Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Litt om lov – og avtaleverk Førde 27. august 2015.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Litt om lov – og avtaleverk Førde 27. august 2015."— Utskrift av presentasjonen:

1 Litt om lov – og avtaleverk Førde 27. august 2015

2 Tilsetjingar Kari er utdanna lektor med hovudfag i kroppsøving. Etter nær 40 år i skuleverket søkjer ho eit vikariat som lærar på ein ungdomsskule i ein kommune i Sogn og Fjordane. Av utlysingsteksten kjem det fram at det er ønskjeleg med undervisningskompetanse i faga norsk og fransk. Kari er einaste ”kvalifiserte” søkjar til stillinga. Kommunen vurderer ikkje Kari som aktuell til stillinga. Ho har hatt mange og korte arbeidstilhøve kringom i landet og det er nokre uavklarte hol i CV’n hennar. I tillegg har dei gjort nettsøk på Google og funne ein nyhendeartikkel som omtalar at Kari slutta i ein rektorjobb etter berre to månader for nokre år sidan. I tillegg har Kari for mange år sidan vore tilsett i denne kommunen, og det vert fortalt at dette ikkje var heilt ”enkelt”. Kari har heller ikkje anna utdanning i faga norsk og fransk enn det som ligg i allmennlærarutdanninga frå 70-talet. Kommuneleiinga vel derfor å stanse tilsetjingsprosessen. Dei inngår avtale med norsk- og fransklærarane på skulen om å dele denne undervisninga og ta denne på overtid dette skuleåret. Dei vel derfor ikkje å ta Kari inn til intervju og orienterer HTV om si vurdering. Kari har ikkje fått noko klar tilbakemelding frå kommunen og ringer til HTV og vil ha hjelp i saka. Kva gjer HTV? Kan kommunen stoppe ein tilsetjingsprosess? Kva er i så tilfelle gyldig grunngjeving for å stanse denne tilsetjingsprosessen? Kva hadde vore ”rett” framgangsmåte i denne tilsetjingssaka? Lov- og avtaleverk er ein ting, kva med etikk?

3 Condictio Indebiti..er eit latinsk uttrykk for krav om tilbakebetaling av eit beløp som betalaren ikkje var forplikta til å betale. Om arbeidsgjevar betalar ut for mykje løn, er vi i ein slik situasjon. Reglane for korleis dette skal handterast er ikkje fastsett i lov, men gjennom rettspraksis. Rettspraksis tilseier at kvar sak skal handsamast sjølvstendig etter ei konkret vurdering der ei rekke moment spelar inn.

4 Condictio Indebiti God tru Tid Partane Beløpet Skuld

5 God tru Skjønte arbeidstakaren at dette var feil? Blei arbeidstakaren gjort merksam på feilen innan rimeleg tid?

6 Tid Kor lang tid har det gått sidan feilutbetalinga fann stad?

7 Tilhøvet mellom partane I dette parttilhøvet er arbeidsgjevar den profesjonelle parten. Arbeidsgjevar skal syte for rett utbetalt løn. Det vil seie at i dei aller fleste tilfelle vil arbeidsgjevar han ansvaret for feilutbetalinga. Unntaket er når arbeidstakar har gitt urette opplysningar som har ført til feilen.

8 Beløpet Kor stort er beløpet? – unormal berikelse? – gått inn i den daglege økonomien? – Små beløp vs. store beløp?

9 Skuld Kven har skuld i feilen?

10 Korleis skal eventuell tilbakebetaling føregå? Lovgrunnlag: Aarbeidsmiljølova § 14-15. Arbeidsgjevar har ikkje høve til å foreta trekk i løn og feriepengar. Nokre arbeidsgjevarar har sikra seg gjennom ein klausul i arbeidsavtalen. Nokre arbeidsgjevar har ein tekst på lønsslippen om lønstrekk ved feil utbetalt løn. Arbeidsgjevar og arbeidstakar skal avtale lønstrekk skriftleg. Om arbeidstakaren ikkje godtek dette, vil arbeidsgjevar måtte gå til rettsleg inndriving av beløpet.

11 Kva er aktuelle løysingar Full tilbakebetaling Inga tilbakebetaling Forhandlingsløysing

12 Tilbakebetaling av lønn Guro er uføretrygda i 60 %. Ho har 40 % stilling ved eit oppvekstsenter. Ved nyttår vert stillinga hennar ved senteret redusert frå 40 til 30 % på grunn av nedskjeringar i kommunen Rektor ved oppvekstsenteret gløymer å leggje inn stillingsendringa i lønnssystemet, noko som medfører at Guro får utbetalt for mykje løn. Etter fire månader vert dette oppdaga og det vert stilt krav om tilbakebetaling. Guro på si side har ikkje oppdaga dette. Ho har trygdeutbetaling frå NAV ein dato, lønn frå senteret ein annan dato. I tillegg er lønna frå senteret varierande sidan Guro innimellom tek nokre vikartimar. Rådmannen er villig til å ta saka til konfliktrådet. Korleis vurderer de denne saka?

13 Kort om anna Inntekt ved uttak av alderstrygd frå NAV, 62-67 år: Kan tene så mykje ein vil Inntekt ved AFP, 62-67 år: Toleransebeløp på kr. 15.000 Inntekt ved uttak av alderspensjon TPO Alderspensjonistar frå offentleg sektor: Løn frå privat arbeidsgjevarar vil ikkje medføre trekk i pensjon, bortsett frå arbeidsgjevarar som har OTP Løn frå offentlege arbeidsgjevarar vil gje trekk i pensjon Alternativ: – Pemsjonistløn, kr 186 pr time (omrekning for undervisning) » KLP frå 65 år » SPK frå 67 år – Opprette enkeltmannsforetak Arbeidsavklaringspengar/uføretrygd Lengda på arbeidsavklaringperioden er variabel HUGS! Uførepensjon frå SPK og KLP


Laste ned ppt "Litt om lov – og avtaleverk Førde 27. august 2015."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google