Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

7. mars 2008 Rolf Vårdal fysioterapeut

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "7. mars 2008 Rolf Vårdal fysioterapeut"— Utskrift av presentasjonen:

1 7. mars 2008 Rolf Vårdal fysioterapeut
Kulturskilnader og smerte Forståing for reaksjonar hos torturoverlevarar 7. mars 2008 Rolf Vårdal fysioterapeut

2 Kulturskilnader og smerte
Flyktningar Traume Migrasjon/akkulturasjon/dilemma Terapi

3 Kva er ein flyktning? ”Ein person som har sett seg nødt til å forlate heimlandet fordi han eller ho har ei velbegrunna frykt for å bli forfølgd på grunn av rase, religion, nasjonalitet, tilhøyrigheit til ei spesiell sosial gruppe eller politiske meiningar, og som opplever at myndigheitene i heimlandet ikkje kan eller vil gi det (personlege sikkerheit) han eller ho treng”. FNs Flyktningkonvensjon 1951

4 Umogeleg å gi fasitsvar
Flyktningar er innbyrdes minst like ulike og mangefasetterte som oss Ulike med tanke på erfaringsbakgrunn, utdanning, yrkeserfaring, familie, sosial status, religion/religiøsitet, ressursar, by-land, ”traumer”, etc.

5

6

7

8

9 Flyktningar i Noreg Overføringsflyktningar Asylsøkarar Familiesameina

10 Flyktningpasienten

11 Forekomst av ekstreme påkjenningar hos flyktningar
Lie, Lavik & Laake, 2001, N=462 busette flyktningar, ikkje-klinisk utvalg: 72 % har opplevd krig 78 % har opplevd å vere i livsfare 63 % har levd i skjul 14 % har vore fengsla 18 % har vore i konsentrasjonsleir 41 % har vore vitne til tortur 14,5 % har sjølv vore torturerte 30,7 % har sett andre bli drepne Høgare i klinisk populasjon. Det er desse menneska vi møter. Det ligg i det å vere flyktning at ein har opplevd ekstreme påkjenningar.

12

13

14

15

16

17

18

19

20

21

22

23

24

25

26

27

28

29

30 Fellestrekk Fysisk og/eller psykologisk traume mot sårbare deler av soma eller psyke Fysisk og/eller psykologisk effekt Menneskeskapt - utført av ”medmenneske”/helsepersonell Mangel på verdigheit

31 Reaksjonar Fysisk smerte på skadestad
Sekundære smerter p.g.a. endring i rørslemønster ”Uforståelege” symptom Psykologisk reaksjon, PTSD, isolasjon, mistenksomheit, sorg, tap, skam, skuld, nedsett eigenverdi

32 Migrasjon - eksil Påkjenning uansett
Endring av roller; familie, mor-far/voksne-barn, arbeid 1 bein i heimland, 1 bein her Forklaringsmodellar som ikkje gir respons her Vanskeleg å behalde kjende roller i nytt heimland, manns- og kvinneroller er ulike. Barn lærer ofte språket og kulturelle kodar i det nye heimlandet fortare, får ein funksjon/rolle heime og ei anna rolle ute. Krav om å behalde det gamle heimlandet vs. å tilpasse seg og fungere i det nye.

33 Migrasjonsstress, årsak og konsekvens
Tap av heim og kjende omgivelsar Tap av nettverk og familie Tap av kultur og samfunn Tap av verdigheit og helse Tap av status og rolle Tap av kjent arbeid og aktivitet Reaksjonar: sorg og sakn, angst, utryggheit – mistar fotfestet. Språk. Tap av identitetsmarkørar

34 Brotne livsløp Menneske søker mot ein samanhengande historie om livet sitt Viktig for identitet (sjølv-narrativ) Flukt til nytt samfunn skapar diskontinuitet og tap av tidlegare identitetsmarkørar Traumatisering skaper hol i livshistorien og vanskeleggjer integrert identitetsforståing Nye narrativar kan bli dominerande hos flyktningar: traumatisert/offer, utlending, sosialklient, osb.

35 Akkulturasjonsstress
Def.: tilpassing til ein ny, dominant kultur Læring av språk og kulturelle spelereglar Læring av system og samfunnsstruktur Medfører ofte oppleving av nederlag og manglande meistring, samt kjensle av å vere mindreverdig og annleis Kan også medføre sinne/frustrasjon og avmakt Særleg vanskeleg dersom ein er traumatisert, og opplever mykje sorg. Diskriminering. Særleg vanskeleg dersom stor geografisk og kulturell avstand til det nye landet.

36 Kultur Def.: ”Kultur er den komplekse heilskapen som består av kunnskapar, truformer, kunst, moral, jus og skikkar, forutan alle dei øvrige ferdigheiter og vanar eit menneske har tileigna seg som medlem av eit samfunn” (Keesing, 1981) Referanseramme for meining og oppfatting av verda Tar lengre tid å bli kjende, fordi ein ikkje har same ståstad.

