymtimen å kjempe med tankane om at han kjem for seint til neste time. Dette kan forklare det negative atferda i gym timen Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

49 Sist ferdig + - Ro i garderoben Kjem for seint til timen
Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

50 Løysing Ein kom fram til at eleven skulle avslutte gymtimen 10 min før dei andre. Då hadde han tid til å dusje og skifte og kome tidsnok til neste time. Når slike avtaler har kome i stand er viktig at dei vaksne i læringsmiljøet er lojal til som er avtalt med eleven. Eleven sjølv hadde forslag om å ikkje dusje og ikkje skifte som løysing på problemet. I samtale med lærar (med pluss/minus) kom ein fram til at dette ikkje var gode løysingar. Tiltaket fungerte godt og eleven greidde seg etterkvar med å gå 5 min før dei andre. Etter dette viste eleven trivsel i gymtimen og den unøska atferd Vart borte. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

51 teikneseriesamtale Håndboka frå Statped Kva feilar det han?
Likar henne vil vere med henne! Drittsekk Drittsekk er du sjølv Forvirra Carol Gray «Comic strips» teikneseriesamtale. Det blir som å teikne ei historie, eller steg for steg teikne ein samtale saman med eleven. Ta utgangspunkt i ein situasjon som eleven ikkje meistrar, har t.d. kome i konflikt eller blitt sint. (observert, informert…) Teknikken er ei biletframstilling av kommunikasjon. Snakke-, tenkje- og følebobler, kan hjelpe ein person til å forstå andre sine tankar, intensjonar og følelsar som eleven ikkje har vore klar over. Kan også vere godt verkty til arbeid med sjølvinnsikt Lei Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

52 Håndbok – informasjon og tips til lærere i grunnskolen
Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

53 Det må han då forstå! Vi har sagt det så mange gongar
Vi har vist det så mange gongar Vi har gjort det så mange gonger Må forklarast/visast likevel Det som alle veit, veit ikkje den med AS, som vi har snakka om før er det underforståtte «usynleg» for den med AS. Det er mykje meir konstruktivt å tenkje at no har han ikkje oversikt, enn å seie at dette kan du, dette har du gjort før. Vi har høyrt utaler som at: «han må no venje seg til å vere saman med folk!» denne ferdigheita Krev høg grad tilrettelegging og øving for å lukkast. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

54 detektivarbeid Vi må stadig vere på jakt etter kva vi ikkje har forstått…..slik at vi kan forstå bakgrunnen for reaksjonen hos den andre. Alle vi som skal legge til rette må ha eit detektivarbeide gåande heile tida.. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

55 TILTAK Tiltak 1: Forstå kva barnet strevar med
Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

56  DEL INNSIKT OG ERFARINGAR!
opplæring Lytt til barnet og dei som kjenner barnet best Er det vaksne barnet oftare får utfordrende atferd saman med? Er det nokon av dei vaksne som ikkje fullt ut forstår barnet?  DEL INNSIKT OG ERFARINGAR! Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

57 Struktur og oversikt Gjennomfør opplegga med en lik struktur uansett kven som er sammen med barnet. Gjer tiltak systemavhengig og ikkje personavhengig Sett av nok tid til samarbeid med alle som arbeider direkte med barnet ! Leiar ansvar (fikk du med deg den rektor? ;) Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

58 Dette kan vere tydeleg nok
Struktur og oversikt Dette kan vere tydeleg nok Les side 4-6 i leseboka Gjer matteoppgåvene på side 5 i Multi-heftet Fargelegg teikninga på side 7 i arbeidsheftet Tel kor mange kyr det er bilete av Les side 2-5 og svar på kontrollspørsmåla på side 6. No blir det verre...!! Skriv litt om kva du gjorde i helga (1/2 side) Les kapittel 5 i leseboka – skriv eit resymè på maks 1 side Sjå på bilete, og skildre kva du ser Arbeidsplan i 1. økt – vel kva du vil jobbe med Rekn ut rett svar, og sett opp utrekninga Drøft dilemmaet i Sigurds historie – kva ville du gjort? Grunngje svaret. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

59 Lærar- elev relasjon Aksept og forståing Tryggheit Tilpassing
Annette Men vil berre nemne at lærar- elevrelasjonen alltid er viktig for alle barn, men spesielt viktig for elevar med asperger. Det er så viktig å kjenne godt til barnet og forstå kva det enkelte barn treng, for å kunne utvikle seg på ein god måte, både fagleg og sosialt. Då må ein ha forventningar til barnet, og ha tru på barnet sine utviklingsmuligheiter. Det er ikkje barnet som skal tilpasse seg, men ein må som vaksen tilpasse omgivelsane rundt barnet. Då må ein ta seg tid til å forstå, lytte og prøve igjen…til ein har fått til eit trygt og godt opplegg som er tilpassa barnet. Avslutte med å seie dette; Det er heve over ein kvar tvil at tilrettelegging for barnet krev ein generell kompetanse om AS og kunnskap om den enkelte spesielt. Derfor må vi alltid sikre oss at barnet sine streke sider, ressursar og læringskanal vert utnytta og tatt i bruk!! Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

60 Gå inn i garderoba når det ringer inn Heng jakka på knaggen
Ta dette til slutt på dagen Her gir eg døme på situasjonsplanar , må vere skriftelg og tilgjengeleg for den det gjeld Ein gut eg kjenner kom for seint inn til time kvar dag, han var på skuleområdet i god tid, men han kom alltid for seint inn til første timen. Så laga læraren ein situasjonsplan for det å kome inn til time, som så vart presentert for guten. Eg vil prøve å: Gå inn i garderoba når det ringer inn Heng jakka på knaggen Set utesko på hylla Ta på innesko Gå inn til plassen min Då guten fekk sjå planen påpeika han at det måtte stå at han skulle ta med sekken inn. Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

61 Oppgåve Kva situasjonar tenker de det er aktuelt å lage planar for?
Prøv å lag ein plan Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta

62 Takk for denne gang Det er viktig å arbeide for at barnet skal bli kjent med seg sjølv og akseptere seg sjølv Asperger syndrom: det er ei forskjell, ikkje ein sjukdom. KRISTIN NB! Ikkje før lunsj! Interkommunalt PPT Ulstein-Hareid-Volda-Ørsta


Laste ned ppt "Annette Kjøde Egset Kristin Sæther"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google