Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

-Ein tydeleg medspelar Endringar ved Sunndal vgs frå 01.08.2015 Jan Ove Løken 15.06.2015.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "-Ein tydeleg medspelar Endringar ved Sunndal vgs frå 01.08.2015 Jan Ove Løken 15.06.2015."— Utskrift av presentasjonen:

1 -Ein tydeleg medspelar Endringar ved Sunndal vgs frå 01.08.2015 Jan Ove Løken 15.06.2015

2 Bakgrunn Ny arbeidstidsavtale for lærarar SFS 2213 Oppdragsavtale med fylkesutdanningssjefen OU-arbeidet «Samspel 2015»

3 Ny arbeidstidsavtale SFS 2213 Lokal tilpasning Bygger på det arbeid som er kome fram gjennom ein brei prosess mellom partane på skulen; felles skolering i regi av partane på fylkesnivå, drøftingar på skulen, samt innsamling av erfaringar og behova ute i avdelingane

4 intensjon å underbygge utviklingsområda og utviklingsmåla slik dei kjem fram i «Plan for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal» og fylkeskommunen sin «Arbeidsgivarpolitikk for framtida» og skulen si oppfølging i dei lokale handlingsplanane.Arbeidsgivarpolitikk for framtida Det er eit hovudmål å auke merksemda på kvalitet i og læringsutbytte av undervisninga. Ny SFS 2213 legg til grunn at partane på skulen skal leggje meir til rette for samhandling og kollektiv tid på skulen.

5 Gjennom vår eigen arbeidsgivarpolitikk skal vi saman skape ein organisasjon som står fram med vilje til kontinuerleg utvikling: "Evne til kontinuerleg refleksjon over vegval, mål, tiltak, og aktivitetar er grunnleggande. Vi skal utvikle kulturar for læring og utvikling som er kunnskapsbaserte."

6 Gode prosessar og ressursbruk som stør opp om kunnskapsbygging og utvikling av kvalitet ved skulen blir viktig å vidareutvikle gjennom å etablere nye arbeids- og samhandlings- former. Målet for prosessane er organisasjonslæring gjennom kvalitet på undervisninga, lokal kunnskapsbygging/-danning, auka innsikt og kompetanse.

7 Årsverk 1687,5 (1650) klokketimar Skoledagar 190 + 6 Skoletid 1150 (1121) klokketimar Skoletid per veke 29 klokketimar Samarbeidstid Informasjon (fag- og timefordelingsskjema, timeplan, skolens årsplan, klassens årsplan) Start 01.08.15 Evaluering iht intensjonane

8 Oppdragsavtale tom 2016/2017 Formål – Felles målsettingar for alle skolane – Sette resultat- og prosessmål for den enkelte skole – Følge opp skoleleiingane – Fremme samarbeid skoleeigar - skole

9

10 Oppdragsavtale Sunndal vgs Status – Høg gjennomføringsgrad – Pedagogisk kvalitetsarbeid Utfordring – Betre gjennomføringsgrad – Bevare og vidareutvikle tiltak forskingsbasert – Bruke data frå PULS – Utvikle skolekulturen

11 Prioriteringar for alle skolane Læringsmiljø og formativ vurdering Grunnleggande ferdigheiter og IV/1 Saksbehandling læringsmiljø Overgang grunnskole – vgo Lære- og opplæringsplassar. Prosjekt til fordjuping YF Arbeidsliv og høgare utdanning ST

12 Prioritering Sunndal vgs Skolebasert vurdering ved bruk av PULS. Involvere og utvikle Auka gjennomstrauminga til 85%. Tilpassa opplæring Vurdering for læring, klasseleiing og felles regelhandtering Sterkare personalleiing mot klasserommet

13 «Fylkesutdanningssjefen forventar at skolen set i verk tiltak for å betre gjennomføringa. Med utvikling av den formative elevvurderinga, klasseleiing, regelhandtering og elevmedverknad vil dette saman kunne fremje læringsmiljøet og såleis stimulere elevane til å utvikle seg fagleg. Når ein skal prioritere tiltak er det viktig at dei er heilskaplege og samordna»

14 Samspel 2015 - målsetting Den lærande kulturen ved Sunndal vidaregåande skole skal vidareutviklast. Tenesteytinga ved skolen skal betrast gjennom auka kvalitet på samhandling og dialog mellom tilsette, mellom tilsette og leiing og mellom ulike tilsettgrupper ved Sunndal vgs.

15 SWAT-analyse 07.05.15 Muligheter – Enighet i borttellingskonflikten – God informasjonsflyt (vi trenger forutsigbarhet) – Samling av all informasjon på en plass – 45 minutts timer

16 Trusler – Mindre attraktiv/konkurransedyktig arbeidsplass sammenliknet med andre skoler – Mister gode lærere og får ikke gode søkere – Tap av elever - > nedlegging av studietilbud – Ny runde med betydelig uenighet etter ny arbeidstidsavtale gjeldende fra 1.8.2015

17 Prosess Semje med tillitsvalde om at vi tek signala frå tilsette og frå overordna på alvor Vi må ha ei løysing innanfor summen av forventningar Vi brukar dei formelle kanalane og opptrer korrekt

