Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Øyvind Glosvik: Lærande utdanningssystem? Samordning på fylkesnivået som mogeleg forklaring på variasjonar i skuleresultat?..Relevans for barnehagar? Styrarkonferansen,

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Øyvind Glosvik: Lærande utdanningssystem? Samordning på fylkesnivået som mogeleg forklaring på variasjonar i skuleresultat?..Relevans for barnehagar? Styrarkonferansen,"— Utskrift av presentasjonen:

1 Øyvind Glosvik: Lærande utdanningssystem? Samordning på fylkesnivået som mogeleg forklaring på variasjonar i skuleresultat?..Relevans for barnehagar? Styrarkonferansen, Loen, 13. april 2016

2 Relevans for barnehagar?..i alle fall m.o.t. korleis ein kan arbeide med utviklingsarbeid på fylkensnivå, regionalt og i kommunar

3 Innhald i innlegget 1.Forskingsposjektet lærande regionar 2.Delprosjektet «What difference does it make» - Studie av samordning på fylkesnivået 3.Modellen «Lærande utdanningssystem» - Relevans for barnehagar

4 1. Forskingsprosjektet «Lærande regionar»

5 Onsdagsseminar Figuren syner korrelasjonen mellom prosent av befolkninga på fylkesnivå som ha merknad for mangelfull betaling av rekningar i 2012 (Y aksen) og prosent som har gjennomført vidaregåande skule på normert tid i 2008 kullet (X aksen). Korrelasjon = 0,73 (P<0.001). Kjelder o Noko er «annsleis» i SF... Ref. John Roger Andersen, HiSF Dette er eksempel: Statistisk samanheng, men vi veit ikkje kva det er som ligg under.. «Kultur?!!!

6

7

8 Prosjekta 1. Skolen som regionalt prosjekt 2. Læraren som bygdehøvding 3. Finst det nynorske tospråksfordelar? 4. Påvirker ulike styringssystem elevenes skoleprestasjoner? 5. Skolen som forandringsinstitusjon - foreldrenes rolle. 6. Eit lærande utdanningssystem? – tilfellet Sogn og Fjordane 7. Skoleekstern kultur og skoleresultater 8. Lærarkompetanse og skuleresultat 9. Mestringsforventninger og regionale forskjeller 10. Klasseromskommunikasjon – KLARAS 11. Praksis på skoler med gode resultater på nasjonale prøver 12. Læringsmiljøets betydning

9 Prosjektene og vitskapleg profil Forklarande prosjektForståande prosjektUtviklande/handla nde prosjekt 3 Fordeler av nynorsk1 Utdanningskulturar 9 Jenters sjølvtillit6 Samarbeid på fylkesnivå 12 Støttande foreldre2 Læraryrket historisk 8 Lærarars kompetanse7 Lokale fellesskap 4 Målstyring i kommunar10 Dialogbasert undervisning 5 Foreldres haldning til skule11 Kva er gode skular

10 Prosjektene og komparasjon Forklarande prosjektForståande prosjekt 3 Fordeler av nynorsk1. Utdanningskulturar 9 Jenters sjølvtillit6. Samarbeid på fylkesnivå 12 Støttande foreldre 2. Læraryrket historisk populært 8 Lærarars kompetanse 4 Målstyring i kommunar 5 Foreldres haldning til skule

11 Komparasjon (design) ForskjellarIkkje forskjellarKomparasjon ikkje mogeleg Forklarande 2 Fordeler av nynorsk 8 Lærarars kompetanse 9 Jenters sjølvtillit4 Målstyring i kommunar 12 Støttande foreldre 5 Foreldres haldning til skule Forståande 1 Utdanningskulturar 6 Samarbeid på fylkesnivå 10 Dialogbasert undervisning 2 Læraryrket historisk populært 11 Gode skular 7 Lokale fellesskap

12 Komparasjon (design) ForskjellarIkkje forskjellarKomparasjon ikkje mogeleg, eller vanskeleg Forklarande Fordeler av nynorskLærarars kompetanse Jenters sjølvtillitMålstyring i kommunar Støttande foreldreForeldres haldning til skule Forståande UtdanningskulturarLæraryrket historisk populært Samarbeid på fylkesnivå Dialogbasert undervisning Gode skular Lokale fellesskap Samanhengar mellom studiene…? Ja, mange…men..

