Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Dag 2: Handlingsrom i rådgjevingstenesta Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane Loen 3.-4. november 2015 Ann Karin Sandal.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Dag 2: Handlingsrom i rådgjevingstenesta Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane Loen 3.-4. november 2015 Ann Karin Sandal."— Utskrift av presentasjonen:

1 Dag 2: Handlingsrom i rådgjevingstenesta Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane Loen 3.-4. november 2015 Ann Karin Sandal

2 innleiing  Knyte an til oppsummeringane i plenum frå dagen før  Kva verktøy har vi for god rettleiing og brubygging  Identifisere handlingsrommet og samarbeidsarenaer  Korleis støtte læraren som rettleiar i utdannings- og yrkesrådgjevinga

3 Overgang  Frå det kjende til noko nytt (og ukjend?)  Frå ein fase i livet til ein ny livsfase  Endringar innhald i fag og nye fag aktivitetar og arbeidsmåtar sosialt praktisk

4 Læring i fellesfag Gjenkjenning frå grunnskulen! Positiv identifisering med skulen: Yrkesretting og praktisk retta Engasjerte lærarar Fagleg meistring

5 Læring i fellesfag Mindre positiv identifisering med skulen! Manglande yrkesretting og lite praktisk retta Uengasjerte lærarar Lav fagleg meistring

6 Dei faga som eg sleit med på ungdomsskulen dei har eg litt betre karakterar i no og det er betre, eg er meir fornøgd med dei. Og det er nok fordi eg likar lærarane mykje betre her (…) måten dei undervise på… Viss ein lærar ikkje er interessert eller konkret så gjev eg så lett opp i det faget. Og då misser den læraren tilliten, då gidd eg liksom ikkje.

7 Me lære jo mykje om kva som skjer på produksjonssida, kva skjer når du sveiser, og korleis det eigentleg skjer. Dette kunne me ha komme nærmare inn på i naturfag, kva som eigentleg skjer. Det hadde me fått bruk for vidare, i staden for å lære alt kvar for seg, og ting som me kanskje ikkje har bruk for.

8 Læring i programfaga (1)  Nye fag og arbeidsmåtar  Kreativitet  Engasjerte lærarar som formidle praktiske og erfaringsbaserte kunnskapar  Samarbeid om arbeidsoppgåver  Stadfesting av forventningar og tilpassing til elevane sine interesser

9 Dei er jo forskjellige her òg. Men, dei bruke litt tid på oss, dei let oss bli med dei personleg òg, at ikkje det berre er fag, fag, fag heile tida. Og er liksom slik, då får ein meir tillit til dei og…ein blir meir kjent med dei, og då er det enklare å jobbe òg. Når me har om eit tema så kan dei fortelje litt meir personleg om det, sine erfaringar på ein måte og det er fint

10 Læring i programfaga (2) Eg følte meg veldig styrt. Det er det verste eg veit! Når eg har ein idè så liker eg å få brukt den og ta den ut før eg gløymer den heilt. Det fekk eg ikkje gjere på den skulen. Der var det veldig strukturerte og faste opplegg som me måtte følgje, ein fast progresjon, og det synst eg var veldig frustrerande eigentleg. Når eg tok det opp med lærarane og skulen følte eg vel at eg vart veldig oversett. Det var eg som måtte tilpasse meg.

11 Læringserfaringar på arbeidsplassar Autentiske arbeidsoppgåver Deltaking i arbeidsfellesskap Å få ansvar!

12 Meistring – anerkjenning- utprøving  Å bli sett og anerkjent – eit grunnleggjande behov  Skape sjølvrespekt, sjølvtillit  Utforske sine evner og talent Eg lærte mykje på den arbeidsplassen. Eg fekk delta og det var fint. Du lære mykje og får det i hendene når du prøve sjølv.

