Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Velkommen til ei interaktiv forteljing, ei forteljing der du sjølv er med på å avgjere kva som skal skje. Ved å klikke på dei ulike svaralternativa som.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Velkommen til ei interaktiv forteljing, ei forteljing der du sjølv er med på å avgjere kva som skal skje. Ved å klikke på dei ulike svaralternativa som."— Utskrift av presentasjonen:

1 Velkommen til ei interaktiv forteljing, ei forteljing der du sjølv er med på å avgjere kva som skal skje. Ved å klikke på dei ulike svaralternativa som dukkar opp, blir du ført vidare til eit nytt lysark i Powerpoint-forteljinga. Klikk på den blå sirkelen nedanfor for å komme til startsida.

2 Du sit og blar i eit gammalt fotoalbum. På eit av bileta ser du oldefaren din, som skal ha levd på eit lite småbruk langt nord i landet. Du bestemmer deg for å finne ut mest mogleg om oldefaren din. Kva gjer du? Dei bortkomne dagbøkene Du tek første og beste fly til Tromsø. Du finn fram slektstreet ditt. Du ringjer til bestemora di.

3 Bankkontoen din inneheld akkurat nok pengar til at du kjem deg med fly til Tromsø. Der viser du fram fotoalbumet til dei tilsette på flyplassen, men ingen kan kjenne att oldefaren din på biletet. Kva gjer du no? Du ringjer heim og seier at du er i Tromsø utan pengar. Du dreg inn til byen for å fortsetje leitinga der. Du set deg ned i ventehallen og håpar på eit under.

4 Da du ringjer faren din for å forklare kvar du er, blir han forbanna og ber deg komme heim att så raskt som mogleg. Han klandrar deg for å ha brukt så mykje pengar på å reise til Tromsø, for oldefaren din voks opp utanfor Bodø – ikkje utanfor Tromsø. Du skjønner at du har dumma deg ut, og gir opp å finne ut meir om oldefaren din. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

5 Ettersom du er pengelens, vel du å haike inn til sentrum av Tromsø. Dessverre er ingen av bilistane interesserte i å ta med seg nokon haikar. Du skiftar taktikk. I staden for å smile pent til bilistane går du ut i vegbanen og veivar med armane. Ein lastebil nærmar seg i stor fart, og han har ingen sjanse til å stanse i tide. Du blir overkøyrd og mistar livet – utan å finne ut noko meir om oldefaren din. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

6 Mens du sit i ventehallen, kjem onkel Gustav forbi. Han fortel at det ikkje er verdt å finne ut meir om oldefaren din, for han var ein inneslutta mann som aldri delte tankane sine med nokon. Onkel Gustav foreslår at du heller blir med til Aspmyra for å sjå Tromsø spele mot Brann. På tribunen treffer du gamlekjærasten din, som flytta til Tromsø for fem år sidan. De tek opp att forholdet, og du gløymer oldefar. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

7 Ein gong fekk du høyre at oldefaren som du søkjer opplysningar om, er kalla opp etter ein norsk konge. Kva for ein oldefar skal du finne ut meir om? Simen Lie Sverre Tryti Geir Ove Mo Sveinung Mo Morten MoGunvor Lie Anna TrytiOla MoSandra GiskeJakob Lie Palma Vik (ukjend) Gro Straume Simen Lie Jorunn Mustad Sverre Tryti Pia Grønn Geir Ove Mo

8 I tre dagar til ende prøver du å finne ut meir om denne oldefaren, men til slutt oppdagar du at fornamnet hans slett ikkje er namnet på ein tidlegare norsk konge. Du har funne fram informasjon om feil person... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

9 Da du ser namnet til Sverre, kjem du på at du har sett eit gammalt bilete i eit fotoalbum. Du finn fram albumet og les teksten som står under biletet: «Sverre var ein inneslutta mann som snakka lite med folk, men det blei sagt at han skreiv langt og godt i dagbøkene sine. Både presten og ordføraren meinte at Sverre burde gi ut tekstane sine i bokform, for han skreiv så godt at han stilte både Ibsen, Bjørnson og Lie i skuggen. Dessverre gøymde han dagbøkene så godt at ingen har funne dei …» Klikk på den blå sirkelen for å lese meir.