13 Mange studier og «forteljingar» Ontoligisk nivåProsjekt«Forteljing 1»«Forteljing 2»«Forteljing 3» osv. Nasjon/regionUtdannings- kulturar FylkeLæraryrket historisk FylkeSamarbeid på fylkesnivå Kommune/ grend Lokale fellesskap KommuneMålstyring SkuleGode skular KlasseDialogbasert undervisning LærarEVU-matte ElevStøttande foreldre

14 Professor Yngvar Nordkvelle (HiL): «I konklusjonen vises det til at danningsorienterte skoler oppnår bedre resultater, og at sannsynligheten for at det er dialogiske undervisningsprosesser som skaper dem er stor. Denne praksisen synes å ha gjenklang i hvordan skolene ledes fra utdanningsdirektøren. Her samarbeides det med skoler og kommuner i en dialogisk form, og ikke gjennom informasjonsmøter der kommunene instrueres i hvordan resultater fra nasjonale prøver skal tolkes. (.. ) Skolene i Sogn og Fjordane synes dermed å ha fått flere trekk av å bli lærende organisasjoner som reflekterer over seg selv, med en dypere innsikt i sine egne ytelser.»

15 Ei forteljing som ikkje er fortalt: Skuleresultat utan skular? «Skule- resultat» Gode resultat -Over tid -Låg variasjon «Skular» «Skule- system» Vi har berre eitt prosjekt som studerer skular, og ikkje i eit fylkes- komparativt perspektiv Berre eitt prosjekt som studerer systemet, og det viser betydeleg forskjellar mellom SF og andre

16 Første bodskap: «Ikkje gløym barnehagane, når de ynskjer å forklare, forstå eller utvikle barnehagar..»

17 2. «Mitt prosjekt» Kva er annsleis i skule-Sogn og Fjordane?

18 Overordna spørsmål Er det ei høgare grad av integrasjon i det vi kan kalle kollektive profesjonaliserings- og kvalitetsutviklingsprosessar i SF enn i tilsvarande fylke? Blir utdanningspolitiske tiltak sett ut i livet på ein noko annan måte i SF enn i andre fylke? NB: Tidsramma – intervjua om fortida!

19 Metode: Samanlikne fire fylke som utdanningssystem (AA, NT, Oppl., SF) Snøballmetode for å samle informantar 24 intervju gjennomførte (SF=9, NT=6, AA=5 og O=4) Kva er eit fylke som «Utdanningssystem»? Definisjon i denne studien: Relasjonane mellom aktørar som arbeider med utdanning

20 Kva kan slike metodar seie nok om? Lage teoriar, lansere forståingsformer Ein «forstår» eit fenomen, ein «forklarer» det ikkje Det ein kan finne, er td ein abstrakt modell som kan brukast for å reflektere over eigne erfaringar, eigen ståstad Den abstrakte modellen frå denne studien veks ut av alle intervjua, ikkje berre dei frå Sogn og Fjordane.

21 Resultat: Sogn og Fjordane er «odd man out» Sogn og Fjordane er «forskjellig»! Det er eit langt meir omfattande og tettare samarbeid mellom aktørane i SF enn i noko av dei tre andre fylka. Relasjonane er tettare, meir krevjande - og integrerande, og det ser ut til å skape høgare grad av funksjonalitet i Sogn og Fjordane Dei tre andre fylka er «normale», i meininga at grad av samarbeid, nivå av tillitsrelasjonar, og omfang av kollektiv handlingskapasitet stort sett følgjer organisasjons- og forvaltningsgrensene slik dei er forutsett å gjere i norsk, offentleg forvaltning

