Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

A1: Kjartan Fløgstads Dalen Portland 1. november 2004

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "A1: Kjartan Fløgstads Dalen Portland 1. november 2004"— Utskrift av presentasjonen:

1 A1: Kjartan Fløgstads Dalen Portland 1. november 2004

2 På programmet Litteraturhistorisk plassering av Dalen Portland
Ein litterær analyse og tolkning av Dalen Portland

3 Kort om Kjartan Fløgstad
Fødd 1944 i Sauda, Ryfylke; bur i Oslo Forteljetalent, språkartist, samfunnsanalytikar Kombinerer kritisk realisme frå Europa med fantastisk realisme frå Latin-Amerika Sosialmodernisme, magisk realisme Heimstaddiktar frå Sauda, omskapt til ”Lovra” Om sjøfolk og industriarbeidarar Industrisamfunn, industrikultur, arbeidarkultur Anti-romanar: Ordspel, vitsar, parodiar, digresjonar, forteljarkommentarar, undergrev fiksjonen Blanding av ”høg”- og ”låg”-kultur Allusjonar til annan litteratur, filmar og musikk Språklege og sjangermessige tradisjons- og normbrot

4 Litteraturhistorisk introduksjon
Debuterer med lyrikk: Valfart, 1968 Seremoniar, 1969 Kortprosa Den hemmelege jubel, 1970 Fangliner, (noveller) 1972 Essays Loven vest for Pecos, 1981 Ordlyden, 1983 Tyrannosaurus Text, 1988 Antipoder, 1996 Dei ytterste ting. Nødvendighetsartikler, 1998 Drama Evig varer lengst, 2000

5 Romanar Rasmus, 1974 Døden ikke heller, 1975 (pseud. K. Villum)
Ein for alle, 1976 (pseud. K. Villun) Dalen Portland, 1977 Fyr og flamme, 1980 U3, 1983 Det 7. klima, 1986 Kniven på strupen, 1991 Fimbul, 1994 Kron og mynt. Eit Veddemål, 1998 Paradis på jord, 2002

6 Nokre litteraturvitskaplege begrep
Sjanger Forteller Perspektiv Synsvinkel: hvem ser vi med Fokus: hva ser vi på? Framstillingsmåte: Personal eller Autoral Hendelser og tidsforløp Karakterisering og persontegning Miljøskildring Komposisjon og struktur Intertekstualitet, metatekstualitet Språk og stil: språklige bilder Målform og stil (høy, lav, normal, muntlig, skriftlig) Setninger Ord Ordformer Motiv, tema, norm

7 Analyse av Dalen Portland
Harde fakta: Utgitt i 1977 Skriven av Kjartan Fløgstad Målform: Nynorsk Sjanger: Roman Omfang: 213 sider 6 hovudbolkar Om lag 60 mindre kapittel Omslag med måleri av Goya Dikt på baksida Tekstutdrag både før og etter hovudteksten Prosa, men med innslag av dikt i bunden form

8 Baksidediktet

9 Kart

10 Komposisjon og struktur
Livshistoriene til tre personar frå Sauda 6 hovudbolkar 1 om Selmer 1 om Arnold 4 om Rasmus Stader: Sauda, sjøen, Nord-, Sør og Mellom-Amerika, Oslo Opning: In medias res: ”Ho plantar hælane i støypen og står” Brå og open slutt: Rasmus vandrar ut av soga

11 Komposisjon og struktur
Kontrast: Arnold og Rasmus Kontrast: Realisme og fantastikk Veksling mellom prosa og dikt Veksling av forteljing om hovudpersonar og miljøet deira og ulike digresjonar, sidespor, om mange ulike emne. Hovudspor gjentar element frå sidespor og omvendt Ulik grad av spenning og framdrift: Selmer og Arnold: lite spenning – ender i rutineskildring Rasmus: både høg spenning og mindre spenning, uventa (anti)klimaks mot slutten Konfliktar? Indre konfliktar, identitet, kontrastar

12 Tema Utviklinga av arbeidarklassen i Noreg og det sosialdemokratiske velferdssamfunnet i perioden Korleis industriarbeidarar og sjøfolk blir deltakarar i ein internasjonal økonomi

13 Hovudpersonane: Selmer
Selmer (ca. 1915) – bondeguten som blir industriarbeider ”Fascinert av det faktiske” Gift m. Alvhild, barn: Hadle (døyr) og Arnold Staut arbeidskar, går på fagforeiningsmøta, men kjenner seg som bonde Går på ungdomslaget og røystar Senterpartiet Selmer er først og fremst ein representant, ein type

