Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Årsmelding 2014 Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Årsmelding 2014 Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag."— Utskrift av presentasjonen:

1 Årsmelding 2014 Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag

2 I 2014 har følgjande medlemmar gått bort: KÅRE BRUHEIM JOHAN KARL BYE KRISTINA NATVIK ALFRED MAGNUS GRØNNEVIK ANDERS AAREBRU OLAV L. NESHAGEN GUNNSTEIN ODD HÆREID INGOLF NYLAND ANNY PETRINE HESTETUN BIRGIT HELLEBØ OLAV J BORLAUG VI TAKKAR VÅRE KAMERATAR FOR ALT SAMARBEID OG MINNES DEI MED EIT MINUTTS STILLHEIT. TIL MINNE

3 ÅKA`S BORDFANE Følgjande medlemmar i Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag stettar krava i statuttane for tildeling av ÅKA`s bordfane: Utdelt på ÅKA`s årsmøte 6. februar Etter punkt 2: "Alle som har 35 års sammenhengende medlemskap i ÅKA”:  Edit Flugheim  Gerd Karin Hagen  Ingunn Stenehjem  Walter Kurt Hoff  Harry Sandvik  Arna Kauppi  Gunn Sissel Moen  Anne Gunn Rinde  Rune Guttormsen Etter punkt 5: ”Medlemmar som har 5 års tjeneste som representant til styret i ÅKA”.  

4 ÅRSMELDING 2014 FAGFOREININGSSTYRET I 2014 Leiar: Odd Arne Fodnes Nestleiar: Rune Guttormsen Sekretær: Harald Midtvoll. Kasserar: Tone Lien Vara Kasserer:Odd Arne Guttulsrød Studietillitsvalgt: Rune Guttormsen Enhetsvernombud: Harald Midtvoll. Vara Enhetsvernombud:Kristian Natvik Datatillitsvalgt: Vidar Lerum Ungdomstillitsvalgt: Line N. Rudrudjordet Chris E Helland Styremedlem, drift: Harald Midtvoll Morten Skarsbø Styremedlem, vedlikehold: Rune Guttormsen til Alfred Holsæter til Vebjørn Valaker fra Kristian Natvik fra Styremedlem, Kai: Vidar Lerum Kai Are Løvdal Bedriftsutval: Odd Arne Fodnes Rune Guttormsen Arbeidsmiljøutval: Odd Arne Fodnes Rune Guttormsen Hilmar Høl Harald Midtvoll Forhandlingsutval: Odd Arne Fodnes, Rune Guttormsen Harald Midtvoll.

5 MEDLEMSOVERSIKT: Pr. 1 Januar 2015 har ÅKA 132 aktive medlemmer. Av disse er det 23 kvinner og 109 menn. Totalt medlemstall for ÅKA er 271. En nedgang på 10 medlemmer fra 1. januar Æresmedlemmer med 45 års uavbrutt medlemskap i LO: Malvin Øvstetun, Gudrun Skjæret, Arild Ingar Lægreid og Solveig Bosdal 25, 40 og 50 ÅRS MEDLEMSSKAP I LO Fredag 21.november 2014 arrangerte ÅKA, ÅKF og ÅIF, festtilstelling for dei av medlemane som stettar krava til 25, 40 og 50 års samanhengande medlemskap i LO. Festen vart i år halden i Farnes Ungdomshus. Representanten for Industri Energi, Espen Løken møtte og stod for utdeling og holdt helsingstale til jubilantane. Følgjande medlemmar har 50 års medlemsskap: Inga Berteig og Sigvald Konrad Nes Følgjande medlemmar har 40 års medlemsskap: Odd Arne Fodnes, Steinar Viken, Gerd Jakobsen, Terje Lægreid, Svanhild Johansen, Johanna O. Stedje og Einar Offerdal Følgjande medlemmar har 25 års medlemsskap: Erling Seglem og Arnt Ivar Ødegård

