Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

God agronomi i grovfôrdyrkinga -Viktig for klima og avling

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "God agronomi i grovfôrdyrkinga -Viktig for klima og avling"— Utskrift av presentasjonen:

1 God agronomi i grovfôrdyrkinga -Viktig for klima og avling
Synnøve Rivedal, Sissel Hansen, Anne-Kristin Løes, Bioforsk Peter Dörsch, UMB

2 Klimagassutslepp frå norsk jordbruk
Mill tonn CO2-ekvivalentar % av nasjonalt utslepp Karbondioksid (CO2) 0,4 < 1 Metan (CH4) 2,3 50 Lystgass (N2O) 2,2 70 Totalt 4,9 9 Kjelde: SSB, 2011. I den offentlege statistikken frå SSB inngår ikkje CO2-utslepp frå jord eller utslepp frå produksjon av innsatsfaktorar i jordbruket som t.d handelsgjødsel, maskiner og bygningar. Menneskeskapte utslepp av klimagassar, også kalla drivhusgassar, forsterkar den naturlege drivhuseffekten til atmosfæren og fører til oppvarming av jordkloden. Jordbruket sitt utslepp av klimagassar omfattar i første rekkje lystgass (N2O), metan (CH4) og karbondioksid (CO2). Lystgass fører også til nedbryting av ozonlaget rundt jorda som beskyttar oss mot ultrafiolett stråling. Dei ulike klimagassane har ulikt oppvarmingspotensiale, og vert derfor rekna om til CO2-ekvivalentar i 100-års perspektiv med følgjande forholdstal: 1 CO2-ekvivalent = varmeeffekten av 1 kg CO2, 1 kg N2O = 300 kg CO2, 1 kg CH4 = 25 kg CO2. Jordbruket sin del av klimagassutsleppet frå norsk territorium var i %. CO2-utsleppet frå jordbruket er svært lågt samanlikna med andre næringar, medan metan- og lystgassutsleppa dei siste åra har lege på høvesvis 50 og 70% av nasjonale utslepp. Metanutsleppet kjem i hovudsak frå meltingsprosessen til drøvtyggjarar og frå husdyrgjødsel, medan størstedelen av lystgassutsleppet kjem frå bruk av handelsgjødsel og husdyrgjødsel.

3 Kvifor er lystgass (N2O) viktig?
Lystgass er ein sterk klimagass, 1 kg N2O=300 kg CO2 Jordbruket er ansvarleg for størsteparten av dei nasjonale lystgassutsleppa Reduksjon i lystgassutsleppa frå jordbruket er viktig for å nå nasjonale målsettingar om reduksjon i klimagassutsleppa Det er mogleg å påverke omfanget av lystgassutslepp frå eiga gardsdrift

4 Kjelder til lystgassutslepp frå jordbruk
Handelsgjødsel Husdyrgjødsel Biologisk nitrogenfiksering Oppdyrking av organisk jord Nitrogen Dette er kjeldene som SSB inkluderer i estimering av lystgassutslepp frå norsk jordbruk. Fellesnemnaren for dei ulike kjeldene er at dei alle innheld nitrogen. Jordbruket handterer ei stor mengd med nitrogen fordi det er eit av dei viktigaste næringsstoffa for plantevekst. Dette er også grunnen til at jordbruket står for så stor del av det nasjonale lystgassutsleppet. Ved oppdyrking av myr vil ein del av nitrogenet i organiske sambindingar verte omdanna til plantetilgjengeleg nitrogen og noko vil og kunne gå tapt som lystgass. Nitrogen som finst i stubb og røter m.m vil også verte omdanna og noko kan gå tapt som lystgass Nedbryting av restavlingar Kloakkslam

