Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Øyvind Glosvik Om leiing og læring - Introduksjon til emnet læring og leiing i organisasjonar Konferansen Leiing i barnehagen – mulegheiter, utfordringar.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Øyvind Glosvik Om leiing og læring - Introduksjon til emnet læring og leiing i organisasjonar Konferansen Leiing i barnehagen – mulegheiter, utfordringar."— Utskrift av presentasjonen:

1 Øyvind Glosvik Om leiing og læring - Introduksjon til emnet læring og leiing i organisasjonar Konferansen Leiing i barnehagen – mulegheiter, utfordringar og dilemma Loen, 13. juni 2007

2 Kva eg skal snakke om: 1.Om læring og kunnskap generelt – og veldig kort om barnehagar som organisasjonar.. 2.Ein teori om leiing 3.Ein teori om læring i organisasjonar 4.Samanknyting av teoriane til eit samla omgrepsapparat for å snakke om leiing i den lærande organisasjonen

3 Summmm…. Kva meiner DU med leiing? Fortel det til den som sit ved sidan av deg!

4 Det finnst mange teoriar om korleis leiing bør/kan/må utøvast!! Passiv leiarrolle Aktiv leiarrolle Diktatorisk endring. Maktbruk, kommando Inkrementell utvikling (stegvis, ikkje-planlagt) Endring som reform og tilpassing til eksterne mønster Karismatisk eller kommunikativ endringsstrategi Endring frå botnen Endring frå toppen Alternativ?

5 Ei trøyst før vi går i gang: Peter Senge: ”Det er mykje lettare å byggje og leie ein lærande organisasjon, enn å fortelje andre kva ein lærande organisasjon er” Ei lita nøtt: Systemisk tenking utfordrar tradisjonelle måtar å tenkje omkring leiing og forvaltning. Knekk denne koden. Resten er øving..

6 Er barnehagar organisasjonar? Ja, dersom det finnst nokon som har meir ansvar enn andre (hierarki) Ja, dersom det er snev av målorientering i det ein gjer (mål, verdiar, visjonar) Ja, dersom det finnst eit snev av struktur i arbeidet (avdelingar, arbeidstids- ordningar, styrarar, planar) Men dette ser vi ikkje!! bygningar og menneske Det vi ser er:

7 To motstridande perspektiv på leiarar si rolle i organisasjonsendring Leiarskap betyr null og niks for alt anna enn tid og stil. Det er andre ting som betyr noko for korleis organisasjonar endrar seg Budsjett, planar, arbeidsinstruksar, lover, regler og forskrifter Styring gjennom organisering, formelle krav, kontrakter

8 To motstridande perspektiv på leiarar si rolle i organisasjonsendring Leiarskap betyr mykje for endring av organisasjonar. Leiarar kan forandre måtar menneske tenker, og dermed korleis dei handlar! Motivasjon, behov, tillit og deltaking Styring gjennom kunnskap, haldningar, relasjonar (dialog og deltaking)

9 ”Åh, denne deltakinga i arbeidslivet!” Som demokrati: Deltaking er ein rett vi har som fullverdige menneske til å påverke det som skjer rundt oss Som effektivitet: Ved å involvere spreier ein kunnskap. Ansvar blir fordelt mellom fleire gjennom ansvarleggjering Lærande organisasjonar!

10 Læring og læringsåtferd (Cato Wadel): Læring som Prosess Resultat Intrapersonleg Interpersonleg (Mellommenneskeleg) (Kva skjer med enkeltmennesket) Assimilasjon og akkomodasjon (Piaget) Fleire nivå (Bateson) Læring som sprang (Koestler) Læring som kopling Testing/måling Læring i organisasjonar

11 Kva er kunnskap? Bokleg lærdom – eksplisitt kunnskap Skult kunnskap (taus) (Tacit knowledge) Praksiskunnskap Fakta om samanhengar Eksisterer uavhengig av kontekst Erfaring, kroppstilknytt, handtverkskunnskap Vi veit meir enn vi kan snakke om Å vite at - å vite korleis. Eksisterer gjennom arbeidet. Høg ekspertise. Mester - svenn Modellar Teoriar Lærebøker Skuleverk/kurs Intuisjon, magekjensle, sosial intelligens Våre erfaringar som kan gjerast tilgjengeleg for andre Praktisk intellekt ”Utanfor” organisasjonen – knyter organisasjonen til omverda Uløyseleg knytt til det enkelte menneske si erfaring og tenking Knytt til eit fellesskap av utøvarar, gjerne erfarne fagfolk og profesjonelle

