Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

ÅRSPLAN RYSTENE BARNEHAGE 2007-2008. INNLEIING I barnehagelova §2, om barnehagens innhald, er det presisert at samarbeidsutvalet for kvar barnehage skal.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "ÅRSPLAN RYSTENE BARNEHAGE 2007-2008. INNLEIING I barnehagelova §2, om barnehagens innhald, er det presisert at samarbeidsutvalet for kvar barnehage skal."— Utskrift av presentasjonen:

1 ÅRSPLAN RYSTENE BARNEHAGE 2007-2008

2 INNLEIING I barnehagelova §2, om barnehagens innhald, er det presisert at samarbeidsutvalet for kvar barnehage skal fastsette ein årsplan for den pedagogiske verksemda. Årsplanane må sjåast i samanheng med informasjonsskrivet, som vart utdelt då barnet/barna starta i barnehagen. Årsplanen for Rystene barnehage skal gje foreldra eit innblikk i kva vi kjem til å vektlegge i barnehagen dette året. I tillegg skal den vere eit arbeidsdokument for personalet, eit grunnlagsdokument for det pedagogiske arbeidet. Slik dannar den eit utgangspunkt for samarbeid med foreldra, samtidig som den medverkar til styring og vurdering av barnehagen si verksemd. Den bygger på Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagar, Den gode barnehagen i Ørsta og Pedagogisk plan for Ørsta Kommune. Det kom ny Lov om barnehager 01.01.06, og ny rammeplan som gjeld frå 01.08.06. Vi har så godt vi kan prøvd å tilpasse årsplanen desse nye dokumenta. Vi har også i år laga årsplanen i kalender-format, og vi håper de opplever den som eit godt reiskap for å følgje med på ”det som skjer”. Då vi har felles årsplan for alle Tre avdelingane, blir innhaldet veldig generelt. De vil derfor kvar månad få eit månadsskriv, der det blir gitt eit tilbakeblikk på månaden som er gått og informasjon om komande månad på avdelinga. Slik kan de foreldre følgje med og kome med innspel og idear etter kvart! Vi gler oss no til å starte opp eit nytt barnehageår, eit år der vennskap, leik, læring, omsorg, glede og humor står i fokus

3 PERSONALET I RYSTENE BARNEHAGE 2007-2008 Styrar: Marianne KnutsenTlf: 70 06 72 69 / 95 70 51 04 Pedagogisk leiar:Bente Haugland (Store-Konglen)Tlf: 70 06 83 56 / 41 56 77 59 Linda Blindheim (Kantarellen)Tlf: 70 07 74 01 / 90 72 60 51 Tonje Mork Brautaset (Konglen)Tlf: 41 92 33 19 Assistentar:Vivi Ann Lid (Store-Konglen)Støttepedagogar: Marit Solevågseide (Kantarellen)Heidi Gromholt (Store-Konglen) Yndis Ølnes (Kantarellen)Astrid Øye Opsal (Kantarellen) Grethe Hovdenakk (Kantarellen) Sonja Nilsen (Konglen)Spesialpedagogar: Eli Svoren (Konglen)Astrid Øye Opsal (Kantarellen) Eva Sundnes (Konglen)Olaug Rotevatn (Store-Konglen Line Berg (Konglen) og Kantarellen) Kjøkkenassistent:Else Rikardsen Støtteassistent:Ragnhild Dagfinrud (Kantarellen) Line Berg (Kantarellen) Reinhaldar:Ruth Elin Vik Vaktmeister:Tor ÅsenTlf: 91 59 43 85

4 MØTEVERKSEMD I BARNEHAGEN MøterDeltakararHyppigheitFormål AvdelingsmøteAlle på avdelinga1,75 time, 3.kvar veke Barnegruppe / enkeltbarn Førebu foreldresamtaler Planlegging og evaluering LeiarmøteStyrar og pedagogiske leiarar 1 time kvar veke Samarbeid på tvers Rettleiing og faglege diskusjonar Planlegging og evaluering PersonalmøteAlle tilsetteCa. ein gang pr. månad â 2 timar Kompetanseheving Organisasjonsutvikling Samarbeid Planlegging og evaluering RefleksjonsmøteStyrar + alle tilsette, avdelingsvis 1 time pr. månad pr. avdeling Refleksjon over fagstoff Refleksjon over dokumentasjon Møte i samarbeidsutval (SU) Medlemmane i SU og styrar Ca 2 gongar i året, oftare ved behov Verksemdsplanlegging (årsplan, innhald m.m.) Heim-barnehage- samarbeid ForeldremøteAlle foreldre og pedagogane 1 til 2 gongar pr. år. Haust / vår Informasjon om barnehagen; barnehagens innhald og organisering Styrke foreldresamarbeidet ForeldrerådsmøteAlle foreldre1 gang pr. år. Fleire ved behov * Fremje fellesinteressane til foreldra og bidra til eit godt barnehagemiljø og foreldresamarbeid