5 Nitrogentilførsel i jordbruket
Innkjøpt fôr Lystgass N-nedfall Ammoniakk Ammoniakk Lystgass Handelsgjødsel Biologisk nitrogenfiksering Anna Nitrogentilførselen i jordbruket kjem frå handelsgjødsel, innkjøpt fôr, biologisk nitrogenfiksering og frå andre innsatsfaktorar som t.d. kloakkslam. Ein del av nitrogenet i handelsgjødsla kan etter spreiing gå direkte tapt som lystgass. Slik er det også med nitrogenet i husdyrgjødsla frå husdyr som er fôra med eigenprodusert eller innkjøpt fôr. Nitrogen i husdyrgjødsel og handelsgjødsel kan også gå tapt til luft i form av ammoniakk, som etter nedfall kan tapast som lystgass igjen. Også nitrogen som renn av på overflata eller vert utvaska i form av nitrat kan seinare verte omdanna til lystgass. Nitrogen som vert tilført ved hjelp av biologisk nitrogenfiksering er i første rekke utsett for tap ved nedbryting av nitrogenhaldige restavlingar, som t.d. ved pløying av kløverrik eng. Vraka fôr Erosjon Overflateavrenning Utvasking

6 God utnytting av nitrogen (N) reduserer faren for lystgassutslepp
God drenering Unngå jordpakking Tilpassa kalking Minimere N-tap frå husdyrgjødsel Rett bruk av handelsgjødsel Rett bruk av engbelgvekstar/kløver Optimal grovfôrhandtering og fôring God utnytting av nitrogenet oppnår ein ved å utføre god agronomisk praksis i jordbruket. Ein reduserer faren for nitrogentap, men og behovet for å tilføre nitrogen gjennom handelsgjødsel. Under produksjon av nitrogenhaldig handelsgjødsel er det lystgassutslepp (ikkje rekna med i jordbruket sitt utslepp). I tillegg er det ein energikrevjande prosess. Reduksjon av bruken av handelsgjødsel eller auka avlingar ved bruk av same mengder, er derfor viktig for å redusere klimagassutsleppa per eining mat vi produserer. Vidare i presentasjonen vert det gått inn på dei agronomiske tilhøva som har mest å sei for utnytting av nitrogen og lystgassutslepp.

7 Drenering Dårleg drenert jord fører til: Høg grunnvasstand
Vassfyllte porer i jorda Oksygenmangel Redusert jordliv-> lågare omsetting av organisk materiale Redusert rotutvikling og plantevekst Lågare opptak av plantenæringsstoff Redusert avling Fare for tap til miljøet Dårleg drenert jord fører til: Dårleg drenert jord er kjenneteikna ved høg grunnvasstand og at porene i jorda er fyllte med vatn i staden for luft med oksygenmangel som resultat. Oksygenmangel reduserer jordlivet og dermed omsetninga av organisk materiale i jorda. Oksygenmangel reduserer også rotutviklinga til plantene slik at røtene berre tek opp næring frå det øvste jordlaget. Jordvolumet som røtene tek næring opp frå vert mindre. Resultatet er redusert plantevekst og avling og dermed auka fare for tap av næringsstoff (inkludert nitrogen) til luft og vatn. Illustrasjon: Nono Dimby

8 Drenering Dårleg drenert jord fører til:
Auka fare for avrenning av næringsstoff på vassmetta jord Husdyrgjødsel infiltrerer jorda dårlegare -> auka fare for ammoniakktap Auka fare for denitrifikasjon og lystgasstap Dårleg drenert jord fører også til auka fare for direkte tap av tilførte næringsstoff. Når jorda er vassmetta vil meir nitrogen og andre næringsstoff renne av på overflata. På den andre sida kan ein få auka utvasking av nitrogen i ei godt drenert jord. På vassmetta jord infiltrerer husdyrgjødsel jorda dårlegare og faren for ammoniakktap aukar også. Vassmetta jord aukar faren for denitrifikasjon der nitrat vert omdanna til lystgass og går tapt.

