Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Samhandlingsreforma Kva medfører den for helseforetaket

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Samhandlingsreforma Kva medfører den for helseforetaket"— Utskrift av presentasjonen:

1 Samhandlingsreforma Kva medfører den for helseforetaket
og korleis arbeider vi? Fagforbundet sin konferanse Vidar Roseth, samhandlingssjef Helse Førde

2 Skal seie noko om .. Kva kjem i samband med samhandlingsreforma?
Kva inneber samhandlingsreforma for spesialisthelsetenesta? Kva skal til for å lukkast og kva gjer Helse Førde?

3 Kva kjem i samband med samhandlingsreforma?

4 Sentrale dokument St.meld. nr 47 (2008/2009)
Grunnlag for ny nasjonal helse- og omsorgsplan Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester Ny lov om folkehelsearbeid Endringar i lov om spesialist helsetenester og lov om pasientrettar Ut frå Bjarne Håkon Hanssen sine visjonar, er dette ei stor reform. Ut frå dei dokumenta som no er utarbeidd, kan ein lure på kva det blir. Men eg har i alle høve lese det meste. St.meld. nr 47 og handsaminga av den i stortinget har skissert ei retning. Grunnlaget for ny nasjonal helse- og omsorgsplan skal m.a. seie meir om innhaldet i reforma. Både her og i dei nye lovframlegga var det forventa konkretisering av kva oppgåver som skal overførast frå spesialisthelsetenesta til kommunehelsetenesta. Det er i nokså liten grad gjort. Kjem tilbake til det. Endringane i spesialisthelsetenestelova er i hovudsak språklege tilpassingar til endirngane som det er gjort framlegg om i dei andre lovene.

5 Måla med samhandlingsreforma
Auka livskvalitet for den enkelte og redusert press på helsetenestene  satsing på helsefremjande og førebyggjande arbeid Dempa vekst i bruk av sjukehustenester  større del av helsetenestene skal ytast av kommunehelsetenesta Meir heilskaplege og koordinerte tenester Berekraftig utvikling ved effektiv bruk av ressursar Ved at større del av helsetenestene blir ytt av kommunehelsetenesta vil ein og oppnå at folk får tenester nærare der dei bur.

6 Endringar (1) Ei lov som erstatter to lover – lov om kommunale helse- og omsorgstenester Ikkje rettar for brukarane, men pliktar for kommunane – «syte for» Rettane er samla i lov om pasientrettar Lokal handlefridom for kommunane er vektlagt Definerer funksjonar, ikkje profesjonar Pålagt avtalestruktur helseforetak/kommunar med eit visst innhald Få nye, konkrete oppgåver lagt til kommunane – skal i stor grad finne ut av dette saman med helseforetaka «Ei lov»: I framlegget blir skiljet mellom helsetenester og omsorgstenester oppheva. I staden blir det gjort framlegg om ei felles helse- og omsorgsteneste med felles regelverk, herunder felles klage- og tilsynsinstans. Helsepersonellova skal gjelde for alt personell som yter tenester etter den nye lova. Framlegget inneber at pasient- og brukarrettar knytt til kommunale helse- og omsorgstenester blir videreført, men at dei er samla i pasientrettighetsloven. Det vil medføre at rettane blir meir eintydige og heilskaplege for pasientane og brukarane, som ofte forheld seg til fleire deltenester i kommunen eller til tenester både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. «Pliktar, syte for» m.v.: Framlegget til ny kommunal helse- og omsorgslov tydeleggjer kommunen sitt overordna ansvar for helse- og omsorgstenester (”syte-foransvar”), utan at kommunane samstundes blir pålagde bestemte måtar å organisere tenestene på. Dette blir på same måten som for helseforetaka. Kommunen sine pliktar skal videreførast, men pliktane skal vere utforma meir overordna og profesjonsnøytralt. Kommunane skal ha eit tydelegare og meir heilskapleg ansvar, og større fridom til å organisere og tilpasse tilbodet i samsvar med lokale behov. «Pålagt avtalestruktur»: Mer heilskaplege og koordinerte tenester til pasientar og brukarar gjennom forpliktande samarbeidsavtalar og avtalte behandlingsforløp. Departementet vil i samarbeid med KS utforme eit sentralt opplegg for avtalar, herunder rettleiande standardavtalar til bruk i avtaleinngåinga. For å legge til rette for at avtalene som blir inngått mellom kommunar og foretak skal få eit felles grunnlag, og for å sikre at avtalane skal bli det tiltenkte verktøyet for gjennomføring av samhandlingsreforma, gjer departementet framlegg om at at det blir lovfesta eit minimumskrav om kva som skal inngå i avtalane og at ein overlater til partane på frivillig basis å ta inn det dei måtte ønske i tillegg. Det er viktig at kommunar og helseforetak førebur avtaleinngåinga i løpet av 2011. «Rettslig sett er det vanskelig å dele opp et pasientforløp, i den forstand at man til enhver tid kan peke på hvor ansvaret ligger. I pasientforløpet til en kols-pasient vil man for eksempel ikke kunne peke eksakt på når ansvaret til spesialisthelsetjenesten starter og når kommunehelsetjenesten overtar ansvaret, eller omvendt. I mange tilfeller vil helsehjelpen også gis vekselvis mellom de to tjenestenivåene. Med andre ord er departementet av den oppfatning at det alltid vil være ”gråsoner” mellom spesialisthelsetjenesten og kommunehelsetjenesten på et overordnet nivå. … Det er deler av pasientforløp som er aktuell for ”overføring” til kommunehelse-tjenesten, og ikke konkrete oppgaver som er mer avgrenset, for eksempel dialysebehandling. En slik ”overføring” skjer også i dag gradvis over tid, som følge av faglig og medisinsk utvikling. Utviklingen vil forhåpentligvis bli forsterket som følge av de økonomiske insentiver som foreslås i reformen.» « .. glidende utvikling av tjenestene.»

