Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Planlegging av samfunnsutvikling i eit folkehelseperspektiv Foredrag, Folkehelsedagane Førde 2010 7. desember 2010 Professor dr. Roar Amdam.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Planlegging av samfunnsutvikling i eit folkehelseperspektiv Foredrag, Folkehelsedagane Førde 2010 7. desember 2010 Professor dr. Roar Amdam."— Utskrift av presentasjonen:

1 Planlegging av samfunnsutvikling i eit folkehelseperspektiv Foredrag, Folkehelsedagane Førde desember 2010 Professor dr. Roar Amdam

2 Folkehelsearbeid og 90/10 regelen Den vesle folkehelsepolitikken, 10 %. Dette kan eg lite eller ingenting om. Den store folkehelsepolitikken, 90 %. Mitt bidrag til folkehelsearbeidet er her, dette er organisasjons- og samfunnsutviklingsarbeid. 2www.hivolda.no

3 Budskap 1: Folkehelse er empowerment Folkehelsearbeid har som grunnleggande bodskap at folk både som individ og kollektiv må ta større ansvar for eiga helse fordi offentlig sektor ikkje makter å tilfredsstille alle helsebehov Folkehelsearbeidet er i teorien empowerment der målet er å auke både individuell og kollektiv handlingskapasitet 3www.hivolda.no

4 Målet med empowerment er individuell og kollektiv kapasitetsbygging Tilrettelegging utenfra (eksogent) Ressursmobilisering innenfra (endogent) Individuell og kollektiv kapasitetsbygging 4www.hivolda.no

5 Den store utfordringa The empowerment discourse of health promoters, legitimised by the Ottawa Charter for Health promotion (WHO 1986), has created a major tension in health promotion today: Many health promoters continue to exert power over the community through top down programs, whilst at the same time invite people into emancipatory bottom up processes, without having a clear understanding of how community empowerment can be accommodated within health promotion programs. Laverack and Labonte (2000:261): A planning framework…. 5www.hivolda.no

6 Årsak Verknad MiddelMål Forsking: Finne årsaker til verknader (evidens) Objektiv kausalkunnskap Ekspertmakt Planlegging: Finne middel som fremmar måla Ekspertmåten å arbeide på Den instrumentelle fornuften skaper klientar 6www.hivolda.no

7 7 Krav til instrumentell planlegging Innsats, produkt og resultatmåling bygger på årsakssamanhengar og nyttemaksimering, det vil seie: Full oversikt over nosituasjonen Klare og eintydige mål er formulert Finne alle alternativ som oppfyller måla Finne alle konsekvensar av alle alternativ Velje det alternativ som har konsekvensar som best oppfyller måla Korrigerer i samsvar med resultatmålinga

8 Sosialteknokrati Det vil seie at økte ressursar, økt kunnskap, meir informasjon, betre metodar og større effektivitet i offentlig sektoren er vegen å gå for å løyse problema (evidensbasert intervensjon) Samfunnet sine ulike formelle institusjonar er for lite utbygde og samordna, og det er behov for meir fagfolk som kan hjelpe menneska. Gir meining til helsereparerande og sykdomsforebyggande strategiar som hindrar at miljø i vid tyding påfører personar uhelse (helsebeskyttande). 8www.hivolda.no

9 Strategiar Handlingar Visjonar Kunnskap Endra praksis Ny erkjenning Dialogmåten å arbeide på Den kommunikative fornuften inkluderer folk Friedmann (1978) The epistemology of social practice 9www.hivolda.no

10 10 Krav til kommunikativ planlegging Bidreg til individuelle og kollektiv kapasitetsbygging i prosessar med maktlikevekt og begrunningsstvang, det vil seie: At alle viktige aktørar er representerte At dei er legitime representantar for dei som dei taler på vegne av At dei er kompetente og likeverdig i stand til å representere At dei er interesserte i å kome til sams forståing og semje med kvarandre At alle har same grad av innflytelse gjennom deltakinga At alle må kunne innrømme feil og skifte oppfatning i dei tilfella dei vert møtt med betre argument At alle antakingar og ytringar må kunne kritiserast og diskuterast At det ein seier til kvarandre (talehandlingar) er: –sant, dvs. inneheld fullstendige fakta –ekte i tydinga stå for det ein seier, ufalsk, påliteleg m.m. –rett i høve til gjeldande normer, lover, reglar, planar m.m. –forståelig

11 Sosialpedagogikk Kommunikativ rasjonalitet basert på kommunikasjon, integrering og personlig vekst er vegen å gå for å løyse problema. Samfunnet sine uformelle institusjonar og sosiale kontroll er for lite utvikla og må styrkast, det vil seie sosiale nettverk, sjølvhjelpsgrupper, direkte demokrati og kollektive aksjonsformer m.m. Gir meining til helsefremmande og sykdomsforebyggande strategier som aukar meistringsevne og livskvalitet hos personar og grupper 11www.hivolda.no