9 g N2O-N per tonn TS-avling
Drenering Resultat frå målingar av lystgassutslepp frå eng med ulik dreneringsgrad på Tingvoll (Møre og Romsdal) i 2010: Engskifte 1, 6/5-23/8 Engskifte 2, 6/5-17/6 g N2O-N per dekar g N2O-N per tonn TS-avling g N2O-N per dekar Godt drenert 8 34 Moderat drenert 20 60 Utilstrekkeleg drenert 180 260 50 Dårleg drenert 380 110 680 Svært dårleg drenert 930 2340 460 1800 På Tingvoll vart det i 2010 målt lystgassutslepp frå punkt med ulik dreneringstilstand på to ulike engskifter. Gjennomsnittleg avstand til grunnvasspeilet (GVS) vart brukt som indikator på dreneringsgrad: Godt drenert, GVS djupare enn 100 cm Moderat drenert, GVS cm Utilstrekkelig drenert, GVS cm Dårleg drenert, GVS cm Svært dårleg drenert, GVS grunnare enn 30 cm Gjødslinga tilsvarte gardbrukeren si gjødsling av areala, og på begge skifta vart det brukt 3 tonn blautgjødsel om våren. På skifte 1 vart det i tillegg gjødsla med 5 kg mineralsk nitrogen i Fullgjødsel® om våren og 8 kg nitrogen etter 1. slått, medan det på skifte 2 vart gjødsla med 7 kg mineralsk nitrogen om våren. Det var høgare utslepp av lystgass i dårlig drenert enn i godt drenert jord. Spesielt rett etter spreiing av mineralsk nitrogen på vassjuk jord var utsleppa store. Dette skuldast nok ei rask denitrifisering av nitratet i Fulllgjødsla® som inneheld ammoniumnitrat. Hansen et al. 2013

10 Drenering Dårleg drenert jord fører også til:
Seinare opptørking om våren og etter nedbør Seinare våronn Redusert utnytting av vekstsesongen Auka fare for jordpakking ved køyring og beiting Dårleg drenering fører også til ein del driftsmessige problem som også kan ha betydning for avling og fôrkvalitet. Seinare opptørking om våren og etter nedbør betyr at våronna vert seinare og vestsesongen redusert. Ein får færre dagar å utføre arbeidet på, og dermed er det ikkje sikkert ein rekk å bli ferdig før neste nedbørsperiode tek til. Kvaliteten på fôret vert såleis dårlegare. Hvis ein vel å køyre på jorda før tilstrekkeleg opptørking aukar faren for jordpakking med avlingstap og redusert utnytting av næringsstoff som resultat.

11 Drenering Dårleg drenert jord fører også til:
Større fare for overvintringsproblem Meir ugras Redusert fôrkvalitet Der overflatevatn ikkje vert leia vekk og/eller dreneringa er dårleg er det fare for at vatn vert ståande og frys til eit isdekke på enga om vinteren. Då er faren for overvintringsskader stor. På dårleg drenert jord vert artar som timotei og raudkløver gjerne erstatta med krypsoleie og revehale, avling og kvalitet går ned.

12 Drenering Viktige prinsipp ved dreneringsarbeid:
Djupe opne kanalar/kantgrøfter som fangar opp tilsig frå tilliggjande/ovanforliggjande område Lukka grøfter på tvers som fangar opp strøymande vatn i hellande terreng. Gode grøfter i overgang mellom hellande og flatare terreng-> fange opp framstikk av vatn. For nokre av desse grøftene er det naudsynt med oppfylling av grus og/eller singel for større effektivitet. Ofte trong for større grøfterøyrdimensjon ≥ 100 mm.

13 Drenering Mykje nyttig informasjon om drenering i dette heftet.

14 Jordpakking Tettare jord og redusert porevolum Mangel på oksygen
Dårleg jordstruktur Redusert rotutvikling Redusert utnytting av tilført gjødsel Redusert jordliv Auka fare for tap til luft og vatn Avrenning/utvasking Dentrifikasjon -> lystgass Jordpakking fører til tettare jord med redusert porevolum og mangel på oksygen. Dette har mykje dei same verknadane på plantevekst og tap av næringsstoff som dårleg drenering.