6 ÅRSMELDING HOVUDVERNEOMBOD 2014 Hilmar Høl har vore hovudverneombod og Harald Midtvoll har vore vara i beretningsåret. Generell betraktning: Etter eit hektisk 2013 med mange skadar, fortsette dessverre trenden og inn i Sjølv om me i statestikkar vil sjå ein betring, har me desverre ikkje sett att dette i antall alvorlege hendingar. Me ser og at tidlegare hendingar ikkje har vorte fulgt opp og me får gjentakelsar som er uakseptable. Nesten nøyaktig eit år etter forrige hendelse ved fakling av brennovn 3 og 4 i 2013, skjer det samme i Ved hendinga var det klare krav til organisasjonen i form av tiltak som skulle vere med å hindra at dette skulle skje att. Ved kommisjonsarbeidet i for hendinga i 2014, visste det seg at nesten ingen tiltak var gjennomført, og at dette faktisk var ein årsak til at me fekk ein ny eksplosjon på brennovn. Verneombud og operatørar har vore svært kritiske til dette. Dei skal føla seg sikre inne i anlegga våre. No vart dei usikre fordi prosedyrar og regelverk ikkje lenger kan garantere dette. Det er no gjort klare grep i Karbon, både på leiarsida og ikkje minst mot prosedyreverket vårt. Eg har difor tru på at dette er vorte mykje betre no, og at fokuset på utbetringar er på rett veg. Me opplevde og hendingar som visar at det er viktig at me er sikre på kva me gjer når me oppererer ute i anlegga våre. Me har dessverre hatt ein del hendingar, som etter forholda gjekk bra, men kunne fått uante konsekvensar. Operatør påkøyrt av bankar i Å-IIC Eksplosjon ved oppstart av støyp i Tya. Vatn i basseng. Løftetalje dette ned rett ved operatør i Tya Lysboge (åpen straukrets) i A hallen på ovn A-13 Dette visar og at me har eit lerret å bleika. Dette er hendingar som me skal som operatørar ha kontroll på. Hendingar der me ikkje har laga vår eigen «grøne sone» for å gjere jobben sikker. Sjølv om me gjerne vil tru at me gjere jobben sikker nok, så må me alltid vere «sikre» på at me gjer det. Ved å tru det fordi ein «sikker jobb» tek lengre tid, så gjer me ikkje andre enn oss sjølve ein bjørneteneste. Me er alle klar over at anlegget blir drive med ein minimumsbemanning, og at dette medfører at alle må springa litt fortare for å få gjort jobben, men det er inga orsak i seg sjølv. Alt pratet om «grøn sone tenking», sikkerjobbanalyse, gjera jobben i samsvar med SOP og prosedyrar, er ikkje berre tomt prat. Alle hendingar me har bevisar det motatte.

7 Det er dessverre fleire brot på LOTO i beretningsåret. Anlegg og maskiner blir ikkje stengt etter prosedyrane slik at ein kan sikra seg sjølv og andre ved inntreden. Dette såg me klart døme på med episoden på ringledninga, på Karbon. Her vart ein person frå eit leigefirma klemt fordi drift ikkje hadde stengt ned og gjort klart for arbeid i området. Det vart ikkje skade ved hendinga, men det var ei klar påminning om at me har ein veg å gå for å etterleva LOTO prosedyrar i anlegga våre. SOP, LOTO og EPLer til for å få kartlagt alle arbeidsoperasjonane og fareforholda. Dette er eit verdifullt og effektivt redskap for sikkerjobbutførelse og opplæring i framtida. Me opplever alikevel at dette ikkje er nok for å vere sikker på at alle gjer jobben etter beskrivelsar. Ein må for framtida vere sikre på at alle beskrivelsar er lagt inn i opplæringsplan for einheitane. Etter eit myndigheitskrav fastsett i arbeidsmiljølova,og internforskriftene for sikkerheitsvurdering av jobbar og aktivitetar, fekk AAM krav for sikkerheitssertifiseringa at det måtte utarbeidast risikovurdering og konsekvensanalyse av samtlege jobbar og SOP’ar knytt til dei samme jobbane. Dette arbeidet vil og pågå i Ein har rett og slett ikkje klart å gjere dette i Eg har forståelse for dette. Me har tusenvis av operasjonar som skal definerast, lagast SOP’ar for, og ikkje minst EPL. Einheitsverneomboda si rolle er no meir klarlagt og det fungerar godt ute i anlegga. Desse skal vere der for å ivareta alle våre ansatte i sitt område, og målet med organiseringa har gått seg til. Støyperiet har og endeleg fått på plass einheitsverneombod, på dagtid, i ei åremålstilling. Dette sikrar og aktivitet og oppfølgjing innan HMS i støyperiet. Hovedverneombud og einhetsverneombuda har i 2014 fått etablert sitt eige forum. Her møter sikkerheitssjef og sporadiske besøk frå direktøren. Dette er nyttige møter for verneomboda der ein får drøfta hendelsar, løysningar, oppfølgjing og mål og krav til HMS arbeidet på fabrikkane. Vil med dette få takk for tilliten i 2014, og takka einheitsverneombod for godt samarbeid.

