Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Velkommen til foreldremøte for 1.trinn

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Velkommen til foreldremøte for 1.trinn"— Utskrift av presentasjonen:

1 Velkommen til foreldremøte for 1.trinn
Knarvik barneskule Velkommen til foreldremøte for 1.trinn 6. September 2016

2 Innhald: Velkommen Elevar, foreldre/føresette og tilsette på 1.trinn
Praktisk informasjon Lese- og skriveopplæringa på første trinn Leselos Zippy Samarbeid heim-skule Val av klassekontaktar

3 1. trinn hausten 2016 45 elevar To klassar Nynorsk (27 elevar)
Bokmål (18 elevar) A B

4 Dei vaksne på 1. trinn Nynorsk A Kontaktlærar, Hilde Haugland
Assistent(førskulelærar), Tonje Ormark Timelærar, Karina Nytun (KRL,KU&Ha,norsk) Spesialpedagog Reidun Kvalø Bokmål B Kontaktlærar, Ørjan Svendsen Spesialpedagog / timelærar Kjersti Hindenes og Reidun Kvalø , assistentressurs

5 Nokre ting ein 1.klassing bør kunne:
Klare seg sjølv på toalettet (NB! Hygiene) Kle av og på seg sjølv i garderoben. Seie for- og etternamnet sitt. Skrive fornamnet sitt. Kjenne fødselsdatoen sin. Øve inn eit funksjonelt blyantgrep.

6 Ved fråver: Dersom eleven er sjuk, ring skulen før 8.45
Dersom eleven ikkje har komme til kl 8.50, ringjer vi heim Dersom de ynskjer eleven fri frå skulen i 3 dagar eller meir, må de søkja til rektor på eige skjema. (Heimesida) Dersom elevane er vekke frå skulen, skal det skrivast i meldeboka/e-post i etterkant.

7 RUTINAR PÅ TRINNET Vakt på skuleplassen frå kl 8.20 (Tonje)
Klasserommet er opent frå kl 8.30, lærar er tilstades Elevane kjem raskt på plass og finn fram meldemappa si Vi startar skuledagen med samling Frukt og drikkepause ca 9.20 Ulike økter med fag utover dagen Pause Matpause , friminutt Vi avsluttar dagen med samling Språk,begrep/matematikk,leike/aktivitetsgrupper tysdag og torsdag Ved skuleslutt sender vi elevane ut i puljer. Heim /AFO, deretter SFO

8 Meldemappa Vert sjekka kvar dag
Hugs at meldeboka må vere open dersom det er ny melding. Fint om lappar som skal i retur til skulen ligg lett synleg Dersom de ønskjer ein samtale, har eg kontaktlærartid tysdagar Gi evt beskjed på førehand

9 Utstyr Skulesekk og pennal
Eigen sekk til turar i skog og mark? Gjerne barnehagesekken. Matboks og drikkeflaske Alle må ha innesko og gymsokkar/sko til gym. Eit par er nok, helst utan knyting. Må sitje godt på foten. Borna må ha bytteklede og ytterklede tilpassa årstid og vêr tilgjengeleg på skulen. MERK KLEDE OG UTSTYR

10 Medisinering Skulen deler ikkje ut reseptfrie legemiddel. Dette må eventuelt borna ha med sjølve. Hugs å skrive i meldingsboka. Dersom barnet treng medisinar, skal det fyllast ut eige skjema for dette. Ta kontakt med skulen.

11 Oppfordring frå oss på skulen
Me oppfordrar til sunt kosthald med sunne matpakkar og drikke. Kjeks, kaker og bollar vil me helst ikkje at elevane har med Hugs skei dersom barnet skal ete kornblanding/yoghurt o.l Drikkeflaska i pose Bursdagsfeiring: Dersom vi skal dele ut bursdagsinvitasjonar i klassen, må det vere til alle gutane/jentene.

12 Skulen si heimeside Du kan abonnere på heimesida Viktig informasjon
Nyhende Vekeplan Skuleruta Skjema til å søkje fri frå skulen Vis heimesida

13 Lese-og skriveopplæring på 1. trinn
Læringsmål frå K 06: Elevane skal kunne Rime dele opp ord i stavingar lytte ut lydar i ord (først, i midten, sist) koble lyd og bokstav vite kva eit ord og ei setning er lytte til medelevar og gi positiv tilbakemelding gjenfortelje ei enkel forteljing kjenne bokstavane på tastaturet og eksperimentere med dei

14 Lese og skrive på skulen
Mål: At elevane vert språkleg medvitne Språkleikar: lytte, rime, klappe stavingar, lytte ut førstelyd / sistelyd / lyd inni ordet, setje ord saman til setningar Mål: At elevaner kan koble lyd og bokstav, munnleg og skriftleg. Bokstavinnlæring: utsjånad lyd! (NB! Konsonantane har skilnad på lyd og bokstavnamn) kor i munnen vi lagar den korleis vi skriv han – vi skriv både dei små og dei store bokstavane.

