Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Den tekstuelle metafunksjonen

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Den tekstuelle metafunksjonen"— Utskrift av presentasjonen:

1 Den tekstuelle metafunksjonen
Kapittel 7 i Eva Maagerø: Språket som mening

2 Kva er problemet/-a i desse tekstane:

3 Frå avisa Klassekampen (18.12.08)
Myndighetene har fått drahjelp fra Vesten ved å plassere De Tamilske Tigrene (LTTE) på USAs og EUs terrorlister. I forrige uke møttes 15 EU-land og Sveits, USA, Canada, Australia, New Zealand, Sri Lanka og Interpol i regi av Europol. Det utløste et enormt flyktningproblem og sivil nød i området som igjen ble lukket av myndighetene. Ifølge BBC er kampene noen av de hardeste siden LTTE-lederen Velupillai Prabhakaran startet den væpnede kampen for alvor i 1983. (s 15, Peter M. Johansen)

4 Elevtekst Krig er farlig grig ødleger jora vår krig dreper
menesker de bruker atonvåpen også enkelte menesker har ikke mat i det hele tatt å har ikke nå hus å bo i heler i ulandene har de ikke vann heler (Tom, tredje klasse, frå Moslet og Bjørkeng (red) (2004): Norskdidaktikk – tekstnær og elevnær undervisning. Oslo: Universitetsforlaget, s 305)

5 Den tekstuelle metafunksjonen
Samanheng mellom og i setningar Halliday: ”language as message” Maagerø: språket som bodskap/språket som handling Den tekstuelle metafunksjonen vert realisert gjennom temamønster i teksten og samanbindingselement

6 Kva kan me få ut av perspektivet ”den tekstuelle funksjonen” i konkret tekstarbeid?

7

8 Mellompersonleg Setninga som utveksling Tekstuell
Kontekst Felt Kva handlar teksten/talen om? Kva aktivitet er teksten/talen knytt til? Relasjon Korleis er forholdet mellom dei som deltek i kommunikasjonen? Mediering Korleis vert kommunikasjonen formidla? Td munnleg eller skriftleg? Ideasjonell Setninga som representasjon Mellompersonleg Setninga som utveksling Tekstuell Samanbindings- og struktureringsressursar i og mellom setningar Språklege metafunksjonar

9 Realiseringsmåtar for tekstuell meining
Temamønster i teksten Samanbindingsmekanismar

10 Tema Tema er utgangspunkt for bodskapen og det setninga handlar om
Tema står fyrst i setninga Tema vert kombinert med resten av setninga slik at heilskapen framstår som ein (meiningsfull) bodskap/melding Døme: ”Det gløymde eg å seia: Bror min kjem til helga.”

11 Tema (framhald) I starten av tekstar kan temaet vera det nye som vert introdusert, men oftast elles er tema informasjon som er kjend, anten frå kontekst eller frå tidlegare i teksten. Kjend frå kontekst/sagt ved middagsbordet: ”Bror min kjem til helga” Kjend frå teksten: ”Eg hugsar deg frå tidlegare tider. Du brukte å stå ute i snøen om natta med katten din i armane.” (frå Ragnar Hovland (1989): Sjølvmord i Skilpaddekafeen)

12 Tema (framhald) Både nominalgrupper, adverbialgrupper, preposisjonsfrasar kan vera tema Døme: ”hva er SAKPROSA fører leseren inn i en rik tekstverden som rommer både rutetabeller, e-post, essays, historieverk og lærebøker. Med engasjement og innsikt diskuterer forfatteren…” (Johan L. Tønnesson (2008): Hva er sakprosa. Oslo: Universitetsforlaget)

13 Tema - rema Rema = resten av setninga
Ikkje eintydig kvar skiljet tema/rema går Maagerø: kan seia at tema varer frå starten av setninga til og med det fyrste elementet som har ein funksjon i transitivitetssystemet i den ideasjonelle skildringa. Altså: deltakar, prosess eller omstende må vera ein del av temaet Enkelt: Tema er det som står før det finitte verbalet

14 To typar informasjonsutvikling
1 Johan L. Tønnesson (f. 1956) er professor i sakprosa ved Universitetet i Oslo og har lang formidlings- og undervisningserfaring. Han var i flere år redaktør for forskningsmagasinet Apollon og har blant annet utgitt Tekst som partitur, eller Historievitenskap som kommunikasjon (2004). 2 Sakprosa kan være dødsens alvor. For eksempel foregår mye av klimakampen i sakprosaens mange sjangere: den vitenskapelige artikkelen, debattinnlegget, stortingsproposisjonen, reiseskildringen, underskriftkampanjens manifest. Her forutsettes det at forfatteren mener alvor i sine påstander om verden. Slik også med krig.

