Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

NYARE MUSIKKHISTORIE DEL 1:

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "NYARE MUSIKKHISTORIE DEL 1:"— Utskrift av presentasjonen:

1 NYARE MUSIKKHISTORIE DEL 1:
60-TALET

2 TV Når TV vart «allemannseige» på 60 talet vart musikkutviklinga meir global. Trendene spreidde seg fortare – og USA & Storbritannia vart sentrale i kva som var «in». Platespelaren var òg i dei fleste heimar, musikk vart innspelt i studio og meir og meir teknisk utstyr tilgjengeleg gjorde at ein kunne eksperimentere meir. Kvite soloartistar kom poppande ut av «hitfabrikkar» som t.d. Brill Building i New York (Sonny Bono, Burt Bacharach, Neil Diamond, Neil Sedaka..). Dei gamle heltane frå 50-talet (som Elvis, Jerry Lee & Cliff Richard) måtte fornye seg for å halde følgje. Denne typen musikkfabrikkar skulle miste sin plass utover 60-talet – for folk var på leiting etter nye sjangrar og nye måtar å nå hitlistene. Den første musikkvideoen vart òg laga i denne perioden – mange meiner det er denne som er faren til mellom anna MTV:

3 FOLK – DEN POLITISKE TRUBADUR -> FOLKROCKEN
Først var dette akkustisk (elektiske instrument var forbudt) og med politisk-kritiske tekstar. Sentralt stod Bob Dylan, som var inspirert av 50-talets country & western trubadurar som t.d Woody Guthrie. Andre sentrale aktørar var Simon & Garfunkel, Joni Mitchell & Joan Baez. Når Dylan i 1965 byrja med elektrisk gitar i musikken sin fekk vi folkrock. I denne sjangeren fann vi òg The Byrds, Neil Young & Patti Smith. LYTTEDØME: (Mr. Tambourine man – Bob Dylan) (Big yellow taxi – Joni Mitchell)

4 SURF/BEAT/MERSEY LYTTEDØME:
Rocken i USA på starten av 60 talet handla mykje om The Beach Boys. Deira surf-rock fenga ungdommen og bandet er eitt av dei mestselgande i verdshistoria. Medan dette var trenden i USA viste engelske rockarar at dei kjente til musikkhistoria – og hylla sine blues & rockeheltar (som Chuck Berry, Muddy Waters og Buddy Holly) , gjennom den britiske beaten. Britiske band som The Rolling Stones, The Who og The Kinks spelte i grunnen 50-talet med meir forvrenging (når lyden «vrenger» seg og ein får det ein kalla fuzz) og volum. I Liverpool vart beatrocken gjort snillare og meir melodisk, av først og fremst eitt band.. The Beatles. Dette er det viktigaste bandet i musikkhistoria – både med tanke på salstal, antall hittar, samt deira bidrag til utviklinga av teknisk utstyr, innspelingsmetodar og musikalske sjangarar.. Her er dei på Shea Stadium i New York i 1965 med verdas første 100 watts gitarforsterkar.. LYTTEDØME: (I get around – The Beach Boys) (Satisfaction – The Rolling Stones) (Help – The Beatles)

5 10 BEATLES INNOVATIONS THAT CHANGED MUSIC:
Kvifor er Beatles så viktige? Musikksmak er noko subjektivt – ein kan diskutere kva som er bra eller dårleg. Men når ein er sentral i sjølve musikken si utvikling på så mange måtar er det lett å slå seg til ro med at dei er dei største (og sikkert kjem til å vere det òg..) 10 BEATLES INNOVATIONS THAT CHANGED MUSIC: MUSIKKVIDEO KONSEPTALBUM (PLATE KOR ALLE SONGANE TIL SAMAN FORTEL EI HISTORIE) STADIONKONSERT EIGET PLATESELSKAP LIVE SENDT OPPTREDEN GLOBALT ULIKE STUDIOTEKNIKKAR (KORLEIS LAGE GOD LYD) LISTEPLASSERINGAR TEKSTAR TIL SONGANE TRYKT PÅ PLATECOVERET LAGE SONGAR SOM BRAUT MED «RADIOLENGDA» PÅ 3 MINUTT.. SLUTTE Å TURNERE (SOM BAND) Kjelde:

6 SOUL/MOTOWN 50-talets soulmusikk tok steget inn i 60-talet med artistar som Ray Charles, James Brown, Aretha Franklin og Otis Redding. Nye aktørar sette sitt personlege preg på dette – som til dømes musikkprodusenten Berry Gordon Jr. i Detroit, Michigan. Den nye «sounden» fekk namnet «Motown» - etter bilprodusentbyen Detroit (motortown). Sjølve innspelingslyden, og den markerte rytmen (gjennom mykje bruk av tamburin og aktive basslinjer) vart sentrale element for musikken. Artistar som vart kjent for «Motown-sounden» var Little Stevie Wonder, The Supremes, Marvin Gaye, The Temptations & The Jackson 5. LYTTEDØME: (Out of sight – James Brown) (I want you back – The Jackson Five)

7 FLOWER POWER Når studentane ved Berkley i California byrja med protestar mot USA si deltaking i krigen i Vietnam skreiv den anerkjente beat-poeten Allen Ginsberg at ein burde møte denne krigen med «masse blomster». Derav kom namnet «Flower Power», dei fargerike kledene og bruken av narkotiske stoffar. Musikken vart òg prega av dette – den vart meir psykelisk («syrerock») og inneheld ofte lange improvisasjonsparti og mykje instrumentalt. Tekstane var ofte ei saftig blanding av politikk og kjærleik. Heile denne sjangeren vart sementert gjennom den legendariske musikkfestivalen Woodstock, kor ei håpa på og planlagt for og det kom ein halv million. Sentrale aktørar var Jimi Hendrix, The Doors, Grateful Dead, Big Brother & the Holding Company (Med vokalisten Janis Joplin) og Jefferson Airplane. LYTTEDØME: (Foxey lady – Jimi Hendrix) (Light my fire – The Doors)

8 KJELDELISTE:

9 70-TALET

10 Dette vart nok eit tiår der ein vidareførte det ein hadde med seg frå tidlegare. Men det vart og eit kreativt tiår kor aktørane «drog strikken» langt i begge retningane.. Mange nye sjangrar vart laga.. Ein pendel svingar seg vekk frå den tidlegare røyrsla – slik var det i løpet av 70-talet. Mange av artistane som poppa opp i denne perioden fekk lange karrierar, men mange forsvann òg i ung alder – av ulike årsakar.

11 HEAVYROCK Band med røtene godt planta i bluesen fortsette utviklinga starta av The Rolling Stones, The Who og Jimi Hendrix.. volumet vart skrudd opp, lyden vart meir forvrengt, lange improvisasjonsøkter, image (korleis ein framstiller seg sjølv) vart viktigare og meir.. Dette vart tiåret til gitarhelten og utstyrsutviklinga skaut fart (wah-wah, distortion og bruk av ekko/feedback). Sentrale band lot seg inspirere av ulike ting – og laga sine eigne stilar: LED ZEPPELIN – den amerikanske bluesen blanda med musikk frå austen. BLACK SABBATH – tung rockeblues med fokus på image. DEEP PURPLE – rock møter klassisk musikk. LYTTEDØME: (Black dog – Led Zeppelin) (Iron man – Black Sabbath) (Stormbringer – Deep Purple) 2. Juledag mista musikkhistoria ein særeigen figur.. Ian «Lemmy» Kilmister fylte 70 år på sjølvaste julaften. Han starta bandet Motorhead i 1975 og har turnert kvart einaste år sidan. Spelte ein av sine siste konsertar i Oslo i desember 2015) kun dagar før han døydde. Dei fleste trudde at han aldri kom til å dø (mest fordi eigentleg burde ha dødd ung på grunn av korleis han har levd livet sitt)..

