Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

SOLIDARITETSVAL 2017 Valkampskulering om fordelingspolitikk, haust 2016.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "SOLIDARITETSVAL 2017 Valkampskulering om fordelingspolitikk, haust 2016."— Utskrift av presentasjonen:

1 SOLIDARITETSVAL 2017 Valkampskulering om fordelingspolitikk, haust 2016

2 Vårt politiske hovudbodskap Små forskjellar er bra for alle: Land med små forskjellar er og land med høgere tillit mellom menneskje, raskere økonomisk utvikling og færre sosiale problem. Forskjellane auker: Forskjellane i Noreg er framleis små samanlikna med andre land. Men forskjellane auker. Forskjellane ramme dei med minst hardast. Regjeringas politikk bidreg: Regjeringa gir milliarder i skattelettar til dei rike, samtidig som dei kutter i velferden for arbeidslause, pensjonistar og uføre. SV vil ha eit samfunn der du ikkje treng å arve rikdom for å leve eit godt liv. Rettferdig fordeling: Uroa for ein samfunnsutvikling med meir ulikskap, polarisering og aukande konflikt må møtast med en politikk for rettferdig fordeling, solidaritet og fellesskap.

3 1.Mindre sosiale problem for heile samfunnet 2.Større økonomisk vekst 3.Større sosial mobilitet Små forskjeller er bra for alle

4 STADIG STØRRE ULIKSKAP

5 Store forskjeller i inntekt og formue Den rikaste 1 % av befolkninga tjener over 10 % av inntektene i Noreg. Forskjellane mellom dei som har og dei som ikkje har formue er enda større. Den rikaste 10 % eig halvparten av all formue. Den fattigaste 10 % har meir gjeld enn formue. Kjelde: SSB: http://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus

6 Aukande fattigdom Samtidig som Noreg blir rikare får vi fleire fattige barn. 9,4 % av norske barn lev i familier med vedvarande lavinntekt. Det utgjer 92 000 barn. Både talet og andelen barn som lever i familier med vedvarande lavinntekt auker.

7 Politikk funkar Under den borgarlege Bondevik II-regjeringa eksploderte ulikskapsveksten. Under den raudgrøne regjeringa blei ulikskapen redusert.

8 KVA GJER REGJERINGA?

9 Skattelette til dei rikaste Kilde: Finansdepartementet, tallene gjelder 2013-2015 Høgre og FrP har redusert skattane med 18,5 milliardar mellom 2013-2015. Nesten halvparten av skatteletta gjekk til dei 10 % rikaste av befolkninga

10 Skattelettar skapar ikkje jobbar Arbeidsløysa auker. Nesten 140 000 nordmenn, eller 5 % av arbeidsstokken, er no arbeidslause. Det er den høgaste arbeidsløysa på 20 år. Politikk kan skape vekst, kutt i formueskatten gjer det ikkje. Arbeidsledige i Norge I 1000 Kjelde: SSB: http://www.ssb.no/arbeid-og- lonn/statistikker/akumnd/maanedhttp://www.ssb.no/arbeid-og- lonn/statistikker/akumnd/maaned

11 Dei fattigaste rammast av kutt Innfører betaling for fysioterapi på sjuke og uføre. Barnetillegget for uføre blir fjerna. Kutt i overgangsstønaden. Mindre til uføre. Kutt i gratis halvdagsplass i barnehagen. Kutt til pensjonistane. Bilde: Faksimile, VG, 12.10.2016

12 Historia om Kirsti Dottera mi har sagt at ho skal ta meg med på ferie når hun blir vaksen. Som barn fekk ho nemleg aldri oppleve å reise på ferie I kvart einaste statsbudsjett tenkjer eg: ”Kva tek dei frå meg denne gongen?” Det er jo ikkje sånn at ein driv og får masse barn sånn at ein kan få barnetillegget, og eg blir ikkje frisk av å svelte i hel

13 Solidaritetsvalg 2017 Kampen for rettferdig fordeling og mot aukande forskjellar er SVs viktigaste oppgåve. Ein samfunnsutvikling der pengane har meir å sei og solidariteten mindre, vil øydeleggje det beste ved Noreg.