37 Ulike ståstader i forhold til kultur
Etnosentrisme – utvisking av kulturskil-nader, eigen kultur blir ideal og målestokk Kulturrelativisme – anerkjenner kulturskilnadene, men kvar kultur kan kun forståast utfrå seg sjølv Kultursensitivitet – medvit om eigen kulturell ståstad, og sensitivitet i tilnærminga til andre kulturar Køyrer på med vestlege metodar, utan å forklare, handlingslamming og eksotifisering. Etnosenttrisme: manglande medvit på eigne verdiar, går ut frå at alle tenkjer som oss. Søke litteratur, men bruke pasienten som kunnskapsbasis – sjå individet.

38 Kollektivisme vs. individualisme
Identitet knytt til gruppetilhøyrigheit Gruppas behov går før individets Avhengigheit og innordning Identitet er personleg og individuell Personlege behov viktigast Uavhengigheit og sjølvstende Eks S.Z. Andre utfordringar i terapi? Pakistan Afrika Iran Noreg USA Arabia Tyrkia

39 Akkulturasjon Akkulturasjon er det som skjer når personar eller grupper kjem i kontakt med kvarandre

40 Auka risiko for psykiske lidingar?
Høgare forekomst av psykiske plager og lidingar enn i befolkninga for øvrig (Westermayer 1991, Hauff 1994, Johansson et al. 1997) Meta-analyse om 7000 flyktningar busette i vestlege land (Fazel, Wheeler & Danesh 2005): - PTSD: 9 % (vaksne) og 11 % (barn) - Alvorleg depresjon: 5 % - Generalisert angst: 4 %

41 PTSD - symptom Gjenoppleving av traumet gjennom
påtrengande minne, draumar, flashbacks Unngåing av stimuli knytte til traumet; nummenheit, kjenslemessig avflating, distanse til andre menneske Auka kroppsleg aktivering; Søvnvanskar, irritabilitet eller sinneutbrot, konsentrasjonsvanskar, overdreven vaktsomheit, skvettenheit, auka reaksjonsberedskap

42 AUTOBIOGRAFISK MINNE =
FAKTA COLD MEMORY (hippocampus) Summarisk kan ein seie at frå 4-5 års alder blir minne om tidligare hendingar/erfaringar organisert i hjernen som forteljingar om oss sjølve, det vi kallar det sjølvbiografiske minnet. Mykje av det som hende før 4-5 års alder er ikkje organisert i det språklege minnet, men i det sensori-perseptuelle-emosjonelle minnet. To minnestrukturar reknast for spesielt relevante for innkoding av normale livserfaringar og traumatiske erfaringar: det autobiografiske minnet; - cold memory; verbalt-tilgjengeleg minne og - hot memory; sensori-perseptuelt-emosjonelt minne; situasjonelt-tilgjengelig minne. Erfaringar blir normalt sett lagra i ei integrering mellom autobiografisk minne og sensori-perseptuelt-emosjonelt minne. Hippokampus er sentral for det autobiografiske minnet. Her organiserast erfaringar i kronologisk rekkefølgje som ein samanhengande livshistorie. Her blir det svara på spørsmåla NÅR og KVAR. Det er lett for oss å sette ord på dei då dei er omdanna til og lagra som meiningsfull kognitiv representasjon av hendinga i samanheng med andre hendingar/livshistorie i tid og rom. Vidare anser ein den som spesielt viktig for innkoding av informasjon som motseier tidlegare erfaringar/nylæring. Amygdala er hovudsete i Hot memory. Minna i Hot memory, er fragmenterte minne utan kronologisk og språkleg organisering/representasjon. Hot memory aktiverast automatisk, mens cold memory krev eigen vilje for å komme på banen. + SANSEINNTRYKK HOT MEMORY (amygdala) EMOSJONAR FYSIOLOGISKE REAKSJONAR KOGNITIVT ELEMENT

43

44 Fryktnettverk - Type II traume
Her er eit enno meir utvikla fryktnettverk. Dette er eit tamilsk barn som har opplevd mange traumatiske hendingar, først knytt til borgarkrig på Sri Lanka, så til tsunamibølgja som nådde østkysten av øya. Jau fleire traumatiske hendingar, desto større fryktnettverk. Aktivering av eitt enkelt element kan føre til aktivering av andre element.