22 Trekkje fram tre forskjellar (som heng saman) a) Iverksetting av utdanningspolitikken b) Korleis ein «forklarer» resultat c) Relasjonane i systemet

23 a) Fire «iverksettingsdoktriner» (Røvik, 2014) («Læresetningar») Hierarkidoktrinen Profesjonsdoktrinen Nettverksdoktrinen Translasjonsdoktrinen Partnerskap, erfaringsbreidde og divergerande kompetanse gir auka handlingskapasitet Korleis aktørar formar og omformar reformer til sitt eige

24 b) Korleis forklare resultat Det ser ut til å vere variasjon i måtane ein veljer å forklare skuleresultat i ulike fylke Dette kan påverke måtane ein veljer å arbeide med skuleutvikling To ulike diskursar om kva som forklarer resultat?

25 «Resultatforklaringar»? Skuleresultat skuldast trekk ved den lokale kulturen, ved måten verdien av utdanning, skule og læring blir omtalt, dyrka og framheva, mellom anna av foreldre og i lokalsamfunnet. Sterkt fokus på verdien av utdanning, fører til gode skuleresultat. Og omvendt.. Skuleresultat skuldast trekk ved utdanningssystemet, kunnskapsnivået til læraren eller til andre trekk ved utdanningssystemet

26 Døme på diskursen i Sogn og Fjordane «Det er mange samanhengar bak gode skuleresultat, men eg har vanskeleg for å tru at ikkje all EVU-verksemda har verka» «Kva som er årsak og verknad vil eg ikkje spekulere i (..) men det eg kan seie, er at vi er best til å skape vilkår for læring.. vi er norgesmester i etter- og vidareutdanning» «..utan bevis for det, trur eg lærarane heile tida (er) i utvikling, og heile tida er (i) søking etter betre måtar å gjere det på i høve elevane..innbiller meg elevane lærar meir i ein slik kultur, enn der alle lærarar (driv) på gamlemåten» «..eg trur lærarar som er bevisste sitt fag, som får utvikle seg..smittar over på elevane. Så dette med skuleeigarprogrammet (som) har auka positivitet og engasjement rundt skulen»

27 Døme på diskursen i Aust-Agder «..opplever heile tida ein negativ haldning til skule, at det ikkje er noko som er viktig» «..skulle så gjerne hatt fleire som brydde seg om utdanning» «..mange ressurssvake kommunar med oppsamling av krevjand elevar» «Skuleresultat? Skulle ønske det var trekk ved grunnskulen, men trur ikkje på det. Det er utanfor skulen du finn svaret: i heimen, mentaliteten i samfunnet, i historien, om tradisjonelle danningsvegar som ikkje treng utdanning»

28 Legg merke til: Utsegnene frå Sogn og Fjordane kretsar omkring det som ligg innanfor det aktørane i utdanningssystemet har kontroll over, det dei kan gjere noko med Utsegnene frå Aust-Agder kretsar om det som ligg utanfor utdanningssystemets kontroll «Sant/usant»? Har ikkje med saka å gjere. Kva veljer du å tru er sant..?

29 «Dette er sosiale konstruksjonar» Vi snakkar oss inn i «kulturar om at kultur er viktig» Då kan vi snakke oss over i eit anna perspektiv.. Vi veljer kva vi vil tru på! Relasjonelle forklaringar Systemforklaringar (kulturforklaringar) Personforklaringar Etter Irgens, fig 21: System-, person- og relasjonsforklaringer (2007 s.99)

30 Andre bodskap: Ord er viktige. Ver bevisst på kva ord du veljer å bruke når du talar om utvikling av barnehagen.

31 c) Relasjonane i systemet Høgskulen i Sogn og Fjordane Kommunesektorens organisasjon (KS) ? ? ? ?