12 Den store utfordringa Det moderne samfunnet strir med at den instrumentelle logikken dominerer og fører til egoisme, klientifisering, fragmentering m.m. Den kommunikative rasjonaliteten kan fremme fellesskap, handlingskapasitet, heilskapstenking m.m. Det store spørsmålet er korleis kombinere dei og gjere den kommunikative overordna den instrumentelle logikken 12www.hivolda.no

13 Behov for Jing og Jang tilnærming 13www.hivolda.no

14 Budskap 2: Folkehelse er politikk Oppnå aksept og legitimitet for folkehelsearbeidet Sette folkehelse på den politiske dagsordenen Organisere produksjonen Gjennomføre tiltak Evaluere og lære 14www.hivolda.no

15 15 Systemmodell av den politiske prosess Michael Hill 1998: The policy process – a reader Inntakssida Inputs Krav, støtte, ressursar Produk- sjonssida Det politiske system Avgjerder, forhandlingar m.m. Uttakssida Outputs Produkt, prestasjon, service Resultatsida Outcomes Legitimitetssida Formulering av problem

16 Variabler i kapasitetsbyggende plan- og utviklingsarbeid 16www.hivolda.no

17 Verktøy i kapasitetsbyggende plan- og utviklingsarbeid 17www.hivolda.no

18 18 Grubleoppgåve I kva for situasjonar er kommunikativ planlegging eigna? I kva for situasjonar er instrumentell planlegging eigna? Korleis heng dei saman?

19 Budskap 3: Folkehelse som partnerskap og styringsnettverk Samfunnsstyring skjer gjennom: 1.Offentlig byråkrati, hierarki og kommando 2. Marked med tilbud, etterspørsel og lovregulering 3. Nettverk, partnerskap (samstyring og styringsnettverk) 4. Folkevalde 19www.hivolda.no

20 Partnerskap og nettverksgovernance Partnerskap er framforhandla og meir eller mindre bindande samarbeid mellom gjensidig avhengige, men autonome partar Partnerskap i folkehelsearbeidet kan kallast samstyring og styringsnettverk fordi den omfattar både offentlig, privat og frivillig sektor og fleire styringsnivå. 20www.hivolda.no

21 Todelinga av samfunnsplanlegginga Government: Virksomhetsplanlegging Nettverksgovernance: Samfunnsplanlegging 21www.hivolda.no

22 Styringsnettverk Avtalebasert offentlig-privat-frivillig-partnerskap Skoler, universitet, forsking Departement og direktorat Banker m.m. Sykehus m.m Bedrifter Gjensidig avhengighit Nærings- organisasjoner RESSURSAR TILLIT Frivillige lag og organisasjoner Andre Offentlig innsyn og kontroll Fylkesmannen Kommunar Output og outcome Fylkeskommunen Politi 22www.hivolda.no

23 Partnerskap i kapasitetsbyggende plan og utviklingsarbeid 23www.hivolda.no

24 24www.hivolda.no

25 25www.hivolda.no

26 Buskap 4: Folkehelsearbeidet kan understøttast med gode planprosessar Basert på erfaring og forsking kan vi snakke om en prosesslederkompetanse som gjeld endringsarbeid både i samfunn og organisasjoner 26www.hivolda.no

27 Institusjonell planlegging og metastyring Strategisk planlegging Taktisk planlegging Operativ planlegging Institusjonell planlegging 27www.hivolda.no

28 Institusjonell planlegging Gjeld utvikling og synleggjering av dei grunnleggande verdiane som gjennomsyrer og rettferdiggjer den planleggande eininga sin eksistens, herunder eigen misjon (eksistensgrunn), menneskesyn, leiarfilosofi m.m. Legitimitet kjem både innafrå og utanfrå. Kjem til syne i plan for planlegging og eller rett og slett i sjølve programmet eller prosjektet. Kommunale planar: Planstrategi og planprogram 28www.hivolda.no

29 Plansystem og dokument 29www.hivolda.no

30 30 Legitimitet og institusjonell planlegging Utfordringar basert på våre erfaringar Kontinuerlege prosessar versus prosjekt Prosjekt som arbeidsform Ofte tilfeldig utgangspunkt Uklare mandat og forventingar For bindande framdriftsplanar Ulike arbeidsvilkår for deltakarane Dårleg forankring (i toppleiinga) Prosjektleiar, -sekretær, eller -koordinator Arbeidet fører ikkje fram til vedtak om avtalefesta samarbeid eller forpliktande planar Konfliktfylt møtet mellom politikk ovanfrå og nedanfrå