15 Jordpakking Resultat frå måling av lystgassutslepp frå eng
utsett for ulik pakking på Fureneset i Sogn og Fjordane I feltforsøk på Fureneset var det eit større lystgassutslepp i perioden etter gjødsling med 6 kg N frå fullgjødsel der det var køyrt med tung traktor etter 1. slått enn der det ikkje var køyrt eller køyrt med lett traktor. Lystgassutsleppet var likevel forholdsvis lågt samanlikna med andre undersøkingar der pakking har auka lystgassutsleppet meir. Grunnar til dette kan vere at det var forholdsvis tørt då køyringa vart utført, det var brukt lågt lufttrykk i dekka og gjødslinga var forholdsvis låg til ei ny eng dominert av timotei. Rivedal et al. 2013

16 Tiltak for å redusere jordpakking
Unngå køyring på våt jord Bruke lettare maskiner Sørge for god dekkutrustning Redusere lufttrykket i dekka Sørge for gode vegnett og tilrettelagt køyremønster Overføre transport frå jord til veg Passe på at dreneringa er i orden Unngå køyring på våt jord: Det er ikkje alltid mogleg å vente på optimale forhold, men jorda bør vere tilstrekkeleg opptørka før ein køyrer med tunge maskiner og reiskap. Våt jord vert lettare pakka enn tørr jord fordi vatnet i jordpartiklane fungerer som glidemiddel mellom jordpartiklane. Trykk forplantar seg dessutan lettare gjennom jorda når porane er fylt med vatn i staden for luft. Jordpakkinga går derfor djupare i ei våt jord, og det kan derfor vere vanskeleg å rette opp pakkingsskadane ved hjelp av jordarbeiding. Lettare maskiner/dekkutrustning/lufttrykk: Ein må ha eit bevisst forhold til tyngde på traktorar og reiskap i høve til jordsmonn og vêrtilhøve på eigen gard. I pløyelaget er det først og fremst marktrykket (tyngde i forhold til hjuldimensjon) som betyr noko for jordpakkinga. Nedover i jorda er det tyngda på maskina som er avgjerande, då ein tung maskin vil overføre trykket djupare nedover i jorda enn ein lett maskin, sjølv om marktrykket er det same. For at marktrykket ikkje skal bli for stort er det viktig å utruste traktor og reiskap/vogner med dekk som kan bere vekta av lass med lufttrykk som helst ikkje overstig 0,8 bar. For å redusere belastninga på jorda er det viktig med gode vegnett og tilrettelagt køyremønster på dei ulike skifta. Inn- og utkøyring bør kunne gjerast på ulike stader slik at transport av tunge lass i liten grad går på dyrka mark. Når det gjeld gylling er eit godt tiltak å velje slepeslangar framfor tunge vogner der dette er mogleg.

17 Kalktilstand i jorda Låg pH fører til:
Næringsstoff vert mindre tilgjengeleg for plantene Redusert rotutvikling pga forgiftning av bl.a. aluminium og mangan Redusert utnytting av tilført gjødsel Auka fare for tap av næringsstoff Auka fare for lystgasstap Ideell pH for grasdyrking: mineraljord 5,9-6,3 myrjord 5,7-5,9 Mesteparten av jorda treng oppkaling (grunnkalking) for å få ideell pH for plantevekst. Sur nedbør er eit mindre problem enn før, men kunstgjødsla har forsurande effekt slik at det heile tida også vil vere behov for vedlikehaldskalking. Ein må følgje med på pH i jorda og kalke ved behov. Låg pH har uheldige verknader på tilgjenge av næringsstoff og på plantevekst. Når det gjeld direkte lystgasstap har ein funne at kalking reduserer utsleppet av lystgass frå organisk jord i perioden etter gjødsling.