14 Arnold Arnold (ca. 1942) – sonen til Selmer – andre generasjons industriarbeidar Trygg og overbeskytta oppvekst Lærling på fabrikken Gift med Ingunn: Fire barn Fagarbeidar, kjenner seg heime på fabrikken Røystar Arbeidarpartiet Går på kino og Folkets hus Stivnar i den grå kvardagen Arnold er litt rundare enn Selmer, men også han er mest ”industriarbeidaren Arnold H. frå Sauda”

15 Hovudpersonane, (forts.)
Rasmus (ca. 1941), fetter til Arnold Son av Durdei Steine og ein ukjend elskar Veks opp med Durdei og Johan Jørgensen i Lovra og Ålvik, Hardanger Gløgg gut, tar gymnas, kjem inn på NHH i Bergen Kjenner seg ikkje heime blant ”dei fine”, dreg til sjøs Mange år på sjøen Dramatisk og fantastisk reise i Sør- og Mellomamerika Går i land – til Oslo, blir radikal student og marxist, og sambuar med overklassejenta Ulla Rasmus er ein rund figur, men også ein representant for miljøet han kjem frå.

16 Bipersonar Mange, men få er sentrale Mannsdominert miljø
Dei fleste er typar med få individuelle særtrekk jf. innleiinga ”Barn og fulle folk”: I kjellardøra stoppar ho og blir ståande dørgande roleg mot sola utanfor, som ein mørk eindimensjonal og symmetrisk figur, klipt ut av historia og lagd på lys rektangulær bakgrunn for kontrast (s 13) Alfhild, Ingunn (anonyme) Durdei, Ulla, faren (fortel litt) Åge Holte (fortel delar av livshistoria si) Johan Jørgensen (fortel delar av livshistoria si)

17 Tidstilhøve Bolk Om Frå Til Ca.tid #sider Harde tak
Selmer blir industriarbeidar 1935 1950 15 år 25 Av Grunnen Rasmus: Oppvekst og sjøfart 1941 1970 30 år 30 Død og pine Livshistoria til Arnold 1949 1977 28 år 44 El dorado Rasmus på eventyrferd 1971 6 mnd 21 Fersk gjerning Rasmus på eventyrferd 2 mnd 40 Demringa i Norge Rasmus i Oslo 6 år

18 Tidstilhøve Stort sett kronologisk framstilling innafor bolkane
Nokre frampeik, f.eks. om Hadles død Retrospeksjon når Rasmus fortel livssoga si Ellipse – tidshol når Rasmus flyktar frå slaveleiren Lang tid – berre utvalde hendingar, sjeldan årsakssamanhengar som bind saman teksten Veikare kronoologi når personane kjem inn i faste rutinar EL DORADO OG FERSK GJERNING skil seg ut som ei samanhengande historie. Høgt forteljetempo – Dalen Portland handlar mest om eit samfunn og ein periode: ”Soga om vår levetid”.

19 Frekvens Repetisjon: Hadles død både i Harde tak og Død og pine
Iterativ forteljing: Presensforteljinga om Selmer og Arnold på fabrikken understrekar rutina og gjentakingane Mest singulativ framstilling, f.eks. i historia om reisa til Rasmus.

20 Perspektiv og forteljarar
Ekstern og allvitande tredjepersonsforteljar fortel om Selmer og Arnold Eg-forteljar (Rasmus) i Av Grunnen, og det meste av El dorado. Tredjepersonsforteljar i resten, men med lange innskot av eg-forteljingar. Mykje presensforteljing Perspektivvariasjon, frå Arnold til olympisk Kinesiske esker: Rasmus skriv sjølvbiografi (Romanen bit seg sjølv i halen!) Rasmus fortel om Åge som fortel om ein tyskar som fortel om koloniseringa av Sør-Amerika på talet Teksten tematiserer forteljing og forteljarar: Verbale heltar: Dei gode forteljarane Teksten peiker på seg sjølv som konstruksjon.

21 Miljø Forankra i historisk og geografisk røynd
Mange referansar til historiske personar og hendingar i form av stikkord Mange skildringar, f.eks. natur- og arbeidslivsskildringar Konkrete referansar til historie, kulturprodukt, teknikk, økonomi, geografi osv. Overdrivingar og fantastiske innslag ikkje om samfunnet, men knytt til einskildpersonar Fantastiske innslag og skrøner har med forteljestil å gjere, ikkje med skildring av ei fantasiverd. Karneval som metafor for heile boka: groteske overdrivingar, symbolsk framstilling, humor, parodi, latterleggjering av autoritetar osv.