12 GLAM Denne sjangeren starta i Storbritannia og varte først og fremst mellom åra Det kan beskrivast som snill og refrengorientert rock med vel så stort fokus på det ytre som sjølve musikken. Men mange av dei var òg veldig flinke musikarar og greidde overgongen til seinare stilartar. Kostymene, sminken, lysshow og teatralske show var ofte i fokus. T-Rex, Sweet, Queen, Elton John, Slade og David Bowie er namn som ofte vert nemnt i denne sjangeren. Når USA meldte seg på gjorde dei det med pomp og prakt.. mellom anna kom artistar som Alice Cooper og ikkje minst KISS. (Bohemian Rhapsody – Queen) (Starman – David Bowie) (Rock and roll all nite – Kiss)

13 REGGAE Denne jamaicanske musikksjangeren vart på alvor internasjonal gjennom at den verdskjente gitaristen Eric Clapton (frå talets britiske bluesrock) spelte inn sin versjon av Bob Marley låta «I shot the sheriff» i Bob Marley er den mest sentrale i sjangeren - som kan forklarast som seig, repeterande, hypnotisk musikk med vekt på taktslaga 2 og 4 (i staden for på 1 og 3 som i det meste av populærmusikken og med politiske tekstar og aktiv bruk av marihuana. Mot slutten av 70-talet starta ei bølgje av ska-reggae (høgare tempo og litt meir rocka) i Storbritannia med band som Madness og The Specials. I Norge har vi vår eigen reggae-pop «yndling» i Admiral P. (Get up, stand up – Bob Marley) (A message to you, Rudy – The Specials)

14 SYMFONISK ROCK I dette tiåret vart musikarane sitt tekniske nivå sett på prøve – fleire og fleire drog med seg det store og virtouse frå klassisk musikk (derav symfonisk..) og fridomen frå jazzens improvisasjon inn i rocken. Samtidig var det desse som først tok i bruk synthiziseren. Det var mange undergrupper i denne sjangeren: Klassisk/elektronisk rock: PINK FLOYD Kunstrock? Psykedelisk rock: THE DOORS Musikk skal vere ei psykedelisk oppleving? Progressiv rock: GENESIS & JETHRO TULL Teknisk komplisert og fleire sjangrar blanda? (Wish you were here – Pink Floyd) (Thick as a brick – Jethro Tull)

15 PUNK (=BØLLE) Ungdommen har vore i sentrum for det meste av utviklinga av musikken. Det har ofte vore snakk om opprør mot foreldregenerasjonen – som t.d. vrikkinga til Elvis eller håret til Beatles. Når alt anna er prøvd prøver ein sterkare og sterkare verkemiddel. Sjangrar kom òg som reaksjon på den musikken som var populær i samtida.. Kunstrocken og «flinkisane» var nok med å lure fram det neste: pønken.. Tekstane var politiske (Anarki! – lovlaus samfunn) og det musikalske kan beskrivast slik: kjapp, enkel, skitten og direkte musikk. Musikken skulle helst understøttast av promille, hanekam, sikkerheitsnål gjennom nasen og til dels valdeleg oppførsel.. Sentrale i europa var Sex Pistols og The Clash. USA hadde The Ramones. LYTTEDØME: (God save the Queen – Sex Pistols) (I wanna be sedated – The Ramones) SID VICIOUS ( )

16 DISCO Den skitne, rånete og «maskuline» pønken gjorde at enkelte ville gjere det motsette igjen.. Spele vanskelegare musikk som var fin å høyre på og som ein kunne danse til (4-fjerdedels med fokus på sentral og repeterande basslinjer – vokalen var ofte fleirstemt og tekstane handla om kjærleik og å ha det gøy). Og så måtte ein pynte seg.. masse.. Sjangeren fekk sitt absolutte gjennombrot gjennom filmen Saturday night fever – kor dei australske brødrene Gibb i Bee Gees hadde laga musikken. Sentrale aktørar var Bee Gees, Donna Summer, Earth, Wind & Fire, Boney M og etter kvart ABBA. LYTTEDØME: (Saturday night feeling – Bee Gees) (Dancing queen – ABBA) BEE GEES: Australske brødre som er dei 5. mestselgande i musikkhistoria. Debuterte på slutten av 60-talet, men høyrer mest heime på 70-talet. FUN FACT: Dei har topp 20 hits i fire tiår.. og har i tillegg til eigne utgjevne songar skrive til andre artistar som Diana Ross, Barbara Streisand.. I tillegg har artistar som mellom andre Michael Jackson, Nina Simone, Elton John, Tom Jones, Janis Joplin, Boyzone, Take That og Elvis Presley gjort sine versjonar av songar dei har laga. Dei har laga nesten 3000 songar!!!

17 KJELDELISTE:


Laste ned ppt "NYARE MUSIKKHISTORIE DEL 1:"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google