18 Korleis minimere N-tap frå husdyrgjødsel?
Lager Blautgjødsel lagra i tette lager/gjødselkjellar gjev minst N-tap Tak/dekke på utandørs lager reduserer N-tap og aukar lagerkapasiteten Foto: NLR Auka lagerkapasitet fører til at meir gjødsel kan spreiast på rett tidspunkt og dermed betre N-utnytting Ved å minimere tapet frå husdyrgjødsel sparer ein miljøet og reduserer behovet for handelsgjødsel. Lagring: Under lagring går både ammoniakk og lystgass tapt frå husdyrgjødsel. I tillegg er tapet av metan stort, noko som kan reduserast ved behandling i biogassanlegg (sjå plansjar seinare). Bruk av flytelag, som t.d. halm, kan også redusere tapet av metan. I tillegg er metantap sterkt temp avhengig (dvs mest risiko for gjødsel som vert lagra vidare til 1. slått etter vårspreiing). Ammoniakktapet er størst frå lagring av fastgjødsel og talle og minst tap får ein frå blautgjødsel lagra i tette lager/gjødselkjellarar. På utandørs lager kan tak og dekke redusere N-tapet. I nedbørsrike område er det like viktig at lagerkapasiteten aukar slik at ein kan sleppe å spreie gjødsla om hausten.

19 Spreiing av husdyrgjødsel
Tidspunkt Sprei tidleg i vekstsesongen! Unngå haustspreiing! -Stor fare for avrenning -Næringsstoff i planter som ikkje vert hausta eller beita går tapt gjennom vinteren -I mildt vêr kan organisk nitrogen verte tilgjengeleg utover seinhausten/vinteren når plantene ikkje er i vekst ->N-tap -Svekking av plantene og fare for overvintringsskade Foto: NLR Tidleg i vekstsesongen er det gjerne kjøleg og gode forhold for å spreie husdyrgjødsel. I tillegg er ein stor del av nitrogenet i husdyrgjødsla i organisk form. Dette treng tid til å bli omdanna til plantetilgjengeleg nitrogen og ein vil derfor ha best verknad av nitrogenet ved å spreie tidleg om våren. Mykje av næringsstoffa i husdyrgjødsel som vert spreidd om hausten vil gå tapt og overvintringsevna til plantene vert dårlegare.

20 Spreiing av husdyrgjødsel
Vêr Optimale vêrtilhøve minskar ammoniakktapet -låg temperatur -låg vindstyrke -høg luftfuktigheit -lett regn vaskar gjødsla ned i jorda -> aukar bindinga av ammonium (NH4) til jordpartiklar Vassmetta jord/kraftig regn -fare for utvasking og avrenning av nitrat (NO3) og ammonium -auka fare for direkte lystgasstap Det kan vere vanskeleg å få godt vêr ved spreiing av all husdyrgjødsel når ein har store areal og store mengder som skal ut. Når jorda endeleg er tørr nok å køyre på er det gjerne vêrforhold som gjev fare for ammoniakkfordamping. Mesteparten av fordampinga skjer dei første timane etter spreiing, så det kan vere lurt å bruke ettermiddag/kveld dersom det er for varmt om dagen.

21 Spreiing av husdyrgjødsel
Metode Vasstilsetting -Raskare infiltrasjon av gjødsla i jorda -> binding av ammonium til jordpartiklar -Redusert ammoniakktrykk -> mindre fare for ammoniakkfordamping -Å gå ned ei %-eining i tørrstoff (TS ) i gjødsla-> 10 % reduksjon i ammoniakktap (tommelfingerregel) - Frå 8 til 4 % TS i gjødsla-> 40 % reduksjon i ammoniakktap Vasstilsetting er gjerne den rimelegaste måten å redusere ammoniakkfordampinga på, men er ikkje alltid praktisk mogleg. I starten på gjødselspreiinga har ein gjerne ikkje nok lagerkapasitet for å sette til vatn. Tilsetting av vatn medfører også eit større transportbehov.

