Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Førde, Gloppen og Sogndal mars 2017

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Førde, Gloppen og Sogndal mars 2017"— Utskrift av presentasjonen:

1 Førde, Gloppen og Sogndal mars 2017
Regional samling Førde, Gloppen og Sogndal mars 2017

2 Eldrerådsarbeid Godt fungerande eldreråd (evt. kombinerte råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne) i alle kommunar og fylkeskommunar er ei høgt prioritert sak for Pensjonistforbundet. Det er viktig at både fylkeslaga og lokallaga passar på at eldreråda vert valde og får arbeidsvilkår i samsvar med eldrerådslova.

3 Eldrerådsarbeid Eldre er underrepresenterte både i Stortinget, i fylkestinget og kommunestyra. Dette skuldast at nominasjonsprosessane stortsett prioriterer menneske i og 50-åra. Pensjonistane må verte flinkare til å engasjere seg i dei politiske partia, ikkje pensjonere seg bort frå samfunnsdebatten.

4 Eldrerådsarbeid Forholdsmessig representasjon for menneske over 67 år i kommunestyre og fylkesting er berre 1/3 av gjennomsnittet for alle aldersklassar. Samfunnet taper difor mykje kompetanse, røynsler og perspektiv som vi eldre kan stille med. Eldreråda vert difor langt på veg den einaste kanalen vår aldersgruppe har for å nå fram med vår røyst.

5 Eldrerådsarbeid Noverande eldrerådslov er klår og grei. Det skal vere eit eldreråd i kvar kommune, og eit fylkeseldreråd i kvar fylkeskommune. Lova inneheld føresegner om val, oppgåver og andre føresegner. I paragraf 4a er det fastsett føresegner om evt. felles råd med menneske med nedsett funksjonsevne.

6 Eldrerådsarbeid Endring av eldrerådslova:
Regjeringa har føreslege at eldrerådslova vert fjerna og lagd inn i kommunelova, og at detaljane stort sett vert fastsette ved forskrifter. Framlegget har vore til høyring. Pensjonistforbundet forstår ikkje kvifor dette framlegget kjem, eldrerådslova treng verte styrka og ikkje svekka. Pensjonistforbundet Sogn og Fj. gav også ein grundig uttale.

7 Eldrerådsarbeid Korleis fungerer eldreråda i kommunane og i fylket?
Vårt inntrykk er at fylkeseldrerådet fungerer godt og har greie arbeidsvilkår. I kommunane er det store variasjonar, frå det aller beste til nesten ikkje-eksisterande. Hovudansvaret for at eldreråda skal fungere godt, ligg hjå kommunen, men medlemene må vere bevisste på ansvaret sitt, og dei lokale pensjonistlaga må ta initiativ dersom råda ikkje fungerer skikkeleg.

8 Eldrerådsarbeid Val av eldreråd:
Kommunestyret avgjer antal medlemer. Pensjonistlaga har framleggsrett. Fleirtalet skal vere alderspensjonistar, rådet vel sjølv leiar og nestleiar, mellom pensjonistane. Ved felles råd har også organisasjonane framleggsrett, men leiar og nestleiar vert valde av kommunestyret. (Pensjonistforbundet meiner ein bør unngå å ha felles råd)

9 Eldrerådsarbeid Kva saker skal eldrerådet handsame? (paragraf 3 i eldrerådslova). Alle saker som gjeld levekåra for eldre, dvs. ikkje berre helse – og sosialsektoren, men og dei fleste kommunale planar, budsjett – og økonomiplansaker, kommunal organisering m.v. Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei eldre i kommunen, men ikkje einskildsaker. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta heilt fram til den instans som tek endeleg avgjerd.

10 Eldrerådsarbeid Når skal eldrerådet få saka? (par.3)
Eldrerådet er eit rådgjevande organ. Rådet skal ha sakene i god tid, dvs. før andre kommunale organ handsamar saka.

11 Eldrerådsarbeid Arbeidsvilkår for rådet. (sjå par. 4):
Rådet skal ha høveleg sekretærhjelp, dvs. det må vere ein fast sekretær, ein person med kunnskap om og forankring i det kommunale systemet. Eldrerådet skal få innkallingar med sakliste og saksutgreiing, det skal førast møtebok, som skal sendast ut til medlemene, som kan godkjenne eller evt. ikkje godkjenne møteboka.

12 Eldrerådsarbeid Eldrerådet sin leiar eller annan representant kan få møte – og talerett i kommunestyret eller formannskapet i saker rådet har handsama. Kommunestyret gjer evt. vedtak om dette. Denne ordninga eksisterer i nokre kommunar. Mitt råd er at ein brukar ordninga med skjønsemd, og ikkje vert møteplagar.