15 Tre typar tema Ideasjonelt tema (emnetema) Mellompersonleg tema
Realisert av prosess, deltakar eller omstende (nominalgrupper, adverbialgrupper eller preposisjonsfraser). Ei setning må alltid ha eit ideasjonelt tema, men det kan godt stå i kombinasjon med mellompersonleg og/eller tekstuelt tema. Mellompersonleg tema Realisert av vokativ, modusadjunkt (eks: kanskje), kommentaradjunkt (eks: ærlig talt), polariserte adjunkt (eks: nei, ja), det finitte elementet, det modale finitte elementet (eks: i spørjesetningar), finitt og predikat fusjonert Tekstuelt tema Realisert av framhaldsmarkørar (eks: ok), diskursadjunkt (eks: for det første), konjunksjonar (eks: og), subjunksjonar (eks: fordi)

16 Samanbinding Koherens: den underliggjande, semantiske samanhengen i teksten. Vi som lydarar/lesarar er med på å skapa koherens i teksten ved at vi alltid leitar etter samanheng når vi høyrer eller les. Kohesjon: språklege element som skaper eksplisitt samanheng i teksten: referansar, leksikalsk kohesjon og relasjonskoplingar

17 Samanbinding: Referanse
Introduserer og fylgjer deltakarane i teksten, td. gjennom namn og pronomen Innanfor teksten: endofori: anafori/katafori Innanfor kulturkonteksten: homofori Innanfor situasjonskonteksten: eksofori

18 Samanbinding: Leksikalsk kohesjon
Samanheng mellom innhaldsord i ein tekst repetisjon: reise - reise synonymi: reise - safari antonymi: kort - lang hyponymi: reise (overomgrep): safari, storbyscramble, jorda rundt (underomgrep) meronymi: kroppen (heilskap) - huda (del) ekvivalens: Vaktmeisteren sette seg ned. Mannen var sliten no. namngjeving: Bror min heiter Magne. Magne kjem til helga. likskap: Greinene såg ut som sprikande fingrar.

19 Samanbinding: Relasjonskopling
temporal (då, etterpå) kausal (fordi, difor) adversativ (men) additiv (og) alternativ (eller) Kan vera eksplisitt markert med konjunksjonar, subjunksjonar, adverb og liknande, men kan òg vera implisitt og gå fram av samanhengen.

20 Samanbinding: Samanhengen mellom koplingstype og tekst…
… er uklår, og eit diskusjonsspørsmål, men: Forteljande tekstar er organisert etter tid, og brukar mykje temporale koplingar. Det same gjeld ulike typar instruksar. Argumenterande og utgreiande tekstar brukar ofte meir kausale, adversative og alternative koplingar.

21 Samanbinding: Kohesjonskjeder
Ved hjelp av dei ulike samanhengsressursane kan vi finna kohesjonskjeder i tekstar. Dei fortel oss noko om kva teksten handlar om. Samverknaden mellom ulike kjeder fortel òg noko om teksten.

22 Annan litteratur på norsk om funksjonell lingvistikk
Bjørn Vigeland (2004): Funksjonell grammatikk og tekstanalyse. Oslo: Unipub Berge, Coppock og Maagerø (red.) (1998): Å skape mening med språk: en samling artikler av M.A.K. Halliday, R. Hasan og J.R. Martin. Oslo: LNU/Cappelen

23 Eit samanliknande perspektiv på språkfunksjonar
(Aristoteles:) topos/logos etos patos (Roman Jakobson:) referensiell, emotiv, konativ, fatisk, metaspråkleg, poetisk (Michael Halliday:) Ideasjonell mellompersonleg tekstuell (Jan Svennevig:) Referensiell ekspressiv, mellommenneskeleg


Laste ned ppt "Den tekstuelle metafunksjonen"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google