7 Endringar (2) Kommunane får ansvar for utskrivingsklare pasientar frå fyrste dag Kommunane får eit medfinansieringsansvar for pasientar ved sjukehus – skal definerast nærare Plikt til individuell plan (i hovudsak vidareføring) Plikt til å oppnemne koordinator for pasientar/brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester, som no Fastlegeordninga blir vidareført med utvida listeansvar. Ser an behovet for fleire legeårsverk i kommunane. Tilrettelegging for meir styring av legeressursane Kommunane blir oppmoda om å opprette betre tilbod for øyeblikkeleg hjelp lokalt – døgntilbod – kan bli plikt Utskrivingsklare pasientar: Blir nærare avklara i forskrift. Innføring for somatikk frå Rus/psykisk helsevern seinare. Somatikk: liggedøgn. Døgnkostnad Psykisk helse: liggedøgn. Kommunane vil få overført midlar frå dei regionale helseforetaka i samband med omlegginga, anten gjennom innt.systemet el. øyremerka tilskot etter tal utskrivingsklare pasientar. Medfinansieringsansvar: Blir nærare avklart i forskrift seinare. Eldre over 80 år (1,5 mrd) el. medisinske innleggingar (3,6 mrd). Rus/psykisk helse (2,3 mrd) og rehab. i private inst. (0,2 mrd) blir nærare vurdert. «Midlene som overføres fra spesialisthelsetjenesten til kommunene i forbindelse med kommunal medfinansiering vil imidlertid ikke alene kunne fullfinansiere alternative tilbud i kommunene og eventuelle nyinvesteringer. Departementet vil innenfor et samlet økonomisk opplegg kunne stille krav til at regionale helseforetak i samarbeid med kommuner kartlegger muligheter for kostnadseffektive samarbeidsprosjekter til erstatning for eksisterende behandling i sykehus, og innarbeider dette i sitt plan- og meldingssystem. Beslutningsmyndighet for investeringer finansiert av helseforetakene skal fortsatt ligge hos helseforetakene. En samarbeidsmodell mellom helseforetak og kommuner bygger på praksis som allerede er etablert flere steder.. En slik modell vil gi et insentiv for regionale helseforetak til å medvirke til opprettelse av mindre kostnadskrevende tilbud nærmere pasienten.» Individuell plan: Detter er i utgangspunktet ei vidareføring av reglane i kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova. Men det er gjort framlegg om at kommunen skal ha eit hovudansvar for individuell plan når pasienten skal ha tilbod både etter denne lova og spesialisthelsetenestelova el. lov om psykisk helsevern. Koordinator: Lovfesting av reglar som i dag finst i forskrift om individuell plan. Spes.helsetenesta: Pasientansvarleg koordinator i staden for pasientansvarleg lege. Fastlegeordninga: Departementet vil vurdere framlegg for å presisere og utdype fastlegeforskrifta med omsyn til kva tenester fastlegane har ansvar for å gi innbyggjarane på si liste («forebyggende tjenester og proaktiv oppfølging»), samt vurdere innføring av nasjonale kvalitets- og funksjonskrav med tilhøyrande krav om rapportering. Det overordna målet med slike forskriftsframlegg vil vere å auke kvaliteten på dei tenestene innbyggjarane mottek hos sin fastlege og å sikre at prioriterte oppgåver blir ivaretekne av fastlegane. Slike forskriftsframlegg vil også ha som mål å etablere eit tydelegare nasjonalt rammeverk for fastlegeordninga som vil bidra til betre kommunal styring. «Øyeblikkeleg hjelp»: Omfatter situasjonar der det oppstår akutt behov for undersøking og behandling, m.a. for å gjenopprette og/eller vedlikehalde vitale funksjonar, for å forhindre og/eller agrense alvorleg funksjonsnedsetting som følge av skade eller sjukdom eller for å gi adekvat smertebehandling ved smerter av kortvarig art. Kommunane har i dag plikt til å yte øyeblikkeleg hjelp, når det er forsvarleg kan den ytast av kommunehelstenesta, i andre tilfelle må pasienten tilvisast til spesialisthelseteneste. Men kommunane har ikkje i dag nokon plikt til å ha døgnopphald. «Mer enn 90 prosent av alle innleggelser på medisinske avdelinger for voksne skjer som ikke planlagte innleggelser. Det er i denne gruppen vi finner pasientene som kommunene kan bygge opp alternative tilbud for.» Det blir føresett at vurderingane skal gjerast av kompetent helsefagleg personell. I dag blir funksjonen som regel ivareteken av legevakta eller fastlegen. Andre døme kan vere kommunelegen, vakthavande på sjukeheim eller skammel-institusjon/intermediære tenester. «Kommunen skal legge til rette for at de pasientgruppene som den uansett skal hjelpe, får hjelp selv om behovet oppstår utenfor åpningstidene. Det må forutsettes at allmenntilstanden ikke tilsier at det er behov for sykehusinnleggelse.»

