Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

1 Du Sensor Ivar Aasen. 10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "1 Du Sensor Ivar Aasen. 10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015."— Utskrift av presentasjonen:

1 1 Du Sensor Ivar Aasen

2 www.stavanger-kulturhus.no 10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

3 www.stavanger-kulturhus.no «Eg skriv betre på eit språk som ligg så tett på talemålet mitt.» Jan Zahl, journalist i Stavanger Aftenblad

4 1 IKKJE BRUK FANTASIEN. BRUK ORDBOKA.

5 10 ordklasser Substantiv (s.) elev (m), jente (f), hus (n) Verb (v.) gå, vere, skrive, lese Adjektiv (a.)sint, glad, raud, gul Pronomen (pron.) eg, du, han, ho Determinativ (det.)min, vår, denne, ingen, alle Adverb (adv.)gjerne, veldig, ikkje Preposisjon (prep.) i, på, over, under Konjunksjon (konj.) og, men, eller, for, så Subjunksjon (sub.)at, om, viss, derfor Interjeksjon (interj.)hurra, ja, nei

6 2 UNNGÅ HYPERNYNORSK

7 Sensor blir litt oppgitt når… …du legg til bokstavar som i eller a der du føler dei passar inn fordi du føler det blir meir nynorsk… Desse orda finst IKKJE i nynorsk: kvisleis, kvaleis, meist, fleist, beitre, detta, denna, dessa, honom, hu, kvem, noken, meinar 7

8 3 SUBSTANTIV: TRE KJØNN TRE BØYINGSMØNSTER

9 9 Eintal Ubunden form Eintal Bunden form Fleirtal Ubunden form (mange) Fleirtal Bunden form (alle) Hankjønnein gut ein roman NB! ein politikar NB! ein son guten romanen politikaren sonen gutar romanar politikarar søner gutane romanane politikarane sønene Hokjønnei jente ei novelle NB! ei setning jenta novella setninga jenter noveller setningar jentene novellene setningane Inkjekjønneit eple eit verkemiddel eit menneske eplet verkemiddelet mennesket eple verkemiddel menneske epla verkemidla menneska Sei høgt i kor: ADLRI -r i fleirtal i inkjekjønnsord

10 4 VERB: STOR OG VIKTIG ORDKLASSE. DU MÅ BRUKE ORDBOKA.

11 I infinitiv kan du bruke endinga -a eller -e:  å lese  å lesa Vel éi form og ver konsekvent i ein og same tekst! Ikkje bland saman endinga du vel i infinitiv, med det neste punktet: e-verb og a-verb. 11

12 Svake verb a-verb: å kalle – kallar – kalla – har kalla e-verb: å meine – meiner – meinte – har meint a-verb og e-verb: å bruke – bruker – brukte – har brukt å bruke – brukar – bruka – har bruka 12

13 Hugs å velje riktig ordklasse e-verb: å tenke – tenker – tenkte – har tenkt substantiv: ein tenkar = ein person som tenker, ein filosof Ein tenkar som tenker. 13

14 Pass på at du bruker riktig verb e-verb: å føle – føler – følte – har følt Eg føler at dette er riktig. a-verb: å føle – følar – føla – har føla Merra har føla. 14

15 Sterke verb  Mange endrar vokal  Ikkje ending i presens og preteritum 15 INFINITIVPRESENSPRETERITUMPRESENS PERFEKTUM å vereervarhar vore å skriveskrivskreivhar skrive å leseleslashar lese å bliblirbleihar blitt å vertevertvarthar vorte

16 st-verb  Verb som sluttar på -st i infinitiv: å finnast – finst – fanst – har funnest å synast – synest – syntest – har synst  Ofte har ein bruk for presens- eller preteritumsforma av -st-verb: Eg synest is er godt, men det finst dei som ikkje liker is. 16

17 5 SAMSVARSBØYING: ADJEKTIV OG PARTISIPP GRADBØYING: ADJEKTIV

18 Samsvarsbøying av adjektiv  Adjektiv står gjerne til eit substantiv.  Du må bøye adjektivet i samsvar med kjønn og tal hos substantivet: ein raud strek ein god roman ei raud lue ei god novelle eit raudt huseit godt dikt mange raude husmange gode tekstar 18

19 Samsvarsbøying av partisipp  Partisippforma av verbet (forma etter har – har skrive) er som eit adjektiv, og må bøyast etter substantivet det står til: Romanen er skriven av Knut Hamsun. Novella er skriven av Knut Hamsun. Diktet er skrive av Knut Hamsun. Romanane er skrivne av Knut Hamsun.  NB! Etter ha alltid inkjekjønnsform: Hamsun har skrive dette diktet. 19

20 Gradbøying av adjektiv  Skal du gradbøye, bruker du i hovudsak endingane -are og -ast: Eksamen i sidemål er lettare enn eksamen i hovudmål. Mitt hus er raudare enn naboen sitt hus. Dette er den lettaste oppgåva eg har skrive. 20

21 6 PRONOMEN OG DETERMINATIV

22 Personleg pronomen 22 EintalSubjektsformObjektsform 1. personegmeg 2. persondudeg 3. personhan ho det han henne/ho det NB! Hugs at den ikkje er pronomen i nynorsk: Eg har kjøpt ny bil. Han er blå.