22 Spreiing av husdyrgjødsel
Metode Stripespreiing Gjødsla vert lagt i striper på bakken -> gjødseloverflata som er tilgjengeleg for fordamping vert mindre enn ved breispreiing Alternativt spreieutstyr kan redusere ammoniakkfordampinga i høve til breispreiing. Stripespreiing er eit alternativ. Foto: NLR

23 Spreiing av husdyrgjødsel
Fordeler med stripespreiing: 20 % reduksjon i ammoniakktap i høve til breispreiing 60 % reduksjon i ammoniakktap ved også å blande i vatn i forholdet 1:1 (husdyrgjødsel:vatn) Mindre luktplager, mindre tilgrising av bladverk, meir fleksibel til spreietidspunkt Stor arbeidsbreidde, redusert jordpakking, spesielt i kombinasjon med bruk av slange. Det er usikkert kor mykje reduksjon i ammoniakkfordamping ein kan rekne ved å bruke stripespreiar i staden for breispreiing, men 20% er brukt. Det er sjølvsagt avhengig av vêrforhold og konsistens/tørrstoffinnhald i gjødsla. Stripespreiing i kombinasjon med vasstilsetting kan redusere ammoniakkfordampinga med rundt 60%. Iblanding av vatn til 4-5% tørrstoff er også anbefalt for at utstyret skal fungere driftsikkert. Morken 2007

24 Spreiing av husdyrgjødsel
Metode Nedfelling Joskin nedfellar: grunn nedfelling i spor Det finst to ulike typar nedfelling av husdyrgjødsel. DGI skyt gjødsla ned i bakken ved hjelp av trykk medan ein nedfellar lagar eit V-forma spor i bakken der gjødsla vert plassert. DGI: skyt gjødsla ned i bakken ved hjelp av trykk Foto: NLR

25 Spreiing av husdyrgjødsel
Fordeler med nedfelling 60 % reduksjon i ammoniakkfordamping Mindre luktplager Ulemper Lita arbeidsbreidde ->jordpakking -bruk av slange reduserer problemet Avgrensa mengder gylle/daa Avgrensa kapasitet Skade på planter Auka direkte lystgassutslepp Dyrt utstyr Også ved denne metoden er det usikkerheit knytt til reduksjon i ammoniakkfordamping. Ofte vert 60-70% reduksjon brukt i samanlikning med breispreiing av husdyrgjødsel. Det er ein del ulemper ved bruk at nedfelling. Lita arbeidsbreidde fører til meir jordpakking og kan redusere avlinga og auke lystgassutsleppet. Bruk av slange i staden for vogn reduserer jorpakkinga. Det er vanskeleg å få plassert meir enn 3 tonn gjødsel/daa og arbeidskapasiteten er mindre enn ved breispreiing. Skader på plantene kan redusere avlinga. Det er funne større direkte lystgassutslepp ved bruk av nedfelling i forhold til stripespreiing. Det blir lett anaerobe forhold som fører til denitrifikasjon og lystgassutslepp ved bruk av nedfelling. Morken 2007

26 Utråtning av husdyrgjødsel
Fordeler med utråtning Lett omsettelege karbonbindingar vert omdanna til biogass og nytta som energi Mindre tap av metan (CH4) frå gjødsellager Meir mineralsk N i gjødsla Gjødsla renn raskare ned i jorda og er lettare å spreie Ulemper Ny og kostnadskrevjande teknologi Metan er og ein viktig drivhusgass, og i Noreg er det satsa ein del på å leggje til rette for biogass på gårdsnivå for å få ned dei samla utsleppa av klimagass frå jordbruket. Biogass frå gjødsel, kan hende og med tilsats av andre substrat som silorestar, talle, organisk avfall frå matindustri og liknande, får vi ved anaerob utråtning, dvs ved gjæring utan tilgang på luft. Temperaturen må være minst 30 ºC, og det kan vere krevjande å få til under norske forhold vinterstid. Meir mineralsk N i utråtna gjødsel får vi fordi ein høgare andel av total-N i gjødsla ligg føre som ammonium.