5 RYSTENE BARNEHAGE Barnesyn: Vi ser på barna som verdifulle, kompetente og sosiale menneske. Dei er små individ som kan og som vil. Visjon: ”GJE MEG TID, EG KAN!” Konglen Barna er i alderen 1-3 år. I denne alderen treng barna god golvplass å boltre seg på, samstundes som dei er nysgjerrige og lærer gjennom sansane; ta på, føle, smake, lukte, sjå osv. Dette må det leggast godt til rette for her. Kantarellen Barna er i alderen 3-4 år. Det typiske for denne alderen er rolleleiken.Forholda må derfor ligge godt til rette for leik i store og små grupper. Barna lærer i leik og i samspel med andre, gjennom å utforske og undre i lag. Vennskap er viktig. Store-Konglen Barna er i alderen 4-5 år. Rolleleiken er fortsatt viktig, vennskap spirer, og dei oppdager stadig nye ting og samanhengar. Barna er nysgjerrige, og dei spør og lurer på mykje. Dei lærer ved å spørre, undre, forske, undersøke og samanlikne, aleine og i lag.

6 AUGUST Tilvenning Vi bruker månaden til å bli kjende med kvarandre og avdelingane, samt uteområdet. Vi starter opp med dei faste rutinene, det hjelper barnet med å få oversikt og skaper tryggheit. Vi sett av mykje tid til leik og sosiale relasjonar. Kommunikasjongsreglar Vi seier HEI til kvarandre om morgonen, og HADE når vi går heim. Vi snakker til kvarandre på skikkeleg vis. Vi seier ikkje ting som kan såre andre, men lytter til kvarandre og viser respekt. Vi har lov å seie ifrå når vi verte sinte eller lei oss, men vi har ikkje lov å gjere andre vondt. Vi har lov å ha eigne meiningar, bli høyrde og kome med forslag; medbestemmelserett, men den vaksne bestemmer. Barn skal møte vaksne som likeverdige – ikkje som likestilte. Vi lærer oss å vente på tur, og ta imot beskjeder. Vi lærer vanleg bordskikk: normal stemmebruk når vi snakkar saman, sitte roleg, sende til kvarandre, spørre andre etter det vi treng, takke når vi får noko og seie takk for maten. Vi ynskjer alle barn og foreldre velkomne til eit nytt barnehageår

7 SEPTEMBER Prosjekt vi vil jobbe med utover hausten: Meg sjølv – og familien min. Haust Eventyr Arbeidsmåtar: Vi vil bruke smågrupper som ein arbeidsmetode for å sikre at alle barna blir sett og høyrde. Dette vil vi også ivareta gjennom samtalar og refleksjon vi har med barna. Vi ynskjer å utvikle barna sin kreativitet og kompetanse ved å ta i bruk ulike materiell og ulike uttrykksformer. Barna oppfordrast til å klare mest mogleg sjølve. Vi vil ha fokus på det barna meistrar, og oppfordre dei til å bruke kvarandre som ressurspersonar. Vi håper det kommande året blir prega av engasjerte barn, ansatte og foreldre! Foreldra vil vi prøve å halde oppdaterte gjennom månadsskriv og dokumentasjon. Følg også med på heimesida!

8 OKTOBER GJE MEG TID – EG KAN Dette er Rystene barnehage sitt utgangspunkt i arbeidet med barn. I dette ligger det å sjå barnet som ein person med ressursar og kompetanse. Vi i Rystene barnehage har dei siste åra tenkt mykje over korleis vi vil arbeide i høve barna. Alle i personalgruppa har lest litteratur, førskulelærarane har vore på studietur og vi har sett oss inn i den nye Rammeplanen. Det vi har kome fram til er at vi ynskjer å gi barna meir tid – for vi ser at barna kan, men dei er avhengig av å få nok tid; til å prøve sjølv, til å utforske og undre seg, til å leike, til å danne vennskap… Lista kunne vore lang. Vi ynskjer at barna skal oppleve at dei får tid, og ikkje vert avbrutt av daglege rutiner. Sjølvsagt er det dager der ein må avbryte barna, men det skal ikkje vere det vanlege. Struktur i dagen er viktig. Struktur gjer barna trygge og hjelper dei å få oversikta over dagen. Kvar enkelt avdeling vil utarbeide sin stuktur, ut frå same mal. Gjennom å gje barna tid ynskjer vi å vere ein motpol til det hektiske samfunnet vi lever i. I barnehagen skal vi ha god tid! Tid til å følge og støtte kvart enkelt barn i deira utvikling. For å få til dette organiserer vi store deler av dagen i små grupper, og gruppene er ”aldersreine” (dvs barna i gruppa er på om lag same utviklingsnivå og alder).

