Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kultur/opplevingsnæringar og FoU ved HiST 17. april Tindved Kulturhage, Verdal Av Ester K. Hasle. FoU-koordinator ved HiST.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kultur/opplevingsnæringar og FoU ved HiST 17. april Tindved Kulturhage, Verdal Av Ester K. Hasle. FoU-koordinator ved HiST."— Utskrift av presentasjonen:

1 Kultur/opplevingsnæringar og FoU ved HiST 17. april Tindved Kulturhage, Verdal Av Ester K. Hasle. FoU-koordinator ved HiST

2 Kven er HiST? Fagmiljø ved HiST som kan vera aktuelle innom temaet. Forsøk på avgrensing: dei viktigaste aktørane våre

3 Kort historikk Før 1994 var det 96 statlege høgskolar i landet Statsråd Gudmund Hernæs gjennomførde ein reform som slo saman desse til 26 nye statlege høgskolar (i utgangspunktet ein pr. fylke) Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) inneheld 7 tidlegare høgskolar som alle var lokaliserte i Trondheim Av desse 7 var 6 tidlegare reine undervisningsinstitusjonar - berre Trondheim økonomiske høgskole var distriktshøgskole med allokert tid til forsking

4 HiST har følgjande 7 avdelingar : Avdeling for helse- og sosialfag (AHS) Avdeling for informatikk og e-læring (AITeL) Avdeling for lærar- og tolkeutdanning (ALT) Avdeling for mat-og medisinsk teknologi (AMMT) Avdeling for sjukepleie (ASP) Avdeling for teknologi /AFT) Avdeling Trondheim økonomiske høgskole (TØH)

5 HiST - nokre nøkkeltal: Rundt 7000 studentar 680 årsverk i 2006 Av desse er rundt 430 faglege stillingar (kvinneprosent 53%) Av dei faglege har ca 130 førstekompetanse eller høgare (kvinneprosent 40%) og rundt 60 er i doktorgradsløp HiST har tilhald på 6 ulike stader i Trondheim Har vedtak om at 25 % av dei fagtilsette si tid skal brukast til FoU Har anslått verdi lik minst 30 mill årleg av studentprosjekt utført i samarbeid med regionens næringsliv

6 Opplisting av fagmiljø som tangerer kultur og opplevingsnæringar Sjukepleie : Teater som uttrykksform i psykiatri Lærarutdanninga har kunst- og kulturmiljø (herifrå spring ut ein del (halv)profesjonelle underhaldarar) forsking på Ibsen innom norsk (ei skriv dr.avhandling innom emnet)

7 Opplisting av fagmiljø som tangerer kultur og opplevingsnæringar (forts.) Teknologi har bygningsvern og fartøyvern 2 doktorstudentar innom området Nært samarbeid med Domkirkens restaureringsarbeider Delteke i restaureringsprosjekt m.a. på Røros Samarbeid med handverkarar over heile landet Bygningsvern er eit fagområde med status ”under oppbyggjing” ved avdelinga

8 Opplisting av fagmiljø som tangerer kultur og opplevingsnæringar (forts.) Matteknologi var pådrivaren for å få etablert Oi! Trøndersk mat og drikke. Legg ned stort arbeid i matkvalitet, hjelper småe produsentar. Eit av våre største fagmiljø – med for tida 2 doktorstudentar Mat, matkultur og matkvalitet er eit av avdelingas satsingsområder

9 Opplisting av fagmiljø som tangerer kultur og opplevingsnæringar (forts.) Informatikk og e-læring har søkt om eit større strategisk høgskoleprosjekt innom 3D-visualisering. Ei av anvendelsane er utvikling av dataspel. Ein av samarbeids- partnarane er Olympiatoppen – for bruk av sportsutøvarar. 2 dr.studentar er allokerte til området

10 TØH er det miljøet ved HiST med mest relevant, langvarig FoU Førsteamanuensis Grete Wennes har i over ein 12-års periode forska på kunst- og kulturinstitusjonar: Den Norske Opera, Oslo Filharmonien, Trondheim Symfoniorkester og Trøndelag Teater Fokus og tema har variert, men leing, gruppesamarbeid, kontroll og målstyring, kunnskapsutvikling og kreativitet har vore av særleg interesse. I seinare år har ho og sett på effektar av samarbeid mellom næringsliv og kulturliv. Ei studie av det 6-årige samarbeidet mellom Statnett og The Brazz Brothers er igangsett. Sidan 2005 har Wennes vore prosjektleiar for Kultur og Næring i SINTEF- prosjektet Gode Sirklar. Dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden har etablert eit langvarig samarbeid med SINTEF for å skape aktivitet i regionen. SINTEF tilrettelegg forskningsbasert kompetanse i ei rekkje delprosjekt og Wennes har ansvaret for å skape aktivitet mellom kunstliv og næringsliv samt støtte og legge til rette for næringsbasert kultur. Wennes har særlig interesse for kunnskapsutvikling i samarbeid kunstliv – næringsliv og i dei sokalla kreative næringane.

11 TØH er det miljøet ved HiST med mest relevant, langvarig FoU Dr. Philos, Harry Arne Solberg har i fleire år vore involvert i forsking om økonomiske verknader knytta til sport og sportslege aktivitetar. Dette omfattarma.analysar av marknaden for TV sportsrettigheter samt økonomiske verknader knytta til store sportsarrangement. Han avla ein doktorgrad med tittelen: The economics of major sporting events – a European perspective ved Sheffield Hallam University, UK i oktober I tillegg har han publisert ei rekkje artiklar innan fagfeltet sport management, presentasjonar på internasjonale forskarkonferansar og fleire ti-talls kronikkar i riksdekkande aviser dei siste åra.

12 Avslutningsvis Planar for meir forsking på kultur/opplevingsnæringar er naturlgvis relatert til aktiviteten i Trøndelag. Som regionens høgskole er vi interesserte i å spela på lag med dei ulike aktørane i regionen. I følgje våre forskarar meiner enkelte at det blir drive for smått til at vi kan forvente omfattande forsking – dei samarbeider gjerne internasjonalt

13 Heilt til slutt Eg kom seint inn i biletet – som stand in, og kan som første hoppar ha bomma på hoppkanten. Eg veit ikkje heilt formålet med konferanse - korleis bruke informasjonen vidare – kva skal konklusjonen vera frå møtet Men eg ser på dette som ein første, gjensidig orientering, som det kanskje kan koma noko felles ut frå.


Laste ned ppt "Kultur/opplevingsnæringar og FoU ved HiST 17. april Tindved Kulturhage, Verdal Av Ester K. Hasle. FoU-koordinator ved HiST."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google