13 Eldrerådsarbeid Opplæring av eldreråd:
Kommunestyra føretek ofte val av eldreråd så seint at råda ikkje får vere med på den vanlege folkevaldopplæringa. Eldreråda og pensjonistlaga må passe på at råda får tilstrekkeleg opplæring. Pensjonistforbundet driv ein del eldrerådsopplæring. I vår er det tilbod om mange kurs fleire stader i landet. Pensjonistforbundet sentralt tek kostnaden. Har nokon meldt seg på?

14 Eldrerådsarbeid Kva gjer vi i Pensjonistforbundet Sogn og Fj. for å få eldreråda til å fungere? Straks etter kommune – fylkestingsvalet i 2015 sende vi brev til alle kommunane i fylket der vi minte dei på kommunen sine plikter – valreglar – opplæring – arbeidsvilkår.( Kanskje ikkje alle kommunane greidde eksamen). Elles har vi ofte kome med påminningar til lokallaga om å fylgje opp.

15 Eldrerådsarbeid Eldrerådsmedlemene som kjem frå pensjonistlaga må halde god dialog med sine lag. Dei må og setje seg inn i, og prøve å fylgje opp pensjonistforbundet sitt handlingsprogram og saker både frå forbundet sentralt og fylkeslaget. Det er og viktig å gje tilbakemeldingar og tips til fylkeslaget.

16 Eldrerådsarbeid Eldreråda si framtid ved kommune – og fylkessamanslåingar: Styret vedtok ein uttale 23. januar i år. Vi sende den til Pensjonistforbundet sentralt, og til dei kommunane i fylket der det er vedteke intensjonsavtalar om samanslåing. Vår konklusjon er at ein ved samanslåing må ha eldreråd for kvar av dei gamle einingane, og sjølvsagt eit råd for den nye kommunen. Berre eitt råd i store kommunar vil ikkje fungere etter intensjonane.

17 Eldrerådsarbeid Eit døme på medverknad (eller ikkje) i praksis:
I vinter har vi spurt alle kommunar i fylket om deira arbeid med velferdsteknologi, m.a. om eldreråda er involverte. Resultatet er så som så, – 16 av 26 kommunar har gjeve svar, av desse seier 10 at eldrerådet er med i prosessen, 6 svarar nei på spørsmålet.

18 Eldrerådsarbeid Resolusjon til årsmøtet:
Styret gjer framlegg om ein resolusjon til årsmøtet 2017 – «Eldreråda må få betre arbeidsvilkår». Dersom årsmøtet sluttar seg til, vert denne send til alle ordførarar og rådmenn i fylket.

19 Eldrerådsarbeid Eldreråda, evt. kombinerte råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, har ein svært viktig rolle i lokaldemokratiet. Difor er det svært viktig at råda både er samansette og valde slik lova krev, og at råda får arbeidsvilkår som gjer at dei kan ivareta den viktige rolla det er tenkt dei skal ha. Det er svært sjeldan vi finn kommunestyremedlemer som er komne opp i pensjonsalderen, endå pensjonistane utgjer ein stor og veksande andel av dei som bur i Sogn og Fjordane. Eldreråda vert såleis einaste organet der denne store gruppa er representert, og som har fyrstehands kjennskap til kvar skoen trykkjer. Pensjonistar og eldre sit også inne med store ressursar, kunnskapar og røynsle frå eit langt liv og alle mogelege yrke. Desse ressursane bør kunne nyttast til beste for lokalsamfunna.

20 Eldrerådsarbeid I mange kommunar er eldreråda valde i samsvar med lova, dei har god sekretærhjelp, dei får sakene i god tid, og vedtaka deira fylgjer saka heilt fram til endeleg avgjerd i kommunestyret. Her er og døme på at leiar eller annan representant for rådet får talerett i kommunestyret i aktuelle saker. Dette er ein praksis som fleire kommunar bør innføre. Men, dessverre, i nokre kommunar er eldreråda nærast tilsidesette, ja ein høyrer både politiske og administrative leiarar som omtalar eldreråda som «hår i den kommunale suppa». Skal råda fungere, må dei få gode arbeidsvilkår. Dei skal ha rett til å uttale seg i alle saker som vedkjem dei eldre, og evt. dei funksjonshemma i kommunen, dei skal få sakene i god tid, dvs. før handsaming i andre kommunale organ, og dei har krav på god, stabil og kvalifisert sekretærhjelp.

21 Eldrerådsarbeid Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane oppmodar alle ordførarar og rådmenn i fylket om å sikre at eldrerådet i deira kommune har eller får gode arbeidsvilkår, eit minimum er at ein oppfyller krava i eldrerådslova.


Laste ned ppt "Førde, Gloppen og Sogndal mars 2017"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google