31 Eigenevaluering: Institusjonell planlegging og legitimitet Kva er det viktigaste som arbeidet/prosjektet har gjort for å auke legitimitet folkehelsearbeidet i organisasjonen og samfunnet ditt? Kor sterk meiner kommunen/prosjektleiinga legitimiteten til folkehelsearbeidet i organisasjonen og samfunnet no? Kva planlegg de å gjere for å styrke legitimiteten? Kva tenker du omkring rolla som prosjektleiar? Kva er den største utfordringa for prosjektet no? 31www.hivolda.no

32 Strategisk planlegging og mobilisering Strategisk planlegging Taktisk planlegging Operativ planlegging Institu- sjonell planlegging 32www.hivolda.no

33 Strategisk planlegging Gjeld tilpassing av den planleggande eininga sine aktivitetar til omgivnaden og/eller påverking av denne. Inneber mobilisering, samtale, tillitsbygging, setting av dagsorden Kjem til syne i synet i tolkinga av utviklingstrekk og utfordringar, og i val av innsatsområde, utbyggingsmønster, mål- og retningslinjer for samfunnsutviklinga, for eiga verksemd, organisasjonsutvikling m.m. Kommunale plandokument: Kommuneplanens samfunndel og virksomheitsplan(ar) 33www.hivolda.no

34 34 Mobilisering og strategisk planlegging Utfordringar basert på våre erfaringar Deltaking skaper erkjenning av situasjonen og aukar handlingskompetansen Strategisk planlegging kombinert med folkemøte med gruppearbeid (stormøte) skaper kollektiv vilje Stormøta kan bli oppfatta som konkurrent til det representative demokratiet Deltakarane har ulike tidshorisontar Kan arrangere mange små stormøte for å treffe bestemte målgrupper Bruke munn til munn metoden for å få med folk Kritisk overgang frå mobilisering til organisering

35 Kva meiner kommunen/prosjektleiinga er det viktigast som har blitt gjort i arbeidet/prosjektet for å mobilisere folk og sette folkehelse på den politiske dagsordenen i organisasjonen og samfunnet ditt? Kor akseptert meiner kommunen/prosjektleiinga folkehelse er som eit overordna mål og som retningslinjer for meir detaljert planlegging i din organisasjon og ditt samfunn no? Kva planlegg de å gjere for mobilisere folk og å styrke folkehelsa sin posisjon på den politiske dagsordenen? Eigenevaluering: Strategisk planlegging, mobilisering og politisk agendasetting 35www.hivolda.no

36 Taktisk planlegging og organisering Strategisk planlegging Taktisk planlegging Operativ planlegging Institu- sjonell planlegging 36www.hivolda.no

37 Taktisk planlegging, også kalla administrativ planlegging Gjeld den formelle organiseringa og styringa av den planleggande eininga sine ressursar Kjem tilsyne i den planleggande eininga sin prioriteringar, design hierarki og stillingar, og i prosessar for delegering, koordinering, m.m. Kommunale plandokument: Kommuneplanens arealdel, handlingsprogram, økonomiplan, budsjett m.m. 37www.hivolda.no

38 38 Organisering og taktisk planlegging Utfordringar basert på våre erfaringar Vanskeleg å få folk og organisasjonar til å forplikte seg Nødvendige ressursar er ikkje tilgjengelege før seinare Viktig å bruke eksisterande organisasjonar, men avtalefesta samarbeid er nødvendig Kan oppstå behov for nye organisasjonar som stiftelsar, aksjeselskap, prosjekt m.m. Samorganisering er som regel nødvendig Konfliktfylt møteplass for kommunikativ visjonskraft og instrumentell nyttemaksimering

39 Kva meiner er det viktigaste som arbeidet/prosjektet har gjort for å påverke organiseringa av produksjonen og avgjerdstakinga i folkehelsearbeidet? I kva grad meiner kommunen/prosjektleiinga at folkehelse no er forankra i arealplanlegginga, utbyggingsprogram, års-/langstidsbudsjett og det daglege arbeidet i din organisasjon og partnerane i samfunnet? Kva planlegg de å gjere for å fremme organiseringa av produksjonen og avgjerdstakinga i folkehelsearbeidet? Eigenevaluering: Taktisk planlegging, organisering og avgjerdstaking 39www.hivolda.no

40 Operativ planlegging og gjennomføring Strategisk planlegging Taktisk planlegging Operativ planlegging Institu- sjonell planlegging 40www.hivolda.no

41 Operativ planlegging Gjeld den daglege verksemda til den planleggande eininga Kjem til syne i alle gjennomføringsplanar og den dagleg drifta m.m. Kommunale plandokument: Reguleringsplanar, utbyggingsplanar, utbyggingskontraktar og i organisasjonen sine årsbudsjett, turnusplanar, vaktplanar m.m. 41www.hivolda.no