18 Tillitsvalde og skoleleiinga har hatt mange konstruktive samtalar både i og utanfor OD-møta Alle tiltak er innanfor intensjonar og formalkrav i gjeldande lov-, avtaleverk, overordna føringar og økonomiske rammer To hovudvegar – Kommunikasjon – Auka gjennomføring til 85%

19 Kommunikasjon Fylkeskommunen sin kommunikasjonsstrategi er styrande Gode innspel frå personalmøte Tiltak – Fronter til elevar som før – Kalender og epost i Outlook for tilsette – Intranett til tilsettinfo

20 Tiltak frå 01.08.2015 – Fronter til elevar som før – Kalender i Outlook for tilsette (møteinnkalling m.m. Opplæring) – Felleskalender i Outlook for tilsette (årsplan m.m. Opplæring) – Intranett til tilsettinfo (Opplæring) «Mi side» oppstartside på alle datamaskiner for tilsette Eigne intranettsider/mapper og dokument i ein tenleg struktur – Alfresco som samhandlingsverktøy for leiing og for leiing og tillitsvalde (møtedokument) Tiltak hausten 2015 – Alle på admin.nett skriv direkte i ePhorte (Opplæring) Tiltak seinare – Alfresco som samhandlingsplattform for alle tilsette (Opplæring)

21 Auka gjennomføring til 85% Tiltaksområde frå 01.08.2015 – Sterkare profesjonalisering av lærarolla med meir lærarstyring og tydelegare oppfølging av elevane sitt læringsarbeid Betre klasseleiing Betre vurdering for læring Tettare oppfølging av den enkelte elev Tettare oppfølging av den enkelte lærar

22 Gruppeorganiseringa blir justert slik at undervisinga blir organisert i læringsøkter på 45 minutt eller lenger. Arbeidstimane blir tatt bort. Resten av gruppeorganiseringa blir vidareført frå 2014/15. Fellessatsing på vurdering for læring og klasseleiing gir auka elevfokus. Lærarane må følgje opp elevane tettare enn tidlegare. Avdelingsleiarane må følgje opp lærarane tettare enn tidlegare. Dette gjeld særleg nytilsette lærarar, men og andre. Kvar lærar skal ha minst to besøk av avdelingsleiar i undervisingssituasjonar i løpet av skoleåret med påfølgande samtale. Ein av samtalane skal knytast til undervisings- evalueringa. Tiltaka blir evaluert undervegs (midtveis og ved slutten av kvart skoleår).

23 Konsekvensar av endringane Ingen blir sagt opp på grunn av endringane Endringane inneber ei styrking av fagundervising ved ei omprioritering frå fagundervising i relativt små grupper med elevstyrte arbeidstimar i store grupper, til fagundervising i noko større grupper, men med faglærar til stades heile tida. Basisgruppetimen blir oppretthalden og lagt inn i årsverket til kontaktlærarane innanfor kontaktlærarressursen. Vekeplansystemet blir vidareført. Ordninga med tid til mat tidleg på dag vil bli vidareført i den grad det er mogleg innanfor rammene for skoletid den enkelte dag.

24 Dette medfører auka bruk av fastlønn til lærarar og tilsvarande mindre bruk av budsjettmidlar til andre tiltak. Prioriteringane inneber meir lærarressursar til alle fag, med den følgje at vi må redusere noko på fagmengden. Reduksjonen vil visast mest i programfag på studiespesialisering. Vi må bruke mindre ressursar på gruppedeling, vikartimar, overtidsgodtgjersle og vi må auke bruken av undertid for lærarane. Undertida vil bli forsøkt halden innanfor systemgenerert undertid (< 1 undervisingstime per veke i snitt) Det vil bli prioritert å gruppedele i område/fag som vi ut frå erfaring ser har låg elevgjennomstrauming.

25 Programfaga «Media og informasjonskunnskap» og «Breiddeidrett» blir tatt bort som programfag på studiespesialisering. Det blir brukt mindre ressursar på framandspråk på studiespesialisering. Det blir mindre ressursar til kjøp av utstyr, læremiddel og materiell. Ressursar til naudsynt gruppedeling vil i hovudsak bli prioritert framom ressursar til lærebøker. Vi må vurdere meir bruk av NDLA eller andre kostnadsfrie læremiddel, då det blir lite pengar til lærebøker både i papirformat og på elektronisk format. Ressursar til etter- og vidareutdanning for lærarar blir prioritert strengt inn mot klasseleiing og vurdering for læring.

26 Inntelling av undervisingstimar Tillitsvalde og skoleleiing er samde om følgande: Årsplana medfører at inntelling av undervisingstimar for lærarane blir på 36 veker for ST og 37 veker på YF. Ut over dette blir halvparten av undervisingstimane i programfag telt inn for faglærar når elevane er i praksis i lokale verksemder i prosjekt til fordjuping (PTF). Elevar i PTF på Vg1 YF skal vere utplassert i 2 veker på alle utdanningsprogram. Elevar i PTF på Vg2 YF skal vere utplassert i 8 veker på alle utdanningsprogram.

27 Spørsmål eller kommentarar til avklaring?????


Laste ned ppt "-Ein tydeleg medspelar Endringar ved Sunndal vgs frå 01.08.2015 Jan Ove Løken 15.06.2015."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google