Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Faggruppe sjø Faggruppe sjø er oppretta av AU og har vore samansett av representantar frå: – Fiskeridirektoratet Region Vest – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Faggruppe sjø Faggruppe sjø er oppretta av AU og har vore samansett av representantar frå: – Fiskeridirektoratet Region Vest – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane."— Utskrift av presentasjonen:

1 Faggruppe sjø Faggruppe sjø er oppretta av AU og har vore samansett av representantar frå: – Fiskeridirektoratet Region Vest – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – Mattilsynet – Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har gjort ei førebels oppsummering av dei viktigaste kjente påverknadene i dei ulike kystvassførekomstane, vist på kart og i tabell. Ein hovudkonklusjon frå arbeidet er at det objektive datagrunnlaget er særs mangelfullt, og at det vil vere behov for meir data/ overvaking for å kunne “friskmelde” eller “nedklasse” mange område. Mange av vassførekomstane i sjø er svært store. Gruppa har til no i liten grad tatt stilling til om desse bør delast opp meir, men det kan verte aktuelt. Vil diskutere med VO om småbåthamner, andre hamner, andre mindre «problemområde» som ikkje er utslagsgjevande for tilstanden i store VF bør skiljast ut som eigne VF, med mulig risiko eller risiko.

2 Ikkje vist: lus, rømming og tare Eit unnatak i oppsummeringa er påverknad frå akvakultur, der Fiskeridirektoratet prinsipielt ikkje er einig i at denne aktiviteten skal visast som utslagsgjevande for redusert tilstand eller som grunnlag for risikovurdering til “gult” eller “raudt”. Dei viser til at akvakultur vert følgt opp etter anna regelverk. Mattilsynet viser til at lusepåverknad er eit problem som er vanskeleg å stadfeste. Påverknad frå lus og rømming er difor ikkje tatt med her, ut over kommentar om at lakselus generelt er eit mindre problem i Nordfjord enn i Sunnfjord og Sognefjorden. Problemstillingane i høve til lus og rømming er såleis ikkje vist på vassførekomstnivå i sjø, i tråd med sektormyndigheitene sitt syn. Fylkesmannen har likevel lagt inn akvakultur som ureiningspåverknad i enkelte vassførekostar, der det finst overvakingsdata som tyder på at akvakultur er årsak eller medverkande årsak til at det kan vere risiko for at miljøtilstanden ikkje er god nok. Dette er tatt med fordi Fylkesmannen er sektormyndigheit for ureining også for akvakultur. Vi har elles ikkje hatt datagrunnlag for å vurdere om uttak av tare gjev grunn til mogleg risiko i heile eller delar av dei ytste vassførekomstane. Førebels vurderer sektormyndigheita (fylkeskommunen) dette til å ikkje utgjere risiko.

3 Rødt lys, gult lys…? Vassområde RISIKOMULIG RISIKO Nordfjord38 Sunnfjord35 Ytre Sogn15 Indre Sogn 3*1 Totalt1019 * Alle i 1 fjord, Årdalsfjorden

4 Kvar ligg risikoområda? VassområdeKommuneVassførekomstPåverknader NordfjordBremangerNordgulenIndustri, avløp, akva StrynStrynebuktaAvløp, landbruk StrynLobuktaIndustri, avløp, landbruk SunnfjordAskvollKyllarenFysisk endring pga veg/bru m.m. FørdeFørdefjorden-indreAvløp, industri, skipsverft, nedbygd elvedelta/ strandline, ureina grunn, landbruk FloraGaddevågenSkipsverft, avløp, industri Ytre SognHøyangerHøyangsfjordenIndustri -> kostholdsråd, nedbygd elvedelta/ strandline Indre SognÅrdal, LærdalÅrdalsfjorden-ytreIndustri -> kostholdsråd ÅrdalÅrdalsfjorden midtreIndustri -> kostholdsråd ÅrdalÅrdalsfjorden indreIndustri -> kostholdsråd, avløp

5 .. og dei mulige risikoområda? (1) VassområdeKommuneVassførekomstPåverknader NordfjordBremangerBerlepollen Naturleg dårleg pga terskel? Eldre miljøundersøkingar ved akvaanlegg viste dårlege forhold. Ingen akvaaktivitet der no, ingen nye data. SeljeMoldefjorden Delvis naturleg dårleg, men fiskeindustri kan ha gitt forverring VågsøyUlvesundet - Raudeberg To skipsverft VågsøyUlvesundet - Måløy Fiskeindustri, avløp, skipsverft, sterkt endra strandsone, gjentatt E.coli- ureining VågsøySkavøypollen Diverse industri tidlegare, avløp. Tidlegare data for strandsona tyda på overgjødsling, ingen nye data EidNordfjordeid Avløp, industri, nedbygd elvedelta/ strandsone, E.coli-ureining BremangerÅlfoten ? (kan bli tatt ut av lista) Gloppen Avløp, settefisk, landbruk, deponi, gjentatt høgt E.coli-nivå ved badeplass

6 .. og dei mulige risikoområda? (2) VassområdeKommuneVassførekomstPåverknader SunnfjordAskvollAskvika Redusert vassutskifting pga utfylling til veg FloraHøydalsfjorden Forverra miljøtilstand? Tre akvaanlegg matfisk, behov for nye undersøkingar FloraEikefjorden Tidlegare sagbruk har redusert tilstanden ved botn. Settefisk, litt landbruk, avløp. FloraNorddalsfjorden Terskla fjord med naturlege avgrensingar for tilførsle/ redusert vassutskifting. To settefiskanlegg (utviding?) og eit mindre matfiskanlegg FloraGunhildvågen - Klubbevika Industri: Fiskeindustri og fiskefôrfabrikk Ytre SognHyllestadBøfjorden-ytre Skipsverft, matfiskanlegg HyllestadBøfjorden-indre Påverka av skipsverft og matfisk? Ingen data VikIndrefjorden Forverra miljøtilstand? Settefiskanlegg GulenAustgulfjorden Endra vassutskifting? (kan bli tatt ut av lista) SolundNessefjorden Skipsverft Indre SognAurlandNærøyfjorden Naturleg dårleg pga tersklar, men auka aktivitet med t.d. utskiping av stein og endra avløpstilførsel kan verke negativt (jf. miljøundersøking 2006)

7 Største påverknader i kystvatn Som oftast kan det vere fleire påverknader som til saman gjev risiko for redusert miljøtilstand. Dei viktigaste årsakene til vurdering av mogleg risiko eller risiko i det som er vist, er: Industri – miljøgifter gjev for eksempel kosthaldsråd utanfor Årdal og Høyanger, skipsverft kan ha påvist eller mistenkt ureina sjøbotn utanfor, annan industri kan i større eller mindre grad ha utslepp av ulike typar ureining til sjø (miljøgifter, organisk materiale). Avløp – mindre vassførekomstar eller delar av vassførekomstar kan ha redusert miljøtilstand pga av organiske utslepp Akvakultur – utslepp av organisk materiale (og næringsstoff) kan overbelaste naturens kapasitet til å omsette dette, når utsleppa går til avgrensa område (gjeld både matfisk og settefisk) Landbruk – utslepp av næringsstoff til elv eller sjø kan gje redusert miljøkvalitet lokalt


Laste ned ppt "Faggruppe sjø Faggruppe sjø er oppretta av AU og har vore samansett av representantar frå: – Fiskeridirektoratet Region Vest – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google