Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kjell Brandseth “Lytte til kroppens signaler” Eit opplegg på sansetrening og følelse i teknisk trening.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kjell Brandseth “Lytte til kroppens signaler” Eit opplegg på sansetrening og følelse i teknisk trening."— Utskrift av presentasjonen:

1 Kjell Brandseth 13.11.2016 “Lytte til kroppens signaler” Eit opplegg på sansetrening og følelse i teknisk trening

2 Kjell Brandseth 13.11.2016 Avgrensing og definesjon av oppgava. u Eg vel her å avgrense oppgava mi til at opplegget skal gå ut på å bevistgjera løparane slik at dei sjølve vert i stand til å registrere gode/mindre gode løysingar. Dei må sjølve få evne og vilje til å velje sine eigne rørsleløysingar. u Å “lytte” vil altså her tyde å føle eller kjenne etter. Det vil seie å verte bevisst og bruke sitt eige sanseapparat.

3 Kjell Brandseth 13.11.2016 Moment: u Få kunnskap om sanseapparatet og korleis det virkar u Konkret døme om sanseceller under foten og korleis vi held balansen på ski. u Om trening som føregår etter “alelambmetoden” u Nødvendigheita av å bli opplærd til å nytte kroppssansane sine og bli bevist rørslene sine. u Ta ansvaret for si eiga tekniske utvikling. Ikkje berre gjere det trenaren seier.

4 Kjell Brandseth 13.11.2016 Pedagogisk knep. u For betre å lytta kan nokre av dei pedagogiske knepa gå ut på og forsterke enkelte stimuli og svekke andre. Til dømes kan du ta vekk sanseinntrykk gjennom syn, vestibularsystemet for å forsterke trykksansen under foten.

5 Kjell Brandseth 13.11.2016 “Avgrensing/definisjon av oppgava. u Med ordet opplegg kan ein meine ein metode, eit handlingsmønster, ein filosofisk erkjennelse bygd på kunnskap og innsikt. u Med “å lære utøvarane”, meinar eg å formidle eller å lære frå meg dette opplegget til utøvarane. Det vil seie å lære frå meg til elevane mine i alpinklassen eller løparane i gruppa /laget. –Det eg skal lære bort er “ å lytte til kroppens signaler”.Her kan ein lytte etter signal som varslar når det er lurt å gi seg med treninga, avslutte treninga, redusere tempo for å forhindre skadar eller overtrening osv. Eller det kan vere å “lytte” eller føle etter gunstige / ugunstige rørslemønster under teknisk skulering eller innøving av nye ferdigheiter. u Eg vel her å avgrense oppgava mi til at opplegget skal gå ut på å bevisstgjera løparane slik at dei sjølve vert i stand til å registrere gode/mindre gode løysingar. Dei må sjølve få evne og vilje til å velje sine eigne rørsleløysingar.

6 Kjell Brandseth 13.11.2016 Korleis skal ein nå dette “lyttemålet”? u For å få dette til, krevst det kunnskap om kroppen og korleis den fungerer. Dei må få kunnsskap om sanseapparatet vi er utstyrde med, og korleis det fungerer. Vi har kroppssansar som fortel oss om stillingar og rørsler til lemane våre og vi har sansar som regestrerer kraft, trykk, rørslefart. Dette sanseapparatet må vi lære oss til å ta i bruk under innøving av tekniske ferdigheiter. u Til dømes er vi rikeleg utstyrde med sanseceller under fotsolen som fortel oss om vi er i balanse eller som direkte justerer oss til balanse. Desse sansecellene gjer at vi reflektorisk orienterer oss i balanse i høve til tyngdekrafta.I alpint er det viktig at tyngda fell omlag midt på understøttelsesflata.Når vi står på føtene er denne støtteflata fram /bak så lang som føtene våre er lange. Breidda i denne støtteflata er avstanden mellom beina.

7 Kjell Brandseth 13.11.2016 Kjenn kvar tyngda fell. u Opplegget i alpint som er min idrett, må her gå ut på at løparane lærer seg til å kjenne kvar tyngda fell. Fell den frame på tåballen, på innsida av fotranda eller bak på hælen.,eller kjenner dei det mest bak på leggen? Då er løparen alvorleg ute av balanse.Her gjeld det om å “lytte” godt og vere følsam slik at ein reagerer og justerer lenge før tyngda når yttergrensa av støtteflata.

8 Kjell Brandseth 13.11.2016 Utstyr hindrar finfølelsen. u Løparane kan lett verte hindra i å få tak i denne finfølelsen av høge, stive og alt for stramme sko. Sanseapparatet vårt kjenner det sterkaste stimuli eller det stimuli vi lærer oss til å kjenne etter. u Opplegget må difor gå ut på: –at løparane ser viktigheita av å køyre med lause sko, lave sko og oppløyste sko –at løparane rettar merksemda mot dei rette sansestimuli. u Balanseevna vår vert berre betre ved at den vert utfordra. Dette er i tråd med mekanismen bak all framgang og læring: “ utfordring /påverknad og så tilpasning”.

9 Kjell Brandseth 13.11.2016 Trening etter alelamb- metoden. u Mykje av treninga vert diverre driven etter “alelamb- prinsippet”.- Bonden gir lambet flaska, og lambet syg det som vert frambode. Det er ikkje mykje refleksjon over kva “tåteflaska” inneheld. u Eg spurde ofte min eigen son kva han hadde lært på skitreninga når han kom heim att om kvelden..- u “Å bøye knea”, svara han. Det same svaret fekk eg neste gong, og neste gong, og --- -. Løparane gjer berre det dei vert fortalde. Dei tek berre til seg av det trenaren byr fram. Det er ein einvegskomunikasjon.

10 Kjell Brandseth 13.11.2016 Bevisste løparar. u Det må bli målet vårt at løparane etter kvar omgang spør om bevegelsesløysinga var slik dei sjølve meinte og trudde den burde vera. Virka det som rytmen stemde der, og var trykket slik der og der? u “I den tredje blå porten trykte eg for seint, ikkje sant?” u Om trenaren kan svare bekreftande på slike spørsmål, kan det vere med på å forsterke løparane sine eigne sansar (proprioreseptoriske).Løparen vert i stand til å “lytte” eller føle seg fram til vidare framgang.

11 Kjell Brandseth 13.11.2016 Mål og handlingspraksis. u For å nå målet om den følsame, lyttande løpar, krevst det kunnskap og ny handlingspraksis.Løparen si ski-bevistheit må stå i sentrum. Løparane får sjølv eigedomsrett til eigen framgang og dermed og ansvaret for resultatet. Det er nausynt for å nå toppresultat.

12 Kjell Brandseth 13.11.2016 Balanse/ fotsole /støtteflate.


Laste ned ppt "Kjell Brandseth “Lytte til kroppens signaler” Eit opplegg på sansetrening og følelse i teknisk trening."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google