Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kap 4 og 5 i Eva Maagerø: Språket som mening

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kap 4 og 5 i Eva Maagerø: Språket som mening"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kap 4 og 5 i Eva Maagerø: Språket som mening
Kva er leksikogrammatikk? Tre grunnleggjande meiningstypar Språket som representasjon Kap 4 og 5 i Eva Maagerø: Språket som mening

2 Kva er leksikogrammatikk?
Ein grammatikk skildrar strukturane i eit språk. Michael M. Halliday kallar grammatikken leksikogrammatikk. Med det meiner han at grammatikken ikkje berre omfattar strukturar i setninga og delar av setninga og måten me lagar og bøyer ord på, men også orda sjølve (dei leksikalske einingane). Både dei grammatiske einingane og orda er meiningsskapande ressursar: ”Jan et kokte egg” og ”Jan et pølse” tyder ikkje det same, og ”Jan et kokte egg” og ”Jan åt kokte egg” tyder heller ikkje det same. Leksikogrammatikken let oss kombinera lydar til ord, og ordna orda i ulike grammatiske strukturar som syter for ulik meining.

3 Tre grunnleggjande meiningstypar

4 Tre grunnleggjande meiningstypar
Dei tre metafunksjonane: Den ideasjonelle metafunksjonen Den mellompersonlege metafunksjonen Den tekstuelle metafunksjonen Alle dei tre funksjonane er til stades samstundes i alle tekstar og ytringar, men kan sjåast som tre ulike aspekt som ytringa kan analyserast frå.

5 Den ideasjonelle metafunksjonen
Meining om verda rundt oss. Språket forheld seg til og representerer fenomen i røynda. Språket organiserer erfaringane vi gjer med verda rundt oss og i oss. Ideasjonell meining gjør at vi kan forstå omgjevnadene. Stikkord: Språket som representasjon.

6 Den mellompersonlege metafunksjonen
Alle ytringar er retta mot andre, mot ein lytter eller ein lesar. Ytringa etablerer og opprettheld eit sosialt forhold mellom deltakarane i kommunikasjonen. I kommunikasjon handlar vi sjølv eller saman med andre i omgjevnadene. Stikkord: Språket som meiningsutveksling.

7 Den tekstuelle metafunksjonen
Skapar samanheng mellom dei to andre metafunksjonane. Ressursane i språket for å gjera ein tekst til ein tekst slik at ytringar ikkje opptrer lausrivne frå kvarandre, men blir ein heilskap. Stikkord: Språket som budskap.

8 Språket som representasjon
Den ideasjonelle metafunksjonen gjeld meining om fenomen i verda: Om ting, levande og ikkje levande, konkret og abstrakt Om hendingar og handlingar, kva tinga er eller gjer Om omgjevnadene/omstenda kring desse hendingane og handlingane Alle ytringar har eit innhald, og det er innhaldet me bryr oss om i skildringa av den ideasjonelle metafunksjonen.

9 Språket som representasjon
Innhaldet er knytt til erfaringane våre som menneske. Språket er eit symbolsystem, og symboliserer verda kring oss. Vi kan seia at språket representerer verda/røynda.

10 Setninga som representasjon
Når vi skal arbeida med ideasjonell meining, tek vi utgangspunkt i setninga. Halliday: Setninga spelar ei sentral rolle for meiningsskapinga av di ho har i seg eit generelt prinsipp som gjer det mogleg for språket å representera røynda og konstruera menneskeleg erfaring

11 Setninga som representasjon
Setninga skapar meining om tre grunnleggjande forhold: 1) Prosessar 2) Deltakarar og 3) Omstende. Forholdet mellom desse tre kallar vi transitivitetssystemet. Prosessen, uttrykt ved verbgrupper, er kjernen i ytringa. Kva deltakarar og omstende som vert realisert, er avhengig av prosessen.

12 Setninga som representasjon
Setninga består av prosessar, deltakarar og omstende. Deltakar Jan Cecilie Prosess åt kjøpte Deltakar kokte egg nye støvlar Omstende i dag tidleg i Milano Slik modellerer grammatikken erfaringane våre, og med det framstår grammatikken som eit ”parallelt univers” til røynda.

13 Seks ulike typar prosesser som vert realisert i setningar
Relasjonelle prosessar (Funksjon: Etablera forhold mellom ulike element i omverda, eks: vera, ha) Verbale prosessar (Funksjon: Signalisera noko symbolsk, eks: seia, fortelja, åtvara) Mentale prosessar (Funksjon: Uttrykkjer sansande handlingar, eks: lika, høyra, tenkja, føla) Åtferdsmessige prosessar (Funksjon: Uttrykkjer fysiologiske prosessar, eks: oppføra seg, le, smila, gråta) Materielle prosessar (Funksjon: Uttrykkjer materielle handlingar i den fysiske verda, eks: eta, sykla) Eksistensielle prosessar (Funksjon: Uttrykkjer prosessar som å vera til, eksistera, henda, eks: vera, eksistera, oppstå. Ofte innleidd med ”Det”)

14 Oppsummering om ideasjonell meining
Strukturen i setninga er konstruert for å representera erfaringar vi gjer i verda. Gjennom prosessar, deltakarar og omstende har me det me treng for at språket skal ha denne representasjonskrafta. Analysespørsmål til tekstar: Kva slags prosessar har me i teksten? Er det nokre som dominerer? Kva seier det om teksten? Kva slags deltakarar har vi? Er nokon av deltakarane ofte utelatne som td. Aktør i passiv? Kva seier eventuelt eit slikt språkval om teksten? Kva omstende har vi? Vert mykje uttrykt gjennom omstende? Er det nokon omstende som dominerer? Kva seier dette om teksten?


Laste ned ppt "Kap 4 og 5 i Eva Maagerø: Språket som mening"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google