Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Laga av elevar ved Ytre Solund skule Presentasjon av nokre personar kjende frå historia til kristendommen.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Laga av elevar ved Ytre Solund skule Presentasjon av nokre personar kjende frå historia til kristendommen."— Utskrift av presentasjonen:

1 Laga av elevar ved Ytre Solund skule Presentasjon av nokre personar kjende frå historia til kristendommen.

2 Disposisjon Elevane har fått velje kva for personar dei ville skrive om. Dei har funne stoff i lærebøker og på internett. Dei har og vore med på å lage oppsett på sidene. Dei valde denne rekkefylgja: –Noah –Abraham –Paulus –Augustin –Nikolas av Myra –Hildegard von Bingen –Martin Luther Eg meiner dette er nokolunde i tråd med dei som er nemnde i Kunnskapsløftet.

3 Noa var ein fattig mann i ein liten landsby. Han hadde ei kone og tre soner. Dei trudde fast på gud men gud såg at jorda var blitt stygg av vondskap og ville vaske den rein. Han åtvara Noa og sa at han skulle byggje ein ark som skulle redde dei som trudde på Noa om flommen, men ingen hørde på han alle berre stod og lo av han. Då stengde han arka for dei som ikkje trudde på flommen. Noa hadde tre soner: Sem, Kam og Jafet. Dei reiste og vêret blei verre og verre i guds auge. Det varte i 40 dagar og 40 netter. Da vêret hadde stilna sende Noa ut si trufaste due som søkte etter tørt land, men den kom tilbake og Noa måtte vente lenger. Då han kom seg på tørt land sende han ut dyra som var med, og dei sprang og rulla seg nedover bakken. Då fekk dei sjå den første regnbogen. Da lagde dei eit altar. Så sa gud: eg skal aldri gjere det same igjen, her er regnbogen som teikn på at eg aldri skal gjere det igjen.

4 Abraham Abraham er ein av dei viktigaste personligdomane i Det gamle testamente. Han var son av Tarah og etterkommer av sonen til Noa, Sem. Hans opphavlege namn var Abram, men blei sidan kjend som Abraham. Han var gift med halvsøstera si, Sara. Han drog ut frå byen Ur i Kaldea (i det noverande Sør-Irak), ei hending som har blitt tidfesta til ca. 1800 f.Kr. Etter lengre tids barnløyse tok Abraham hushjelpa Hagar som medhustru og fikk sonen Ismael, som vert rekna som forfar for arabarane. Seinare, da Sara var nitti år gamal fekk hun også ein son: Isak. Ei av dei mest dramatiske scener i bibelen er da Gud set Abraham på prøve og ber ham om å ofre sin eigen son, Isak. Da Abraham er i ferd med å drepe sonen sin, blir han stoppet av ein engel som seier til han at han allereie har bevist lydnaden sin. Etter at Sara døydde, fikk han ytterligare seks søner med medhustrua Ketura: Simran, Joksjan, Medan, Midian, Jisjbak og Sjuah Abraham vert rekna som stamfar til både israelittar, edomitttar og midianittar. Han er ein sentral person i alle dei tre monoteistiske religionane: Jødedom, kristendom og islam. Innan islam vert han rekna som ein profet, og er kjent under namnet Ibrahim.

