Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ullensvang herad Heradet har omlag 3.500 innbyggjarar. Dei fleste bur på kvar side av Sørfjorden, på aust- og vestsida. Våre viktigaste næringar er fruktdyrking.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ullensvang herad Heradet har omlag 3.500 innbyggjarar. Dei fleste bur på kvar side av Sørfjorden, på aust- og vestsida. Våre viktigaste næringar er fruktdyrking."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ullensvang herad Heradet har omlag 3.500 innbyggjarar. Dei fleste bur på kvar side av Sørfjorden, på aust- og vestsida. Våre viktigaste næringar er fruktdyrking og reiseliv. Me har store utfordringar når det gjeld kommunikasjonar, særleg innad i heradet.

2 Pleie og omsorgstenesta Pleie og omsorg er organisert i to einingar, omsorgstenesta vest og omsorgstenesta aust. Heimesjukepleie og heimehjelp er integrert i tenesta, ei samordna tenesta innanfor same eining. Pleie- og omsorgsleiarane er einingsleiarar, og har fått vide fullmakter og rapporterer direkte til rådmannen.

3 Ønsketurnus Omsorgstenesta vest søkte i 2002 om å få prøva ut ei ny organisering av turnustenesta, ønsketurnus. Søknaden vart grunngjeven med: - betring av arbeidsmiljøet - fleksibilitet for både arbeidstakar og arbeidsgjevar

4 Inkluderande arbeidsliv Januar 2003 tegna Ullensvang herad avtale om IA med trygdeetaten. Gjennom IA-avtalen fekk me tilgang til nye verktøy: Tilrettelegging for tilsette med nedsett funksjonsevne (bruk av tilretteleggingstilskudd) Forebygging Samarbeid med bedriftshelsetenesta Bedre oppfylgjing av langtidssjukemelde

5 Resultat me ser no: Tilfredse medarbeidarar som tek ansvar Medarbeidarar som samarbeider betre Me kan gje tilbod om fleksibel arbeidstid (etter ny arbeidsmiljølov § 10-2 pkt.3), også for turnusteneste Meir tilfredse brukarar Nedgang i sjukefråværet.

6 Kva er ønsketurnus?

7 Grunnturnus (arbeidsplan) ligg i botnen, denne er gjennomsnittsberekna med arbeidstid over 6 veker, fordelt på vakter og i høve lover og avtaleverk. I ønsketurnus får kvar tilsett setja opp ønske om eigen vaktplan ( i høve stillingsprosenten) for dei neste 6 vekene.

8 Korleis koma i gang med ønsketurnus Leiaren si rolle: Einkvar leiar med personalansvar er nøkkelperson for at ordninga med fleksible arbeidstidsordningar/ønsketurnus skal bli vellukka. Leiaren må sjå at oppgåvene endrar seg, ein gir frå seg ansvar for turnusarbeidet og dermed makta som ligg i dette. Å stola på sine tilsette er heilt avgjerande for å starte med fleksible arbeidstidsordningar.

9 Leiaren Leiaren må sjå at andre leiarfunksjonar trer fram. T.d. rettleiing, fagutvikling, teamutvikling, medarbeidarsamtalar, planarbeid m.m. Når tilsette får denne utfordringa og ansvaret, tek dei og ansvar på andre område. Å stola på sine tilsette er heilt avgjerande for å ta i bruk fleksible arbeidstidsordningar.

10 Tillitsvalde si rolle Samarbeid og samhandling med tillitsvalde er sentralt. I nokre høve kan den tillitsvalde få meir ansvar med dei fleksible arbeidstidsordningane, med å fylgja opp reglar og retningsliner, leggja langtidsplan jf. høgtider/feriar. Felles forståing mellom leiing og tillitsvalde er sentralt for at ein får henta ut gevinst ved ordningane.

11 Eldsjeler Det er alltid nokon i eit arbeidslag som er eldsjeler. Leit dei fram og gje dei ei hovudrolle i å motivere for at nye, fleksible arbeidstidsordningar skal innførast!

12 Tilsette Alle vil få ei endra rolle med innføring av fleksible arbeidstidsordningar. Lettare å få auka opp stillingar Medbestemmelse / medansvar Alle må gje og få

13 Arbeidstakar /arbeidsgjevar si erfaring etter arbeidsmiljøprisen. Arbeidstakarane er bedrifta sin viktigaste ressurs: - Positiv omtale avlar positivt miljø. - Alle må ta ansvar for arbeidsmiljøet. - Arbeidsgjevar saman med arbeidstakar må leggja til rette slik at ein når måla samtidig som lov- og avtaleverk og kvalitet vert ivareteke? - Me må heile tida arbeide for å ivareta/vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø

14 Kva oppnår arbeidsplassen med innføring av ønsketurnus og IA? Betring av arbeidsmiljøet Samhald Bebuarar og pårørande haustar av personalet sin trivsel på arbeidsplassen Nedgang i sjukefråværet

15 Arbeidstakarane Friheit i høve turnusen. Får ansvar – tek ansvar Moro Betre bruk av ressursane Positiv bruk av arbeidskraft / energi Lågare sjukefråvær

16 Kva oppnår arbeidsgjevar / leiarane? Lågare sjukefråvær Brukar mindre tid på innleige av ekstravakter Får meir fornøgde arbeidstakarar Stabilitet i personalet

17 Utfordringar Nytta ønsketurnus betre i høve brukarane Justering av avtalar og skjema Samarbeid med sentrale arbeidstakarorganisasjonar Endringar i IA-avtalen, kva verknad får dette for Omsorgstenesta vest?


Laste ned ppt "Ullensvang herad Heradet har omlag 3.500 innbyggjarar. Dei fleste bur på kvar side av Sørfjorden, på aust- og vestsida. Våre viktigaste næringar er fruktdyrking."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google