Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

FAQ – sfs 2213 Problemstillingar vi har hatt inne det siste året, og korleis vi har løyst dei.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "FAQ – sfs 2213 Problemstillingar vi har hatt inne det siste året, og korleis vi har løyst dei."— Utskrift av presentasjonen:

1 FAQ – sfs 2213 Problemstillingar vi har hatt inne det siste året, og korleis vi har løyst dei

2 Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s2 Kor lenge skal avtalen gjelde? Den sentrale tariffavtalen gjeld ut skuleåret 2017-2018. Ut i frå den sentrale avtalen skal det lagast lokale avtalar om planleggingsdagar og organisering av arbeidstida. Vår tilråding er at desse gjeld for eit skuleår om gangen. Dette blei og tilrådd på fellesskuleringa.

3 Kven bestemmer antal planleggingsdagar? Skal dei forhandlast om? Av kven? Det skal forhandlast om planleggingsdagar. Først skal kommunen bestemme, etter å ha drøfta med HTV, om forhandlingane skal førast på den enkelte skule eller på kommunenivå. Når det er gjort skal det forhandlast om tal planleggingsdagar. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s3

4 Må vi ha 6 planleggingsdagar + 4 planleggingsdagar? Nei! Utgangspunktet for forhandlingane er 6 dagar i tillegg til elevane sitt skuleår. Så skal ein overtyde kvarandre om sine standpunkt, eller kjøpslå dersom naudsynt. Det er frie forhandlingar, og resultatet kan vere færre enn 6 dagar, eller fleire enn 6 dagar. Når ein er blitt samde om talet på planleggingsdagar, kan ein på den enkelte skule bli samde om å utvide med inntil 4 dagar. Dette krev at partane er samde. Dette har berre ein hensikt dersom planleggingsdagar er forhandla på kommunenivå. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s4

5 Kan vi dele ein planleggingsdag og fordele den over fleire kveldsøkter gjennom skuleåret? Nei. Ein planleggingsdag er definert til 7,5 t, og kjem i tillegg til elevane sitt skuleår. Det er likevel fullt mogleg å utvide enkelte arbeidsdagar for å nytte dei til planlegging Då blir ein samde om ei løysing på dette ved å definere det under punkt 5 i avtalen – Organisering av arbeidstiden. Dersom ein gjer det slik, må ein vere merksam på at det gjerne ikkje er trong for like mange planleggingsdagar. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s5

6 Kva skjer viss vi ikkje blir samde? Viss ein ikkje blir samde om tal planleggingsdagar etter punkt 4a på skulenivå, vert forhandlingane løfta til kommunenivå. Viss ein ikkje blir samde her heller, vil ein få bistand av dei sentrale partane til å forhandle vidare. På kommunenivå vil HTV ha svært innskrenka mandat i forhandlingane ut over det den aktuelle klubben har meint, eller ut over det som ligg i den sentrale avtaleteksten – utgangspunktet for forhandlingene er 6 dager i tillegg til elevene sitt skoleår. Vår tolking er at dersom partane ikkje blir samde om noko anna, er det 6 planleggingsdagar som gjeld. Blir ein ikkje samde om inntil 4 dagar ekstra etter punkt 4 B, så blir ein ikkje samde. Då blir det ingen ekstra dagar. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s6

7 Kven skal bestemme arbeidstida på skulen? Det skal partane på skulenivå gjere. Her har HTV og skuleeigar(skulefagleg ansvarleg på kommunenivå) ingen innflytelse. Partane på skulenivå skal bli samde om korleis ein vel å organisere arbeidstida. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s7

8 Kor mange timar kan vi maksimalt ha bunde til arbeidsplanen? I utgangspunktet står ein fritt til å bli samde om kva som helst så lenge det ikkje går ut over sentrale grenser. Desse er a) maksimalt 1687,5 (1650) pr. år b) 37,5 pr. veke c) 9 pr. dag(naturlegvis ikkje kvar dag i veka). Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s8

9 Viss vi ikkje blir samde på skulen, kven avgjer det då? Viss ein ikkje blir samde på skulen, vert tvisten sendt til partane på kommunenivå. Viss dei ikkje blir samde så er det framlegget med minst bunden tid på skulen som gjeld, men dette kan ikkje vere lægre enn det som har vore sentralt avtalt tidlegare(1300/1225/1150). Ver merksame på at i den endelege tvisteløysinga – dersom ein ikkje blir samde på korkje skulenivå eller kommunenivå – er arbeidstida på skulen med full styringsrett for rektor til å organisere arbeidet. Dersom det er viktig å få regulert kva arbeidstida på skulen skal nyttast til, og korleis den skal organiserast, vil det lønne seg å kompromisse seg fram til semje. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s9