5 Den heilage apostelen Paulus (~10-5 f.Kr.-~67) Minnedag: 29. juni Den heilage Paulus ble født i Tarsus i den romerske provinsen Kilikia (i dag Tyrkia) mellom år 10 og 5 f. Kr. Inntil han vart omvend var han kjent som Saulus. Han arva romersk borgarskap frå sin jødiske far av Benjamins stamme, som oppdrog han som streng farisear. Som ung mann var han ca år 35 til stades som ein passiv, men samtykkjande tilskodar da Stefanus ble steinet til døde. Deretter «søkte han å utrydde Kyrkja», leita etter kristne og overgav dei til fengsel og død. Men så, da han var på veg til Damaskus for å drive forfylgingar der, ble han blinda av et plutselig syn, der Jesus Kristus irettesette han og fortalte han at han var utsett til å bringe den kristne tro til heidningane, det vil si til ikkje-jødar.(Paulus' omvendingfeirast den 25. januar). I Damaskus fikk han synet tilbake og ble døypt av Anaias, ein disippel av Jesus. Han trakk seg tilbake til Arabia i tre år for bønn i einsemd. Så kom han tilbake til Damaskus, men etter tre år ble hans jødiske fiendar så trugande at han måtte ta flukta om natta. Derfrå kom han til Jerusalem «for å sjå Peter, og gjennom den gamle kjenningen Barnabas blei han ført til dei først skeptiske apostlane.. Dette skjedde i Antiokia, der Paulus var blit kalla for å hjelpe Barnabas i hans evangeliseringsarbeid, etter først å ha preikt nokre år rundt heimbyen Tarsus. Dette var begynninga til den store heidningemisjonen. Frå omkring år 45 var den hellige Paulus på sine tre store misjonsreiser. Den første (45-48) gikk til Kypros og Lilleasia, den andre (49-53) til Lilleasia, Makedonia og Hellas og den tredje (52-57 til Efesos, Makedonia og Hellas. I kvar by preikte han først i den jødiske synagogen, før han vendte seg til heidningane. Etter tolv år drog han til Jerusalem i år 57, blei arrestert, appellerte og blei sendt til Roma i år 61. Han vart dømd til døden og halshogd i år 67. I Apostlanes gjerningar finst breva hans, som utgjør ein stor del av Det Nye Testamente. Han fekk varig innflytelse på kristendommens utforming og utvikling. Han fekk og stor innflytelse på kristen lære, og hans brev, som for de flestes vedkommande var skrevet for å dekke bestemte praktiske behov, har blitt et av teologiens hovedfundamenter. Den heilage Paulus' symbol i kunsten er eit sverd og ei bok, han blir også fremstilt med tre fontener. Han ble aldri så populær som Peter, men de fremstilles ofte sammen, står han til høyre. Han avbildes også ofte sammen med de tolv apostlene, og tar da gjerne Mattiasplass. Han er skytshelgen for teltmakere og salmakere, og blir anropt mot giftige slanger på grunn av at han på Malta ble bitt av en giftig slange uten å bli skada..

6 Nikolas av Myra Nikolas av Myra blei født den 6. desember 280/286 i Patra i Lykia. Faren hans heitte Eufemius og mora heitte Anna. Eufemius var veldig rik og Anna var søster til biskopen av Myra. Da foreldra til Nikolas døde, arva han farens formue, Men Nikolas gav den bort til fattige i hemmelegheit. Onkelen til Nikolas var biskop, derfor bygde han eit kloster der Nikolas blei innsett som abbed. Nikolas av Myra blei fengsla og grovt mishandla ca. 310. Seinare då han blei sleppe fri var det tydelige kroppsspor etter mishandlinga. Nikolas av Myra døde den 6. desember eit år mellom 345 og 351. Allereie i det 5. århundre blei det reist ein basilika over hans grav. Det blei lagt eit kloster på grava hans så mange pilegrimar kom og besøkte grava hans. Kulten blei spreidd ca. 200 år etter hans død. Det blei bygd opp ei kyrkje i roma som var via til han. Den fekk namnet san Nicola in Carecere (st Nikolas ved fengselet.) Det var ikkje tilfeldig, fordi kyrkja låg ved sida av eit fengsel. Prestane gav sjelesorg til fangane i fengselet. Og fangane rekna Nikolas som sin fremste vernehelg. På grunn av Nikolas sin gavmildskap er festdagen hans den 6. desember. Nokon stader feirar folk det med at borna får gåver. Og Nikolas reknast for å ha gjeve inspirasjon til julenissen.

