Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Strategisk planlegging

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Strategisk planlegging"— Utskrift av presentasjonen:

1 Strategisk planlegging
KVA ER EIN PLAN ein oppskrift på korleis ein når fram til eit ønska mål KVA ER PLANLEGGING? eit forsøk på kontroll av framtida, reduksjon av uvisse ein handlingsform som er kunnskapsbasert og framtidsretta målretta handling

2 Arbeidsoppgåver i ein planprosess
Registrere dagens tilstand, behov analysere kva er problemet formulere mål hva vil vi oppnå skissere ulike forslag fleire svar på problemet evaluere alternativa kva for eit alternativ er best utarbeide endeleg forslag

3 MÅL ein ønskjeleg tilstand VERKEMIDDEL den ressursbruk/ aktiviteten som trengst for å nå målet

4 PLANLEGGINGSMODELLAR
Rasjonell planlegging Klare, eintydige mål Alle alternativ vert kartlagt Alle konsekvensar vert vurdert Det beste alternativet vert vald ”opplyst einevelde” Strategisk planlegging Gjeld tilhøva til ytre omgjevnader Knytt opp til eksterne aktørar og interessegrupper Ein open situasjon – mange ukjende faktorar ”konkurranse, uvisse”

5 STRATEGISK PLANLEGGINGSPROSESS
Analyse av omgjevnadene ressursar som er til rådvelde - menneskelege, økonomiske, naturgitte osb. visjonar eller langsiktige mål framgangsmåtar eller strategiar for å nå måla

6 STRATEGISK PLANPROSESS
Analysen kartlegg tilhøva til omgjevnadene SWOT- analyse Strengths – Styrkje Weaknesses – Veikskaper Opportunities – Moglegheiter Threats - Trugsmål

7 PLANPLIKT ETTER ULIKE SÆRLOVER
Plan- og bygningslova all offentleg planlegging Pålegg kommunar og fylkeskommunar å drive kommune- og fylkesplanlegging Seier korleis planlegginga skal føregå Pålegg kommunane å lage planar for bruk og vern av areal og andre ressurser Barnehagelov Forureiningslov Kommunehelselov etc

8 Kva er ein fylkesdelplan
Krava til ein fylkesdelplan planen skal vere tverrsektoriell og nivåovergripande. planen skal ikkje vere eit skrivebordsprodukt. Det er ikke mogleg for éin person å sitte og skrive den i einerom

9 Krav til ein fylkesdelplan
Krav til organisering Prosjektgruppe med deltakarar frå aktuelle fagmiljø Kommunal deltaking – helst både ein større og ein mindre kommune Andre avdelingar i fylkekommunen Dagleg drift – kjernegruppe på 2-4 personar Referansegruppe – større samling med ressurspersonar som kjem saman etter behov

10 Fylkesplan for Hordaland
Fylkesplanen for 2005 – 2008 vart vedteke av fylkestinget 11. november 2005. Planarbeidet starta i årsskiftet Eit planutkast var klar etter sommaren 2004 og sendt på høyring årsskiftet Administrasjonen hadde klar eit utkast etter påske Det vart ført vidare av fylkespolitikarane, som ønskja å sette eit meir tydeleg politisk preg på fylkesplanen. Fylkesplan for Hordaland

11 Fylkesplan for Hordaland 2005-2008
Innhald Visjon 4 fanesaker Generelle utfordringar Næringsutvikling Kompetanse Kultur Transport, areal og miljø Transport Areal og miljø Arealpolitiske retningsliner Her er dei ulike kapitla i planen. Eg skal ikkje gå detaljert gjennom alt, men vil trekkje fram måla og elles punkt som kan vere av særleg interesse for departementa. Fylkesplanen har ein overordna visjon og 4 satsingsområde med mål og strategiar.

12 eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion
Visjon Hordaland – eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion Visjonen er utforma av fylkestingspolitikarane. Vi vektlegg verdiskaping som eit gjennomgåande tema i heile planen, saman med kompetanse.

13 4 fanesaker For kvart av dei 4 satsingsområda har planen ein fanesak. Det som særmerker dei, er at politikarane har eit særskilt ansvar for at dei vert realiserte. Her er altså den politiske innsatsen viktig. Den første fanesaka gjeld oljeraffineriet på Mongstad, som dette bildet viser.