12 Sambandet mellom kunnskap og læring Læring som resultat Læring som prosess Bokleg kunnskap Taus kunnskap ”Formell kunnskap”,, reglar, prosedyrer, eksplisitt kunnskap Det vi kan frå før, ”det eg har lært”, ”slik er det hjå oss”, ”slik har vi alltid gjort det” Individuell tileigning av ny kunnskap – td på skule eller kurs Tillemping og praktisk bruk av ny kunnskap i eit praksisfelleskap

13 Feltet for leiing av læringsprosessar Taus kunnskap Individuell tileigning av ny kunnskap – td på skule eller kurs ”Formell kunnskap”,, reglar, prosedyrer, eksplisitt kunnskap Det vi kan frå før, ”det eg har lært”, ”slik er det hjå oss”, ”slik har vi alltid gjort det” Tillemping og praktisk bruk av ny kunnskap i eit praksisfelleskap Bokleg kunnskap Læring som resultat Læring som prosess

14 P Ein teori om leiing Stabilitet Internt Forandring Eksternt Fagfeller Elevar (studentar) E Entreprenørskap A AdministrasjonProduksjon I Integrasjon

15 Professor Torodd Strand, Inst. for adm. org. Universitetet i Bergen Dr. Ischac Adizes Ein teori om leiing

16 I P E A IntegrasjonEntreprenørskap AdministrasjonProduksjon Stabilitet Forandring Elevar (studentar) Fagfeller Internt Eksternt Kos Kontroll Kaos Kvalitet

17 Gjennomføring av studie- og emneplanar. Opplegg for emnegjennomføring Kvalitet i studiene Tidsplanar, oppmøte, evalueringar Bygging av administrative system, følgje reglane, opptak, avvikling, søknader om utsetjing, kontrakter, budsjett- spørsmål Fagutvikling, retning for studiet. Nye emne, foranding av studieplanane, nytt pensum, vinkel, tenking, ideologi, nye marknader Finne og halde fast ved dugelege lærekrefter, intro- dusere dei til mi tolking av studiet, skryte, trøste, hjelpe Stabilitet Internt Forandring Eksternt Fagfeller Elevar (studentar)

18 Summmm…. Gjev dette omgrepsapparatet meining for deg som leiar?

19 IaIa P ia E ipa A Stabilitet Forandring Elevar (studentar) Fagfeller Internt Eksternt (David Sætre Ludvigsen, Masteroppgåve i organisasjon og leiing, HSF – nov 06) Skiftande vektlegging Av ulike leiarfunksjonar i vidaregåande skular I perioden

20 Indre liv, fellesskap, gruppe- organisasjonen Utvikling, endring tilpassing til omverda, innovasjons- organisasjonen Indre orden og rutiner, byråkratiet Prestasjonar, kvalitetsstandarder, produksjons- organisasjonen Lotsbergs tolking (basert på Strand): Noverande rolle Ynskje/ Press

21 Kari Krogh (2006): Kommunale pleie- og omsorgstenester – budde på framtida? - ein studie av sjukepleiarkompetanse, leiing og kvalitet. Masteroppgåve i organisasjon og leiing, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal

22 Summmm…. Kan organisasjonar lære? Drøft med kollegaen ved sidan av

23 Peter Senge Eit leiarprogram som starta i 1977 No fjerde generasjon – ideane utvikla i eit miljø som framleis samarbeider Ein vag ide om at ”system, kreativitet og organisasjon” heng saman, men korleis? Grunnideen frå talet: ”To foster more collaboration” Utvikla seg til SoL, med medlemer frå 30 land Mål: Utvikle eit miljø og eit språk om samarbeid og utvikling i organisasjonar

24 Disiplin, ikkje teknikk! Kvar disipilin er ”A lifelong program of study and practice” I kvar disiplin er det plass til eit uavgrensa tal teknikkar og handlemåtar som kan studerast og praktiserast Det er lettare å byggje ein lærande organisasjon gjennom praksis, enn å lære vekk kva det handlar om! Korleis lære nokon å sykle?!

25 Dei fem disiplinane Systemisk tenking Eit språk, tenkjemåte og organisasjonsperspektiv som gjer det mogeleg å snakke om dei relasjonane internt og eksternt som påverkar oss Personleg mestring Mentale modellar Delte visjonarLæring i lag Å lære og utvikle vår individuelle kapasitet til å ville skape dei resultata vi verkeleg ynskjer, Å kontinuerleg reflektere over og forbetre våre bilete av verda Å skape ei tilslutning i ei gruppe om framtida - saman med dei prinsippa og den praksisen som skal leie oss dit Å omforme kollektiv tenking til intelligent kollektiv handling og kollektive evner Å ville! Å tenke! Å snakke! Å handle! Å forstå!

