Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Atypiske transitivar eller verb- spesifikke konstruksjonar? Ein kognitiv konstruksjonsgrammatikkanalyse av adverbale genitivar i norrønt Ellen Hellebostad.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Atypiske transitivar eller verb- spesifikke konstruksjonar? Ein kognitiv konstruksjonsgrammatikkanalyse av adverbale genitivar i norrønt Ellen Hellebostad."— Utskrift av presentasjonen:

1 Atypiske transitivar eller verb- spesifikke konstruksjonar? Ein kognitiv konstruksjonsgrammatikkanalyse av adverbale genitivar i norrønt Ellen Hellebostad Toft Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo

2 2 Oversikt Eksempel på adverbal genitiv Teorirammeverk og tidlegare syn Tilnærmingsmåte/analysereiskapar Analyse Semantisk-taksonomisk nettverk

3 3 Eksempel på adverbal genitiv – 1 (1)þáleitaðihannráða viðhöfðingja daleitahanråd.GEN hoshøvdingane.AKK “da spurde han høvdingane om råd” (OHS) (2)hann beiðliðssíns han.NOM ventafolk.GENsitt.GEN “han venta på folket sitt” (OHS) Andre verb: leita “leite” bíða “vente” þurfa “trenge” vænta “vente, håpe på” krefja “krevje”

4 4 Eksempel på adverbal genitiv – 2 (3)þrælarÞórarsskylldugætagrafarinnar trælar.NOMThori.GENskullepassegrav.GEN “trælane til Tori skulle passe på grava” (OHS) (4)at engimaðrnyti þessfagnaðar at ingen.NOMmann.NOMnyt den.GENglede.GEN “at ikkje noko menneske ville nyte (godt av) den gleda” (BJS) Andre verb: gæta “vakte, passe på, overholde” njóta “nyte, bruke” neyta “bruke, nyte” afla “avle, skaffe, vinne, tene” gá “leggje merke til„

5 5 Eksempel på adverbal genitiv – 3 (5)þa scal hann synia þessamorðz da skal han nekte dette-GENmord-GEN “da skal han nekte for dette mordet” (GL) (6)þau löttu hann þeirrar ferðar dei.NOMrådde-fra han.AKK denne-GEN turen-GEN “dei rådde han frå denne turen” (OHS) Andre verb: letja “råde frå” synja “nekte” missa “miste, tape” idrast “angre”

6 6 Eksempel på adverbal genitiv – 4 Atypiske eksempel: (7)þábatnarþvisótta da vert-bra det.DATsjukdom-GEN “da vert det [dyret] bra av sjukdommen” (OHS) (8)Atkýrrenneeigikalfs atku[tar(?)]ikkjekalv-GEN “at ei ku ikkje blir drektig” (GL) Andre verb som opptrer i genitiv-verb-konstruksjonar: hefna “hemne”; bindast “holde seg frå å gjere”; fyllast “bli fylt med”; virða “verdsetje”; skammast “skamme seg over”; ørvilnast “fortvile, gje opp håpet om”.

7 7 Teoribakgrunn Kognitiv konstruksjonsgrammatikk ser på grammatiske kategoriar som nettverk av polyseme konstruksjonar Konstruksjonane har varierande spesifisitet og kompleksitet Kategoriar har gjerne ein familielikskaps-struktur med typiske og mindre typiske medlemer Adverbal genitiv kan analyserast ved å ta utgangspunkt i konstruksjonane dei liknar på – transitivkonstruksjonen og ditransitivkonstruksjonen

8 8 Tidlegare syn på adverbal genitiv: Nygaard 1905 –Deler inn i grupper av verb med dels liknande semantikk –Seier lite om semantikken til slike konstruksjonar generelt –Lister opp ei rekkje unntaksverb Knudsen 1967 –Genitiv i verbkonstruksjonar har ei opphavleg partitiv tyding, dvs. han søkjer ei generalisering i sambandet mellom heilskap og del –Eksempelvis verbet unna “unne”: Det partitive ligg i at ein unner nokon å ta del i noko Faarlund 2004 –Partitiv tyding er kjernetydinga for adverbal genitiv, og for genitivkategorien generelt –Partitiviteten ligg i at genitivobjektet synest å vere berre delvis affisert av verbhandlinga