13 Viktige element i det å bli trygg i utdanningsvalet sitt  Meistring av skulen sine krav og forventningar - sjølvtillit  Å bli vist tillit på arbeidsplassen- prøve ut  Utvikle tillit til læraren - engasjement og kunnskap

14 Overgang frå ungdomskulen til vgs  13- årig utdanningsløp – heilskap og samanheng?  Mange elevar fortel om manglande heilskap og samanheng!

15 Å krysse over… boundary crossing

16 Døme: Vurdering i Prosjekt til fordjuping

17 Kvar oppstår brota i overgangen?  Fagleg innhald og krav  Metodar og læringsaktivitetar  Vurderingsformer  Læringsmiljø  Forventningar til eleven  Relasjonar  Sosialt miljø

18 Å krysse over… boundary crossing  Mellom u.sk – vgs  Mellom programfag – fellesfag  Lære seg å sjå verdien i ulikskapen  Mange elevar treng hjelp til å forstå dei ulike tenkemåtane på dei ulike læringsarenaene  Kva kan rådgjevartenesta bidra med?

19 Læraren som «rådgjevar» Undervisning i faga -Skape interesser og motivasjon -Vise relevans til utdanning og yrke

20 Faget Utdanningsval Alle elevane var svært positive til både hospitering i vgs og til utplassering på arbeidsplassar - observere og snakke med andre elevar - gjere eigne erfaringar - møte med arbeidslivet og eit arbeidsmiljø - ynskje om lengre og fleire periodar/dagar

21 Evaluering av innføring av faget Utdanningsval  Få av elevane på 10. steget tykkjer at faget utdanningsvalg har gjort dei sikrare på val av utdanningsprogram i vgs  Påverka ikkje valet eller fekk auka medvit om sine sterke sider  Høgtpresterande elevar tykkjer i størst grad at faget er interessant, lærerikt og meningsfullt  Mange skjønne ikkje kva faget består av, og at t.d. hospitering i vgs er ein del av faget

22 Evaluering av innføring av faget Utdanningsval Elevane har behov for - «skreddarsaum» - betre lærebøker - større opplevd nytteverdi - at det vert lagt til rette ressursmessig for variert og relevant erfaringslæring Skulen har behov for - kompetanseheving innafor dette feltet

23 Undersøking av elavane sine erfaringar med Utdanningsval Råheim, 2012)  Praktisk utprøving bidreg til auka kunnskap om utdanningssystem og næringsliv.  Praktisk utprøving viser samanheng mellom skule og arbeidsliv.  Praktisk utprøving bidreg til innsikt i dei sosiale sidene i eit praksisfellesskap.  Praktisk utprøving gjer eleven i stand til å reflektere over forventningane sine.

24  Praktisk utprøving bidreg til at elevane har realistiske planar for seinare utdanning.  Praktisk utprøving bidreg til at eleven framstår som ein meir likeverdig part i ein rådgjevingssituasjon.  Praksis bidreg til forventningar om meistring av oppgåver som elevane vil få i framtida.  Praksis klargjer behovet for vidare rådgjeving.

25 Evaluering av innføring av valfag i ungdomsskulen Høg trivsel på valgfaga - er praktiske -er noko anna enn dei vanlege timane i klasserommet Skape motivasjon - praktiske oppgåver -likskap mellom valgfaget og eigne fritidsaktivitetar Gjort eit val - medbestemming

26 Utdanningsval og Prosjekt til fordjuping  Faga har mellom anna som føremål å gje elevane høve til å utforske sine eigne faglege interesser, bli kjende med arbeids- og yrkesliv og få god informasjon om både utdannings- og karrierevegar  Gjennom hospitering i den vidaregåande skulen og på arbeidsplassar, arbeidslivserfaringar, informasjon og rettleiing er det eit mål at elevane skal få eit konkret erfaringsgrunnlag for å velje retning i vidaregåande opplæring og eit eventuelt framtidig yrke

