Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kapittel 5 Vilkårssetningar og løkker. 5.1 Boolske uttrykk George Boole (1815-1864), britisk matematikar Utvikla teori om logikk ved bruk av symbol i.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kapittel 5 Vilkårssetningar og løkker. 5.1 Boolske uttrykk George Boole (1815-1864), britisk matematikar Utvikla teori om logikk ved bruk av symbol i."— Utskrift av presentasjonen:

1 Kapittel 5 Vilkårssetningar og løkker

2 5.1 Boolske uttrykk George Boole ( ), britisk matematikar Utvikla teori om logikk ved bruk av symbol i staden for ord Meir om den matematiske delen av dette i kurset Mat200 Diskret Matematikk, som er svært viktig for den som skal bli flink til å programmere

3 Boolske uttrykk Flytkontrollen i eit program Startar øverst i main() Eksekverer ei og ei setning (statement) i programmet til main() er slutt Metodekall overfører kontrollen til metoden som blir kalt, når denne er ferdig går kontrollen tilbake til der kallet skjedde i main(), og neste setning i main() blir utført Det kan vere metodekall i fleire nivå

4 Boolske uttrykk Vi har ofte bruk for å påvirke flytkontrollen i eit program for å Bestemme kva kode som skal eksekverast/ikkje eksekverast Bestemme kor mange gonger ein bestemt del av koden skal eksekverast Vi kan påvirke flytkontrollen ved hjelp av Vilkårssetningar ( if, if-else og switch ) Løkker ( while, do og for ) Tilstanden til ulike variable blir brukt for å bestemme kva som skal skje Boolske uttrykk gir alltid enten true eller false

5 Boolske uttrykk Boolske uttrykk bruker operatorar for Likskap (== og !=) Relasjon ( og >=) Logikk (!, && og ||) Presedens: Likskap og relasjon lågare enn aritmetiske operatorar Logiske operatorar: ! først, deretter &&, til slutt || Merk at dei logiske operatorane berre tek boolske operandar

6 5.2 if -setningar Det reserverte ordet if Boolsk uttrykk i parentes Statement som blir eksekvert dersom det boolske uttrykket er true Bruk { og } før og etter dersom det er fleire statement Om det boolske uttrykket er false held programmet fram utan å eksekvere innhaldet i if -setninga

7 if -setningar if-else Vi legg til det reserverte ordet else etter innhaldet i if -setninga Deretter eit eller fleire statement Ein av dei to delene av if-else setninga vil bli eksekvert, avhengig av om det boolske uttrykket er true eller false Nøsta if -setningar, eventuelt med else Eit else blir alltid kopla til næraste if Bruk {} for å styre dette om nødvendig ?: operatoren int total = (done) ? sum : 0;

8 5.3 Samanlikning av data Kva type data skal vi samanlikne? Flyttal ( float, double ) Desse er like berre når alle binære siffer er like Det skjer nesten aldri når vi har utført rekneoperasjonar Finn absoluttverdien av differansen og sjekk denne mot ei grense Teikn ( char ) ‘a’ < ‘b’ sidan a kjem før b i Unicode Unicode bestemmer rekkefølgje for char -data, og dermed kva som er “størst” og “minst”

9 Samanlikning av data Objekt Objektvariable er referanser eller adresser til objekt To objekt blir dermed “like” etter == operatoren berre dersom dei refererer til det same objektet To String -objekt som begge inneheld teksten “Johan”, men som er to separate objekt, er dermed ikkje like om vi bruker denne operatoren! Bruk equals() eller equalsIgnoreCase() for å sjekke om to String -objekt er logisk sett like Bruk compareTo() for å sjekke alfabetisk rekkefølgje Ver obs på at store bokstavar kjem før små i Unicode

10 5.4 switch Tilsvarer Select Case i VB Litt om syntaks Uttrykket må vere av integral (heil) type, altså int, char eller enumerert type Ikkje boolean, byte, short eller long break statement og “fall through” default statement switch kan alltid erstattast med eit sett nøsta if -setningar Nøsta if kan bli uoversiktleg når det er mange case Kan vere nyttig ved evaluering av andre typer enn int og char, ev enumerert

11 5.5 while Syntaks Uendelege løkker Nøsta løkker break og continue Kan vere kjekt å ha Er aldri nødvendige Bør ikkje brukast

12 5.6 Iteratorar Iterere betyr gjenta Iteratorar er objekt med metoder som kan gå gjennom ei samling av objekt og prosessere eit objekt om gongen Scanner -klassen definerer iterator- objekt Eksempel på lesing av fil

13 5.7 do Liknar på while while -statement med test av vilkår til slutt Pass på semikolon til slutt! Ei do -løkke blir alltid kjørt minst ein gong

14 5.8 for Blir ofte brukt når vi veit kor mange gonger løkka skal kjørast Alt som har med kontroll av løkka å gjere står samla øverst Dei tre delene blir utført til ulike tider foreach statement når vi går gjennom ei samling

15 5.9 Løkker, vilkår og grafikk Bullseye Boxes

16 5.10 Event sources Vi kan bruke ein listener til å lytte på fleire komponentar Vi kan spørre listener-objektet om kva komponent som genererte hendinga Deretter kan vi utføre ulike ting, alt etter kva komponent handlinga kom frå LeftRight

17 5.11 Dialogboksar Javax.swing -pakken har klassen JOptionPane som tilbyr å lage diverse dialogboksar på ein enkel måte Input Bekrefte Melding Det finst ein del “ferdigvare” i Java også, sjølv om vi må lage litt meir her enn i VB

18 5.12 Fleire knappar Check boxes Blir brukt for å skru ulike funksjonar eller brukarval av og på Ingen, ein, fleire eller alle kan vere valt samtidig Radio buttons Blir brukt når kun eit alternativ av fleire kan veljast Blir samla i grupper Ein og berre ein i kvar gruppe er valt samtidig


Laste ned ppt "Kapittel 5 Vilkårssetningar og løkker. 5.1 Boolske uttrykk George Boole (1815-1864), britisk matematikar Utvikla teori om logikk ved bruk av symbol i."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google