14 Omfordelande skattesystem SV vil ha eit skattesystem som sikrar velferdsstaten og samtidig omfordeler slik at dei som har mest bidreg mest. SVs alternative statsbudsjett for 2016: –Auker dei samla skatteinntektane med 19,2 milliardar kroner. –Men vi omfordeler slik at dei med inntekt under 600 000 får lågare skatt.

15 Rettferdig boligmarknad Det er eit politisk ansvar å sikre bustad for alle, marknaden åleine klarer ikkje å løyse oppgåvene. Vi treng fleire bustadar og eit skattesystem som ikkje er rigga for spekulasjon og prisvekst.

16 Trygge jobbar Eit rettferdig Noreg kan berre skapast om vi har eit trygt arbeidsliv. Vi vil reversere svekkingane i arbeidsmiljølova og innføre ein ungdomsgaranti..

17 Ein sterk velferdsstat Velferdsstaten … Gjer Noreg meir rettferdig Bidreg til økonomisk vekst Gir gode tenester Bilde: Faksimile Aftenposten, 3.1.2016

18 Ein inkluderande fellesskule Djupnelæring og kreativ læring Praktiske og estetiske fag Fysisk aktivitet Skulemat Skulelekser Fleire lærarar Tillitsreform

19 Krafttak mot fattigdom

20 DISKUSJONSOPPGÅVER Kva meiner de er det viktigaste vi kan gjere for å redusere dei økonomiske forskjellane i Noreg? Kva er den viktigaste fordelingssaka i dokkar kommune?

21 VÅR STRATEGI

22 Korleis fordelingspartiet? Vi skal snakke om framtida. Kva slags Noreg ønsker vi oss: Eit raust og solidarisk Noreg kor vi tar vare på kvarandre, eller eit kaldt samfunn der kvar er sin eigen lykkes smed? Vi skal ikkje svartmåle dagens Noreg, men vise uro for ein utvikling i retning av aukende forskjellar. Vi skal vise solidaritet med dei som har minst heller enn å moralisere over dei som har mest. Samtidig skal vi forklare korleis større forskjellar går ut over heile samfunnet. Vi skal vise fram løysingane. Vi skal alltid komme med konkrete, modige og tydelege politiske løysingar etter åtak på eksisterande politikk. Vi skal vere tydelege på kva vi vil få til. Vi skal vere det tydelegaste alternativet til politikken frå regjeringa. Regjeringa er vår hovudmotstandar, men samtidig ser vi eit Arbeiderparti som gong på gong går med på kompromiss som bidreg til å auke dei økonomiske forskjellane. Veljarane skal vite at det å stemme SV speler ei rolle.

23 Møta med folk avgjer Nasjonale aksjonsdagar og stands 8 for SV Annonsering på nett og rekruttering av nettaktivistar I tillegg ringing og dør til dør i dei største byane

24 Kampanjeveker 23. januar til 5. februar 27. mars til 2. april Vi skal vere synlege og vise fram SVs politikk gjennom heile året.

25 Planlegging og førebuingar Valkampskulering frå november 2016 –Lag lokallagsmøte gjennom “Bestill en sentralist” –Les og lær på eiga hand på www.sv.no/ressursbanken Sommarfestival juni 2017 Trykt materiell og profilmateriell i nettbutikken frå mars/april

26

27

28 ØVINGSOPPGÅVE Skriv ned kvifor du blei SV-ar på tre setningar Skriv ein eller to go’setningar om kvifor ein bør stemme SV, og bruk rettferdig fordeling som utgangspunkt for svaret Skriv tre setningar om kvifor ein bør stemme SV framfor regjeringa Skriv tre setningar om kvifor ein bør stemme SV framfor Ap

29 ØVINGSOPPGÅVE Gå samen to og to og lat som de er ein veljar og ein frivillig som treff hvarandre på stand. Veljaren spør SV-aren om kvifor han/hun skal stemme SV, og SV-aren skal gje eit svar som får fram at det er fordi SV er partiet som har dei beste løysingane for å redusere dei sosiale forskjellane i Noreg. Diskuter gjerne litt fram og tilbake.


Laste ned ppt "SOLIDARITETSVAL 2017 Valkampskulering om fordelingspolitikk, haust 2016."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google