14 Fanesak Næringsutvikling Kompetanse
Mål: Auka bruk av naturgass innanlands Satsing: Energiverket på Mongstad skal realiserast i løpet av planperioden Kompetanse Mål: Bergen skal utviklast vidare som kunnskaps- og utdanningsby, som grunnlag for innovasjon og verdiskaping Satsing: Stø oppretting av eit senter for entreprenørskap der studentar kan utvikla etablerarkompetanse i samspel med næringslivet på Vestlandet Hordaland er eit stort gassfylke. Vi vil at meir av gassen frå Trollfeltet skal brukast og foredlast innanlands. Gass som drivstoff for bussar og bilar er miljøvenleg og må utviklast vidare. Gassen som råvare for industri må det også satsast vidare på. Gassen som energiforsyning til næring og utbygging har eit stort potensial. Hordaland har eit særleg godt prosjekt for bruk av gass til energiproduksjon. Det gjeld bygging av energiverk på Mongstad, basert på naturgass og lette fraksjonar frå raffineriet. Varmen frå energiverket skal nyttast i raffineriet og vil vere eit viktig energisparetiltak. Kvifor vil vi ha dette? Jo, det trengs nemleg meir straum til drift av kompressorar på Kollsnes og på Troll A-plattforma. I tillegg veit vi at etterspurnaden etter kraft i regionen veks. Det er ein nasjonal trend og ikkje berre typisk for Hordaland. Vi ønskjer sjølvsagt sterkare statlege incitamenter til enøk. Det trengst ein heilt annan innsats enn kva staten legg til grunn i dag. Det må også satsast på auka bruk av fornybare energikjelder. Men korkje vindkraft eller småkraft er konfliktfritt. Mange av våre vakraste vassdrag og landskap er sterkt prega av vasskraftutbygging, og no må vi snart setje strek. Alternativet til kraftverket på Mongstad er å auke overføringane frå Austlandet. Statnett har søkt om konsesjon for ein 420 kilovolts kraftline gjennom Hardanger til Bergensregionen. Lokalbefolkninga seier nei til luftline; fylkesutvalet skal handsame saka om 5 dagar. Utbygging av eit energiverk på Mongstad kan utsetje trongen for kraftlina i minst 5 år, og i mellomtida kan kostnadene ved kabling i sjø verte lågare. Utbygging av kraftverket på Mongstad ligg på miljøvernministerens bord. Eg skjønar at ho ikkje har det lett, fordi kraftverket vil sleppe ut CO2. I global samanheng vil det likevel vere eit godt alternativ til annan forureinande kraftproduksjon, og det reduserer vårt behov for å importere energi. Kraftverket på Mongstad må byggjast no, og i etterkant må det vere mogleg å installere reinsing av CO2, når teknologien ligg føre.  Det er Hordaland sitt ønskje

15 Kultur – kulturbasert næring
Fanesak Kultur – kulturbasert næring Mål: Hordaland skal bli Noregs festivalfylke og eit senter for musikkindustri Satsing: Vidareutvikle eksisterande festivalar og miljøa rundt desse, og utvikle ei komplett verdikjede innan musikk Transport, areal og miljø - betre kommunikasjonar Mål: Infrastrukturen skal utviklast for å redusera transportkostnader og fremja velferd Satsing: Det skal satsast særskilt på Kyststamvegen E39, Hardangerbrua og Bergensprogrammet Fanesaka som gjeld kultur handlar om kulturbasert næring, som er ein av dei sektorane som er i sterkast vekst globalt. Hordaland er eit stort kulturfylke og vi vil utvikle dei kulturbaserte næringane. Festivalane må verte heilskaplege kulturprodukt og vi vil etablere ei fullstendig verdikjede innan musikkbransjen i regionen. Når det gjeld kulturbasert næringsutvikling må eg nemne den statlege satsinga ”Leve med kulturminner” som er lansert av miljøvernminister Helen Bjørnøy. Det er skapt store forventningar, og Hordaland har søkt om pengar til eit pilotprosjekt. Dette håper vi går greitt.

16 Næringsutvikling Kapitlet om Næringsutvikling omhandlar dei viktigaste utfordringane for næringslivet i Hordaland, med vekt på korleis vi skal gjere Hordaland endå meir nyskapande.

17 Visjon for næringspolitikken
Næringsutvikling Visjon for næringspolitikken Hordaland skal vera mellom dei mest innovative regionane i Europa i næringar der fylket har særlege føremoner, med vekt på lønsemd, internasjonal konkurransekraft og evne til omstilling Næringar der vi har særlege føremoner er først og fremst energisektoren, marine næringar, maritime næringar og reiseliv.