9 9 Kva for konstruksjon har vi å gjere med? Eksempel (1)–(5) liknar på transitivkonstruksjonen ([Subj V Obj] eller [NOM V AKK]) – men skil seg frå den ved at objektet har genitivkasus Eksempel (6) minner meir om ditransitivkonstruksjonen [Subj V Obj1 Obj2] –men skil seg semantisk sett frå den typiske ditransitivkonstruksjonen (der verbet har tydinga “gje” eller noko semantisk beslekta) Eksempel (7) og (8) er meir atypiske konstruksjonar som òg er mindre typefrekvente Adverbal genitiv kan dimed karakteriserast som ein typisk polysem konstruksjonskategori

10 10 Prototypisk transitivitet (Langacker 1991 og Næss 2007) Transitivitet kan beskrivast med utgangspunkt i Den kanoniske hendingsmodellen:

11 11 Kjenneteikn på ei prototypisk transitiv setning Har to deltakarar som fungerer som subjekt og objekt –Desse er separate, individualiserte, fysiske einingar –Desse er òg tydeleg skilte frå kvarandre, og tek del i ein sterkt asymmetrisk relasjon Verbhandlinga er energetisk, kortvarig, og har eit veldefinert sluttpunkt –Hendinga skil seg dimed frå ein statisk situasjon Subjektet handlar viljestyrt og er kjelda til energi. Objektet er målet for energioverføringa, som òg er fullstendig affisert av verbhandling (etter Langacker 1991:302)

12 12 Typisk transitiv vs. typisk adverbal genitiv (9)Finnr Árnason drap þegar Þorstein Finn.NOM Arnason.NOM drap straks Thorstein.AKK “Finn Arnason drap straks Thorstein” (Eksempelet er lånt frå Kristoffersen 1996:54) I (9), med verbet drepa “drepe”, er alle transitivitetskriteria til Langacker oppfylte. (10)En guð giætte lifs hans Men Gud.NOM passa-på liv.GEN hans “Og/men Gud vakta over livet hans” (BJS) I (10), med verbet gæta “passe på, vakte”, er svært få av transitivitetskriteria oppfylte.

13 13 Næss 2007 og prinsippet om maksimal kontrast: Ein prototypisk transitiv konstruksjon er kjenneteikna av ein maksimal semantisk kontrast mellom dei to deltakarane sine roller i hendinga som er uttrykt. “A prototypical transitive clause is one where the two participants are maximally semantically distinct in terms of their roles in the event described by the clause” (Næss 2007:30) Næss beskriv deltakarane sine typiske roller ved trekkombinasjonar: [+Inst, +Vol, –Aff] for den prototypiske Agens [–Inst, –Vol, +Aff] for den prototypiske Patiens ±-verdien for trekka kan varierast, og alle måtar å variere på resulterer i lågare grad av transitivitet.

14 14 Mine norrøne data: Utviser både likheiter og forskjellar samanlikna med typiske transitive konstruksjonar –Nominativleddet kan gjerne vere agentivt [+Inst, +Vol] (bíða “vente”, leita “leite”, hefna “hemne”, letja “råde frå”) men òg ikkje-agentivt [–Inst, –Vol] (þurfa “trenge”, njóta “nyte”, missa “tape, miste”), evt. affisert (i alle fall emosjonelt). –Verbhendinga er ikkje typisk sett energetisk, og refererer ofte meir til ein situasjon enn ei handling (bíða, njóta, gæta “vakte, passe på”, þurfa) –Eit særs typisk trekk er at genitivobjektet ikkje er påverka av verbhendinga [–Aff] –Påverknad er eit graduelt fenomen. I mine data er genitivobjektet klart påverka berre i 2 av 278 eksempel, upåverka i 69% og delvis påverka i 25%. Konklusjon: adverbal genitiv representerer atypiske (perifere) transitivkonstruksjonar

15 15 Tabell 1: Adverbal genitiv i ljos av typiske transitivitetstrekk GRØN = STEMMER GUL = STEMMER IKKJE leita leite bíða vente gæta passe på njóta nyte þurfa trenge hefna hemne 1) Subjekt og Objekt 2) Hending, ikkje situasjon 3a) Energioverføring 3b) Kortvarig 3c) Tydeleg sluttpunkt 4a) Subjekt individualisert, fysisk eining 4b) Objekt individualisert, fysisk eining 5) Subjekt/objekt eksisterer før hendinga 6) Asymmetrisk relasjon 7) Subjekt viljestyrt deltaking, objekt ikkje-viljestyrt 8) Subjekt kjelde til og objekt mål for energioverføring 9) Objekt fullstendig affisert av verbhandlinga