15 forts. Lese og skrive på skulen
Mål: At elevane får eit positivt forhold til lesing og skriving gjennom meistring og positive fellesopplevingar. Korleis kan foreldre støtte opp om dette?

16 Lesing er gøy! Lesing = nøkkelen til alle skulefag…..
Vi kan skape leselyst ved: å lese for og med barna gje lesestunder ei koseleg ramme låne bøker på biblioteket skape forventning til ei bok¨- sjå på bileta - kva handlar boka om? samtale om kva vi trur kan skje i boka/på neste side lese ei god bok mange gonger vise at vi vaksne les Lesing = nøkkelen til alle skulefag….. ….og til ei eiga fantastisk verd….

17 Skrive heime Sjekk at barnet har eit godt blyantgrep!
Følg pilene som viser korleis vi skriv bokstavane - viktig forarbeid til lykkjeskrift Øv på å skrive på linja Bruk gråblyant! Vektlegg godt arbeid Ros alle framsteg.

18 LESELOS Verkøy for å støtte elevane si leseutvikling på alle trinn og i alle fag Utvikla etter idêar og prinsipp som har vore i bruk over lang tid for å vurdere born si språklege utvikling (TRAS) Medan TRAS rettar merksemda mot generell språkutvikling hos førskuleborn, rettar Leselos merksemda mot skuleborn og mot skriftspråket – lesing spesielt.

19 MÅL FOR ARBEIDET MED LESELOS
Heve læraren sin kompetanse i forhold til å planleggje, gjennomføre og vurdere god leseundervisning i alle fag og på alle trinn Betre eleven sitt læringsutbytte gjennom auka leseferdigheit.

20

21 Zippys venner Zippys venner er eit tiltak for å jobbe systematisk med å fremje god psykisk helse og eit godt psykososialt miljø. For 1.-4.årstrinn Målsetting: Å lære borna Å identifisere og snakke om følelsar Meistre dagleglivets problem Støtte andre som har det vanskeleg Forsking i Noreg viser at programmet gir: Økt meistring Betre fagleg fungering Betre klassemiljø Mindre mobbing Vise trivselskjema

22 Oppfølgjingsspørsmål i Zippy
Anerkjenn følelsen. Kva kan du gjere no? (når du føler det slik…) Får du det betre? Får den andre det betre? Har du andre forslag til kva du kan gjere? Har andre forslag til kva du kan gjere? Er dette noko du vil prøve?

23 Samarbeid skule - heim Eit godt opplæringstilbod til elevane bygger på tett samarbeid mellom skulen og heimen. Snakk positivt om skulen heime. Dersom de er misnøgde eller usikre på noko, ta kontakt med skulen. Samarbeid med skulen om å bygge gode klassemiljø. Møt opp på foreldremøter og utviklingssamtaler. Ver ein aktiv brukar av skulen si heimeside. Engasjer deg i skulekvardagen til barnet ditt! To foreldremøte pr år To utviklingssamtalar pr år

24 Utviklingssamtale: Første samtale vert gjennomført før haustferien
Samtale med foreldre (borna er ikkje med på første samatalen) Foreldra/føresette informerer om barnet sitt

25 Klassekontaktar Foreldrekontaktene er kontaktleddet mellom foreldra i gruppa/klassen og foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU). Dei er bindeleddet mellom foreldra og skulen. Foreldrekontaktane er kanskje dei viktigste foreldrerepresentantene i skulen.

26 Val av klassekontaktar
To klassekontaktar pr.trinn, vert valgt for to år Planlegge foreldremøta saman med kontaktlæraren Vurdere kva foreldra kan gjere for å utvikle eit godt miljø i gruppa. Ivareta elevane og foreldras sine interesser når det oppstår saker som gjeld heile gruppa f.eks skyss- og trafikkforhold osv. Ha god kontakt med alle foreldra i gruppa og formidle deira idear og synspunkt til de rette instanser. Legge fram saker som FAU vil høyre foreldra si mening om på foreldremøte. Sørge for at nye foreldrekontaktar vert valgt og at desse vert informert om oppgåvene deira.  Utdrag frå


Laste ned ppt "Velkommen til foreldremøte for 1.trinn"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google