18 Næringsutvikling Næringsmål
Hordaland skal ha best moglege rammevilkår for framvekst av næringsliv, som kompetanse, kapital og infrastruktur Hordaland og Bergen skal framstå som attraktiv for lokalisering av hovudkontorfunksjonar Potensialet for verdiskaping skal utløysast i næringar der vi har særlege føremoner Innovasjonen skal aukast i eit samspel mellom næringslivet, FoU-miljøa og offentlege styresmakter Talet på nyetableringar i regionen skal aukast Lokalsamfunna skal ha livskraftig næringsliv, basert på eigne føremoner og særtrekk, og som grunnlag for gode arbeidsplassar Kapitlet er lagt til grunn for Regionalt utviklingsprogram i planperioden og bruk av dei regionalpolitiske verkemidlane. Her er Hordaland langt framme, og vi tar rolla som regional utviklingsaktør på alvor. Vi synest sjølv at vi gjer det på ein god måte. Tilbakemeldingane frå våre mange samarbeidspartnarar er gode. Fylkesplanen har 6 næringsmål. Alle handlar om at vi sjølv tar ansvar for å gjere Hordaland til eit endå meir konkurransedyktig og nyskapande fylke.

19 Kompetanse Kompetanse kapitlet tar opp kunnskap og kompetanse som nødvendig grunnlag for verdiskaping og innovasjon.

20 Visjon for kompetansepolitikken
Hordaland skal vera ein lærande region der kompetanse vert systematisk utvikla og nytta i eit samspel mellom dei som tilbyr utdanning og opplæring, arbeidslivet, organisasjonane, og den enkelte innbyggjaren Behovet for betre kontakt mellom næringslivet og kunnskapsinstitusjonane vert trekt særleg fram. Vi har etablert fleire møtepunkt med til dømes universitetet og høgskolene i fylket.

21 Kompetanse Kompetansemål
Fremja systematisk læring gjennom heile livet for alle innbyggjarane Auka samhandlinga mellom opplæringsinstitusjonane og med arbeidslivet Leggja til rette for entreprenørskap på alle nivå i utdanninga, og utvikla ein kultur for entreprenørskap Hordaland skal ha ein god, desentralisert vidaregåande skule, og skulane skal vera viktige medspelarar i lokalsamfunnet Det er 4 kompetansemål. Kompetansemåla ligg til grunn for fylkeskommunens Strategiplan for vidaregåande opplæring. Måla er og sentrale for innføring av ”Kunnskapsløftet” i Hordaland.

22 Kompetansestrategiar (utval)
Tiltak for å hindra fråfall (drop out) i den vidaregåande skulen Alle dei vidaregåande skulane skal gi tilbod om opplæring i entreprenørskap Styrkja arbeidet med livslang læring med IKT som verktøy for desentralisert kunnskapsoverføring Det er i alt 10 strategiar for kompetanse. Eg vil særleg framheve: Politikarane har satt trykk på satsinga mot fråfall i vidaregåande opplæring. Her har vi eit eige prosjekt retta mot minoritetsspråklege og innført obligatoriske startsamtalar mellom kontaktlærar og elev ved skulestart. Hordaland har i ei årrekkje arbeidd med å få entreprenørskapsopplæring i skolen og kan vise til svært gode resultat. Målet om at alle skulane skal gi eit slikt tilbod er innan rekkjevidde. I år har fire skular innført obligatorisk bærbar pc til alle vg1-elevar. Målet er at dette skal gjelde alle skular frå neste skuleår. Digitale læremiddel skal produserast lokalt i samarbeid andre fylkeskommunar samt lokalt samfunns- og næringsliv, noko som og legg til rette for eit desentralisert opplæringssystem med vidaregåande skole som lokalt ressurssenter.

23 Kultur Kulturkapitlet tar opp dei viktigaste utfordringane for kulturlivet i Hordaland.

24 Visjon for kulturpolitikken
Hordaland skal ha eit rikt og mangfaldig kulturliv som er forankra i regionale særtrekk og ope for nye impulsar. Alle skal kunne ta del i og oppleva tradisjonelle og nyskapande kulturaktivitetar Kulturpolitikken spenner breitt og er mangfaldig.