16 16 Konstruksjonsskjema med ulik bruksfrekvens Høg typefrekvens > høg grad av skjematisering > sterkt abstrakt skjema: Høg teiknfrekvens > sterke spesifikke skjema > svakt abstrakt skjema: (kjelde: Barðdal (2008) for islandske verbkonstruksjonar)

17 17 Barðdal (2008) viser at: medan 52% av norrøne objekt er akkusativmarkerte –og 32% dativmarkerte er berre 6% av norrøne objekt genitivmarkerte (Barðdal 2008:155) Dette er ein god indikasjon på at [NOM V GEN]- konstruksjonen hadde mykje lågare typefrekvens enn [NOM V AKK]-konstruksjonen Når få verb inngår i ein konstruksjon er det ikkje enkelt å generalisere over enkelte verb og dele inn i verbklasser

18 18 Abstraksjonsnivå for konstruksjonar Abstrakte konstruksjonsskjema: –Særs sterkt skjema: t.d. [Subj V Obj], slik som transitiv- konstruksjonen [NOM V AKK] –Middels sterkt skjema: t.d. ditransitiv-konstruksjonen [Subj V Obj1 Obj2] (Croft 2003) Verbklasse-spesifikke konstruksjonar: når vi har ei mindre klasse av verb som oppfører seg annleis enn eit beslekta skjema, men oppfører seg annleis på same/liknande måte Verbspesifikke konstruksjonar har vi når det berre er eitt (eller svært få) verb som inngår i ein konstruksjon (det vi kjenner som “unntak”).

19 19 Atypiske genitiv-verb-konstruksjonar Konstruksjonsskjemaet [DAT V GEN] med verbet batna “bli bra av” og nokre få til, har svært låg typefrekvens (7)þábatnarþvisótta da vert-bra det.DATsjukdom-GEN “da vert det [dyret] bra av sjukdommen” (OHS) I konstruksjonen renna kalfs “ta kalv, bli drektig” har verbet renna ei spesiell tyding. I denne tydinga brukast renna berre om kyr, og med genitivobjektet kalfs: (8)at kýr renne eigi kalfs at ku [tar(?)] ikkje kalv-GEN “at ei ku ikkje blir drektig” (GL) (7) og (8) er eksempel på verbspesifikke konstruksjonar også kalla “verb-øyer”

20 20 Redundans i representasjonar Viss vi følgjer Croft (2003) og Barðdal (2008) er det ikkje eit spørsmål om kor spesifikk ein konstruksjon kan vere representert. Vi kan hypotetisere at ein språkbrukar BÅDE har –ein abstrakt representasjon av transitivkonstruksjonen i form av eit skjema [Subj V Obj] (eller [NOM V AKK]) OG –eit heilt spesifikt skjema sjølv for eit regulært transitivt verb som drepa “drepe” i eksempel (9) Når vi tillèt redundans i representasjonar vert det altså heller eit spørsmål om kor abstrakt ein konstruksjon kan vere representert.

21 21 Difor… Det er difor svakt grunnlag for å postulere abstrakte, overordna konstruksjonsskjema, t.d. av typen “partitiv”, for norrøne genitiv-verb-konstruksjonar At ei hending påverkar objektet i ingen eller svært liten grad inneber ikkje partitivitet (= del-heilskaps- relasjon) Istaden har vi for adverbal genitiv ein avvikande type kasusmarkering av ein avvikande type objekt, nemleg objekt som er upåverka av hendinga, eller altså kjenneteikna av trekket [–Aff]

22 22 Verb-underklasser i konstruksjonar med låg typefrekvens Situasjonen i islandsk liknar den i norrønt: Det er færre verbklasser under Nom-Gen enn under Nom-Akk (transitivkonstruksjonen) (Barðdal 2008) Konstruksjonane Nom-Akk og Nom-Dat kan delast opp i mange semantisk baserte verb-grupper og undergrupper (Barðdal 2008:68, 73) På bakgrunn av sitt korpus for islandsk kjem Barðdal (2008) i studien sin fram til 5 verbklasser for Nom-Gen-konstruksjonen (4 av er baserte på felles semantikk) Dei norrøne genitiv-verba i mitt korpus er det òg mogleg å (tentativt) dele inn i fem semantisk baserte verbklasser:

23 23 Verbklasser i adverbal genitiv – 1 (1)leita-klassa, der dei mest sentrale verba uttrykkjer direkte eller indirekte streving mot eit mål, som er [–Aff] (Figur 4) Figur 4 Figur 5 (2)njóta-klassa, med ein semantikk som ligg litt nærmare transitivkonstruksjonen, og der objektet kan sjåast som “nådd” av verbhandlinga (Figur 5)

24 24 (3)hefna-klassa, der genitiven meir kan sjåast som ei årsak/kjelde til verbhandlinga (Figur 6) Figur 6 Figur 7 Figur 8 (4)synja-klassa, som har verb som uttrykkjer at genitiven er hindra frå å opptre i nominativens sfære (Figur 7) (5)virða-klassa, ei svært lita klasse med få verb i mitt material. Desse uttrykkjer estimering, og er moglege å sjå i samband med partitivitet, sjølv om linken på ingen måte er innlysande (Figur 8) Verbklasser i adverbal genitiv – 2

25 25 Semantisk-taksonomisk nettverk for adverbal genitiv

26 26 SAMANFATNING OG KONKLUSJONAR Adverbal genitiv representerer ein polysem kategori slik som typiske transitive (og ditransitive) konstruksjonar òg gjer Adverbal genitiv skil seg frå prototypiske transitivar ved at subjektet ikkje er veldig typisk agentivt, ved at verbhandlinga ikkje er spesielt energetisk, men aller mest ved at objektet ikkje er påverka av verbhandlinga (er –Aff) Adverbal genitiv som kategori kan altså sjåast som ein perifer transitiv-undertype med avvikande objekt-kasusmarkering av ein semantisk avvikande objekt-type Objektet er også det som formelt skil adverbal genitiv frå prototypiske transitivkonstruksjonen – nettopp ved at det er genitiv- markert, ikkje akkusativ-markert Pga. låg typefrekvens er det ikkje sannsynleg at adverbal genitiv ([NOM V GEN]) kan generaliserast til eit like abstrakt nivå som transitivkonstruksjonen ([NOM V AKK]). Istaden består adverbal genitiv av verbklasse-spesifikke og verb-spesifikke konstruksjonar

27 27 Litteraturliste Barðdal, Jóhanna (2001): Case in Icelandic – A Synchronic, Diachronic and Comparative Approach. Lundastudier i nordisk språkvetenskap A 57. Lund: Institutt for nordiske språk. Barðdal, Jóhanna (2008): Productivity: Evidence from Case and Argument Structure in Icelandic. Constructional Approaches to Language series 8. Amsterdam: John Benjamins. Croft, William (2003): “Lexical rules vs. constructions: a false dichotomy”. In: H. Cuyckens, T. Berg, R. Dirven & K. Panther (eds.): Motivation in Language: Studies in honour of Günter Radden. Amsterdam: John Benjamins (pp. 49–68). Eithun, Bjørn, Magnus Rindal & Tor Ulset (1994): Den eldre gulatingslova. Norrøne tekster nr. 6. Oslo: Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. (GL) Faarlund, Jan Terje (2004): The syntax of Old Norse. Oxford: Oxford University Press Jónsson, Finnur (1893–1901): Heimskringla: Noregs konunga sogur. Vol. II. København: Møller. (OHS) Knudsen, Trygve (1967): Kasuslære. Dativ, genitiv. Vol II. Oslo: Universitetsforlaget. Kristoffersen, Kristian E. (1996): Infinitival phrases in Old Norse: Aspects of their syntax and semantics. [Doctoral dissertation.] Department of Scandinavian Studies and Comparative Literature, University of Oslo. Langacker, Ronald W. (1991): Foundations of cognitive grammar. Vol. 2: Descriptive Application. Stanford, CA: Stanford University Press. Nygaard, Marius (1905): Norrøn syntax. Kristiania: Aschehoug. Næss, Åshild (2007): Prototypical Transitivity. Typological Studies in Langauge (TSL) series, Vol 72. Amsterdam: John Benjamins. Rindal, Magnus (1981): Barlaams ok Josaphats saga. Norrøne tekster nr. 5. Oslo: Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. (BJS)


Laste ned ppt "Atypiske transitivar eller verb- spesifikke konstruksjonar? Ein kognitiv konstruksjonsgrammatikkanalyse av adverbale genitivar i norrønt Ellen Hellebostad."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google