9 NOVEMBER BARNS RETT TIL MEDVIRKNING Dette er ei rettigheit som no er nedfelt i §3 i barnehagelova. Den bygger på FN sin barnekonvensjon, som legg vekt på at barn har rett til å erfare at deira meining blir tatt på alvor og har virkning i fellesskapet. Konkret går dette ut på at dei vaksne må ”gi slepp” på noko av kontrollen, og gje barnas meining ein sjanse. Vi må finne gode måter som når over alle barna; noko som føreset gode relasjonar, samt tid og rom for å lytte og samtale. Medvirkning er ikkje det same som medbestemming. Det er dei vaksne som bestemmer i barnehagen. Men medvirkning betyr at dei vaksne i større grad skal la barna få uttale seg og vektlegge barnas meiningar før dei bestemmer seg. I Rystene barnehage organiserer vi store deler av dagen i små grupper. Målet med det er nettopp å skape rom for gode relasjonar, i små grupper er det lettare for den vaksne å sjå og høyre kvart enkelt barn. I tillegg vil vi legge opp til at tema-arbeid og prosjekt blir til ut frå interessene til barna, meir en ut frå eit fast-tømra temaopplegg som den vaksne har førebudd i forkant. Dette ser vi på som veldig spennande, det gler vi oss til. Vi vil undre og utforske omverda i lag med barna, og la barna få sleppe til! LEIK Leik er kjenneteikna ved at den er ein frivillig aktivitet som barnet sjølv vel å delta i – barna leiker fordi det er morsomt, leiken gir glede, det er ein lystbetont aktivitet. Samtidig påverkar leiken barna si utvikling på fleire område, både intellektuelt, språkleg, fysisk, sosialt og følelsesmessig. Barna utviklar og styrkar eigen identitet og sjølvbilde gjennom leiken. Det er derfor viktig at alle barna får vere med i leiken, føle seg som ein godtatt leikekamerat, noko vi vaksne har eit medansvar for at skjer. Dett nokon utanfor leiken, må vi vere der og hjelpe dei inn att. Er det nokon som ikkje får vere med, må den vaksne hjelpe barnet i gang. Alle barn skal vere inkludert og inkludere andre i leiken sin! Det er og viktig at vi vaksne inspirerar og hjelper barna med innspel til leiken; gjennom opplevingar, forteljingar, bøker og nye erfaringar som dei vaksne tek initiativ til og tilrettelegger for, får barna erfaringar og viktig stoff til leikens vidare utvikling. Leiken må ha gode vilkår, noko som stiller krav til praktisk tilrettelegging. Dette går på plass, utstyr, materiell o.l., men det krev også at dei vaksne har respekt for barnas leik og den friheit som ligg i leiken. Barna må få tilstrekkeleg plass og uforstyrra tid til at den gode leik kan utvikle seg. Dette er barnehagen si viktigaste oppgåve!

10 DESEMBER ADVENT I adventstida skal vi først og fremst kose oss, der forventning og undring er viktig. Vi formidler julebodskapen gjennom ord og bilete, og ved å ta del i adventgudsteneste. Kvar dag vert det ei adventstund, der vi tenner lys, syng adventsong og julesongar og trekke adventskalender. Vi førebur ein julefest for barn, foreldre og personale og andre familiemedlemmer som har lyst og høve til å ta del. Førebuingane vert ulike avdelingane mellom og ut ifrå det alderstrinnet barna er på. (Meir informasjon kjem i slutten på november!) 3.5 ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI ( Rammeplan for barnehagen ) Barnehagen skal bidra til at barna Tilegner seg grunnleggande normer og verdier i samfunnet. Utvikler toleranse, interesse og respekt for kvarandre, uansett kulturell, religiøs eller livssynsmessig tilhøyre. Får høve og ro til undring og tenkning, samtale og forteljing. Får innsikt i kristne grunnverdier Får kjennskap til kristne høgtider og tradisjoner. Får kjennskap til tradisjoner knytt til høgtider i religioner og livssyn som er representert i barnegruppa. Verte kjent med religion, etikk og filosofi som ein del av kultur og samfunn. ”Et barn er født i Betlehem”