25 Kultur Kulturmål Kunstnarleg og kulturell aktivitet skal vera eit fundament for busetnad, næringsutvikling og livskvalitet i Hordaland Hordaland skal væra eit leiande fylke for kultur- og idrettsbasert næring Offentlege og frivillige organisasjonar og institusjonar skal vera sterke og offensive Veldrivne kultur- og idrettsbygg, -anlegg og -møtestader skal fremja aktivitet på tvers av generasjonar og kulturskilje Gje innbyggjarane i fylket tilgang til dei beste arkiv-, bibliotek- og museumstenestene Forts. Kapitlet har heile 10 kulturmål. Eg vil trekke fram målet om veldrivne kultur- og idrettsbygg. Hordaland får over 60 mill. kr. til idrettsbygg og idrettsanlegg, men berre 4 mill. til kulturhus. Dette misforholdet må rettast opp. Tilskota til kulturhusa må opp på et mykje høgare nivå, og fylkeskommunen må få hand om heile feltet. I dag tildelar staten 60% av midlane til kulturhus, og tildelingane er slett ikkje alltid i tråd med lokale prioriteringar og vedtak. Slik spelemiddelordninga er innretta er den til hinder for naudsynt regional utvikling på kulturhusfeltet. Heile ordninga bør vera ein del av fylkeskommunens ansvar som regional utviklingsaktør. Det vil styrkje bredde og kvalitet på kulturlivet, og det vil gjere det lettare å koordinere tiltak som skal dekke behov på tvers av kommunegrensene.

26 Kultur Kulturmål forts.
Kulturarven skal takast vare på, og kunnskap om den skal formidlast, ved å styrkja arbeidet med arkiv, bibliotek, museum, kulturminne og kulturmiljø Det skal vera attraktivt for kunstnarar og kreativ verksemd å etablera seg i Hordaland Kunst- og kulturformidlinga skal vera aktiv og variert med prioritering av born og unge Musikkindustrien i regionen skal bli så sterk at alle ledd kan ivaretakast her Kompetanseheving, synleggjering og styrking av kulturnæringa På nivå under kulturmåla er det 12 konkrete strategiar for utvikling av kulturfeltet. Eg går ikkje nærare inn på desse no.

27 Transport, areal og miljø
Transport, areal og miljø høyrer nært saman saman, og er noko som kommunane er særleg opptekne av.

28 Transport, areal og miljø
Visjon for miljø-, areal- og transportpolitikken Hordaland skal utvikla levedyktige regionar og attraktive lokalsamfunn, med eit nett av vekstkraftige sentra og Bergen som landsdelsenter. Areal- og naturressursane skal nyttast på ein berekraftig og langsiktig måte. Eit heilskapleg og samanhengande transportsystem skal byggjast ut med tilfredsstillande standard. Universell utforming skal leggjast til grunn. Det er ein felles visjon for dette breie satsingsområdet. Universell utforming er her tatt inn i visjonen. Vi har laga ein eigen fylkesdelplan for universell utforming, den er sendt til Miljøverndepartementet for sentral godkjenning.

29 Arealpolitiske retningsliner
Dei arealpolitiske retningslinene er ei konkretisering som skal vere til hjelp for kommunane i Hordaland og i sakshandsaminga av verne- og utbyggingssaker. Vi har samla og samanfatta retningslinene frå 8 godkjende fylkesdelplanar som har med areal og naturressursar å gjere. Formuleringar er stramma opp, men meiningsinnhaldet skal ikkje vere endra. Retningslinene har 7 tema, stort sett i samsvar med dei opphavlege fylkesdelplanane.

30 Gjennomføring av planen

31 Deltaking for alle – universell utforming
Fylkestinget i Hordaland vedtok desember 2003 at det skal utarbeidast ein handlingsplan for funksjonshemma, og at det skal vera ein fylkesdelplan. Fylkesplanlegginga skal stimulera den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i fylket, og den skal leggjast til grunn for fylkes-kommunal verksemd og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket. Fylkesdelplanen er retningsgjevande for ·     Statlege etatar/ verksemd i Hordaland ·     Hordaland fylkeskommune ·     Kommunane i Hordaland ·     Private verksemder som skal levere tenester, bygg- anlegg og utstyr til offentleg verksemd. Ingvild Hakestad har vært saksordførar. Prosjektgruppa : Fylkesrådet for funksjonshemma, Husbanken Bergen, Kvam herad, Bergen kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Norges Blindeforbund. Hordaland fylkeskommune: Samferdselsavdelinga, Opplærings-avdelinga, OT/PPT, Eigedomsseksjonen, Regional IKT, Kommunesamarbeid, Personalseksjonen, Strategi- og næringsavdelinga. Arkitektkontoret ABO as har vore engasjert som konsulent ved utarbeidelse av høringsutkastet. Fylkestinget vedtok Fylkesdelplanen Deltaking for alle – universell utforming. 13. Juni 2006 Deltaking for alle – universell utforming

