Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

STRATEGIPLAN IL HØDD FOTBALL

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "STRATEGIPLAN IL HØDD FOTBALL"— Utskrift av presentasjonen:

1 STRATEGIPLAN IL HØDD FOTBALL

2 Visjon liten - men stor    Hødd er klubben i norsk fotball som har vist at ein med små ressursar kan kome inn i toppfotballen og vere der over lang tid. ”Hødd-ånda”, ”mykje ut av lite” og ”gull av gråstein” – ingen tvil om at spelarutvikling har vore og blir ein viktig suksessfaktor også i framtida.   Hødd skal famne både topp og breidde, og vere ein samfunnsutviklar i Ulstein og regionen, samt vere ein del av norsk toppfotball. Verdigrunnlag Stoltheit - Fair play - Samarbeid     STOLTHEIT I Hødd er vi stolte av klubben vår, prestasjonane og aktiviteten. Vi viser dette gjennom å representere klubben på ein måte der vi viser alle respekt, og gjennom det bygg eit godt omdømme for klubben.   FAIR PLAY I Hødd skal ”Hødd-ånda” i form av hardt arbeid, folkeskikk og fair play vere ein del av grunnfjellet. Klubben sine tillitsvalte, tilsette, trenarar og spelarar skal gå føre og legge til rette for at all aktivitet vert prega av dette.   SAMARBEID I Hødd gjev fellesskap styrke. Eit sterkt samhald internt i klubben skal gjere at vi kan utvikle prestasjonar over tid. Samarbeid i regionen med andre klubbar og næringsliv skal vere med å utvikle Hødd vidare.

3 INNHALD TOPPKLUBBEN HØDD BREIDDEKLUBBEN HØDD HØDD SI ROLLE PRODUKTET
ORGANISASJONEN ANLEGG ØKONOMI

4 TOPPKLUBBEN HØDD Hødd skal vere ein del av Norsk toppfotball.
Hødd skal vere muligheitenes klubb og utvikle spelarar, trenarar og leiarar gode nok for norsk toppfotball. Hødd skal vere ein ressursklubb for klubbane i distriktet. Hødd skal utvikle samarbeidet med skuleverket. Hødd skal ha eit godt og nært samarbeid med næringslivet og kommunen. Hødd skal vere eit lag i norsk toppfotball med stor grad av regional identitet.

5 BREIDDEKLUBBEN HØDD Hødd vil legge til rette for å gi eit tilpassa tilbod til gutar og jenter opp til 19 års alderen. Stor grad av frivillige foreldre som trenarar og leiarar. Skape ein trygg og god arena for alle som vil spele fotball. Flest mogleg skal spele fotball lengst mogleg. Vidareutvikle Hødd FotballFritidsOrdning for jenter og gutar. Legge til rette for kursing innanfor trenar-, leiar- og dommarfaga.

6 HØDD SI ROLLE Vidareutvikle ”Hødd-ånda” - klubben skal til ei kvar tid få optimalt ut av dei tilgjengelege ressursane på alle områder. Hødd skal dyrke frivilligheitskulturen. Dette skal vere med å skape godt miljø og gode ambassadørar for klubben. Hødd skal vere ein stor breiddeklubb, og i Ulstein kommune vere den største bidragsytaren til eit godt barne- og ungdomsmiljø, både for gutar og jenter. Hødd skal gjennom systematisk utvikling av kompetanse for spelar, klubb og trenar vere ein del av norsk toppfotball. Hødd skal ta eit ansvar på Sunnmøre for utvikling av kompetanse og utvikle eit nært samarbeid med naboklubbar. Hødd skal vere muligheitenes klubb for yngre spelarar på Sunnmøre. Høddvoll skal vere ein open og inkluderande møteplass.

7 PRODUKTET HØDD Opplevingar
Om det er på trening eller i kamp, om du er stor eller liten, far eller mor, publikum, supporter eller sponsor, i Hødd handlar det om å skape opplevingar for alle. Små hendingar kan vere store opplevingar for den einskilde. Fotballkultur Hødd er den klubben i norsk fotball som sidan 1963 har spelt flest kampar i 1. divisjon (i dag kalla Adeccoligaen). Sidan Hødd slo gjennom i norsk toppfotball på 60-talet har ein vidareført kompetanse til nye generasjonar og epokar. Klubben har hatt viktige kontinuitetsberarar i alle ledd. Identitet Hødd skal vere ein klubb som folk flest kan identifisere seg med. Klubben skal vere folkeleg, open og inkluderande og framstå på ein positiv måte i alle samanhengar. Profilar Positive profilar skapar positiv identitet og merksemd. Gjennom prestasjonar og sin veremåte er Kjetil Hasund Hødd sin største profil gjennom alle tider. Hødd skal skape nye profilar som bryt barrierar og er gode rollemodellar, både på og utanfor bana. Mangfald I Hødd satsar vi både på topp og breidde, jenter og gutar. Uansett interesse, ambisjonsnivå eller dugleg ser vi på kvar enkelt individ som ein unik ressurs. liten - men stor Hødd er ingen storklubb frå ein storby, men har gjennom gode prestasjonar skapt store opplevingar og tukta dei største og sterkaste. Med hardt arbeid og sterk tru er det meste mogleg, der andre ser begrensingane ser Hødd muligheitene.

8 ORGANISASJONEN Organisasjonen
Utvikle organisasjonen i takt med dei utfordringane som klubben møter i framtida. Styret Utarbeide overordna retningslinjer for korleis klubben skal drivast. Utøve ein kontrollfunksjon mot administrasjonen. Utarbeide og vidareutvikle strategien i klubben. Administrasjon Skal drifte klubben utifrå dei retningslinjene som er gitt frå styret. Skal ha tilstrekkeleg kompetanse for å drifte ein toppklubb. Skal vere pådrivar, skape blest, entusiasme og auka aktivitet. Skal legge til rette for ein best mogleg aktivitet, uansett nivå. Frivillige Legge til rette på ein slik måte at mange frivillige vil delta i klubbens arbeid.

9 ANLEGG Arbeide for at nytt stadion skal byggast og opnast den På datoen 90 år etter at IL Hødd blei stifta. Sikre at IL Hødd for framtida har tilgong på nødvendig areal til å drive den sportslege aktiviteten, primært i Høddvoll-området. Drifta av anlegga i IL Hødd er ressurskrevjande både kapitalmessig og arbeidsmessig. Ein stor del av arbeidet som blir utført er basert på dugnad frå frivillige. Dette er ein viktig ressurs som også i framtida vil vere heilt avgjerande for å halde kvaliteten på anlegga så gode som mogleg. Det er derfor viktig at det blir lagt til rette for at frivillige også i framtida vil ta del i dette arbeidet. Utvikle Høddvoll-området vidare slik at området vert eit enda kraftigare tyngdepunkt primært for fotballen Hødd, men også for andre idrettar i klubben; ”Campus”.

10 ØKONOMI Klubben skal, som alltid, styrast etter fornuftige og solide økonomiske prinsipp, der verdiar skal skapast før dei kan nyttast. Dette skal gjennomsyre spelarkontraktar, trenarkontraktar og anna avteleverk. Tilfredstille klubblisenskrav – Noregs Fotballforbund Positiv eigenkapital God likviditet


Laste ned ppt "STRATEGIPLAN IL HØDD FOTBALL"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google