27 4 modellar for gjennomføring av PTF Lav yrkesrelevansHøg yrkesrelevans Skjerma Ikkje skjerma Nyen, Torgeir og Tønder, Anna Hagen: Fleksibilitet eller faglighet? En studie av innføringen av faget prosjekt til fordypning i Kunnskapsløftet. Fafo-rapport 2012:47 Klasseroms- prosjekt Kvasibedrift/ skuleverkstad ArbeidserfaringLæring i arbeid

28 Rapporten Fleksibilitet eller faglighet?  Skuleeigar legg formelle rammer for faget  Skuleleiing lite aktiv  Avdelingsleiar/ yrkesfaglærar som har det reelle ansvaret - lage læreplan - organisere innhaldet i faget - gjere avtalar med arbeidslivet  Mangle ofte forankring i skulen

29 Arbeidslivet si rolle  Involvering og innflytelse i planlegging og gjennomføring har betydning for utvikling av yrkesidentitet hjå elevane  Rapporten viser liten eller ulik grad av involvering –skilnad mellom bransjar –viktig med avklaring av gjensidige forventningar mellom skule og bedrifter

30 Ny forskrift/læreplan i 2016?  Skuleeigar har ansvaret for at det blir utarbeida lokale læreplanar i PTF i samarbeid med arbeidslivet  Skuleeigar leggje til rette for at elevane får eit reelt val mellom fleire læreplanar i PTF (vg3)  Arbeidsplassar skal vere den viktigaste læringsarenaen  Tilbodet skal ta utg.pkt i elevens interesser og behov

31 Identitet - anerkjenning  Å bli sett og anerkjent – eit grunnleggjande behov  Skape sjølvrespekt, sjølvtillit  Utforske sine evner og talent Eg lærte mykje på den arbeidsplassen. Eg fekk delta og det var fint. Du lære mykje og får det i hendene når du prøve sjølv.

32 The Happenstance Learning Theory  Kva er grunnlaget og målsetjinga for utdannings- og yrkesrettleiing av ungdom?  Mykje av den rådgjevinga som vert gjennomført har som utgangspunkt at elevar skal gjennom eit strukturert utdanningsløp basert på rasjonelle val, og der rådgjevar si oppgåve er å hjelpe elevar til å kartleggje føresetnader og planlegge sin karriere

33 Er livet slik?  Livet tek ofte uventa vendingar og dei fleste yrkeskarrierar er i stor grad resultat av ulike tilfeldigheiter  Arbeide mot mål og ha planar for framtida, samstundes oppmuntre dei usikre til å definere si usikkerheit om til openheit og vere aktive og sjå mulegheiter Career counselors should be able to help people handle many transitions in Life, not just the transition from school to work (Krumboltz, 2008:142).

34 Handlingsrommet…  På kva måte kan Prosjekt til fordjuping, Utdanningsval, Arbeidslivsfag og ulike valfag bli ein enno betre arena for rettleiing mot utdanning og yrke?  Identifisere handlingsrommet og samarbeidsarenaer!

35 Kjelder  Dæhlen, M. & Eriksen I.M. (2015). Det tenner en gnist. Evaluering av valgfagene på ungdomstrinnet. NOVA- rapport, nr 2/15  Lødding, B. & Holen, S. (2012). Utdanningsvalg som fag og utfordring på ungdomstrinnet. Sluttrapport fra prosjektet Karriereveiledning i overgangen mellom ungdomsskole og videregående opplæring. Evaluering av Kunnskapsløftet. NIFU- rapport, nr 28/2012  Nyen, Torgeir og Tønder, Anna Hagen: Fleksibilitet eller faglighet? En studie av innføringen av faget prosjekt til fordypning i Kunnskapsløftet. Fafo-rapport 2012:47  Sandal, A. K. (2014). Ungdom og utdanningsval. Om elevar sine opplevingar av val og overgangsprosessar. Avhandling for PhD-graden, Psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen


Laste ned ppt "Dag 2: Handlingsrom i rådgjevingstenesta Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane Loen 3.-4. november 2015 Ann Karin Sandal."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google