8 Endringar (3) Kommunane skal ha større ansvar for førebygging, tidleg intervensjon og tiltak mot unødvendige innleggingar av pasientar i sjukehus Kommunane skal ha eit auka ansvar for lærings- og meistringstilbod og for (medisinsk) rehabilitering Kommunane skal vurdere samarbeidsløysingar med helseforetak og andre kommunar, som t.d. lokalmedisinske senter Behovet for bruk av elektroniske verktøy er understreka Utdanningspolitiske grep – vist til komande stortingsmelding om velferdsutdanningane Lovbestemt krav til systematisk pasientsikkerhets- og kvalitetsforbedringsarbeid «Finansielle virkemidler for å fremme samhandling omtales i de årlige statsbudsjettene.» Elektronisk kommunikasjon skal vere hovudregelen for utveksling av pasientinformasjon.

9 Endringar (4) Folkehelse: «Health in All Policies», systematikk, kunnskapsbaserte tiltak, integrering i alt planarbeid Kommunen skal til ei oversikt over helsetilstanden og positive og negative faktorar som virker inn Ny lov delvis overlappande med reglane i helse- og omsorgslova, men meir system- og grupperelatert Føresegnene om miljøretta helsevern er inntekne her Folkehelse: Framlegget til ny folkehelselov har eit generelt gruppe- og befolkningsperspektiv og kan rette seg mot alle typar påvirkningsfaktorar. I tillegg til helse- og omsorgssektoren sin innsats, ligg påvirkningsfaktorar i mange ulike samfunnssektorar.

10 Kva inneber samhandlingsreforma for spesialisthelsetenesta?

11 Endringar for spesialisthelsetenesta (1)
Kan konsentrere seg meir om det spesialisthelsetenesta skal gjere, ytterlegare spesialisering Rettleiing og bistand overfor kommunehelsetenesta Nye forpliktande avtalar med kommunane og samhandling med kommunane som likeverdige partar God intern organisering og god oppfylgjing overfor kommunane heilt naudsynt Fokus på gode pasientforløp i dialog med 1.-linetenesta Deltaking i samhandlingsprosjekt, fellestiltak og spleiselag, bidra med kompetanseoverføring Må utvikle desentraliserte tenestetilbod, som understøtter den nye rolla til kommunehelsetenesta

12 Endringar for spesialisthelsetenesta (2)
Færre unødvendige sjukehusinnleggingar Mindre ulikskapar i kommunane sin praksis Raskare og betre utskriving frå sjukehus Færre reinnleggingar Reduserte transportkostnader På lang sikt reduksjon i livsstilsrelaterte sjukdomar som medfører redusert behov for spesialisthelsetenester?