45 HOT MEMORY(amygdala) PTSD / Brot TERAPI (hippocampus)
”24. mars, kl , då NATO-bomber byrja å falle, såg eg paramilitære med svarte masker som sprang gjennom Djarkovica, dei skaut og drap folk, og sette husa i brann…” INTEGRERT AUTOBIOGRAFISK MINNE Denne strukturen endrar seg når ein er traumatisert/har PTSD. Ved moderat stress blir Hippocampus sin kapasitet auka/skjerpa. Når vi blir utsette for traumatiske erfaringar blir vi overvelda og klarer ikkje å få meining i det som skjer: den autobiografiske hukommelsen/H blir sett ut av funksjon. Det er påvist at hippocampus blir skadd og redusert i storleik (celledød, tap av hjernevev). Då blir mykje av det vi hugsar organisert i kroppens sanseapparat og i rørsler i dei indre organa: dette kaller vi for hot memory; sensori-perseptuelt-emosjonelt minne; situasjonelt-tilgjengelig-minne; frykt-nettverk. Det er representert i eit nettverk av kroppssansingar og emosjonar. Når dei blir reaktivert som Flashbacks opplevast det som det skjer her og no. PTSD er relatert til hot memory, og har sin basis i fryktnettverket. Amygdala er hypersensitiv for traumerelaterte triggerar slik at små påminnarar kan aktivere det store fryktnettverket med enorm intensitet. Hot memory aktiverast automatisk, mens cold memory krev eigen vilje for å komme på bana. Når pasienten har ein flashback, som er sjølve tennvæska til dette nettverket, er tilgang til det sjølvbiografiske minnet umogeleg. Det terapeut må gjere, er å bidra til å gjenopprette kontakten mellom cold og hot memory, opne tilgang til informasjon som er lagra i cold memory, og slik hindre full fryktrespons: OK det var der og då, no er eg trygg. Behandling skal aktivere fryktnettverket, få pasienten til å gjenoppleve den traumatiske hendinga gjennom kontrollert eksponering, og fullføre det autobiografiske minnet slik at ein hindrar ein fryktstruktur/eit fryktnettverk i å ta overhand. FAKTA 24. mars kl budde eg på garden min i Djarkovica; vi hadde 3 kyr… COLD MEMORY (hippocampus) PTSD / Traumatisk minne: Brot TERAPI Svarte masker, mørk natt, skyting, hus som brenn SANSEINNTRYKK HOT MEMORY(amygdala) Frykt - tristheit EMOSJONAR Hjartet slær, eg pustar fortare, eg svettar FYSIOLOGISKE REAKSJONAR Eg kan ikkje gjere noko KOGNITIVT ELEMENT

46 Folke-psykologi - Tigray
Dr. Psychol. Dag Øystein Nordanger Diagnostisering: symptom eller meistring. Kontekstavhengig. Psychosocial discourses and responses to political violence in post-war Ethiopia. Tigray. Kulturbetinga aspekt ved ”diagnosekriteria til PTSD”: Autoritativ sosiokulturell diskurs oppfordrar personar til å unngå å vise eller snakke om emosjonell smerte. Unngåingsåtferd er for det aktuelle samfunnet ei meistring - mens ICD-10 har unngåingsåtferd som eit diagnosekriterium. Under dei marginaliserte sosio-økonomiske betingelsane vil det å forsterke unngåing vere funksjonelt, då det tvingar folk til å fokusere på å overleve i kvardagen. Ulike former for eksponeringsterapi er ikkje alltid det klienten trur på: Kontekstavhengig forståing og formulering av traume. I skildring av konsekvensar av politisk vold fokuserer folket på dei negative konsekvensane for hushaldet og inntekt/overleving for dei attlevande og neste generasjon. Dei psykososiale problema blei oppfatta som ein konsekvens av forverra hushaldsproblem – ikkje av traumehendingane. Meistringsstrategiar i post-krigs Etiopia: Endre tankane – tenke oppmuntrande. Sammenlikne seg med verrestilte. Ofra seg for landets uavhengigheit. Distraksjon – gjere seg for oppteken til å ha tid til å tenkje på det triste og vanskelege. Investere i framtida. Barns utdanning. Skape/oppretthalde eit levebrød. Ikkje bli late av sorga. Religiøse aktivitetar – be om styrke til å klare det. Gud har også gitt meg alt. Fordi: Trur at sørging og gråt vil få negative konsekvensar for deira helse, hushald, relasjon til Gud. Forsterka av den Etiopiske Ortodokse Kyrkja. Viser at vestlege tradisjonelle mål på traumatisering og meistring er avgrensa/kontekstavhengig. Uttrykke sorg slepper til vonde ånder øydelegg auga gjer knea svake bøyer ryggsøyla irriterer Gud Dag Ø. Nordanger

47 Ikkje berre traume….. Sosiale ressursar Sosiodemografiske karakteristika Premigrasjon stress (Mental) helse Postmigrasjon stress Personlege ressursar (Mental) helse hos flyktningar handlar ikkje berre om traume, men om ein helheitleg livssituasjon med ulike stressbelastningar og ressursar som virkar i samspel (Modell etter Beiser, 1999)

48 Resiliensfaktorar Tilhøyrigheit og tilknyting
Ein klar identitet og ei rolle å fylle Oppleving av meistring Kjensle av kontinuitet Forutseielege rammer

49 Resiliensfaktorar Det viktigaste: Fleirfagleg samarbeid for å styrke resiliensfaktorar Strukturelle nettverksbaserte intervensjonar

50

51


Laste ned ppt "7. mars 2008 Rolf Vårdal fysioterapeut"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google