Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Sykkylven Næringsutvikling AS - Etablering av nye næringar - Bruk av tomme industribygg - Støtteordningar og politiske virkemiddel Presentasjon på Rotarymøtet.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Sykkylven Næringsutvikling AS - Etablering av nye næringar - Bruk av tomme industribygg - Støtteordningar og politiske virkemiddel Presentasjon på Rotarymøtet."— Utskrift av presentasjonen:

1 Sykkylven Næringsutvikling AS - Etablering av nye næringar - Bruk av tomme industribygg - Støtteordningar og politiske virkemiddel Presentasjon på Rotarymøtet 31. August 2016 Jarle Strømmegjerde DL

2 Sykkylven Næringsutvikling skal legge til rette for næringsutvikling i heile kommuna. Bistå eksisterande næringsliv, støtte opp om gode idear og vere ein kreativ medspelar for nyetablerarar med råd og veiledning.

3 Vi bygg ikkje nye møbelfabrikkar lenger, i allefall ikkje kvar dag. Vi må tenkje nytt, og finne ut korleis vi kan «lokke» til oss nye næringar, ved å tilrettelegge eit heilheitleg tilbod på best mulig måte, samstundes som vi tek vare på det vi har etter beste evne, det er kanskje vel så viktig, i alle fall like viktig. Og så må vi tørre å tenkje nytt, og at i utgangspunktet er alt mulig i Sykkylven, vi er minst like gode som dei andre kommunane !

4

5 Korleis ser det ut i dag ? Tall frå SSB viser at der er ca. 725 registrerte foretak i Sykkylven i dag. Ca. 400 av desse har ingen tilsette Ca. 150 har mellom 1-4 tilsette Ca. 140 har mellom 5 -50 tilsette 8 har mellom 50 – 99 tilsette 2 har mellom 100 – 250 tilsette 1 har over 250 tilsette Vi har svært lav arbeidsledigheit, ca. 1,7 % i allefall endå ! Fylket totalt ca. 3,0 %

6 Kva har vi i dag, og kva kunne vi tenkje oss å ha ? Vi har: Stort sett vareproduserande industri, samt servicenæringar tilpassa dette, og sjølvsagt varehandel og den offentlege delen. Vi manglar: Kompetanse arbeidsplassar Fleire offentlege arbeidsplassar Arbeidsplassar og ein strategi, innanfor det nye satsingsområdet REISELIV !!! Der vi no endeleg er i gong med eit forprosjekt knytta til DESIGNVEGEN.

7 Etablering av nye næringar Kva har vi å tilby for dei som vurdererer å etablere næringsvirksomheit i Sykkylven, Og gjer vi nok ? Arbeidskraft ? Innfrastruktur og samferdsel ? Fibernett ? Jobb nr 2 i familien ? Lokaler ? Tomteareal ?

8 Andre ting ? Kva andre viktige moment vil telje for den som evt. skal flytte hit, eller etablere virksomheit i Sykkylven ? Barnehageplassar ? Skular ? Fritidstilbod, treffpunkt, restaurantar/kafear Boligar/byggefelt Vareutvalg

9 Støtteordningar Gjennom KNF, til mange bedrifter knytta til produktutvikling, kompetansehevings prosjekt, internasjonalisering og marknadsføring Gjennom KNF, til innovasjonsprosjekt knytta til nye typer produkt i eksisterande og nye bedrifter og vidare i Innovasjon Norge systemet. Gjennom Hoppid middlar og KNF til nyetablererar

10 Politiske virkemiddel SK har langt på veg overlete næringsutviklinga til SNU, med unntak av landbruk, men deltek aktivt gjennom ordførar, rådmann og planleggar. SK manglar oppdatert næringsplan, men arbeidet har no starta i samarbeid med SNU. SK deltek, og har delteke på dei arenaene der næringspolitikk er tema, m.a. i kampen for lavare arbeidsgiveravgift, ein kamp vi tapte, og som gjer at vi ikkje kan gi støtte til fysiske innvesteringar som m.a. Stranda kan.

11 Stikkord for å få nye næringar til bygda Vi må framsnakke bygda vår i alle samanhengar der det er mulig, og det er det mange stadar for mange av oss Vi må fortelje om dei fordelane vi har, og heller la vere å snakke for mykje om dei negative sidene Vi må verte flinkare til å innformere kvarandre om det vi høyrer og ser, av både positive og evt. negative ting Vi må tru på, og formidle at Sykkylven har ei framtid, og ikkje berre ei fortid Vi må erkjenne at dersom vi ikkje dreg i same retning, så står vi ofte på stedet hvil

12 Vi må heile tida vere på bana, og i front av utviklinga gjennom: knoppskyting frå eksisterande næringsaktørar vidareutvikling innovative prosjekt nyetableringar

13 Takk for meg ! Spørsmål og ikkje minst komentarar og meiningar, mottas med takk


Laste ned ppt "Sykkylven Næringsutvikling AS - Etablering av nye næringar - Bruk av tomme industribygg - Støtteordningar og politiske virkemiddel Presentasjon på Rotarymøtet."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google