23 23 FleirtalSubjektsformObjektsform 1. personvi/meoss 2. personde/dokkerdykk/dokker 3. persondei BM: Dere må lære dere pronomen! NN: De må lære dykk pronomen! NN: Dokker må lære dokker pronomen! Vanskeleg? Test med 1. person eintal: Eg må lære meg pronomen.

24 Ubunden pronomen - ein  Hugs at det heiter ein, ikkje man. Ein kan meine at dette er viktig. Det ein kan tolke ut frå dette, er at novella handlar om kjærleik. 24

25 Lær deg spørjepronomen  Kva: Kva heiter du?  Kven: Kven er du?  Kvar/kor: Kvar bor du? Kor bor du? (stad)  Kor: Kor gammal er du? (grad)  Korleis: Korleis veit du det?  Kvifor/korfor: Kvifor/korfor veit du det?  Kva for ein/kva slags/kven av: Kva for ein is vil du ha? 25

26 Determinativ – nokon viktige ord å lære seg  Sjølv kan du bruke i eintal og fleirtal: Du må sjølv ta ansvar for å pugge dette. De må sjølv/sjølve ta ansvar for å pugge dette. 26

27 annan, ingen, nokon HankjønnHokjønnInkjekjønnFleirtal ein annan tekst ei anna novelle eit anna diktandre verkemiddel ingen forfattaringa novelleikkje noko dikt ingen verkemiddel nokon tekstnoka novellenoko diktnokon/nokre verkemiddel 27

28 Nokon eller nokre i fleirtal? Enkelt: Bruk alltid nokon. Eg kjenner nokon elevar som kan hjelpe deg. Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg. Vanskeleg: Du kan forskjellen på nokon og nokre. Nokre i forteljande setningar. Eg kjenner nokre elevar som kan hjelpe deg. Nokon i nektande og spørjande setningar. Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg. 28

29 7 AKTIV OG PASSIV

30 Aktive setningar gir betre språk  Aktiv: Eg leverte boka. Eg skal levere boka.  Passiv: Boka blir levert i morgon. 30 Passiv Hjelpeverbet bli/verte: Boka blir levert i morgon. Gi verbstammen endinga - ast etter dei modale hjelpeverba: Boka må leverast i dag.

31 31 Ikkje bland st-verb med passiv på -ast: Han synest at huset kan seljast i morgon. å synast – synest – syntest – har synst å selje – sel – selde – har selt

32 8 FIRE GREP FOR GODE SETNINGAR

33 Etterstilt eigedomspronomen Mor mi har bedt meg om å vaske opp. I analysen min har eg fokusert på tre moment. I oppgåva mi vil eg sjå nærmare på novella «Karen» av Alexander Kielland. Men: Mi mor, ikkje di mor, har bedt meg om å vaske opp. 33

34 Dobbel bestemming  Bunden artikkel + bunden form av substantivet: Nasjonaldagen er viktig for det norske folket. Den norske regjeringa drog frå hovudstaden då andre verdskrig braut ut. Ikkje: det norske folk, den norske regjering 34

35 Genitiv  Genitiv-s kun ved særnamn og tid: Noregs land, Ibsens skodespel, ei vekes tid  Skriv om med preposisjon eller pronomen: fars bil bilen til far/far sin bil novellens tema temaet i novella forfatterens språkforfattaren sitt språk språket til forfattaren forfattaren skriv/bruker… 35

36 Unngå substantivsjuke – skriv om med verb  Dårleg setning: For mange menneske er det knytta store vanskelegheitar til ei gjennomføring av dette.  God setning: For mange menneske vil det vere vanskeleg å gjennomføre dette. ei forklaring – å forklare ei gjennomføring – å gjennomføre gjere ei vurdering – å vurdere 36

37 9 VEL NYNORSKE ORD

38 Vel nynorske ord Ord som byrjar med an-, be, hen- og sluttar på - het og -else er mindre vanleg i nynorsk. BM:NN: antall talet på begrep omgrep budskap bodskap gjentakelse gjentaking opplevelseoppleving virkelighet verkelegheit 38

39 10 VER KONSEKVENT

40 To viktige prinsipp når du skriv  Valfridom: Du kan velje ei form av ordet som ligg nært talemålet ditt.  Ver konsekvent: Hald deg til éi form. vime dadå nåno skoleskule førstfyrst for eksempel til dømes 40

41 Kjelder Fridtun, Kristin (2013): Nynorsk for dumskallar, Samlaget Språkrådet.no: «Minigrammatikk» http://elevrom.sprakradet.no/skolen/minigrammatik k http://elevrom.sprakradet.no/skolen/minigrammatik k Wikipedia: «Hest» https://no.wikipedia.org/wiki/Hest 41


Laste ned ppt "1 Du Sensor Ivar Aasen. 10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google