10 Bestemora di blir veldig glad da du ringjer, men blir sint da du fortel at du ønskjer å finne ut meir om oldefaren din. Ho ber deg slutte med å grave i fortida. «Bry deg heller om kva framtida vil føre med seg,» ber ho, og tilbyr deg ein tusenlapp for å slutte å leite etter opplysningar. Du takkar ja til tilbodet – men da du femti år seinare ligg for døden, angrar du djupt. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

11 Du får lyst til å finne dagbøkene og overtyder faren din om å reise til heimstaden til oldefar. Kva gjer de når de kjem fram til huset? De bryt dykk inn i huset. De ber om hjelp i nabohuset. De luskar rundt på eigedommen.

12 De tek fram eit brekkjern frå bagasjerommet og bryt dykk inn i huset. Dessverre har naboen heile tida observert dykk, og ho ringjer straks lensmannen da ho ser dykk med brekkjernet. Før de har rokke å gjennomsøkje huset, blir de tekne av lensmannen. Dei noverande eigarane av huset ber dykk om å ryke og reise. Dagbøkene til oldefar finn de aldri. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

13 Naboen tek imot dykk med opne armar og set fram heimelaga mat frå kjøleskapet. Ho fortel mykje om oldefaren din, samtidig som ho passar på at de får nok å ete. Idet ho skal til å fortelje om dagbøkene til oldefar, blir du uvel. Også faren din blir sjuk, og de får ein sterk mistanke om at de har vorte matforgifta. Den snille naboen seier ho skal ringje etter ambulanse, men han rekk ikkje fram i tide... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

14 De oppdagar ein gammal potetkjellar. Kva gjer du? Du nektar å gå inn i noko som liknar på ei hobbithole. Du går inn i potetkjellaren. Du ber faren din om å gå inn i potetkjellaren.

15 Du fortel faren din at potetkjellaren liknar på dei holene som hobbitane bur i. Faren din seier at han aldri har høyrt om hobbitar, så du fortel han om dei fantastiske bøkene til den engelske forfattaren J.R.R. Tolkien. Ettersom de begge liker å lese bøker, finn de ut at de skal besøkje det lokale biblioteket for å låne alle Tolkien- bøkene. De har hellet med dykk, og snart har de heilt gløymt dagbøkene til oldefar... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

16 I potetkjellaren er det så mørkt at du nesten ikkje ser nokon ting. Du mistar balansen og dett mot ei skjult dør. Døra opnar seg, og du famlar deg fram til ein koffert som du ber med deg ut. Da de opnar kofferten, finn de elleve av dagbøkene til oldefar. Og det er sant at dagbøkene er ekstremt velskrivne... Klikk på den blå sirkelen for å lese vidare.

17 Naboen tek imot dykk med opne armar og set fram heimelaga mat frå kjøleskapet. Ho fortel mykje om oldefaren din, samtidig som ho passar på at de får nok å ete. Idet ho skal til å fortelje om dagbøkene til oldefar, blir du uvel. Også faren din blir sjuk, og de får ein sterk mistanke om at de har vorte matforgifta. Den snille naboen seier ho skal ringje etter ambulanse, men han rekk ikkje fram i tide... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

18 Da de kjem heim, kontaktar de eit forlag for å få dagbøkene utgitt. Hellet er framleis med dykk. Bøkene blir bestseljarar, både i Noreg og i utlandet. GRATULERER!!!

19 Lysark 2 START Lysark 3Lysark 11 Lysark 7 Lysark 4 SLUTT Lysark 6 SLUTT Lysark 5 SLUTT Lysark 8 SLUTT Lysark 9 Lysark 10 SLUTT Lysark 12 SLUTT Lysark 14 Lysark 13 SLUTT Lysark 17 SLUTT Lysark 18 MÅL Lysark 15 SLUTT Lysark 16 Dette diagrammet viser korleis forteljinga er bygd opp!


Laste ned ppt "Velkommen til ei interaktiv forteljing, ei forteljing der du sjølv er med på å avgjere kva som skal skje. Ved å klikke på dei ulike svaralternativa som."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google