13 Endringar for spesialisthelsetenesta (3)
Overføring av 10 % (?) av tenestene til kommunane Både redusert og auka risiko Uvisse knytt til kva kommunane maktar, omfanget av alternative kommunale tilbod og storleiken på inntektene til helseforetaket Ekstra omstillingsbehov for helseforetaket i åra framover – av ukjent og usikkert omfang Viktig at kommunane blir sette i stand til å ta utfordringane, også for å få føreseielege forhold for spesialisthelsetenesta

14 Oppgåver og pengestraumar

15 Budsjettkorrigering for spesialisthelsetenesta 2012
Tekst Utskrivingsklare somatiske pasientar; 3.000 pr døgn; 0,5 mrd 5.000 pr døgn; 0,8 mrd Kommunal medfinansiering; 80+ : 1,5 mrd. Med. pasientar: 3,6 mrd. Rus – blir utgreidd Psykisk helse – blir utgreidd Rehabilitering – blir utgreidd Spleiselag blir forhandla lokalt

16 Kva skal til for å lukkast, og kva gjer Helse Førde?

17 Visjon, vilje og engasjement
Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hansen hausten 2008: "Vi har lagt lista så høyt at vi ganske sikkert kan gå rakrygget under" Å ha felles visjon og mål og ville noko er viktig. Vi ser at mange får til noko fordi dei har dette felles målet og engasjementet – trass i systemet Når det gjeld visjon, vilje og engasjement, >har den tidlegare helse- og omsorgsministeren gått foran. Det er sikkert ulike oppfatningar av kor den lista ligg no. >Men å ha felles visjon og mål og ville noko er viktig. Eg trur dei fleste ser at samhandlingsreforma inneber ei riktig retning og ei heilt naudsynt omlegging for å møte noverande og framtidige utfordringar på ein god måte. >Mange er i tillegg svært engasjerte og har stor vilje til å få til dei endringane som er skissert, fordi dei ser at det vil bety noko for folk og samfunn. Det er denne viljen og dette engasjementet i høve til felles mål som nok er det aller viktigaste. Usikkerhet vil det vere, og vi må ikkje la denne usikkerheten kvele engasjementet. Noko bra skal vi få til uansett.

18 Viktige føresetnader for å lukkast
Visjon, vilje og engasjement Avklaring og finansiering Bemanning og kompetanse Organisasjonskapasitet Samhandlingsstruktur og –kultur Auka bruk av IKT God, felles arbeidsmåte (gjerne som i Helse Førde sitt forbetringsprogram) Dette er dei føresetnadene vi frå helseforetaket si side meiner er viktige for å lukkast. > >

19 Legane må innrette seg etter nasjonal og lokal helsepolitikk
Frå «Dagens medisin» Legane må innrette seg etter nasjonal og lokal helsepolitikk

20 Samhandling kan vere komplisert ..
.. men blir ikkje mindre viktig av den grunn

21 Behov for samanheng i prosessar
Forbetrings-programmet Meir kortsiktige driftsomleggingar i Helse Førde Felles avtalar og prosedyrar Samhandlings-prosjekt Interne prosessar i kommunane Strategiplan Helse Førde 2020

22 Ei organisatorisk utfordring både nasjonalt og lokalt

23 Samhandlingsarenaer i Sogn og Fjordane
viktigare framover Blir enno

24 Eit lovpålagt avtalesystem
Skal gi ei nærare avklaring av oppgåvefordelinga Skal bidra til eit forsvarleg og heilskapleg pasientforløp, m.a. gjennom faste samarbeidsrutinar Skal innehalde tiltak mot unødvendige innleggingar i sjukehus og tiltak for utskrivingsklare pasientar Skal omtale rutinar for dialog og kontakt Skal omfatte opplegg for m.a. kunnskapsoverføring, utdanning, IKT-løysingar … organisering og finansiering av samarbeidsoppgåver … opplegg for handtering av usemje Blir ein ny generasjon avtalar som vi må ta til med i 2011 «Pålagt avtalestruktur»: Mer heilskaplege og koordinerte tenester til pasientar og brukarar gjennom forpliktande samarbeidsavtalar og avtalte behandlingsforløp. Departementet vil i samarbeid med KS utforme eit sentralt opplegg for avtalar, herunder rettleiande standardavtalar til bruk i avtaleinngåinga. For å legge til rette for at avtalene som blir inngått mellom kommunar og foretak skal få eit felles grunnlag, og for å sikre at avtalane skal bli det tiltenkte verktøyet for gjennomføring av samhandlingsreforma, gjer departementet framlegg om at at det blir lovfesta eit minimumskrav om kva som skal inngå i avtalane og at ein overlater til partane på frivillig basis å ta inn det dei måtte ønske i tillegg. Det er viktig at kommunar og helseforetak førebur avtaleinngåinga i løpet av 2011. «Rettslig sett er det vanskelig å dele opp et pasientforløp, i den forstand at man til enhver tid kan peke på hvor ansvaret ligger. I pasientforløpet til en kols-pasient vil man for eksempel ikke kunne peke eksakt på når ansvaret til spesialisthelsetjenesten starter og når kommunehelsetjenesten overtar ansvaret, eller omvendt. I mange tilfeller vil helsehjelpen også gis vekselvis mellom de to tjenestenivåene. Med andre ord er departementet av den oppfatning at det alltid vil være ”gråsoner” mellom spesialisthelsetjenesten og kommunehelsetjenesten på et overordnet nivå. … Det er deler av pasientforløp som er aktuell for ”overføring” til kommunehelse-tjenesten, og ikke konkrete oppgaver som er mer avgrenset, for eksempel dialysebehandling. En slik ”overføring” skjer også i dag gradvis over tid, som følge av faglig og medisinsk utvikling. Utviklingen vil forhåpentligvis bli forsterket som følge av de økonomiske insentiver som foreslås i reformen.» « .. glidende utvikling av tjenestene.»