11 JANUAR SPRÅK, TEKST OG KOMMUNIKASJON I Rystene barnehage har vi valt og i år ha eit spesielt fokus på SPRÅK. Tidleg og god språkutvikling er ein viktig del av barnehage- innhaldet, og vi ser at med å legge opp til eit stimulerande språkmiljø i barnehagen, er vi med på å redusere eventuelle språk-, lese- og skrivvanskar seinare. Vi vil derfor legge til rette for eit godt språkmiljø i barnehagen ved å; Sette av tid til samtaler og diskusjonar i små og store grupper Nytte rim og reglar i leik og samspel Ha tid og rom til høgtlesing og forteljingar Ha rik tilgang på bildebøker Nytte bilete og dokumentasjon som utgangspunkt for gode samtaler med barna Bruke språket til å uttrykke kjensler, ønsker og erfaringar, samt til konfliktøysing og til å danne gode relasjonar. Bruke bilete og teikn til støtte for tale for barn som treng det, samt til barn med anna morsmål enn norsk Ta i bruk det vi har av metodar og oppslagsverk for å stimulere språk- utviklinga til barna. Snakkepakken og Språksprell er to gode hjelpemiddel i vårt arbeid med språkstimulerande aktivitetar. Dei inneheld mange gode tips og idear! Innhaldet utover våren blir sett opp med utgangspunkt i barnas interesse. Vi bygger på prosjekta vi hadde i haust, og bestemmer i lag med barna kva prosjekt vi ønsker å jobbe meir med. Kanskje har det dukka opp nye ting undervegs som har fenga barnas interesser. De vil blir informert nærmare gjennom månadsskriv frå avdelingane.

12 FEBRUAR Kropp, rørsle og helse (Rammeplan for barnehagen) Barn er kroppsleg aktive og uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Dei tileignar seg grunnleggjande motoriske kunnskapar, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vaner og innsikt i korleis dei kan ivareta helse og livskvalitet. Ved sanseinntrykk og bevegelse skaffar barn seg også erfaringar, dugleik og kunnskapar på mange ulike område. Barna lære verden og seg sjølv å kjenne Barns kontakt med andre barn startar ofte med kroppslige signaler og aktivitetar. Dette er og viktig for utvikling av sosial kompetanse. Kroppsleg meistring gir positiv sjølvoppfatning. Kunst, kultur og kreativitet (Rammeplan for barnehagen) Barnehagen må gi barna høve til å oppleve kunst og kultur, og til sjølv å uttrykke seg estetisk. Barna må få sanse, oppleve eksperimentere, vere skapande og tenkande. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samkjensle. Barn skaper sin egen kultur ut frå eigne opplevingar. Det å kunne kommunisere og uttrykke seg gjennom skapande verksemd, hjelpe barna og bearbeide kvardagen.

13 MARS Natur, miljø og teknikk (Rammeplan for barnehagen) Naturen gir rom for mange opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Det er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Barna bli kjende med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og vær. I dette inngår også kjærleik til naturen, forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen. Barna må få oppleve gleda ved å vere i naturen, observere og undre seg. Påske Denne månaden skal vi kose oss og førebu påska Heile familien blir invitert til PÅSKEFRUKOST Påskebodskapen vert formidla i samling med bøker og songar. Naturen vaknar til live igjen etter ein lang vinter, og vi finn dei fyrste vårteikna. Egg og kyllingar symboliserar nytt liv, vi vil nytte oss av dette både i samtale, forteljingar, songar, forming og andre samanhengar.

14 APRIL Nærmiljø og samfunn (Rammeplan for barnehagen) Det at barna får påverke det indre livet i barnehagen kan vere det første steget for å få ei innsikt i og erfaring med delta i et lite samfunn. Barna må få møte verda utanfor familien med tillit og undring Dei må få styrke kunnskapen om og bli kjende med nærmiljøet, naturen, kunst og kultur, arbeidslivet, tradisjonar og levesett. Barna skal får utforske og oppdage nærmiljøet sitt sjølve. Tall, rom og form (Rammeplan for barnehagen) Barna er tidleg opptekne av tall og teljing, dei utforskar rom og form, argumenterar og er på jakt etter sammanhengar. Gjennom leik, eksperimentering, og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematiske kompetanse. Dei tileignar seg matematiske begrep, sorterar og samanliknar. Barna må få utforske og oppleve glede med tall. Jeg måtte le - en, to, tre Av en heks - fire, fem, seks Som ville ri - sju, åtte, ni Sint og slem - sju, seks, fem Ri på en sko - fire, tre, to.