27 Element i eit biogassanlegg
Ca. 30 % av energien kan omgjerast til el. strøm Biogass CHP Combined Heat and Power Organisk avfall Biogass Biogass 10 % til oppvarming Varme Gjødsel Evt. annet substrat Reaktor (anaerob) Nedkjøling Sluttlager

28 Tap av lystgass frå utråtna og vanleg blautgjødsel
I eit forsøksfelt på Tingvoll samanliknar vi vanleg blautgjødsel med utråtna blautgjødsel, i langvarig eng og i åkervekstar. Utråtna blautgjødsel kallar vi råtnerest. I 2012 målte vi utsleppa av lystgass frå slutten av mai til midt i juli, etter tilførsel av ca 5 tonn (17 kg tot-N per daa) blautgjødsel eller råtnerest. Rett etter spreiiing (G) var det høgare utslepp av lystgass frå vanleg blautgjødsel, men utover i vekstsesongen var det høgare utslepp frå råtneresten. Summen av utsleppa som vi målte i denne perioden var om lag 100 g lystgass-nitrogen frå ugjødsla jord, 180 g frå jord gjødsla med vanleg blautgjødsel, og 200 g fra jord gjødsla med råtnerest. Det var dårleg etablering av plantedekket på feltet, slik at målingane i praksis skjedde frå jord utan plantedekke. Vi ser at til og med utan gjødsling vil det bli eit betydeleg utslepp av lystgass frå jord der det ikkje er planter til å ta opp nitrogen som vert frigjort utover i vekstsesongen. Serikstad et al. 2013

29 Bruk av handelsgjødsel
Tilpasse mengder etter plantene sitt behov -gjødselplanlegging: God vurdering av avlingsnivå God vurdering av verknaden av husdyrgjødsla Grovfôrprøver som kontroll på gjødslinga Foto: NLR

30 Bruk av handelsgjødsel
Spreiing Når plantene er i god vekst og kan ta opp næring Våt jord aukar lystgassutsleppet, avrenning og utvasking av næringsstoff Presisjon i gjødslinga -Rett oppmåling av areal -Rett innstilling og bruk av gjødselspreiar Vent med å spreie handelsgjødsel til 14 dagar etter spreiing av blautgjødsel Foto: NLR Lystgassutsleppet vert større når husdyrgjødsel og handelsgjødsel vert spreidd samtidig. Årsak: nitrat frå ammoniumnitrat i handelsgjødsla vert redusert ved denitrifikasjon, lett tilgjengeleg karbon i blautgjødsla triggar denitrifikasjonen.

31 Bruk av belgvekstar Belgvekstar (kløver) i enga reduserer behovet for tilføring av nitrogen frå handelsgjødsel Nyare forsking tyder på at ein ikkje har direkte lystgassutslepp frå nitrogen fiksert av belgvekstane (Jensen et al.2011). På knollane på belgvekstane sit det bakteriar som fikserar nitrogen frå lufta. Ei drift som tek vare på kløveren i enga reduserer behovet for nitrogen tilført frå handelsgjødsel. Dette reduserer lystgassutsleppet då det ikkje er rekna at det er utslepp frå biologisk nitrogenfiksering.

32 Bruk av belgvekstar Høgt innhald av nitrogen i restavlinga kan gje lystgassutslepp ved pløying og fornying av eng Pløying av kløverrik eng gjev også fare for avrenning og utvasking av nitrogen og må utførast på eit gunstig tidspunkt (helst vår) Tidspunktet for pløying må vurderast ut frå klimatiske forhold og alderen på enga. Ny eng med høgt innhald av kløver og lågt C:N-forhold bør pløyast om våren, medan gammal eng som har større C:N-forhold kan pløyast om hausten. I område med milde vintrar og mykje nedbør er det ikkje tilrådeleg med haustpløying.