10 Kor mykje pause har vi rett på? I avtaleteksten står det at lærerne spiser og har nødvendig pausetid innenfor arbeidstiden på skolen. Det vil seie at vi har betalt pausetid og må vere tilgjengelege for arbeidsgjevar. Ut over dette er det Arbeidsmiljølova som regulerer rett til pause og til ein viss grad lengda på pausen. Arbeidsmiljølova regulerer dette til at dersom arbeidsdagen er 8 timar eller meir, skal pausen vere på ein halv time. For kortare arbeidsdagar er dette ikkje regulert. Arbeidstilsynet har komme med ei presisering om at arbeidsdagar på over 5 ½ time, men under 8 timar, bør ha ein samanhengande pause på minst 20 min. Dette må etter vårt syn tilpassast i den einskilde si oversikt(arbeidsplan). Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s10

11 Kor mykje inspeksjon/vakt kan ein enkelt lærar bli pålagt? Det finst ingen regulering av dette med unntak av det som er pauseregulert. Dette er anna elevretta arbeid. Vi vil og oppleve at ulike skular er ulikt organisert, har ulike elevgrupper og ulikt areal. Alt dette vil medføre ulike løysingar. Prinsippet her må vere at arbeidsbyrden må vere jamt fordelt mellom dei ulike tilsette, og at det må avtalast med den enkelte lærar i oversikta. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s11

12 Kan rektor bestemme kva eg skal gjere i den bundne arbeidstida? Ja. Samstundes ligg det føringar i den sentrale avtalen om at tida skal nyttast til: undervisning, anna elevretta arbeid, for- og etterarbeid, fagleg ajourføring samt kontakt med føresette og samarbeidsinstansar, både individuelt og i samarbeid. Ein har og rom for å avtalefeste kva arbeidstida på skulen skal brukast til etter punkt 5.1. Det føreset forhandling/kjøpslåing. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s12

13 Kan rektor endre arbeidstida mi? Ja. Dei ytre rammene(start og slutt) kan endrast med to vekers varsel, med mindre ein har avtalt noko anna. Ver merksame på at rektor kan endre arbeidsoppgåver innanfor arbeidstida utan denne varslinga. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s13

14 Får eg overtid for vikartimar? Ja. Viss du underviser ut over årsrammene for undervisning(leseplikta). Vi veit likevel at partane er usamde om dette. På fellesskuleringa blei det sagt at ein skal halde fram med den praksis ein har hatt på den enkelte skule til ein får melding om anna. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s14

15 Kvifor får eg ikkje overtid viss dei flyttar timane mine til ein annan dag, eller anna veke? Fordi at det ikkje nødvendigvis fører til at årsramma for undervisning(leseplikta) vert overstigen. Det er lov til å flytte/omdisponere undervisning. Det er veldig fornuftig å avtale ein praksis for dette på den einskilde skule, dersom det ikkje allereie eksisterer. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s15

16 Kan rektor pålegge meg meir bunden tid viss eg har funksjonar? Ja. Fordi ein føreset at funksjonane må gjerast på skulen. Kontaktlærarfunksjonen er ikkje omfatta av dette. Det blei tydeleg presisert på fellesskuleringa. Det vil seie at dersom du har redusert undervisning med ein time(på barnetrinnet utgjer det 3,85%) kan ein like stor prosentdel av den ubundne tida di arbeidsplanfestast. På barnetrinnet vil det utgjere 387,5/100*3,85=14,9 timar. Fordelt på 38 veker blir det ca 25 min i veka. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s16

17 Framhald For dei som har mindre reduksjonar vil dette ikkje gje særlege utslag. For dei med store reduksjonar i undervisninga si derimot vil det kunne gje merkbare endringar. Er du til dømes IKT-ansvarleg med 6 timar redusert undervisning på ungdomstrinnet kan det føre til(4%*6=24% redusert undervisning. 462,5/100*24=111 t. 111 t/38 veker = 3 timar i veka.) Lærarar som har 100% redusert undervisning, som til dømes nokre rådgjevarar er, vil då få 37,5 t/v og 45 vekes arbeidsår. Noko anna er ikkje lovleg i høve til lov- og avtaleverk. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s17