22 Språk og stil Mest nynorsk, men ikkje heilt etter offisielle normer
Ikkje gammaldags høgnorsk, men industriarbeidarnynorsk Mykje faguttrykk og sjargong, framandord Stilblanding: nokre i talemålsstil, nokre essay, lyriske skildringar av vestlandsnaturen, dikt i bunden form, tekniske utgreiingar, kriminallitteraturspråk osv... Språkleg leik: ordspel, tvitydige uttrykksmåtar Forfattaren sjølv i teksten undersøkjer språket (s. 90)

23 Kriminalstil: Flukta og Åge Holtes død
Metaforrikt språk, typisk for kriminallitteratur: Han hadde tygd blodpilla... Ein augneblink var alt stille. Ei støtte av togn på ei grav av gløymsle. To geværløp kasta gule roser på grava Høysand var vakker og uovervinneleg som dei gode handlingane sine Der tok han sats og stupte som ein stor kvit fugl ut i mørkret. (s. 159)

24 Symbolikk Dalen Portland Dalen i Telemark og Portland i Oregon, USA?
Sement, bygge-, konstruksjonsmateriale, kan formast, kan stivne Rasmus – kan tyde: hav, sjø Høysand og Ile d´Ouessant – ein som krysser ei grense mellom: Det kjende og det ukjende Det trivielle og det eventyrlege Det trygge og det farefulle

25 Intertekstualitet og metatekstualitet
Slumpetreff – jf. ”Slumpelukko” av Per Sivle Rasmus som marxist – jf. Arild Asnes av Dag Solstad Sjangerparodi på kriminallitteratur og parodi på Sigurd Hoels Syndere i sommersol. Litteraturreferansar til filosofar som Kant, Wittgenstein og Marx. Litteraturreferansar til vitsar, regler, film, triviallitteratur Pikaresklitteratur, karnevalslitteratur, digresjonslitteratur: Diverse spanske, franske og engelske forfattarar og Rabelais og Laurence Sterne. Rasmus sjølv blir bibliotekar og spesialist på pikaresklitteratur. -> Litteratur og andre kulturprodukt er med på å forme medvitet til både personar og grupper.

26 Motiv Frihet vs. trygghet Språk Karneval Framandkjensle og einsemd
Internasjonalisering, eksotisme og utferdstrang Manndomsprøver som ender med fiasko Sport, fotball Popmusikk, populærkultur, triviallitteratur Folkelege forteljetradisjonar, verbale heltar Medvitsformer, mentalitetsutvikling

27 Sitat om mentalitetsutvikling
Her må det i parentes, og i all rettferds namn leggjast til at Høysands eventyrlyst og eksotisme, som for det meste har ført han opp i alle desse vanskelege og umulige situasjonane, ikkje berre er eit individuelt særtrekk ved hans ringe person, men eit langt vidare og meir sosialt fenomen, som særleg kjenneteiknar ideala og fridomsdraumane til den ungdommen som er vaksen opp ved bedriftsportane til Stavanger Elektro Staalverk, Electric Furnace Products Company Limited, Det Norske Zinkkompani, Tyssedal DNN Aluminium, Odda Smelteverk, A/S Bjølvefossen, Årdal og Sunndal Verk, Bremanger Smelteverk, Norsk Hydro, og blitt bleike og hardføre av røyken frå dei same industriverksemdene, noko t.d. den såkalla «Årdalsundersøkinga», utført av det høgt ansette og respekterte Universitetet i Oslo til fulle kan stadfesta. Sitat om mentalitetsutvikling

28 Tema og verknorm Utviklinga av arbeidarklassen i Noreg og det sosialdemokratiske velferdssamfunnet Korleis industriarbeidarar og sjøfolk blir deltakarar i ein internasjonal økonomi Norm i verket – implisitt forfattar Solidarisk med hovudpersonane og miljøet dei representerar Kritisk, anti-kapitalistisk samfunnssyn Representerer både folket og den intellektuelle eliten Både den ”høge” og den ”låge” kulturen har verdi Folkeleg språk og forteljingar har verdi og skaper identitet

29 Meir om Dalen Portland og Kjartan Fløgstad
Nettressursar om Kjartan Fløgstad Frå Kulturby Bergen 2000 Frå Bergen bibliotek Utvalde tidsskriftartiklar om Dalen Portland Høystad, Ole Martin (1979). ”Ein dialogisk karnevalsroman. Dalen Portland av Kjartan Fløgstad”. I Norsk Litterær Årbok 1979: Kittang, Atle (1977). ”Mellom fiksjonar og realitetar. Kjartan Fløgstad og Dalen Portland”. I Syn og Segn 83 (1977/9): Obrestad, Tor (1977) ”Dalen Portland” I Syn og Segn 83 (1977/9): Stegane, Idar (1978) ”Kjartan Fløgstads nye roman”. I Vinduet 32 (1978/1):42-46


Laste ned ppt "A1: Kjartan Fløgstads Dalen Portland 1. november 2004"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google