Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Vel digital postkasse på Noreg.no

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Vel digital postkasse på Noreg.no"— Utskrift av presentasjonen:

1 Vel digital postkasse på Noreg.no
Manus:* I dette kurset skal du lære korleis du kan velje digital postkasse på Noreg.no. Med digital postkasse kan du få post frå stat og kommune digitalt. Bakgrunnsinformasjon til læraren:** Dersom kursdeltakarane sjølve også skal kunne opprette postkasse under kurset, må dei ha skaffa seg ein e-ID på høgaste sikkerheitsnivå, nivå 4. BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides er alle på nivå 4. MinID har sikkerheitsnivå 3 og kan derfor ikkje brukast til å oppretta postkasse. Men han kan brukast til å logga inn når ein har først har fått oppretta ein postkasse. Men ein får ikkje lese brev med sensistivt innhald (til dømes helseopplysningar) når ein loggar inn med MinID. For å få lese slike brev må ein logge inn med ein elektronisk ID på høgaste sikkerheitsnivå, altså ein av dei andre elektroniske ID-ane. Det er laga eigne presentasjonar (kurs) om korleis ein skaffar seg dei ulike elektroniske ID-ane. Til slutt i denne presentasjonen ligg det lenke til videoen «Motta digital post fra det offentlege» . For å få vist denne videoen må du ha tilgang til internett. *«Manus:» Det som læraren kan lese opp for å forklare informasjonen i lysbilda. **«Bakgrunnsinformasjon til læraren:» Dette er informasjon mynta på læraren slik at han eller ho kan svara på spørsmål frå deltakarane og ha noko meir kunnskap om Noreg.no og dei digitale postkassane.

2 Kva er ein digital postkasse
Kva er ein digital postkasse? - ei sikker løysing for å få og oppbevare viktig post digitalt Manus: Ein digital postkasse tilsvarer den fysiske postkassen du har hengjande på gjerdet framfor huset ditt. Men i den digitale postkassen blir breva sende på en sikker måte via internett, og ikkje på papir som i den fysiske postkassen. Den digitale postkassen er sikrare enn den fysiske postkassen fordi både avsender og mottakar må stadfeste identiteten sin. Du er derfor trygg på at alle er dei som dei gir seg ut for å vere. Uvedkommande kan heller ikkje få tilgang til post i den digitale postkassen, i motsetning til kva dei kan i den fysiske postkassen. Du kan lagre posten du får så lenge du ønskjer. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du må sjølv opprette ein digital postkasse for å kunne få post digitalt. Når du får post i den digitale postkassen din, blir du varsla på SMS eller e-post. Digital postkasse tilsvarer den grøne postkassen ved huset ditt Digital postkasse er sikrare enn den grøne postkassen din

3 Fordelar med digital postkasse
Du får post digitalt på ein sikker måte. Du får og oppbevarer viktige brev på éin stad, både frå private og offentlege verksemder. Du får post der du er. Du sparer miljøet og er med på å redusere offentlege utgifter. Manus: Brev med vedtak, helseopplysninger eller annan sensitiv informasjon kan ikkje sendast på vanleg e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Skal du kunne få viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse. Fordeler med digital postkasse: (Sjå lysbildet) Bakgrunnsinformasjon til læraren: Det er gratis å opprette og å bruke digital postkasse Det kjem ikkje uadressert reklame i digital postkasse For å sikre at ingen uvedkommande kan lese posten din, blir han både send og lagra kryptert, som skjult tekst. Ei kryptert sending kan samanliknast med at du set på ein hengelås. Det er berre den som har nøkkelen, som kan låse opp og lese innhaldet. Les meir om digital postkasse på Noreg.no:

4 Slik skaffar du deg digital postkasse
Gå til Manus: Gå til nettstaden

5 Gå til sida «Velg digital postkasse»
Klikk på eit av alternativa Manus: Frå framsida til Noreg.no kan du komma til sida ‘Velg digital postkasse’ ved å klikke på menyen ‘Digital postkasse’ oppe på sida. Klikk så på ‘Velg digital postkasse’ i nedtrekksmenyen. klikke på bildet ‘Velg digital postkasse’ klikke på ‘Velg digital postkasse’ under ‘Mest brukte tenester’. Bakgrunnsinformasjon til læraren: URL-en til sida er

6 Les informasjon om digital postkasse
Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du finn utfyllande informasjon om digital postkasse på sida ‘Om digital postkasse ‘ og ‘Spørsmål og svar’ på Noreg.no.

