Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Vikemarka skule i Ørsta.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Vikemarka skule i Ørsta."— Utskrift av presentasjonen:

1 Vikemarka skule i Ørsta.
Fersk fokusskule for språklege minoritetar.

2 Historikk. Vikemarka skule er den største barneskulen i Ørsta kommune.
Den vart teken i bruk for 20 år sidan,hausten 1985. Heilt frå starten av har dette vore ein skule som har lagt mykje vekt på internasjonalisert undervisning. Skulen har vore ASP-skule under UNESCO i fleire år. ASP???????????????

3 Kven er vi? Vikemarka skule har i år 300 elevar.
Av desse var det 19 fleirkulturelle elevar frå 8 ulike nasjonalitetar (9 frå hausten 2005). Vi har fleirkulturelle elevar i 10 av 13 klassar. Inneverande år har vi hatt 4 tospråklege lærarar/morsmålslærarar og 3 tospråklege assistentar.

4 Kva gjer vi? Allereie på midten av 1990-talet var det eit lærar-nettverk for dei som underviste minoritetsspråklege barneskuleelevar i Ørsta. Mange deltok der, og det eksisterte eit par år. Sidan nyttår 2004 har vi hatt eit nettverk for koordinatorane for denne elevgruppa. Vikemarka skule er ein av 4 skular i Ørsta som har denne funksjonen. Avdelingsleiaren for skulen i Ørsta kommune er den som driv nettverket. Eit svært vellukka tiltak på alle måtar. I vår har vi også oppretta eit interkommunalt nettverk i lag med Volda.

5 Kva nære målsettingar har vi?
Vi ynskjer: å leggje særleg vekt på å få til eit enno betre samarbeid mellom heimane til dei fleirkulturelle elevane og skulen. Eit inkluderande skulemiljø for alle. Systematisere testinga av språkkunnskapen til desse elevane. Planarbeid. Halde fram arbeidet med å fremje tverretatleg forståing og samarbeid innan dette feltet.


Laste ned ppt "Vikemarka skule i Ørsta."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google