25 Avtalar mellom Helse Førde og kommunane
Rammeavtale Samhandlingsprinsipp og –fora, avtalestruktur Delavtale tilvising og utskriving Sikre ansvarsavklaring, god planlegging, brukarmedverknad, kontinuitet Delavtale kreftomsorg og lindrande behandling Nettverk, sikre kompetanseoverføring, gode metoder i behandling og omsorg Delavtale psykiske helsetenester Ansvarsavklaring, legge til rette for heilskapleg tilbod Delavtale elektronisk samhandling Forplikting til å tilrettelegge for elektronisk meldingsutveksling Delavtale «møteplassen» for habilitering/rehabilitering «Koordinerande eining» i kommunane, nettverk, erfaringsutveksling

26 Retningsliner, prosedyrar, rutinar …
Individuell plan Mal, rettleiar, evalueringsskjema Prosedyre for innleige av følgepersonell Ved innlegging, ansvarsavklaring og rutinar Rutinar for utskriving av pasient til kommunal teneste Nærare ansvarspresisering og omtale av framgangsmåte, søknadsskjema Koordinator for rehabilitering, funksjonsomtale m.v. Mal for omtale av ansvar og oppgåver for kommunale koordinatorar, oversyn Felles beredskapsplan for influensapandemi Samhandlingsfora, ansvars- og oppgåveavklaring

27 Må ha meir system og meir innhald
Ramme-avtale Vi må i fellesskap finne fram til ein god arbeidsmåte Del-avtale Del-avtale Del-avtale Del-avtale Del-avtale Prosedyrar Prosedyrar Prosedyrar Prosedyrar Prosedyrar Det som er naudsynt for at det riktige og viktige skal skje i møtet med brukaren/pasienten

28 Utviklingsavdelinga i Helse Førde
Utviklingsdirektør Tove Hovland Praksis-konsulent Anne Stubdal Seniorrådgjevar Knut Ivar Osvoll «Portvakt» Marte Bale Praksis-konsulent Normund Svoen Fagdirektør Hans-Johan Bredablik Seniorrådgjevar Kari Furevik Seniorrådgjevar Vidar Roseth Samhandlingssjef Vidar Roseth Praksis-konsulent Tor Vidar Myklebust Tilrettelegging for samhandling internt og med kommunane Koordineringsrådet og fagrådet Deltaking i ulike samhandlingsprosjekt Utviklingsplanlegging og –tiltak Styringsinformasjon Forbetringsprogrammet Samhandling Praksis-konsulent Einar Sandven

29 Eit grep i tråd med føresetnadene
Frå St.meld. nr 47 (2008/2009): «Skal en lykkes med reformen, må samhandlings- og koordineringsfunksjonen få en like tydelig ledelsesmessig og organisatorisk forankring som de spesialiserte funksjonene har i dag. Samarbeidet med kommunehelsetjenesten må gis et tydelig ansvarspunkt både organisatorisk og på et faglig overordnet nivå.»

30 Informasjon er viktig - heimesida skal forbetrast

31 Mykje er mogeleg - kombinasjon av lokalmedisinsk senter og ambulant team?

32 Har sagt noko om … Kva kjem i samband med samhandlingsreforma?
Kva inneber samhandlingsreforma for spesialisthelsetenesta? Kva skal til for å lukkast og kva gjer Helse Førde?

33


Laste ned ppt "Samhandlingsreforma Kva medfører den for helseforetaket"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google