8 Skadestatestikk 2014: TRI hendelsar Hydro Aluminium Å rdal Siste 12 mnd. F ø rstehjelp- /annen skade ved Hydro Aluminium Å rdal

9

10 Arbeidsmiljøutvalget (AMU) : Det har vore avholdt 5 møter i Dette inkluderar årsmøtet for Saker som har vore behandla i AMU: Arbeidsmiljø i støyperi Tya Utfordring med motstand i hallen, spesielt i Å2D PM HMS Mål og strategi og PM HMS BP 2015 Drikkevatn i driftsanlegga Stamperigg*** Etablering av trafikkutvalg Retningslinjer for bruk av nakkebeskyttelse – drøftingssak Samfunnsansvarleg Næringsliv i S&Fj *** Stamperigg: Det blir jobba å laga ein multirigg. Det er etablert ei arbeidsgruppe som jobbar med saken, Leverandør er involvert i arbeidet. Faste saker i AMU er ; TRI hendelsar og raude hendelsar HMS status Helse Sjukefråvær Miljø AKAN Rehabiliteringsutvalget: Utvalget har vore samansett av HVO Hilmar Høl,nestleiar ÅKF Andreas Bakken,rehabilitreingskonsulent Geir Arne Nondal,bedriftslege Saleh Noshi og personalsjef Kari Bjørg Måren. Utvalget er styrka med ein fast representant frå NAV Årdal. Rehabilitering omhandlar alternativt arbeid,aktiv sjukmelding,yrkesretta attføring,ufør og ny jobb i andre avdelingar Omfang rehabiliteringsarbeid 2014: 34 Totalt personer langtidssjuke. (over 7 uker) 4 personer mot ekstern attføring. (Rehab – utvalg) 3 personer intern attføring. ( flytta til annen einhet) 14 personer intern attføring. ( tilbake i ordinær jobb) 9 personer er uavklart. 4 personer ufør.

11 Sjukefråvær: Totalt sjukefråvær 2014 for Hydro Årdal er 6,5 % (KPI 6 %) Endring i sjukefravær fra 2013 er 0,3 % da sjukefråværet var 6.2 %. HMS utvalget: Utvalget har vore samansett av HVO Hilmar Høl og Dagfinn Merkesvik frå HMS, Rune Edvardsen, Bedriftshelse1 og Roger Moen frå innkjøp Saker som er behandla i 2014: Utprøving av vernesko Logistikk og Kai området. Standard verneutstyr Årdal Metallverk (kontinuerleg arbeid) Hørsel – støyskader – formstøpte hørselvernproppar Vernesko – alternative sko ved belastninger. Utarbeiing av reglar. Informasjon prosjekt "Pilot Rodding Twin-Put Nakkebeskyttelse på hjelm Undertøy 100% ull / flamme hemmende 50%ull. Begge på lager? Funksjonsbeskrivelse HMS utvalget 30 januar 2015 Hovedverneombud Hilmar Høl