15 MAI 17.MAI Barna skal verte kjent med kva 17.mai står for og oppleve glede og forventning knytt til nasjonaldagen vår. Førebuingane til dagen vert ulike avdelingane mellom, noko de vil få nærare informasjon om gjennom månadsskriv. REGGIO EMILIA Rystene barnehage er inspirert av ei spesiell type italiensk barnehageverksemd. Barnesynet fell saman med barnahagane i Ørsta sitt barnesyn, som legg vekt på at barna er verdfulle, kompetente og sosiale. Det fysiske miljøet er prega av oversikt og skal vere spennande og utfordrande og oppfordre til undring, utforskning, kreativitet og sosialt samspel. Dokumentasjon i form av bilete og ord vert mykje brukt, og det fysiske miljøet skal vise kva det vert arbeidd med. Kva ein vel å bruke tid på er det barna sjølve som er med å bestemmer, og det vert jobba i prosjekt over kortare eller lengre tid. ROSARUSS Barnehagen har eige opplegg for dei barna som skal slutte i barnehagen og ta til på skule til hausten. Rosaruss opplegget er også ei førebuing til skulen, der ein tek avskjed med barnehagen på ein positiv måte. Det vert kjøpt inn russeluer og fløyte, det vert laga russekort og -avis, det vert knuter og avslutningsfest med meir. Nærare informasjon om opplegg vert utdelt i april. VÅREN ER HER

16 JUNI OVERGANG MELLOM BARNEHAGE OG SKULE PÅ STORE-KONGLEN Barnehagen skal legge til rette for at barn kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, glede seg til å begynne på skule og oppleve at det er ein sammenheng mellom barnehage og skule. Barnehagen skal i samarbeid med skulen legge til rette overgangen mellom barnehagen og 1.klasse. Dersom barnehagen skal gi skulen informasjon om enkeltbarn, skal foreldra samtykke i dette. Skjema for dette vert delt ut i barnehagen. Gjennom heile barnehageåret vil det verte lagt vekt på å lære seg å lytte til andre, rekke opp handa og snakke etter tur, oppøve konsentrasjon, gjenfortelle, samarbeide, ta imot beskjeder, få ansvarsoppgåver. OVERGANG MELLOM AVDELINGANE Dei barna som skal skifte avdeling ved nytt barnehageår, skal oppleve at overgangen skal verte best mulig. Gjennom juni måned vil vi gå mykje på besøk til kvarandre, og verte kjent med både avdelinga og dei barna som skal gå på same gruppe. OVERGANG MELLOM BARNEHAGE OG BARNEHAGE. Dersom eit barn skal skifte barnehage midt i eit barnehageår eller ved nytt barnehageår, skal barnehagen legge til rette for at barnet skal kunne ta avskjed på ein god måte, og gjere overgangen best mogleg. Barnehagen tek kontakt med den nye barnehagen og ordner eit besøk før overgangen, i samarbeid med foreldra.

17 JULI IKT Teknologien påverkar oss og miljøet vårt meir og meir, og den har fått stor innverknad i korleis borna våre lever, leikar og lærer. Barna bør få oppleve at digitale verktøy og ulike media kan vere kjelde til leik, kommunikasjon, og innhenting av kunnskap. IKT omfattar datamaskiner, videokamera, digital kamera, skanner, dataspel, video/dvd med meir. Å ta bilde, skrive dei ut eller ta ein video snutt og sjå det etterpå, er eit godt verkty for bearbeiding av inntrykk og kommunikasjon mellom barna. IKT- supplerar barnehagen sine arbeidsmåtar,støttar barns utvikling og læring. Sommar! Endelig er det sommar! Mange meinar at sommaren er den beste tida på året. Det er varmt og vi kan bade. Vi har ferie og meir tid til å vere ilag. Sommardagane er lengre enn ellers. Det er fordi det er lysare. Sola står høgt på himmelen og lyse ned på oss. Nyt sommardagane, smil og ladd opp til hausten og vinteren ”Sommaren er komen, og graset er grønt Løvetannen blomstrar og livet er sjønt!”


Laste ned ppt "ÅRSPLAN RYSTENE BARNEHAGE 2007-2008. INNLEIING I barnehagelova §2, om barnehagens innhald, er det presisert at samarbeidsutvalet for kvar barnehage skal."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google