Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Lokal klimaplanlegging Klimaplanprosjektet www.hivolda.no/klimaplan Sveinung Dimmen HVO 25.09.08.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Lokal klimaplanlegging Klimaplanprosjektet www.hivolda.no/klimaplan Sveinung Dimmen HVO 25.09.08."— Utskrift av presentasjonen:

1 Lokal klimaplanlegging Klimaplanprosjektet Sveinung Dimmen HVO

2 Bakgrunn for klimaplanprosjektet - eit lokalt forankra samarbeidsprosjekt med ni pilotkommunar Klimaspørsmål på den politiske dagsorden –Global oppvarming som flg av menneskeskapte klimagassutslepp er viktigaste og største miljøutfordringa verdssamfunnet i dag står overfor (jf. FNs klimapanel IPCC) Omfang og kompleksitet –Klima- og miljøproblema kjenner ingen grenser –Tenke globalt – handle lokalt Oppfylling av nasjonale klimamål –Krav om tverrfagleg samhandling på tvers av forvaltningsnivå og mellom offentleg, privat og frivillig sektor –Felles innsats/dugnad Kommunane spelar ei nøkkelrolle –Viktig verktøy: Utarbeiding av kommunale energi- og miljøplanar

3 Avgrensing og omgrepsavklaring Klimaplan nytta som eit overordna omgrep –Andre tilgrensa omgrep Energi- og miljøplan Energi- og klimaplan Miljø- og energiplan Med omgrepet lokal klimaplan forstår vi: –Ein plan som skal medverke til lågast mulig miljøbelastning frå lokalsamfunnet, gjennom effektiv energibruk, god utnytting av lokale fornybare energiressursar, god arealplanlegging og fokus på klimatiltak generelt.

4 Klimaplanprosjektet har eit todelt siktemål Del 1: Utvikling av eit konsept for kommunale klimaplanar –Med ni utvalde pilot-kommunar Del 2: Utvikling av eit eige vidareutdanningsstudium i lokal klimaplanlegging –Kan inngå som valfri modul i mastergradsutdanninga i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda

5 Bak Klimaplanprosjektet står ei tverrfagleg prosjektgruppe Enøk-senteret i Ørsta (ENØK) –Harald Lillebø, Torger Mjønes Tussa Kraft (TK) –Per Atle Røe Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR) –Petter Bjørdal Møreforsking Volda (MFV) –Susanne Moen Ouff, Anders Tønnesen Høgskulen i Volda (HVO) –Nathalie Homlong, Nils Magne Magerøy, Sveinung Dimmen Prosjektgruppa representerer ulike fagmiljø og ulik fagkompetanse

6 Deltakande kommunar Klimaplanprosjektet blir utvikla i tett samarbeid/dialog med 9 utvalde pilotkommunar på Sunnmøre og i Nordfjord: Volda Ørsta Ulstein Hareid Herøy Vanylven Sande Hornindal Sula

7 Finansieringskjelder/samarbeidsaktørar: –Prosjektet har ei økonomisk ramme på vel 2 mill NOK –Økonomiske støttespelarar både sentralt, regionalt og lokalt: Husbanken Møre og Romsdal fylke KS Møre og Romsdal Høgskulen i Volda Tussa Nordea deltakande pilotkommunar

8 Litt meir om innhald, status og vidare framdrift… –utvikling av eit konsept for lokal klimaplanlegging med pilotkommunane som aktive medspelarar –nettverksorganisering –prosessorientert –viktige siktemål: teste ut konseptet i praksis erfaring og læring gjennom dialog og samhandling overføringsverdi for andre kommunar utarbeiding av eigne lokalt forankra klimaplanar

9 Frå prat til praksis Målet er at konseptet på ein pedagogisk måte skal vise kva ein lokal klimaplan bør innehalde og korleis prosessen fram mot ein plan kan gjennomførast Planen vil innehalde konkrete mål, prioriterte tiltak og tidsrammer for gjennomføring Omfattar søkelys på konkrete tiltak knytt til –Energi –Transport –Forbruk –Avfall

10 Energibruk – og energiforsyning…

11 Transport, transportformer og arealbruk…

12 Forbruk og forbruksmønster…

13 Avfall – og avfallshandtering…

14 Kartlegging av problemområde og aktørar Samanhengen mellom energibruk og miljø er tydeleg for dei fleste Søkelys på ulike typar tiltak som gir direkte og indirekte miljøgevinst Ei planmessig styrt utvikling vil i mange tilfelle sikre både rimelegare, tryggare og ikkje minst meir miljøvennleg energiforsyning Viktig å avdekke kjeldene til utslepp av klimagassar i norske kommunar Kven står bak utsleppa, kven blir påverka og kven kan påverke?

15 Mobilisering, lokal forankring og legitimitet Utarbeiding av lokale klimaplanar krev mobilisering av ulike aktørar gode utviklingsprosessar med vekt på samhandling, brei deltaking og lokal forankring tilstrekkelig legitimitet –tverrfagleg prosjektorganisering –samhandling mellom privat, offentlig og frivillig sektor –kopling til system og rutinar for kommunal planlegging og forvaltning

16 Samarbeid og samordning Klimaplanprosjektet vil bli utvikla og gjennomført i nært samarbeid og/eller som eit supplement m.a. til: KS MR; klimanettverk MR fylke; fylkesdelplan Enova; oppstartkurs Viktig å utveksle erfaringar og lære av kvarandre; mange spørsmål og mange svar…

17 Prosjektplan; status og framdrift… A. Planarbeid i pilotkommunane; tidsramme: jan 2008 – mars 2009 Oppstartsmøte (feb. 2008) Fem workshops/fellessamlingar i løpet av 2008 –Energibruk –Transport –Forbruk –Avfall –Oppsummering Workshops gir … –Verktøy til pilotkommuner –Utveksling av erfaringer –Vidare oppfølging gjennom kommunevise arbeidsmøte B. Undervisningstilbod HVO; blir utvikla parallelt med del A Utarbeiding av studieplan Undervisningsstart h-09?

18 Oppsummering og utfordringar vidare… Klimautfordringane er store og komplekse; krev (straks-)innsats og tiltak på ei rekke ulike område og forvaltningsnivå Tverrfagleg og tverrsektoriell tilnærming; krev samhandling og samarbeid, felles dugnadsinnsats Vekt på prosess og dialog; engasjement, entusiasme, deltaking og lokal forankring Politisk tyngde; kommunestyrevedtak og formell planstatus Fokus på tiltak og gjennomføring; prioritering og konkretisering (med både pisk og gulrot som verkemiddel) Ingen fasitsvar; men prosjektorganiseringa sikrar læring og erfaringsutveksling under vegs….

19 Vidareføring Dei fleste norske kommunar har enno ikkje starta arbeidet med kommunale klimaplanar Gjennom Klimaplanprosjektet i Volda er det utvikla eit konsept som også vil kunne nyttast som grunnlag for vidareføring i samarbeid med andre kommunar Skissere ulike modellar og tilnærmingsmåtar tilpassa situasjonen i kommunane NB! Klimaplanarbeidet blir aldri avslutta; stadig nye utfordringar, ny kunnskap, nye løysingar, og nye tiltak. Innsatsen, trykket og engasjementet må haldast oppe… Sjå meir om Klimaplanprosjektet på


Laste ned ppt "Lokal klimaplanlegging Klimaplanprosjektet www.hivolda.no/klimaplan Sveinung Dimmen HVO 25.09.08."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google