12 RAPPORT FRÅ EINHETSVERNOMBUD KARBON: I årets første 7 -8 måneder har det vert stor frustrasjon ute blant verneombud og operatører mht A / E tillatelse skriving Instruert personell og ikkje instruert personell loto. Etter at det blei laga en epl for instruert og ikkje instruert personell har dette bedra seg. På Karbon er no det største maskin sikring prosjekt i Hydro igang på Slutt kontrollen Dette pilot prosjekt skal være ein vegviser for andre prosjekt i hydro. Utbedringa av velferds bygg Dusj anlegg er i gang. Med nødvendig vedlikehold å oppgradering.. Utfordringa i året som kjem blir og fokusera på følgande : -Få ned støy, verne seg bedre mot hørselsskader. -Få ned støv eksponering. Desse to punkta gjelder alle områder på karbon. Einhetsverneombud Karbon Harald Midtvoll RAPPORT FRÅ EINHETSVENEOMBUD LOGISTIKK Loggistikk hadde i år utan skader noke som er flott. Dette er mykje takka att me er flinke til å passa på kvarandre. Tør og sei fra og helda trykke oppe på verne arbeidet. Flott jobba. Viktige saker : -Vi driv å monterer trommelbrems på Munck kran. -Fått rekkverk rundt hol i golv Bygg Prosjektet om lettare reingjøring av hoppers er i gang Vi har vernerunder, verneombudfora og synergifora der vi får tatt ting direkte med ledelsen, noko som Som fungerer bra. Einhetsverneombud Logistikk Vidar Nesse ALLE ER SITT EGET VERNEOMBUD !

13 RAPPORT FRÅ STUDIETILLITSVALGT: I August hadde vi eit utvida styreseminar i Krakow. I desember deltok nokre av våre gruppetillitsvalgte på kurset Forhandlingsteknikk i regi av AOF på Klingenberg Hotel. 12 styremedlemmer/ medlemmer styreseminar Krakow ( August ) 1 fra ungdomsutvalet på ungdomskonferanse. ( Nov ) 4 Styremedlemmer Forhandlingsteknikk ( Des ) Rune Guttormsen Studietillitsvalgt RAPPORT FRÅ UNGDOMSUTVALET Ungdomsutvalet har i 2014 bestått av følgjande utvalsmedlemmar: Line N Rudrudjordet leiar Chris Ertesvåg Helland Det har i årsmøte perioden vært null aktivitet på arrangement delen her lokalt. Dette har vist seg å væravanskelig og få gjennomføra, så no har vi snudd om på arbeidet. I mangel på motivasjon har vi den siste mnd hatt hyppig kontakt og møter med ungdomstillitsvalgte i avd 157 ( Årdal Kjemiske fagforening ) samt avd 395 ( Norsun ), der tanken er å slå oss i saman, eit felles styre med felles mål. Håpar på bedre og større engasjement blandt lærlingar og unge i perioden som kjem. Line N Rudrudjordet Leiar Ungdomsutvalet

14 RAPPORT FRÅ DATATILLITSVALGT: Ingen hendelsar i perioden. Vidar Lerum Datatillitsvalgt RAPPORT FRÅ AKAN AKAN står for Arbeidslivets Kompetansesenter for rus og avhengigheitsproblematikk. AKAN, vart oppretta i 1962, og er eit samarbeidsorgan mellom LO, NHO og Staten. ÅKA og ÅKF har sidan AKAN vart igangsett ved vår bedrift vore sterkt engasjert i dette arbeidet Begge foreningane er representert i Hydro Årdal sitt AKAN-utvalg, der undertegna sit som hovudkontakt. AKAN – arbeidet handlar om å bry seg. Det handlar om å hjelpa dei av våre arbeidskameratar som havnar i uføre, anten i form av rusproblematikken eller andre avhengigheitsforhold. I utvalget sit også reprensentantar fra BHT og personal. Utvalget har avholdt 1 kurs for nytilsette lærlingar i av utvalgets medlemmar deltok på AKAN`s årlege haustkonferanse. Det er i 2014 inngått 1 AKAN – avtale ved bedriften. Odd Arne Fodnes Hovudkontakt AKAN-utvalget v/ Hydro Årdal