42 42 Gjennomføring og operativ planlegging Utfordringar basert på våre erfaringar Viktig med klar og konkrete avtalar mellom partnerane om handlingar (prosjekt) Avgrensa kontroll over partnerane si gjennomføring av sine delar av avtalen Problem med sanksjonar når partnerane ikkje gjennomfører sin del av avtalen Pengar i prosjektet gir både kontroll og servilitet Veldig viktig med raske, synlege og markerte handlingar (symboleffekt) 42www.hivolda.no

43 Kva meiner kommunen/prosjektleiinga er dei viktigaste tiltaka som arbeidet/prosjektet har gjennomført for å påverke folkehelsa? Kor sterk meiner kommunen/prosjektleiinga at kapasiteten i organisasjonen og samfunnet er til å implementere folkehelsetiltak? Kva for nye folkehelsetiltak-/prosjekt planlegg de å gjennomføre? Eigenevaluering: Operativ planlegging, implementering og bidrag til folkehelsearbeidet 43www.hivolda.no

44 Planlegging og læring på ulike nivå: Strategisk planlegging og djuplæring Taktisk planlegging og erfaringslæring Institusjonell planlegging og metalæring Operativ planlegging og rutinelæring 44www.hivolda.no

45 Planlegging og læring Gjeld alle formar for dokumentering, rapportering, evaluering og revisjon med sikte på læring og korrigering Kjem tilsyne i den planleggande eininga sin rapportar, rekneskap, evalueringsprosessar, styringsdialogar m.m. Kommunale plandokument: Prosjektrapportar, årsrapportar, årsmeldingar, KOSTRA-tal m.m. 45www.hivolda.no

46 Rapportering og læring Utfordringar basert på våre erfaringar Enkelte organisasjonar og samfunn har lært meir enn andre og framstår som vinnarar, andre kjem etter Særleg folkevalde meiner at årsmeldingar, brukargranskingar, KOSTRA m.m. gir dei lite/vanskeleg tilgjengeleg kunnskap om korleis folk har det Viktig å oppfatte evaluering som ein kommunikativ prosess som inkluderer harddata (som til dømes helseprofilar) Djuplæring i form av endra verdiar og haldningar som kan gi endra handlingar skjer sjeldan 46www.hivolda.no

47 Kva meiner kommunen/prosjektleiinga er det viktigaste som har blitt gjort og kva er dei viktigaste folkehelseeffektane som er oppnådd i folkehelseprosjektet? Kva har kommunen/prosjektleiing gjort for å skape ein læringsprosess om folkehelse i kommunen som organisasjon og som samfunn? Kven har lært i organisasjonen og i samfunnet, kva har dei lært og korleis kjem dette til uttrykk i folkehelsearbeidet? Kva planlegg de å gjere for å styrke læringsprosessen? Eigenevaluering: Evaluering og læring i folkehelsearbeidet 47www.hivolda.no

48 48 Råd til koordinatorane i kommunane, 1/3 Hugs at folkehelsearbeidet skal gå vidare utan ekstrahjelp etter avtale-/ eller prosjektperioden Målet for koordinatoren bør vere å gjere seg sjølv ”overflødig” i løpet av perioden Sørg for at arbeidet er underlagt folkevald styring, forankra i toppleiinga og at du får ei partnerasamansett arbeidsgruppe rundt deg Bruk i størt muleg grad eksisterande organisasjonar og (plan-)prosessar 48www.hivolda.no

49 49 Råd til koordinatorane i kommunane, 2/3 Folkehelsearbeidet er både samfunnsplanlegging og utvikling av eigen organisasjonen Mobilisering av forvaltning, foretak, folkevalde, frivillige og folk flest er ei kontinuerleg oppgåve, og den er tvingande nødvendig for å skape nødvendig endringstrykk og -vilje Ikkje krev sektorsamarbeid eller endra sektorpolitikk før du har mobilisert ein tilstrekkeleg maktbase i dei fem f-ane 49www.hivolda.no

50 50 Råd til koordinatorane i kommunane, 3/3 Pass på å få andre til å gjere ting. Du kan ikkje gjere alt sjølv! Kommuniser og marker resultat. Få gjerne medieomtale av det som blir gjennomført, men pass på å dele æra med dei som fortener det Trekk lærdom av både det som går bra og dårleg. Hugs at ting tek tid, og at det umulege ofte berre tek noko lengre tid! 50www.hivolda.no

51 Takk for meg! Du finn meir om meg her: 51www.hivolda.no


Laste ned ppt "Planlegging av samfunnsutvikling i eit folkehelseperspektiv Foredrag, Folkehelsedagane Førde 2010 7. desember 2010 Professor dr. Roar Amdam."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google