Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Fisk.  Fisk er virveldyr.  Dette betyr at dei har ryggrad og sentralnervesystem, samt ein hjerne omgitt av eit kranium.  Andre virveldyr er amfibium,

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Fisk.  Fisk er virveldyr.  Dette betyr at dei har ryggrad og sentralnervesystem, samt ein hjerne omgitt av eit kranium.  Andre virveldyr er amfibium,"— Utskrift av presentasjonen:

1 Fisk

2  Fisk er virveldyr.  Dette betyr at dei har ryggrad og sentralnervesystem, samt ein hjerne omgitt av eit kranium.  Andre virveldyr er amfibium, krypdyr, fuglar og pattedyr. Mange forskarar meiner at alle virveldyr har same opphav. Dette var fiskar som levde i havet for lenge sidan.

3 Fisk  Dei fyrste fiskane på jorda levde for om lag 500 millionar år sidan.  Desse hadde tjukke og pansra hovud.  Fiskane var kjeveløyse. Dei togg med andre ord ikkje maten. Ein trur at dei fyrste fiskane på jorda var på storleik med dagens gullfiskar. Bilete: Stanton F. Fink

4 Fisk  Gjennom millionar av år utvikla fiskane seg til ei rekkje nye artar.  Nokre fiskar begynte å leve på land. Dei fleste heldt seg i vatnet og utvikla seg til dei fiskeartane vi kjenner i dag. I dag finst det om lag fiskeartar i verda sine hav, elvar og innsjøar. Foto: Jon Hanson

5 Fisk  Dei aller fleste fiskar er dekte av skjel.  Skjela vernar kroppen.  Skjela hjelper også til å gjere fiskane straumlinjeforma. Skjela til fiskane er som regel dekte av eit tynt slimlag. Dette gir fiskane vern mot parasittar og bakteriar. Foto: Seotaro

6 Fisk  Dei fleste fiskar er vekselvarme.  Dette betyr at fiskar ikkje styrer sin eigen kroppstemperatur.  Fiskar må derfor varmast opp av omgivnadene. Menneska er varmblodige. Det vi seie at kroppane våre held same temperatur anten omgivnadene er varme eller kalde. Foto: Jon Hanson

7 Fisk  Fiskar har gjeller som gjer at dei kan puste under vatn.  Gjellene består av blodfylte hudposar.  Gjellene sørgjer for at oksygenet i vatnet blir overført til blodet. For å sikre at mest mogeleg vatn strøymer forbi gjellene, sym mange fiskar med open munn. Foto: Uwe Gille

8 Fisk  Fiskar har ei rekkje finnar som dei bruker til å styre og skape framdrift med. Ryggfinne Brystfinne Bukfinne Gattfinne Halefinne Feittfinne

9 Fisk  Fiskar har eit godt utvikla sanseapparat.  Fiskar har fargesyn og kan sjå i alle retningar unnateke bakover.  Smaks- og luktesansen gjer at fiskar veit om noko er etande. Sidelinja heiter eit sanseorgan som gjer at fiskar kan merkje trykkforskjellar i vatnet. På denne måten kan dei vite om ein fiende nærmar seg. Foto: Jenny Huang

10 Fisk Nokre fiskeartar et planteføde som algar, mens andre fiskar er rovdyr. Kvithaien er den mest berykta rovfisken som finst. Ein vaksen kvithai veg mellom to og tre tonn, og har ei lengde på seks meter. Kvithaien jaktar på både sjøløver, delfinar, blekksprut, skjelpadder og sel. Enkelte gonger kan han også ete menneske. Foto: Niranjan

11 Fisk  Mange fiskeartar sym i stim.  Dette skuldast at sjansen for å bli ete av rovdyr er mindre enn om dei sym aleine. I ein stim er det også lettare å finne ein make. Det er likevel ikkje helt ufarleg å symje i stim. Kvalar kan presse stimen mot overflata før dei sluker alle fiskane. Foto: Jon Hanson

12 Fisk  Dei fleste fiskar formeirar seg via ytre befruktning.  Dette vil seie at egg- og sædceller blir slopne ut i vatnet for å smelte saman.  Som regel er det berre eit lite mindretal av yngelen som overlever og veks opp. Mange fiskeartar gyter berre på bestemde stader. Laks lever i havet, men når dei skal gyte, vandrar dei tilbake den elva dei blei klekte i. Foto: Melissa Doroquez

13 Fisk Bilete:Lenkje:Rettar: Barrakudahttp://en.wikipedia.org/wiki/Image:Barracuda_laban.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Krokodillehttp://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Darica_Corcodile_02349.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Froskhttp://no.wikipedia.org/wiki/Bilde:Teichfrosch.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Fiskhttp://no.wikipedia.org/wiki/Bilde:Gymnocephalus_cernuus.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Papegøyehttp://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/bc/Parrot.red.macaw.1.a rp.750pix.jpg/260px-Parrot.red.macaw.1.arp.750pix.jpg Elefnathttp://no.wikipedia.org/wiki/Bilde:Elephant_Kruger_2003.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Vekselvarmehttp://farm1.static.flickr.com/118/ _234adeea9d.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0/deed.en Gjellerhttp://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Gills_%28esox%29.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Sanserhttp://farm1.static.flickr.com/65/ _004a3a4409.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en Hai Lakshttp://farm1.static.flickr.com/66/ _0930db3b54.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0/deed.en Hvalhttp://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Faroe_stamp_402_blue_whale_%28Bal aenoptera_musculus%29_crop.jpg Første fiskhttp://en.wikipedia.org/wiki/Image:Cephalaspis_tenuicornis.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Text_of_the_GNU_Free_D ocumentation_License Stimhttp://flickr.com/photos/jonhanson/ /http://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0/deed.en Skjellhttp://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Pseudorasbora_parva%28edited_versi on%29.jpg Finnerhttp://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Bachforelle_Zeichnung.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain


Laste ned ppt "Fisk.  Fisk er virveldyr.  Dette betyr at dei har ryggrad og sentralnervesystem, samt ein hjerne omgitt av eit kranium.  Andre virveldyr er amfibium,"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google