15 MØTEVERKSEMDA: Det har i perioden vore avholdt: - 1 Årsmøte - 1 Ekstraord. årsmøte - 3 medlemsmøter - 8 Styremøter - 1 styreseminar IE`s Områdeutvalg NORSK HYDRO: I detta utvalget møter leiar og nestleiar med sekretær som vara for begge. Det har i perioden vore avholdt 7 møter i utvalget i tillegg til nokre tlf - møter. Dei viktigaste sakene som er handsama:  Tariff 2014  AMPS  Carbon  PRP og innspel til endringar vedr. Bonusordn.  Budsjettprosess på verka.  IE`s Landsmøte  Info fra styremedlemmar.  Protokoll bruk av tilkallingsvikarar.  Husnes 100% Hydro  Interessekontoret.  ALT integrering i IE.  HR i hydro.  IA avtalen  Ledarlønningar.  Oppstart SU 3.

16 BEDRIFTSUTVALET (BU): Her møter leiar med nestleiar som vara. Det har i perioden vore avholdt 3 møter i utvalget. Saker som er handsama: - Rapport fra kvar einhet. - Kvartalsres. - Carbon Det har i tillegg vore avholdt mnd-lige dialogmøter mellom leiing og tillitsvalgte. LO I HYDRO Eit samarbeidsorgan for alle LO- forbunda i Hydro. ÅKA` s leiar sit i styret Leiar og nestleiar møter i LO i Hydro sin samarb.komite Saker som har vore oppe til handsaming/diskusjon i 2014 : - Interessekontoret. - Feriestedene - Info fra styremedl - HR prosjekt ALUMINIUMARBEIDERNES SAMARBEIDSKOMITE Ein komite beståande av tillitsvalgte fra IE for alle Aluminiumsverka i Noreg. Kvar forening stiller med 2 representantar, fortrinnvis leiar og nestleiar. Komiteen har avholdt 3 møter i Saker som har vore til handsaming : - IE`s Landsmøte Innmeldte saker - Valg - Tariff - AMS

17 DET FAGLEGE ARBEIDET Dei viktigaste sakene foreningen har handsama i 2014 : - Pensjonsordningar - Karbonprosjektet, Carbon Tariffoppgjeret AMPS - HMS / Loto relaterte saker - Omforing / I - mur - Budsjettarbeid - IE`Landsmøte Årleg helsekontroll - Interessekontoret - Protokoll tilkallingspersonell - IA avtalen - Badbygget - Kantina - Hydro Monitor - Vatntilgang, spesielt i varmen - Virksomheitoverdragelse køyretøy - Skiftordning I – mur og smetarar - Ferieavvikling / Flexidagar - Styreseminar - Foreningens heimesider - Antirasismearbeid - Bemanning Carbon Da Hydro overtok 100% eigarskap av Hydro Husnes, vart også Hydro`s eigarskap i Aluchemi auka. Derfor vart prosjektet lagt tilsides ein kort periode. Prosjektet er no i full vigør att. I den nye styringskomiteen sit undertegna og Fabr. Sjef Egil Fredriksen. Ei endeleg innstilling er forventa å koma i slutten av året.