26 Personleg meistring (PM) Kva får deg til å tikke og gå? Kva er det du vil i livet? (veit du ikkje..?) Kva er det som gir deg lyst til å bli betre? Korleis kan du bruke tankane dine om deg sjølv som drivkraft i ditt arbeid?

27 Mentale modellar (MM) Kva bilete har du av verda du er del av? Korleis oppfattar du organisasjonen din? Kva slags forsvar har du rundt deg og ditt? Kva reglar vernar deg mot kritikk og konsekvensar av handlingane dine? Kva er dine yndlingsteoriar om deg sjølv?

28 Når var du ærleg sist om utfordringane du ser framover? Fører du normative samtaler med kollegaer? Har du fortalt kollegaer kva du drøymer om? Snakkar de om gapet mellom realitetar og krav/mål/framtid? Felles visjonar (SH)

29 Læring i lag (TL) Talar de om prosessar som stoppar? Tar du medarbeidar- samtalen alvorleg? Analyserer du vanskelege samtaler i ettertid? Får de organisert gode team rundt vanskelege oppgåver? Kva pregar samtalen i desse laga? Du må justere deg sjølv i høve andre!

30 Systemisk tenking (ST)

31 Støtte i klasserommet fungerer dårleg: - Pc - overhead - Låsing/varme Forelesarar gjer ting sjølv: Brukar forelesingstid til praktiske tiltak ”Quick fix” Poblemet ”eksisterer” ikkje for støttepersonalet Kynisme mellom fagpersonalet: ”vaktmesterteneste” Dårleg moral og dårleg økonomi ”Shifting the burden” I den lærande organisasjonen løyser ein problemet her Vanleg Problem løysing er her OU!

32 Systemisk tenking (ST) Bygningar Menneske Det vi ser: Organisasjonar eksisterer berre i hovuda våre! Organisasjonar er mentale modellar Dei vert oppretthelde fordi vi handlar som om dei var røyndom Då blir dei røydom – og kan endrast dersom vi veit kva vi vil (PM)

33 ST: Forstå kompleksitet Årsak-verknad er laust kopla i tid og rom. Vi ser ikkje tydeleg og enkelt korleis handlingane våre har konsekvensar ”Alt synest å henge saman med alt”. Kva skal vi då gjere? Det er så mange valmuligheiter (”påkoplingspunkt”) (Lars Qvortrup) Vi er alltid deler av eit større system. Kva del av systemet skal vi forhalde oss til? Vi er trena til å tenkje lineært og reduksjonistisk Kva er alternativet?

34 For låg kvalitet på barnehagetilbodet Statens måte å finansiere Foreldra tek ikkje ansvar Styrar har for lite pengar Styrar har for lite mynde Stiller ikkje på dugnad Lokalpolitikarane tar ikkje ansvar Kommunane er duglause For få barnehage- plassar Nasjonale politikarar stikk hovudet i sanden Kva med dei som skal ha særleg oppfølging? Budsjettet Mitt!!! Dårlege lokale Pedagogikken sviktar Didaktikken sviktar Kommunen tek ikkje ansvar Personalet har for låg kompetanse Dei private er ikkje stort betre Kor er føreskulelærarutdanninga? Har ikkje pengar etterutdanning Bør personalet ha betre løn? Kva lærte eg feil i grunnutdanninga? Overlet alt til personalet Personalet overlet alt til styrar Kva seier fagforeningane? Kva med regjeringa si satsing? Kor er universiteta? Etterut- danning

35 ?

36 Kven har kontrollen !!? Kor er av- knappen?!!

37

38 DU har full kontroll – fordi: Bygningar Menneske Det vi ser: Sosiale system eksisterer berre i hovuda våre! Organisasjonar er mentale modellar Dei vert oppretthelde fordi vi handlar som om dei var røyndom Då blir dei røydom – og kan endrast dersom vi veit kva vi vil (PM)

39 Difor må du ha ein teori om deg sjølv ! Då blir dei røydom – og kan endrast dersom vi veit kva vi vil

40 Bygging av administrative system, følgje reglane, opptak, avvikling, søknader om utsetjing, kontrakter, budsjett- spørsmål Gjennomføring av studie- og emneplanar. Opplegg for emnegjennomføring Kvalitet i studiene Tidsplanar, oppmøte, evalueringar Finne og halde fast ved dugelege lærekrefter, intro- dusere dei til mi tolking av studiet, skryte, trøste, hjelpe Stabilitet Internt Forandring Eksternt Fagfeller Elevar (studentar) Fagutvikling, retning for studiet. Nye emne, foranding av studieplanane, nytt pensum, vinkel, tenking, ideologi, nye marknader

