Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Dei tre store Sokrates, Platon, Aristoteles. Sokrates 470-399 f.kr. Ein av antikkens tre største filosofar Hovudkjelda til hans liv er Platon, kva er.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Dei tre store Sokrates, Platon, Aristoteles. Sokrates 470-399 f.kr. Ein av antikkens tre største filosofar Hovudkjelda til hans liv er Platon, kva er."— Utskrift av presentasjonen:

1 Dei tre store Sokrates, Platon, Aristoteles

2 Sokrates 470-399 f.kr. Ein av antikkens tre største filosofar Hovudkjelda til hans liv er Platon, kva er då eigentleg Sokrates si stemme og kva er då Platon si stemme? Oppteken av å søkje røyndomen. Den finnast ved å kjenne seg sjølv, sin plass i naturen og samfunnet, sin eigen begrensing, og den indre gudommelege krafta (daimon). Søkte å få andre menneske til å tenkje sjølve gjennom å spørje spørsmål som igjen skapar nye spørsmål. Todelt menneskesyn (dualisme), lastene kjem frå kroppen, medan det reine finnast i sjela. Altså det kroppslege nedvurderast.

3 Sokrates Søkte definisjonar på dyder som mot, kjærleik og rettferd Hadde ein kunnskap om desse dydene ville ein og handle i overeinskomst med dydene. Rett kunnskap fører til rett handling. Optimistisk menneskesyn med tiltru til fornuften. Menneske ønskjer å gjere det gode for god handling fører til det gode liv (humanistisk menneskesyn?) Blei dømt til døden for ringeakt for gudane.

4 Platon Elev til Sokrates Døden til Sokrates rysta Platon si tru på demokratiet og trua på verda som god for den som handlar godt. Grunnla Akademiet – ein skule i Athen. Mest kjend for sin idelære. Skriftane prega av bekymring for Athens moralske forfall. Vidarefører Sokrates sin tru på objektive røyndomar og sjela som veg inn til desse røyndomane. Inspirert av Pythagoras sine tankar om verda som ordna i evige og gudommelege geometriske figurar. Trua på dei evige røyndomar og den matematiske verkeligheitsforståinga ligg bak idelæra hans

5 Platon og idelæra Kvart begreip og fysiske ting er ei ufullkomen representant for ein oversanseleg, gudommeleg og perfekt utgåve av det same begreip og fysiske ting Ei vanleg rose er ein ufullkomen representant for den perfekte blome i ideverda. Det same er ein hest for ideen hest, kjærleik for begreipet kjærleik osv… Bekreftar eksistensen av absolutte moralske røyndomar Platon kritiserar sin eigen teori ved bl.a. å spørje om ideen ondskap også eksisterar.

6 Aristoteles ”Den siste mann som visste alt som ein kunne vite i sin tid”. Stor innflytelse på område som fysikk, metafysikk, litteratur, lingvistikk, politikk, etikk, retorikk, musikk, logikk, teater, poesi, biologi og zoologi. Elev av Platon ved Akademiet. Starta seinare sin eigen skule og underviste bl.a. Aleksander den Store. Om lag 2/3 av skriftane hans er gått tapt.

7 Aristoteles Naturvitskapens ”far”. Grunnla vitskapleg metode: Klassifiserte dyr og plantar i slektar og artar Sette opp ei hypotese som bekreftast eller avkreftast gjennom innsamling av data. Forkasta Platon si idelære. Meinte kunnskap kom via sansane. Empirist – sikker viten gjennom erfaring (Platon var rasjonalist – kan ikkje stole på erfaring, men på fornufta).


Laste ned ppt "Dei tre store Sokrates, Platon, Aristoteles. Sokrates 470-399 f.kr. Ein av antikkens tre største filosofar Hovudkjelda til hans liv er Platon, kva er."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google