18 Tariff 2014 Årets tariffoppgjer vart eit hovudoppgjer. Forhandlingane mellom IE og Norsk Industri foregikk 5 og 6 mai. Einighet om følgande. -Kr 0,75 pr. Time, kr 1462,50 pr. år. -Skiftillegg og helligdagstillegg 2,6% / Hydro oppjustert til 3,9%. Ingen uravstemming, einighet over bordet. Lokale forhandlingar mellom Hydro og IE foreningane vart avholdt på Gardemoen 19 og 20 mai. Her møtte leiar, nestleiar og sekretær for alle foreningane. Allerede under 2 tilbud fra bedriften tok vi brudd. Partane stod langt fra kvarandre. Vi kalla inn forbundet og skreiv ueinghetsprotokoll med ein påfølgande pressemelding. Aksjonar ute på verka vart igangsatt. 12 Juni vart det nye forhandlingar der bedriften kom med eit tilbod på kr 1500,- pr. år for kvar sats i AMPS – kompensasjonssystem. Partane vart einige. Endeleg resultat ,- pr. År inkl sentralt tillegg. -Skiftsatsar opp 3,9%. AMPS Da dei Handlingsansvarlige over tid har vorte pålagt fleire oppgaver i sitt daglige virke har IE foreningane i Hydro krevd ein økonomisk oppjustering i AMPS kompensasjonssystem. Forhandlingane har pågått i lang tid, men i november kom vi endeleg til einighet. Funksjonen som handlingsansvarlig operatør flyttes fra C nivået til D – nivå i AMPS kompensasjonssystem. Ansatte som innehar funksjonen som HA operatør vil bli kompensert med D – nivåets garanterte lønnsats, for tida pr. År. ÅKA`s Antirasismearbeid Vi har desverre ikkje registrert enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har engasjert seg i kampen mot rasisme i året vi har lagt bak oss. Derfor ingen prisutdeling. Foreningen fortsetter sitt engasjement i detta viktige arbeidet Kantina Dette er ei sak foreningen har brukt mykje tid på etter at vi for nokre år sidan fekk på plass eit kantinetilbod for dei ansatte. Opningstider har vorte kraftig redusert og dermed har dette ikkje vorte den goden som vi håpte alle ansatte fekk ta del i. I og med at bedriften har registert kraftige kostnadsprekk har ein no bestemt at denna ordningen skal outsourcast. Dei noverande ansatte vil vera med i denne overføringa, men vil ha sitt ansettelseforhold i Hydro. Vi håper at dette vil føra til ei gunstigare opningstid for alle ansatte.

19 Interessekontoret Hydro har i lang tid ønska å avvikla denne ordningen. Samtlige foreningar i selskapet har gått i mot desse planane. I november kom gladmeldingen om at Hydro ikkje legg ned ordningen. Interessekontoret vil bestå, men med ein del nødvendige endringar. IA – avtalen Det er no einighet både sentralt og lokalt om å underteikna ein ny IA – avtale. Forenings heimesider Desse er no endeleg oppe. Vi håper at fleire av våre medlemmer vil nytta denne infomuligheiten. Styret har ansatt Trygve Hagen som Web – ansvarleg. Styreseminar Vårt årlege styreseminar hadde desse sakene på agendaen. -Omorganisering ÅKA -Heimeside ÅKA -Framtidsutsikter Hydro Årdal v/ Fabr.sjef. 12 deltakarar med økonomisk støtte fra Forbundet deltok. Stort engasjement og gode forslag med felles innstilling ifm omorganisering ÅKA. Innstilling til omorganisering av ÅKA framlagt i ekstraordinært årsmøte i desember med solid oppslutnad.

20 SLUTTORD Foreningen har lagt endå eit hektisk år bak seg. Ser vi inn i krystallkula for 2015 so er det fleire viktige utfordringar vi står foran. -Carbon Utvilsomt den viktigaste saken vi jobbar med. Ei innstilling om framtidig anodeleveransar til Hydro`s aluminiumsverk vil etter planen vera klar i desember d.å. La oss håpa på ein best mulig innstilling. -Unngå vrakproduksjon. -Kampen for AML. -Revidering av særavtalen. -Fokus på oppdatert heimeside. Styret i ÅKA vil avslutta årsmeldingen med å takka dei tillitsvalgte og alle våre medlemmer, vårt forbund IndustriEnergi, dei andre IE foreningane i Hydro og ellers andre for godt samarbeid i perioden vi har lagt bak oss. Vi ønsker samtidig det nye styret lukke til med arbeidet i perioden det har foran seg. Denne årsmeldingen er godkjent av styremedlemmane i ÅKA utan merknader. Vi ber om at den vert lagt ved årsmøteprotokollen Odd Arne Fodnes Rune Guttormsen Leiar Nestleiar Harald Midtvoll Sekretær


Laste ned ppt "Årsmelding 2014 Årdalstangen Kjemiske Arbeiderlag."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google