33 Grovfôrhandtering Rett type og mengde ensileringsmiddel
Minimere tapa av nitrogen og andre næringsstoff under konservering og lagring av grovfôr: Rett type og mengde ensileringsmiddel Tilstrekkeleg innpakking av rundballar Tette lager Oppsamling av pressaft til bruk som fôr eller gjødsel Moderat fortørking Frå grovfôret er hausta til det er tatt opp av storfè kan det gå tapt ein god del nitrogen. På UMB på Ås har ein i undersøkingar funne eit nitrogentap på 38 %, og det er grunn til å tru at tapa er større i vanleg drift. Mykje av tapa skjer under konservering og lagring, og ein bør streve etter at denne prosessen blir mest mogleg optimal. Det betyr bruk av tette lager og god innpakking av rundballane, bruk av rett type og mengde ensileringsmiddel og oppsamling av eventuell pressaft til bruk som fôr eller gjødsel. Moderat fortørking reduserer mengda med pressaft. Sterk fortørking kan auke åndingstapet og auke mengda av fôr som ligg igjen på marka etter opplukking av graset.

34 Fôring Balanse mellom protein og energi i fôret til
drøvtyggjarar gjev god utnytting av nitrogen: Rett gjødsling gjev eit grovfôr som har eit godt utgangspunkt for fôrplanlegging Uttak av grovfôrprøver gjev grunnlag for val av rett type kraftfôr Fôret til drøvtyggjarane vert best utnytta når det er balanse mellom protein og energi i fôret. Ved for sterk proteinfôring må dyra kvitte seg med nitrogenet som er til overs. Husdyrgjødsla får høgare nitrogeninnhald og faren for tap vert større. I mjølkeproduksjonen kan ein følgje med på ureainnhaldet i mjølka. Kjem ureainnhaldet særleg over 6,0 mmol/l tyder det på overfôring av protein. Balansert fôring er lettast å oppnå dersom ein klarer å produsere eit grovfôr som er rett gjødsla i høve til avlingsnivå og slåttetidspunkt. Ved å ta ut grovfôrprøver og følgje med på urea i mjølka klarer ein å velje det kraftfôret som passar best til sitt eige grovfôr og på den måten få ei balansert fôring. Urea i mjølk for kontroll med fôringa: -Ureainnhald over 6,0 mmol/l tyder på overfôring med protein

35 God agronomi Høge og stabile avlingar!
Låg belastning på klima og miljø! Bra for bonden, bra for samfunnet!

36 Litteratur Hansen, S., Rivedal, S., Dörsch, P Lystgassutslepp ved ulik drenering på engareal. Bondevennen 116 (26/27): Hovlandsdal, L Langtidseffekt av kalking på lystgassemisjonnen frå dyrka organisk jord. Masteroppgåve ved Institutt for plante- og miljøvitskap, UMB. Jensen, E.S., Peoples, M.B., Boddey, R.M.,Gresshoff, P.M.,Houggaard-Nielsen, H., Alves, B.J.R., Morrison, M.J., Legumes for mitigation of climate change and provision of feedstock for biofuels and biorefineries. A review. Agron. Sustain. Dev. Online Morken, J Spredeteknologi for bløtgjødsel. IMT-Rapport nr. 20/2007, Institutt for matematiske realfag og teknologi, UMB. Rivedal, S., Hansen, S., Dörsch, P Lystgassutslepp frå eng. Verknad av jordpakking etter gjødsling. Bondevennen 116 (22): Serikstad, G.L., Løes, A-K, Dörsch, P., Hansen,S., Johansen, A., Pommeresche, R., Riley, H., Rivedal, S Biorest – like bra som vanlig husdyrgjødsel? Økologisk Landbruk 32 (3). Under trykking. Serikstad, G.L., Løes, A-K, Dörsch, P., Hansen, S., Rivedal, S Utslipp av lystgass fra eng og åker – og hvordan de kan reduseres. Artikkel til Agropub (under publisering).


Laste ned ppt "God agronomi i grovfôrdyrkinga -Viktig for klima og avling"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google