32 Universell utforming Utforming av produkt, tenester og omgjevnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing og spesiell utforming Definisjonene av universell utforming er mange. Vi har valgt å bruke denne, og har føyd til at det også omfatter tjenesteyting. Pyramiden illustrerer korleis universell utforming kan redusere behovet for særlege løysingar og spesiell tilrettelegging.

33 Gjennomsnittsmennesket finst ikkje
Personer med nedsatt funksjonsevne omfatter svaksynte og blinde. Det omfatter tunghørte og døve, astmatikere og allergikere, personer med lese- og skrivevansker (dyslektikere, psykisk utviklingshemmede). Og det omfatter personer med nedsatt bevegelsesevne. De fleste av oss vil føre eller senere, for kortere eller lengre tid, oppleve en form for nedsatt funksjonsevne. Poenget er at dette ikke er en egenskap ved oss som individer, men noe som oppstår i møte med samfunnet. Er du svaksynt, kan du likevel klare deg utmerket hvis bare skriften er tydelig nok. Er du gravid eller dårlig til beins, klarer du deg veldig bra hvis der er et rekkverk. Gjennomsnittsmennesket er en teoretisk størrelse som de færreste av oss passer inn i. Det må være slingringsmonn for de individuelle variasjonene!

34 Tema i planen Kva skal vi fram til Digital deltaking Opplæring
Offentlege bygg og anlegg Bustader Offentleg samferdsel Friluftsliv og reiseliv Planen har 6 tema. På kvart tema er det fleire mål og tiltak.

35 Struktur på planen

36 1. Digital deltaking Overordna regionalt mål
Alle IKT-produkt, -innretningar og -tenester skal vere universelt utforma frå og med (Fylkesutvalsak 262/05. Fråsegn til NOU 2005:8 Likeverd og tilgjenge) Utfordringene her er: Internett skapar nye møteplassar og bryt ned tradisjonelle barrierar for diskusjon. Demokratiet får nye kanalar og den politiske diskusjonen kan verte meir open og. Ålmen tilgjenge til ulike tenester vert betre etter kvart som dei vert tilgjengelege på Internett. For svaksynte, blinde og personar med nedsett læringsevne har situasjonen forverra seg dramatisk. Skiljet aukar mellom dei som kan nytte seg av IKT og internett, og dei som ikkje kan det.

37 1.Digital deltaking Mål 1.1 Demokrati og forvalting
Kommunane i Hordaland skal ha universelt utforma tilgjenge til digital røysting i 2009 Alle skal ha tilgang til nettbaserte tenester frå og med 2007, og tenestene må ha universell utforming Tiltak 1.1.1 Det skal vere mogleg med universelt utforma digital røysting i Hordaland ved stortingsvalet i Mogleg utprøving av eit opplegg i ein hordalandskommune Alle fylkeskommunale søknadsskjema skal vere tilgjenge- lege på internett og ha universell utforming innan 2010 Demokratiaspektet bør ha særlig appell til fylkespolitikerne.

38 1.Digital deltaking Mål 1.1 Demokrati og forvalting
Kommunane i Hordaland skal ha universelt utforma tilgjenge til digital røysting i 2009 Alle skal ha tilgang til nettbaserte tenester frå og med 2007, og tenestene må ha universell utforming Tiltak 1.1.1 Det skal vere mogleg med universelt utforma digital røysting i Hordaland ved stortingsvalet i Mogleg utprøving av eit opplegg i ein hordalandskommune Alle fylkeskommunale søknadsskjema skal vere tilgjenge- lege på internett og ha universell utforming innan 2010 Demokratiaspektet bør ha særlig appell til fylkespolitikerne.

39 Planlegginga er gøy Til slutt vil eg seie at vi gjer det beste ut av ventetida, mens departementa førebur den endelege godkjenninga i statsråd. At det tar litt tid plagar oss ikkje, for vi har for lengst tatt fylkesplanen i bruk. Vi er faktisk godt i gang med iverksettinga!


Laste ned ppt "Strategisk planlegging"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google