41 Stabilitet Internt Forandring Eksternt Fagfeller Elevar (studentar)

42 Frå fem disiplinar til lærande leiing Systemisk tenking –Forstå kompleksitet Personleg meistring Læring i lag Mentale modellar Felles visjonar Administrasjon Integrasjon Entreprenørskap Produksjon

43 Stabilitet Forandring Elevar, klientar, pasientar, brukarar, BORGARAR, innbyggjarar Fagfeller Internt Eksternt Systemisk tenkingForstå kompleksitet Personleg meistring Læring i lag Mentale modellar Felles visjonar Kva er vi i dag, kor vil vi som kollektiv? Korleis samtaler vi? Fortel eg kva eg vil du/de skal bli gode til? Normative samtaler! Let vi oss stoppe av tradisjonar? Lar vi det etablerte vere normer? Lar vi eksisterande mønster overstyre? Er vi gode til å samarbeide? Byggjer vi lag og lagarbeid? Har vi gode grupper rundt problem? Kommuniserer gruppene? Klarer eg å rettleie dei? Har eg bilete av framtida? Meistrar eg min eigen angst for framtida? Er eg ærleg overfor meg sjølv? Kva med mi personlege kvalifisering for å leie dette kollektivet inn i framtida?

44 Stabilitet Forandring Elevar Fagfeller Internt Eksternt Systemisk tenking Personleg meistring Læring i lag Mentale modellar Felles visjonar Forstå kompleksitet Kva er mitt bilete av mi driftseining?Korleis snakkar eg til kollegaene om det? Kva gjer eg for å bryte etablerte mønster? Kor mange arbeidsgrupper får eg til å fungere rundt vanskelege problem? Leier eg ein lærande organisasjon?

45 Kva er mitt bilete av mi driftseining? Korleis snakkar eg til kollegaene om det? Kva gjer eg for å bryte etablerte mønster? Kor mange arbeidsgrupper får eg til å fungere rundt vanskelege problem?

46 Fem disiplinar kan ordnast i tre typar kjernekompetanse

47 Å utvikle kjernekompetanse som lærande leiar -I Ikkje vent på ”ordre”, eller hendingar du skal reagere på: Ver aktiv sjølv. Skap forandring rundt deg. Ver proaktiv; foreslå løysingar

48 Å utvikle kjernekompetanse som lærande leiar -II Tenk på kunnskapstileigning som ein ”praksis” der du er. Du møter ny kunnskap overalt. Alle situasjonar kan gjere deg klokare og visare

49 Å utvikle kjernekompetanse som lærande leiar -III Leit etter mønsteret problemet inngår i. Ikkje fokuser rett på problemet. Sjå etter heilskapen, ikkje delane.

50 Å utvikle kjernekompetanse som lærande leiar -IV Ikkje legg skuld på andre. Arbeide med å forstå kvifor andre handlar som dei gjer, heller enn å klandre dei for vanskane det skapar for deg.

51 Berre gå i gang!! ”Det er mykje lettare å byggje og leie ein lærande organisasjon, enn å fortelje andre kva ein lærande organisasjon er” Peter Senge

52 Litteratur som er nytta Buckingham, M. and Coffman, C. (1999): First, Break All The Rules ‘What The World’s Greatest Managers Do Differently’ London: Simon & Schuster Levin, M. og Klev, R. (2001): Forandring som praksis. Læring og utvikling I organisasjoner. Bergen: Fagbokforlaget Senge, P.M. (2006): The fifth discipline : the art and practice of the learning organization. New York : Currency Doubleday Senge, P.M.(et al.) (1994): The Fifth discipline fieldbook : strategies and tools for building a learning organization. London : Nicholas Brealey Senge, P.M. (et al.) (2000): Schools that learn. London : Nicholas Brealey Strand, T. (2001): Ledelse, organisasjon og kultur. Bergen: Fagbokforlaget Wadel, C. (2002): Læring i lærende organisasjoner. Flekkefjord: Seek


Laste ned ppt "Øyvind Glosvik Om leiing og læring - Introduksjon til emnet læring og leiing i organisasjonar Konferansen Leiing i barnehagen – mulegheiter, utfordringar."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google