18 Kven avgjer kor mange prosent reduksjon ein får på livsfasetiltak(inntil 6%)? Arbeidstakar. Inntil er arbeidstakar sin definisjon. Det kan til dømes vere at ein ønskjer å berre ta ut 5% for å få arbeidsplanen til «å gå opp», og dermed unngå å få timar som ikkje er timeplanfesta og må arbeidast inn som vikartimar. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s18

19 Kven avgjer kva eg skal bruke den frigjorte tida til ved livsfasetiltak? For nyutdanna og dei over 60, så er det definert til å vere tid til for- og etterarbeid på skulen. For dei mellom 57 og 60 så er ingenting definert. Då er det noko ein må bli samde om. Vi legg likevel til grunn at det framleis skal vere ei lette i arbeidsbyrden for den einskilde. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s19

20 Kva skal eg rekne 6% av? Viss eg har redusert undervisning fordi eg er spesialpedagogisk ansvarleg, skal vi då rekne 6% av full undervisningsstilling, eller 6% av det som er att av undervisninga etter at ein har tatt bort funksjonsfrikjøpet mitt? Du skal rekne 6% (12,5%) av den undervisninga du har i stillinga di. All reduksjon av undervisninga i form av funksjonar skal trekkast frå før ein trekk frå livsfasetiltaka. Også her er kontaktlærarreduksjonen unntatt. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s20

21 Framhald Døme: Lærar Ole Olsen ved Storbygda barneskule er 59 år. Han er kontaktlærar og har i tillegg 15% redusert undervisning fordi han har funksjonen som spesialpedagogisk koordinator. For Ole Olsen ser då reknestykket slik ut: 100% – 3,85% (kontaktlærar)=96,15% – 15% (funksjon som spesialpedagogisk koordinator) = 81,15% (=21,25 t/v). 21,25 t/v – 6%(livsfasetiltak)(1,275t/v) = 19,975 t/v undervisning. 19,975 – (6% av 3,85% kontaktlærar) = 19,75 t/v Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s21

22 Er det lurt å velje ny eller gammal ordning for livsfasetiltak for oss som kan det? Det er individuelt. Det avheng mellom anna av kva som har vore praksis på din skule for korleis ein disponerer den tida ein har redusert undervisning. I utgangspunktet har du sterkare styring over den reduserte tida i ny ordning. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s22

23 Kan ein bruke tidsressurspotten til å redusere undervisninga for nyutdanna? Nei. Nyutdanna har eigne livsfasetiltak. Tidsressurspotten skal nyttast for å lette undervisningssituasjonen. Likevel kan sjølvsagt ein som er nyutdanna også få tildelt timar frå tidsressurspotten dersom det er grunnlag for det(byrdefull undervisning). Men det skal ikkje gjerast fordi ein er nyutdanna. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s23

24 Kan tidsressurspotten nyttast til andre ting enn å redusere undervisninga? Som hovudregel skal det skje ved å redusere undervisninga. Dersom partane er samde om det kan det skje ved å auke personaltettleiken. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s24

25 Kan vi dele kontaktlærartillegget, og kontaktlærartimen, mellom to lærarar? Nei. Både kontaktlærartimen, og det sentralt fastsette tillegget (12 000,-) er minsteressursar for dei som er kontaktlærarar. Dersom ein delar dette mellom to lærarar er det for det første tariffstridig, og for det andre er vi då med på å skjule eit behov for fleire kontaktlærarar. Den delen av kontaktlærartillegget som er lokalt fastsett kan delast utan at det nødvendigvis er tariffstridig, men vi meiner dette er uklokt av same grunn. Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s25

26 Når har eg ferie? Ferie er ikkje regulert i arbeidstidsavtalen, men i ferielov og hovudtariffavtalen. For undervisningspersonalet er ferie regulert i hovudtariffavtalen. «Undervisningspersonalet avvikler hele ferien(5 uker) sammenhengende med avslutning siste virkedag i juli månad, dersom ikke annet er fastsatt etter drøftinger mellom arbeidsgiver og den enkelte arbeidstaker». Tittelen endres i "Topp- og Bunntekst..."s26


Laste ned ppt "FAQ – sfs 2213 Problemstillingar vi har hatt inne det siste året, og korleis vi har løyst dei."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google