7 Finn fram den elektroniske ID-en din
Manus: For å opprette digital postkasse må du bruke ein av desse elektroniske ID-ane: Bank-ID Buypass Bank-ID på mobil Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du treng ein elektronisk ID på høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4) for å opprette digital postkasse. MinID er på nivå 3 og kan derfor ikkje brukast til dette. MinID er derfor ikkje med i denne oversikta. Commfides kan brukast til å opprette e-Boks, men ikkje Digipost. Commfides er derfor ikkje teken med med i denne oversikta. (Men Commfides og MinID kan brukast til innlogging via ID-porten.) Du finn meir informasjon om elektronisk ID på sida ‘Elektronisk ID’ på Noreg.no:

8 Vel den digitale postkassen du vil opprette
Digital kommunikasjon er hovedregel Klikk på Digipost Manus: Ved å klikka på ‘Gå til Digipost’, kjem du til registreringssida til Digipost. Ved å klikka på ‘Gå til e-Boks’, kjem du til registreringssida til e-Boks. Klikk på e-Boks

9 Registrering hos Digipost
Manus: Når du har klikka på ‘Gå til Digipost, kjem du til denne sida. Følg instruksjonane for å opprette digital postkasse hos Digipost. Når du opprettar digital postkasse hos Digipost eller e-Boks, vert den postkassen du vel, automatisk også valt som postkasse for post frå det offentlege. Det er laga eit eige kurs for korleis du skal opprette digital postkasse hos Digipost, sjå Digidel.no. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Dersom brukaren allereie har valt digital postkasse for offentleg post og skal endre til den andre postkassen, må brukaren logge inn på brukarprofilen sin i ID-porten for å byte til den andre postkassen. (Brukarprofilen: )

10 Registrering hos e-Boks
Manus: Når du har klikka på ‘Gå til e-Boks’, kjem du til denne sida. Følg instruksjonane for å opprette digital postkasse hos e-Boks. Når du opprettar digital postkasse hos Digipost eller e-Boks, vert den postkassen du vel, automatisk også valt som postkasse for post frå det offentlege. Det er laga eit eige kurs for korleis du skal opprette digital postkasse hos e-Boks, sjå Digidel.no. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Dersom brukaren allereie har valt digital postkasse for offentleg post og skal endre til den andre postkassen, må brukaren logge inn på brukarprofilen sin i ID-porten for å byte til den andre postkassen. (Brukarprofilen: ) Når ein brukar opprettar digital post hos Digipost eller e-Boks, vert den valde postkassen automatisk også valt som postkasse for post frå det offentlege. Men dersom brukaren allereie har valt digital postkasse for offentleg post og skal endre til den andre postkassen, må brukaren logge inn på brukarprofilen sin for å endre til ny postkasse etter at postkassen er oppretta (Brukarprofilen: )

11 Meir informasjon om digital postkasse
Her finn du meir informasjon og spørsmål og svar Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du finn utfyllande informasjon om digital postkasse, spørsmål og svar, elektronisk ID m.m. under menyen ‘Digital postkasse’.

12 Motta digital post frå det offentlege
Bakgrunnsinformasjon til læraren: Videoen ‘Motta digital post fra det offentlige’ fortel kvifor du bør opprette digital postkasse. Han er på 1 min. 37 sek. Klikk på tittelen «Motta digital post fra det offentlege» for å vise videoen. Når videoen er starta, kan du klikke på fullskjerm-symbolet nede til høgre på videoen for å få vist videoen i fullskjerm. Du må vera tilkopla internett for å få vist videoen. (Lenke til videoen på YouTube: )

13 Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar frå deg!
Dersom du eller kursdeltakarane har forslag til forbetringar av denne presentasjonen, set vi stor pris på om du vidareformidlar dette til oss i Difi. Var det til dømes nok informasjon til deg som lærar? Skulle kvart steg i å finne tenester vore nærmare forklart eller var det for detaljert forklaring og for mange lysark? Var det informasjon som mangla i presentasjonen? Send tilbakemeldingane til e-postadressa og merk e-posten med Digidel. Takk for hjelpa!


Laste ned ppt "Vel digital postkasse på Noreg.no"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google