7 Nikolas av Myra

8 Augustin Saman med Ambrosius, Gregor den Store og Hieronymus vert Augustin rekna blant dei fire store kyrkjefedrane i vest. Augustin vart fødd i 354 i den litle byen Tagaste i Nord-Afrika. Han vaks opp med ein streng far som var heidning, og ei kristen mor, Monika. Mora lærte han opp i kristendommen, men han vart ikkje døypt. Sjølv om faren ikkje var rik, fekk Augustin ei god utdanning, han avslutta utdanninga si i Kartago i 370. han ville gjerne bli jurist, men han via seg til undervisning og studier. Han fann det vanskeleg å slå seg til tåls med bare å undervise, søkte heile tida etter ei djupare meining med tilværet. Først vart han tiltrukken av manikeismen, ei kristeleg sekt som hadde mykje til felles med dagens teosofer. Dei meinte at den åndelege verda var skapt av Gud, mens den materielle verda var skapt av Den Vonde. Men han fann ikkje ro i sjela. I slutten av 373 vende han attende til Tagaste og byrja som lærar i retorikk. Seinare flytta han til Kartago att, og dreiv sin eigen skule i retorikk. Men augustin lengta etter større forhold, og i 383 drog han til Roma. Mora fulgte etter han dit. I 384 flytta han til Milano, der han vart professor i retorikk. Her stifta han kjennskap til nyplatonismen. Dette blei brua hans attende til kristendommen. Likevel hadde han ein indre kamp mellom ønsket om kyskleik og minner om tidlegare synder. Då han gjekk ut i hagen hørte han ei barnestemme som ropte: ”Tolle lege!” (Ta opp og les!) Han byrja å lese i Paulus brev, og der fann han eit vers som trøysta han. Augustins omvending, som er ei viktig hending i historia skjedde i 386. han vart døypt den 25. april 387. Same haust planla han å reise attende til Afrika saman med mora, men mora døyde plutseleg. Han drog attende til Roma, men i 388 drog han igjen til Tagaste, der han grunnla eit klostersamfunn i heimen sin. Augustin skreiv mykje i denne tida, og mange av verka hans har overlevd til vår tid, og er fortsett av stor betyding innan religion og filosofi. Best kjend er bøkene De Trinitate, Confessiones og De cicitate Dei. I 396 blei han biskop av Hippo. Også her oppretta han ein klosterorden med strenge reglar. Augustin døydde i 430, då hadde han vore prest i nesten 40 år. Augustin har fått tilnamnet Doctor Gratiae, nådelærar.

9 Hildegard von Bingen vart fødd i år 1098, 16.september i Bremersheim i Tyskland. Hildegard var det 10. barn i familien og som alle dei andre blei ho sendt til den katolske kyrkja. Ho blei etter 2 år tatt hand om av Juta, søster av Meinhard av Sponheim. Då Juta døyde i år 1136 blei Hildegard vald til ny leiar av det samfunnet som hadde bygd seg opp rundt Juta av Disibodenberg. Seinare bygde Hildegard eit nytt kloster på Rupertsberg ved Bingen. Som administrator av klostret skreiv ho brev til paven, keisar Fredrik Barbarossa og St.Bernad av Clarvaux. Hildegard skreiv mykje,, m.a beskrivingar av religiøse syn, som ho hevda å ha motteke frå ho var svært ung, musikk, medisin og brev. Gud sendte eit profetisk kall 5år etter at ho var vald til abbedisse om å ”skrive kva ho såg”. Dette samla ho i tre bøker, Scivas, Liber vitae Meitorum og de Opratione Dei, også kjent som Liber divanorum operum. Hildegard var ei uvanleg mektig kvinne for si tid fordi i mellomalderen bestemte familiefaren mykje meir enn det som er vanleg i dag. Den store interessa for kvinner i mellomalderkyrkja har ført med seg stor interesse for Hildegard von Bingen, og hennar musikk har funne betyding og utbreiing dei seinare åra. Hildegard feirast 17.september i den katolske kyrkja. Helgenkulten hennar blei godkjent av pave Johannes den 22. i 1324.

10 Hildegard von Bingen

11 Martin Luther vart fødd Eisleben i Tyskland, i 1483. foreldra hans sytte for at han fekk ein grundig skulegang, og han tok den høgste eksamen ved universitetet. Han vart opphavleg katolsk prest for augustineremittenes orden. Da Luther var 30 år utvikla han teologiske synspunkt. Bibelen var ikkje omsett til morsmålet og i kyrkja talte prestane på latin, Luther begynte å oversette. Han heldt til pavekyrkja og reiste til Roma på pilgrimsreise. Da han kom fram vart han heilt sjokkert over det utsvevande livet som dei geistlege (prestar og andre som eg tilsette i kyrkja) levde. Da Luther kom tilbake til Tyskland skreiv han opp 95 teser (setningar eller påstandar.) da han skreiv dei 95 tesane reknar vi som byrjinga av reformasjonen (endringa.) Han slo ikkje opp tesane på slottskyrkja i Wittenberg. Luter vart dømd fredlaus. Nesten alle innbyggjarane i Tyskland støtta Luther, men frå keisaren Karl 5. fekk protestantane inga støtte, han støtta paven og dei andre katolikkane. Det var mykje krig i det Tysk-Romerske riket mellom protestantane og katolikkane på denne tida. Luther vart ferdig med bibelen og takka berre boktrykkjarkunsten spreidde Luther si lære rundt i heile Nord-Europa. Martin Luther døydde den 18. februar 1546 i sin fødeby Eisleben i Tyskland.


Laste ned ppt "Laga av elevar ved Ytre Solund skule Presentasjon av nokre personar kjende frå historia til kristendommen."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google