32 Kva særpregar systemet? Ein fast «møtestruktur» som strekkjer tilbake til iverksetjing av Reform 97 Søkelys på – etterutdanning av lærarar – generelle utdanningspolitiske utfordringar – utviklingstiltak i felles regi (vinn-vinn) Konkrete uttrykk: Forum for skule- og barnehageutvikling HiSF (dekan Ali) Leiar i Utdannings- forbundet SF Utdannings- direktør Fagtilsett KS- Vest-Norge KS-rådmanns- utval (leiar frå 2004) (Fylkes- kommunen) Regionale, kommunale leiarar

33 Det spesielle er ikkje at det er etablert ein slik struktur, men at den fungerer! Alle fylke har delene - men set dei saman delene til ein heilskap?

34 Kva gjer systemet? Det er eit samordningsorgan – det som blir samordna er – Utdanningsdirektørens møter- med dei skuleansvarlege i kommunane – ein nasjonal styringsmåte – KS, (Sogn og Fjordane fylkeskommune) og dei fire regionleiarane i skuleutvalet – Regionale samarbeidsprosjekt mellom kommunar Korleis følgje opp i andre fora og samanhengar, t.d. i rektormøter, på Sogn og Fjordane lærarstemne, regionsamlingar for lærarar

35 Møte med kommunane SF lærar-stemneKS-skuleutval EVU- prioriteringar Politiske innspelSkuleleiarmøter Utdannings- forbundets medlemsmøte HiSF (dekan Ali) Leiar i Utdannings- forbundet SF Utdannings- direktør Fagtilsett KS- Vest-Norge KS-rådmanns- utval (leiar frå 2004) (Fylkes- kommunen) Regionale, kommunale leiarar

36 Kva arbeidsformer pregar systemet? «Lærande møter» som arbeidsforma blir tillagt stor vekt. Heller enn å presentere ferdig utgreia saker, blir ein presenterte for problemstillingar, utan framlegg til løysingar. Bryte «sakshandsamingsstilen: Gå inn i eit møte og erklære seg usamd..» Likskap mellom medlemene – ikkje hierarkisk struktur

37 Kva systemet ikkje er Dette er ikkje eit prosjekt – det er sentrale linjeleiarar med reell makt og mynde som møtest Forum er ikkje eit beslutningsorgan – det er eit drøftings- og samrådingsorgan Forum er ikkje ein iverksetjingsorganisasjon- sakene blir sette ut i livet innanfor dei formelle organisasjonane medlemene høyrer til

38 Informantane overtydde om at møta i Forum er ein god ting, men vanskar med å finne dei rette omgrepa Felles overtyding om at samanknytinga av aktørane i Forum fører til høgare grad av profesjonalisering, ei sterkare grad av orientering mot kompetanseutvikling i yrkesutøvinga i skulane – i brei tyding. Det handlar ikkje berre om læraranes yrkesutøving, men dei skuleansvarlege i kommunane, i KS, i Utdanningsforbundet, i høgskulen og i forvaltninga. Ikkje minst fører systemet til at ein går i takt (det finnst fleire måtar å komme i takt på...)

39 Skapar systemet «resultat» i SF? Ingen trur på direkte årsakssamanheng med «skuleresultat» Ein trur det skapar betre skular og betre rammevilkår for lærarane Drivkrafta er «utdanning» og «skule» som verdi i seg sjølv Eit integrert ansvars- system som treff alle som har med grunnskule å gjere Eit system for omfattande evu som ikkje liknar dei tre andre fylke (HiSF si rolle) Samarbeidet er blitt styrka fordi ein har blitt klar over gode skuleresultat

40 Konsekvens: Eit system som stimulerer systemet Kommunar blir utfordra konstruktiv på langt meir dynamiske måtar enn ein tradisjonelt gjer i møtet mellom statsforvaltninga og kommunane Dei kommunale representantane må sjølve førebu framlegg til korleis utfordringar skal løysast Lærar- og lærarutvikling integrert i ei tenking om skular og utdanning Pol/adm leiing Rektorar Lærarar

41 Definisjon i denne studien: Relasjonane mellom aktørar som arbeider med utdanning Høgskulen i Sogn og Fjordane Kommunesektorens organisasjon (KS) ? ? ? ?

42 Det som skapar funksjonalitet: Relasjonane Tillit Translasjon Takt Truverd Høgskulen i Sogn og Fjordane Kommunesektorens organisasjon (KS)

43 Konklusjonen min: Ein forskjell som betyr noko: Gode relasjonar som bind saman deler av eit system til noko som fungerer på eit høgare nivå enn delsystema klarer Målet med systemet er å få gode skular og å få vektlagt utdanning, ikkje å skape gode skuleresultat.. Det er eit funksjonelt utdanningssystem

44 Tredje bodskap: Tenk funksjon, heller enn form når de skal utvikle barnehagar..

45 3. Lærande utdanningssystem? Ein modell Byggjer på data frå alle fire fylka, alle informantane

46 Eit lærande utdanningssystem?

47 Utvikling av eit lærande utdanningssystem: Fire læringsarenaer Individuell kunnskapstileigning: (den einskilde lærar, rektor, skuleleiar) – auke merksemda retta mot kunnskap Organisasjonsutvikling: kommunen si rolle som ansvarleg for skulen, samspelet mellom skule, kommune, region, styresmakter og andre Profesjonsutvikling: Bruken av kunnskap i eit fagfellesskap på den einskilde skule (søkelys på klasseleiing, didaktikk, resultat, læringsmiljø Systemutvikling: Kva fremjar dei tre andre prosessane?

48 Systemutvikling: Takt Kva kan vi snakke om, kva kan takast opp? Takt/tid/rytme/ To måtar å komme i takt: – kommando – gjensidig tilpassing

49 Systemutvikling: Tillit Personleg tillit Institusjonell tillit Nøkkelspørsmål! Krevjande prosessar

50 Systemutvikling: Translasjon Kontekstualisering = «kva betyr det her hos oss» Utfordringar modifiserer eksisterande praksis

51 Systemutvikling: Truverd Linjeleiarar – ikkje prosjekt Leiarar med ansvar for innhald Dei som deltar, har muligheit til å gjere noko

52 Utvikling av lærane barnehagar: Fire læringsarenaer Individuell kunnskapstileigning: Organisasjonsutvikling: Profesjonsutvikling: Systemutvikling:

53 Omfang av individuell kunnskapstileigning Er alle medlemer i det lokale systemet aktive i prosessar som utviklar individuell kunnskap? – Omfattar den einskilde tilsett, styrarar, andre leiarar, folkevalde, barnehageansvarlege – blir alle «utfordra»?

54 Systematisk organisasjonsutvikling Blir kommunen si rolle som ansvarleg for barnehagar, samspelet mellom barnehage, skule, kommune, region, styresmakter og andre, systematisk granska med tanke på forbetring? – Har vi nok ressursar og kompetanse? Er strukturen funksjonell?

55 Profesjonsutvikling i sentrum? Eksisterer det i kommunen (regionen) prosessar og strukturar som systematisk støttar og oppmuntrar til forbetring og utvikling ved den einskilde barnehage? – Ei utfordring til tilsette, styrarar, barnehageansvarleg, fagforeningar, foreldre – Klarar ein å tenkje profesjonell forbetring, ikkje forsvarsposisjonar, når barnehagen blir drøfta?

56 Systemutvikling Kva er gode tiltak som styrkar dei tre andre prosessane? – Den folkevalde rolla andsynes barnehageutvikling? – Korleis vidareutvikle Sogn og Fjordane og eigen kommune som system under nye vilkår? – Kva arena skal vi utvikle – og halde fast ved, dei neste åra?

57 Tillit Translasjon Takt Truverd Høgskulen i Sogn og Fjordane Kommunesektorens organisasjon (KS) Fokus på det du ser, men ikkje «ser»!


Laste ned ppt "Øyvind Glosvik: Lærande utdanningssystem? Samordning på fylkesnivået som mogeleg forklaring på variasjonar i skuleresultat?..Relevans for barnehagar? Styrarkonferansen,"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google